Stord Sogelag

Meny

Årsmelding 2002

STORD SOGELAG

Styret år 2002
Nils Tore Gram Økland ( leiar)
Jens Litlabø  (nestleiar)
Olaug Titland  (skrivar)
Paula Skram Larsen  (kasserar)
Peggy Husavik Bærøy  (styremedlem)
Harald Kvarme  (varamedlem)
Arne Sortland  (varamedlem)

Revisor: Bjørnar Withbro

Valnemd:
Malene Haga  (leiar), Monica Eide, Alf Mathiesen

Skriftstyre:
Bjørn Bjørlykke
Anstein Lohndal
Magne Misje

Medlemstal Ved årskiftet 2002 – 2003 hadde Stord sogelag
96 personlege medlemer
6 institusjonsmedlemer

Lagsaktiviteten 2002
Styremøte
Det har vore 5 styremøte i tillegg til 2 dugnader i samband med utsending av årsskrift og innkalling til årsmøte.

Styremøta har vore haldne på Borg på Rommetveit, og har alle vore leia av Nils Tore Gram Økland.

Av saker som styret har arbeidd med, nemner me:

– Styret sitt mål har også i år vore å nå publikum med eit variert tilbod. Arbeidet med rusleturane, foredragskvelden på museet og å sikra grunnlaget for utgjevinga av årsskriftet har såleis vore faste postar på styremøta.
– Å sikra det økonomiske grunnlaget for drifta er også ein fast og viktig del av styret sitt arbeid. Utanom medlemspengane er annonseinntekter, sal av årsskrift og stønad frå det offentlege dei viktigaste inntekstspostane.
– Arbeidet med og arrangementet rundt avdukinga av minnesteinen over John Hatland opptok styret i vårhalvåret.
– Styret har elles drøfta ei rekkje større og mindre saker, m.a. arbeidet med det nye lokalhistoriske verket, bygningsvernplanen for Stord kommune og kulturminneplanen for Stord kommune.

Det vart arangert to rusleturar i 2002:
1. Onsdag 29.04.02. Russletur i Nordbygdo
Jens Litlabø skreiv ein omfattande førehandsomtale i Sunnhordland under tittelen ’Kulturlandskapet og mennesket. Ein rusletur i Nordbygdo’. Turen starta ved Samhald og me fylgde den gamle vegen opp til den nyreataurerte Prestagarden. Jens Litlabø fortalte om gardsdrifta og om tunet på Tysehaugen. Nils Tore Økland orienterte om korleis Seminaret på Stord vart grunnlagt på Tyse. Bjørn Arve Lunde fortalde om restaureringa av prestebustaden. Prost Svein Arne Theodorsen viste rundt innomhus.

Vidare førde Jens Litlabø dei mange turdeltakarane gjennom kulturlandskapet fram til Tveita Nordre, der han også fortalde om husa i tunet og om gardsdrifta. Turen gjekk så til Lundemannsverk der Per Lundemannsverk synte fram det nyreaturerte eldhuset. Turen vart avslutta på den store gravhaugen Skjelmarhaug like aust for tunet på Lundemannsverk.

Om lag 60 deltakarar var med på turen i den fine vårkvelden.

2. Søndag 15.9. Tur til Børtveit og Lundsæter kraftstajonar
Harald Kvarme skreiv ein brei førehandsomtale i Sunnhordland med tittelen ’Kraftverk på Stord’.

Ved Børtveit kraftstasjon tok Anders Børtveit, pensjonert mangeårig driftstyrar, mot oss. Han fortalde om bygging og drift både av demning, tunnelar, røyrgate, bygningar og maskineri heilt frå starten på byrjinga av 1920-talet. Saman med Bjarne Agdestein fortalde han levande om dei utrulege arbeidtilhøva i samband med bygginga av ei ny røyrgata i det bratte terrenget i 1938. Me fekk også omvising på ein fin og velhalden arbeidsplass.

Frå Børtveit køyrde me vidare til Lundsæter kraftstasjon der Lars Saue frå BKK tok imot oss. Her fekk me også høyra historia bak anlegget (1930-talet) og korleis det har vorte modernisert etter kvart. Me fekk også forklart og demonstrert korleis maskinane fungerte.

Dette var også ein gjevande tur. At turen vart lagt til sundag ettermiddag var truleg grunnen til at ti deltakarar var med denne gongen.

Det har vore arrangert to opne foredragsmøte:
1. På årsmøtet 21. februar heldt Knut Rimbereid eit interessant og innhaldsrikt foredrag om utvandringa til Amerika frå Stord, med særleg vekt på Fitjar. I foredraget, som vart støtta av statistikk, kart og bilete, fekk me eit inntrykk av kva som fekk dei første utvandrarane til å reisa, kva livsvilkår som møtte dei på prærien, og korleis dei der etter kvart bygde opp nye samfunn.

2. 5. mars skipa Stord sogelag saman med Sunnhordland folkemuseum ein foredragskveld der temaet var bilethoggaren Torleiv Agdestein og kunstsamlinga etter han som står museet. Tore Lande Moe skreiv ein førehandsomtale i Sunnhordland med tittelen ’Kunstnaren Torleiv Agdestein’. Professor i kunsthistorie, Dag Sveen, hadde gått gjennom Agdesteinsamlinga, og i føredraget analyserte og kommenterte han ein del av arbeida og sette Agdestein inn i ein kunsthistorisk samanheng.

Andre tilskipingar
8. mai 2002 vart minnesteinen over John Hatland avduka på Hatland. John Hatland var son av Lars Hatland frå Stord, men vaks opp i Oslo. Han var med i motstandsrørsla under 2. verdskrigen og var med på aksjonen mot arkiva til arbeidstenesta i 1944. Han vart avretta på Trandum 26.04.44 – 20 år gamal.

Minnesteinen vart avduka av Richard Zeiner Henriksen, kamerat og lagførar i Milorg.
John Adolf Hatland, bror til John, heldt minneord.
Nils Eivind Horneland las dikt som John Hatland hadde skrive.
Arne Horneland orienterte om arbeidet med å reisa minnesteinen.
Nils Tore Økland talte på vegner av Stord sogelag og takka alle som hadde delteke i arbeidet med å reisa minnesteinen.
Varaordførar Magnhild Furdal overlet minnesmerket til Langeland skule v/ Eva Tofte som la vekt på at steinen skulle vera eit konkret utgangspunkt for undervisninga ved skulen.
Langeland skulekorps spelte og Stord pensjonistkor song.
Speidarane var flaggberarar og Sunnhordland reserveoffisersforening var representerte. Det var elles mange frammøtte ved tilskipinga i det fine veret, og mange eldre vart minna om vårdagane og 17. mai 1945. Dagen vart avslutta med ei bordseta for inviterte gjester. Håkon Grov leia arrangementet.

Kostnaden med å reisa steinen og stella til eit lite parkanlegg kom på kr. 63.000. Forsvarsdepartementet ytte kr. 45.000, Stord kommune kr. 15.000 og sponsorar på Stord kr. 3.000.

Årskriftet 2002
Årskriftet har også i år hatt eige skriftstyre: Bjørn Bjørlykke, Anstein Lohndal og Magne Misje. Dei skaffar fram nyskrive stoff og syt for å få bladet trykt i 250 eksemplar. Det vert sendt medlemene og lagt ut for sal hos bokhandlarane som får 20 % provisjon. Utsalsprisen er også i år kr. 90. Tilskot frå Stord kommune, annonseinntekster og sal gjer at inntektene dekkjer produksjonskostnadene.
Årskriftet 2002 har desse artiklane:
Trond Meling: Eit bronsebeksel frå Eldøy på Stord og dei maktpolitiske tilhøva i Sunnhordland i vikingtida
Bård Gram Økland: Nytt frå fortida
Alf Mathisen: Gruvedrifta på Nysæter og Øvre Litlabø 1865 – 1903
Asbjørn Åsheim: Gjermund Bengtson Digernes og andre tiltaksame menn på Stord i 1870- og 80-åra
Anstein Lohndal: Frå Stord til Midtvesten

Representasjon:
I samband med det nye lokalhistoriske verket for Stord er det oppretta ei gruppe som skal arbeida med å skaffa oversyn over kva som finst av relevant biletmateriale. Alf Mathisen er med i denne gruppa.

Stord kommune arbeider med revisjon av kulturminneplanen og bygningsvernplanen. Nils Tore Gram Økland er med i referansegruppene for begge desse planarbeida. Økland er også med i den lokalhistoriske prosjektgruppa (’bygdeboknemnda’) som Stord kommune har sett ned.

Det nye arbeidsåret
Styret vil som tidlegare år leggja opp til utandørs rusleturar i sommarhalvåret og innandørs temakveldar i vinterhalvåret. I tillegg vil me også arbeida med å auka interessa for og innsikta i lokalhistoria gjennom årsskriftet og artiklar i lokalpressa.

Førebels er det planlagt eit ope møte på museet i mars med utgangspunkt i tekstilsamlinga. Temaet vert bunaden som nasjonalt symbol.

Korleis programmet vert når det gjeld rusleturar i vår- og hausthalvåret, overlet me til det nye styret.

Som nemnt i årsmeldinga for 2001, er det etablert eit rammeverket for ein nettstad for Stord sogelag. Adressa er: http://stud.hsh.no/lu/norsk/sogelag Det har ikkje vore ei prioritert oppgåve å byggja opp innhaldet i og vedlikehalda ein slik nettstad, men her kan ein no finna eit oversyn over alle artiklane som har stått i årsskrifta frå 1995 – 2002. I tillegg finn ein namn og adresse til styremedlemene, vedtektene for laget og meldingar til medlemene. Her ligg også ei lita samling med lenkjer til nettstader med historisk og lokalhistorisk innhald.