Stord sogelag

Meny

Minneinnsamling 2010

Minneinnsamling for eldre
Etter innspel frå årsmøtet sette styret på forsommaren 2009 i gang ei innsamling av livsminne for eldre. Styret sette ned ei nemnd til å organisera arbeidet der Turid Tresselt Melheim, Birger Sætrevik, Bjørn Bjørlykke og Jakob Gullberg var med. Fristen for å levera bidrag vart sett til 1.desember, og ved utgangen av året hadde det komme inn sju bidrag. Men fristen vart forlenga til ut i mai 2010 og til slutt kom det inn 15 arbeid.

Mykje interessant stoff er samla, fordelt på 30-, 40,- og 50 – åra og med tema som oppvekst, familieliv, arbeidsliv og fritid. Lokalhistorikarar vil ha stor nytte av tekstane framover, og mange vil ha glede av å få lesa dei.

Sogelaget har fått i stand ein avtale med Stord folkebibliotek, som vil syta for at dei innkomne bidraga vert sikra for framtida. Dei er no arkiverte ved biblioteket.

Skriftstyret for årsskriftet har fått tilgang til stoffet og har gjort seg nytte av det i årsskriftet for 2010.