Stord  sogelag
  • Meny

  • Møbelproduksjon 2011

    Museumsmøte 1.mars 2011

    Museumsmøtet var i år på Sunnhordland museum, og temaet var Møbelproduksjon i Sunnhordland. Tore Lande Moe heldt føredrag over emnet: Møbelproduksjon i Sunnhordland med utgangspunkt i samlingane til museet. Olav Eldøy fortalde om arbeidet sitt som møbeldesignar, og Arne Sortland snakka om historia til Sortland møbelfabrikk på Huglo som han grunnla og bygde opp. Møtet er eit samarbeid mellom Sunnhordland museum og Stord sogelag. Det var ei vellukka tilskiping med 60- 70 frammøtte.