Stord sogelag

Meny

Årsmøtet 2010: Tur til Island

Tur til Island 2010
Jan Rabben fortalde frå ein tur til Island. Det vart eit interessant kåseri med mange vakre lysbilete.

REFERAT

Årsmøte i Stord sogelag 11.02.10

Folkebiblioteket, Stord kulturhus. Ca 25 frammøtte

Bjørn Bjørlykke ønskte velkommen og gjorde framlegg om Anstein Lohndal til møteleiar og Jakob Gullberg til referent. Dei vart samrøystes valde.

Sak 1. Årsmelding 2008

Årsmeldinga vart lagt fram av Bjørn Bjørlykke. Ho vart samrøystes godkjend med denne merknaden frå Birger Sætrevik:  Årsheftet vart trykt i 350 eksemplar, ikkje i 300 slik det står i meldinga.

Under gjennomgangen av årsmeldinga vart det ei kort drøfting kring arbeidet med minneinnsamlinga. Det var semje om at arbeidet bør halda fram våren 2010, slik at ein kan få inn meir minnestoff.

Sak 2 Rekneskap 2008

Revidert rekneskap vart lagd fram av Arne Sortland og  samrøystes godkjend utan merknader.

Sak 3  Medlemspengar

Styret sitt framlegg om at årspengane for medlemane skal vera som før, vart samrøystes vedteke.  Satsane er: Medlem kr 175, familie kr 225, institusjon kr 275

Sak 4  Val

Jon Kyvik la fram innstillinga frå valnemnda.  Tilrådinga vart samrøystses vedteken, og styret har då  slik samansetjing:

Leiar: Bjørn Bjørlykke                        (attval 1 år)

Peggy Husevik Bærøy                        (attval 2 år)

Nils Tore Gram Økland                        (attval 2 år)

Jakob Gullberg                                    (attval 2 år)

Arne Sortland                                                (ikkje på val)

Valnemnda hadde framlegg om attval på Jens Litlabø som varamedlem, men bad årsmøtet om framlegg til den  andre varamedlemmen. Det kom framlegg på Turid Tresselt Melheim. Begge vart valde samrøystes. Vala er for 1 år.

Revisor:

Odd Stuve Rommetveit                        (attval 1 år)

Valnemnd:

Jon Kyvik går no ut av valnemnda.  Styret hadde framlegg om Åsa Rygg som ny medlem. Ho vart samrøystes vald.  Frå før sit:

Lars Mæland            (1 år att i valnemnda). Han vert no leiar for nemnda.

Werner Hagerup (2 år att i valnemnda).

Etter årsmøtet vart det servert kaffi og snittar.

Deretter fortalde Jan Rabben frå ein tur til Island i eit interessant kåseri med mange vakre lysbilete.

 

Jakob Gullberg  referent