Stord sogelag

Meny

MINNEORD om Anstein Lohndal

Minneord

Anstein Lohndal (1928-2021) Foto: Oddbjørn Kvålvold

Anstein Lohndal gjekk ut av tida 4. januar 2021.

Han døydde stille på Knutsaåsen Omsorgssenter nær 95 år gamal.

Dit flytta han for ei tid sidan etter at helsa byrja å svikta, og hans kjære Martha hadde flytta dit litt tidlegare. Han var glad for at dei fekk ei tid saman der, før ho døydde 31.03.19.

Det var tungt for han, men han hadde livsmot og arbeidskapasitet framleis. Han var den første som flytta dit og hadde med PC og PC- bord, og heldt fram med sitt viktige historiske skrivearbeid, trass i høg alder og helseproblem.

Han ga ut to bøker med Knutsaåsen som skrivestove: Ei bok på 130 sider,basert på artiklar han hadde skrive før, i samarbeid med Kvinesdal Historielag : «Gardsnamn, busetnad, jordeige og jordleige «, tiltenkt studentar, og « Dyrli gjennom 1000 år « på 360 sider.

Han var godt nøgd med å kunne få avslutte sitt omfattandelokalhistoriske arbeid med desse to utgivingane.

Mange har god grunn til å vere nøgde og takksame for at Anstein Lohndal valde å bruke sine gode evner og kunnskap innan både norsk- og historiefaget til undervisning og lokalhistorisk arbeid. Særleg her i Stord og Sunnhordland, men også der han kom i frå; Kvinesdal vest i Agder.

Der blei han fødd 21.februar i 1926, og vaks opp på ein veglaus heigard, Dyrli, 200m.o.h.Skulevegen på stien over heia tok mest ein time, og i det vesle skulehuset var det 6 elevar i ein samla skule då Anstein byrja.Han likte å lesa, og blei ein ivrig brukar etter at skulen fekk skulebibliotek. Regjeringa Nygårdsvold hadde i 1936 bestemt at alle skular skulle ha dette. Seinare blei han ein ivrig brukar av folkebiblioteket i bygda.

Etter barneskulen arbeidde han tre år på heimegarden, til hugen til å skaffe seg meir kunnskap førte han vidare gjennom korrespondansekurs, to-årig realskule i heimbygda ogvidare til examenartium i Flekkefjord. Foreldra hadde ikkje råd til å halde han på skule, så det måtte låne og ha kausjonistar for åfå gjennomført utdanninga. Slik var det for ungdom frå enkle kår før Statens lånekasse blei etablert. Då blei utdanningsvegen opna for mange fleire.

Vidare studiar måtte finansierastgjennom arbeidslivet, og Lohndal hadde ulike jobbar, før han bestemte seg for læraryrket etter eit år som vikarlærar i Lødingen i Nordland. Der likte han seg godt, men etter at han trulova seg med Martha Nedrebø frå Bokn, dei gifta seg i 1951, og han hadde fullført lærarutdanninga i Kristiansand, bestemte dei seg for å bli vestlendingar .Etter lærarpost i Sunnfjord og i Bokn, kom dei til Sunnhordland, først til Finnås, der han fekk post som lærar i den interkommunale realskulen, medfagkretsen norsk, tysk og historie. Han gledde seg over å undervise litt eldre elevar, interesserte og læreviljuge som han opplevde at dei var. Til Stord kom han hausten 1962, der han blei tilsett ved det nystarta gymnaset på Vikahaugane.

I mellomtida hadde han halde fram med den akademiske utdanninga si, først med førebuande fag, gjennom sjølvstudium med privatisteksamen, i gamalnorsk på Voss og latini Stavanger, og seinarefylgde studiar i filosofi, psykologi og logikk, med eksamen ved Universitetet i Bergen. Men det var høgare studie inorsk og historie som var målet hans, og gjennom sjølvstudium og kortare opphald ved UIB tok han mellomfagseksamen i norsk i 1957. Oppfordra av professor Knut Mykland, held han fram sjølvstudiet i historie fram til mellomfag, og seinare tok han ein svært god hovudfagseksamen, etter permisjon frå arbeidet hausten 1961.

Hovudfagavhandlinga hans var : « Noregs nedgang i seinmellomalderen. Synsmåtar hos kjende norske historikarar «. Seinare mykje brukt i undervisning av studentar.

Trass i krevjande deltidsstudium og full lærarjobb, dreiv lærelysta han vidare, og han studerte til grunnfag i religionshistorie på -60 talet og tok eksamen ved Universitetet i Osloi 1967.

Han likte å vere kunnskapsformidlar og ville lære meir om faget, difor tok han « Pedagogisk seminar « i Kristiansand i 1965, med faga psykologi, skulehistorie og undervisningsmetodikk.

Imponerande, også fordi han heilt sidan lærartida på Austre Bokn hadde han teke på seg tillitsverv, som lærarane sin representant i skulestyret og seinare som nestleiar. Dette peika framover mot dei mange verv innan politikk og i kulturlivet. Noko vi her i Stord og Sunnhordland har hatt så stor nytte og glede av.

Han kunne valt ei forskarkarriere om han hadde vilja, han hadde tilbod om forskingsstipendium og vidare studie til doktorgrad innan historie, men avslo fordi han og Marta ikkje ville leve livet sitt i ein større by, men nærare røtene sine.

Såleis fekk Stord og Sunnhordland to ressurssterke tilflyttarar då dei kom hit i 1962.Dei gjorde seg sterkt gjeldande i kultur- og samfunnslivet, på ulike måtar.

Lohndal arbeidde først som lektor ved det som først var Sunnhordland gymnas, sidan Stord gymnas , og seinare som 1. amanuensis ved Stord lærarhøgskule.

Men utanom studentane som kjenner han som lærar, er det som folkeopplysar dei fleste kjenner han. Med fagleg bakgrunn i historie og norsk bidrog han i skrift og tale og organisasjonsarbeid til å få fram kunnskap om og synleggjere den lokale historia og kulturen.

I nær seksti år, heilt fram til sine siste leveår, publiserte han årleg grundige artiklar om lokalhistoriske emne i Sunnhordland og Stord, i tillegg til eit stort tal arbeid med tema frå heimfylket Vest-Agder. Mange av artiklane hans finn ein i årboka til Sunnhordland museum og i årsskriftet til Stord sogelag. I fleire tiår var han med i redaksjonen for begge desse tidsskrifta. Elles finn ein ei rekkje artiklar i aviser, tidsskrift og bøker, m.a. skreiv han Stord Arbeidarparti si historie for perioden 1978- 87.

Lohndal har også vore sentral i ei rekkje bokprosjekt. Han la ned eit stort arbeid som medforfattar til jubileumsboka Lærarutdanninga på Stord gjennom 150 år ( 1989 ). Han var ein sentral medlem i redaksjonsnemda som fekk gitt ut boka – Gruva – Litlabøsamfunnet gjennom 100 år ( 1991 ), og i prosjektgruppa som leia arbeidet med utgjevinga av allmennsoga for Stord : Stord frå steinalder til oljealder 1-3 i ( 2005 – 2006 ). For eigen del gav han ut m.a. Stord under andre verdskrigen – i 2004, og dei siste åra arbeidde han med ei artikkelsamling om stadnamn.

Lohndal gjorde ein innsats i kulturlivet ikkje berre som forskar og skribent, men også gjennom å delta i den dugnaden kulturlivet og kulturarbeidet er. Han var engasjert og iderik deltakar i styrearbeid i ei rekkje organisasjonar, m.a. som ein av initiativtakarane til og mangeårig styremedlem i Stord sogelag. Han var æresmedlem her.

For innsatsen på kulturfeltet fekk han Stord kommune sin kulturpris i 2004.

Frå gymnastida i Flekkefjord var han interessert i arbeidarrørsla, og fekk eit politisk grunnsyn som samsvara mykje med Arbeidarpartiet og sosialdemokratisk samfunnsideologi. Han melde seg inn i partiet våren 1971, og vart snart styremedlem og vald inn i skulepolitiske posisjonar. Som nestleiar i kulturstyret var han aktiv med i planlegginga av kulturhus på Tresmyra, etter krevjande føringar frå departementet, og det blei bl.a. tilsett både biblioteksjef og kulturkonsulent.

I 16 år var Lohndal medlem i Stord skulestyre, og med i det arbeidsutvalet skulesjefen brukte for førebuing av sakene til utvalet.

Då kommunen skulle fastsette namn på alle vegar og gater, etter ny lov om stadnamn, hadde ein stor nytte av hans faglege og historiske kompetanse.Det same galt arbeidet hans i bibliotekstyret då kommunen skulle bygge opp eit moderne bibliotek.

Anstein Lohndal si historie frå eit langt liv, viser at ein frå oppvekst i enkle kår kan sette djupe og varige spor etter seg, takka vere pågangsmot, lærelyst og leiting etter kunnskap. Velferdsstaten, med Statens lånekasse som sentral institusjon, ga ungdom som han høve til å skaffe seg utdanning i tråd med sine evner og interesser. Han var ein kritisk og klår tenkjar, hadde god formidlingsevne, hadde humor, men stakk seg ikkje fram. Han var uvanleg breitt og godt orientert og brukte sine kunnskapar til beste for lokalsamfunnet.

Anstein Lohndal brukte livet sitt i utdanninga og folkeopplysninga si teneste, og arbeidet hans har vore svært viktig for forståinga av korleis både vår nyare og tidlegare historie pregar det samfunnet vi no lever i, og skal utvikle vidare til beste for oss alle og fellesskapet.

Vi takkar, og lyser fred over Anstein Lohndal sitt gode minne.

Stord sogelag.

=======================================================