Stord sogelag

Meny

Årsmelding 2010

STORD SOGELAG

Styret 2010
Leiar: Bjørn Bjørlykke
Nestleiar: Peggy Husevik Bærøy
Styremedlem: Nils Tore Gram Økland
Kasserar: Arne Sortland
Skrivar: Jakob Gullberg
Varamedlemmar:
Jens Litlabø
Turid Tresselt Melheim

Revisor: Odd Stuve Rommetveit

Valnemnd:
Lars Mæland
Werner Hagerup
Åsa Rygg

Medlemstal
Det kom 8 nye medlemmar i 2010. Ved årsskiftet 2010 – 2011 hadde Stord sogelag 115 medlemmar, av desse var 90 personlege medlemmar, 2 gratismedlemmar , 18 familiar og 5 institusjonsmedlemmar.

Lagsaktivitet 2010
Styremøte
Det har vore 5 styremøte, 4 av dei i Borg, den gamle rektorbustaden ved HSH: 28.januar, 23.mars, 13.september og 1.desember. Styremøtet 27.mai var heime hos leiaren. Møtet i desember var samstundes dugnadskveld i samband med utsending av årsskriftet.

Lokalhistoriske dagar og årsmøte i Hordaland sogelag:
I samarbeid med styret i Askøy museumslag vart det skipa til årsmøte i Hordaland sogelag og lokalhistoriske dagar på Askøy helga 13. og 14. mars 2010.
Arrangementet laurdag var lagt til Askøy museum sine lokale i den gamle shoddyfabrikken i Strusshamn . Laurdagskveld og sundag var lagt til Herdlevågen Gjestehus og avslutta med busstur Askøy rundt. Askøy museumslag hadde lagt ned eit stort arbeid og dagane var interessante og vellukka. Frå Stord sogelag møtte Jakob Gullberg.

Tilskipingar 2010
Årsmøtet 11.februar 2010
Det var 25 frammøtte på årsmøtet. Etter møtet vart det servert kaffi og snittar. Deretter fortalde Jan Rabben frå ein tur til Island. Det vart eit interessant kåseri med mange vakre lysbilete.

Museumsmøte 10.mars
Museumsmøtet var i år på Stord maritime museum, temaet var ”Sild”. Møtet er eit samarbeid mellom Sunnhordland museum og Stord sogelag.
Fiskerihistorikar Årstein Svihus fortalde om silda si rolle i norsk næringsliv og kulturhistorie.
Tor Lande Moe fortalde frå Sunnhordland med utgangspunkt i sildebilete frå Severin Kannelønning si fotosamling.
Kokkelina ved Fitjar vidaregåande skule serverte smaksprøvar med silderettar (potetsalat, løk og sild). Dei selde dessutan Olvikbrød.
Det var over 60 frammøtte, mange av dei menn i sin beste alder.

Rusletur på Gullberg- Bjelland 26.mai
Turen var eit samarbeid mellom Stord-Fitjar turlag og Stord sogelag. Frammøtet var ved Vabakkjen kl 18, og turen tok 2 ½ time. Det møtte fram om lag 40 som var med på turen. Turleiar var Hans Christian Junge frå Stord-Fitjar turlag. Som takk fekk han eitt års medlemsskap i Stord sogelag.
Turen gjekk frå Vabakkjen gjennom Gullskar inn i Gullberg og til toppen av Stora Gullberg, deretter tilbake og opp på toppen av Litla Gullberg, så ned til Urastando og Håklubben , Nedre Hageby, Bjelland, Høyland og tilbake til Vabakkjen.
Hovudtema for turen var spor etter aktiviteten under andre verdskrigen, utkikksposten på Gullberg og restar etter festninga på Bjelland.

Tur med Seladon 29.august 2010
Målet for turen i år var Solstråleøya på Tysnes. Turen gjekk frå Fitjar gjennom Bårsundet, forbi Klinkholmen, velkjend handelsstad frå midt på 1800-talet, og Kubbervik, som var eit blømande handelssete alt under skottehandelen på 1600-talet. Solstråleøya ligg lengst aust i det tronge Godøysundet. På den nylaga bryggja tok Norolv Henriksen imot oss. Han hadde mangt å fortelja om øya og gjorde stoffet interessant og levande. Under matøkta fortalde båtbyggjar Hans Dalland om arbeidet som båtbyggjar.

Minneinnsamling for eldre
Etter innspel frå årsmøtet sette styret på forsommaren 2009 i gang ei innsamling av livsminne for eldre. Styret sette ned ei nemnd til å organisera arbeidet der Turid Tresselt Melheim, Birger Sætrevik, Bjørn Bjørlykke og Jakob Gullberg var med. Fristen for å levera bidrag vart sett til 1.desember, og ved utgangen av året hadde det komme inn sju bidrag. Men fristen vart forlenga til ut i mai 2010 og til slutt kom det inn 15 arbeid.

Mykje interessant stoff er samla, fordelt på 30-, 40,- og 50 – åra og med tema som oppvekst, familieliv, arbeidsliv og fritid. Lokalhistorikarar vil ha stor nytte av tekstane framover, og mange vil ha glede av å få lesa dei.

Sogelaget har fått i stand ein avtale med Stord folkebibliotek, som vil syta for at dei innkomne bidraga vert sikra for framtida. Dei er no arkiverte ved biblioteket.

Skriftstyret for årsskriftet har fått tilgang til stoffet og har gjort seg nytte av det i årsskriftet for 2010.

Årsskriftet 2010
I skriftstyret i 2010 har vore: Bjørn Bjørlykke, Alf B. Mathisen, Magne Misje og Birger Sætrevik. Årsskriftet er i år på om lag 115 sider. Det er naturleg at det ber preg av innsamlinga av minnestoff. Skriftstyret presenterer åtte av dei som sende inn minne. Heftet er trykt i 350 eksemplar. Det vert sendt til medlemmane og lagt ut for sal hos bokhandlarane. Utsalsprisen er kr 120,-.

Årsskriftet 2010 har desse artiklane:
Bjørn Bergh: Den tause barnekulturen
Jakob Eskeland: Vår barndoms elv
Berit Bie: Minne frå barndommen
Ole Grindvik: Krigsminne
Klara Ludvigsen: Minne frå barndommen i Podl
Norvald Losnegard: Livsminne
Ole Vinsjevik: Minne frå Vinsjevik
Marta Tyse: Skuletur til Lundarstøl i 1912/13
Alf Mathisen: Ein brysam taukveil
Anstein Lohndal: Vilkårsskipnaden i Stord sokn på 1800-talet

Arne Sortland Nils Tore Gram Økland Peggy Husevik Bærøy

Bjørn Bjørlykke Jakob Gullberg
Leiar Skrivar