Stord sogelag

Meny

Planlagd medlemstur til strilelandet mai 2022

Stord sogelag: Medlemstur til Strilelandet, 5.-6. mai 2022

Sogelaget vil kring månadsskiftet oktober/november 2021 senda ut eit skriv med orientering om turen og påmeldingsinformasjon.  I all hovudsak vil skrivet bli sendt ut på e-post.
SLIK ER PLANEN

Nordhordland, eller Strilelandet som det gjerne vert kalla, eit område som våre tilreisande stort sett reiser gjennom og forbi – på veg til dei langt meir berømte fjordane våre eller til vestlandshovudstaden Bergen.

På denne reisa til Strilelandet vil de få innblikk i dei eldste formene for jordbruk i landet vårt, slik dei vert presenterte på Lyngheisenteret på Lygra. Seinare tiders berekraftige og sjølvhjelpte fiskarbonde har direkte røter attende til denne kulturen og denne livsforma.

På Håkonshaugen på Seim vil du bli gjort kjent med fakta og myter om vikingane og to av dei første kongane våre – Harald Hårfagre og Håkon den Gode. Dei opplevde den dramatiske brytningstida mellom Åsatru og Kristendom, men også at landet vårt ikkje gav livsgrunnlag til alle, slik at mange måtte finna seg nye buplassar i andre land – på Vesterhavsøyane, i Storbritannia, Irland og Frankrike.

Tusen år seinare løyste me livsgrunnlagsproblemet vårt enno ein gong med utvandring; denne gongen til Amerika. Frå våre bygder var det særleg mange som flytta til Den nye verda. Resultatet er at det no bur fleire av norsk ætt i Amerika enn i Noreg. På Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta får me innblikk i korleis livet var for dei som utvandra til Amerika rundt 1900.

I dag er Strilelandet også ein av dei viktigaste energi-regionane i Europa: I Øygarden og på Mongstad ligg landets viktigaste ilandføringsanlegg for gass og olje, som forsyner verda med energi. Men her foregår også noko av det teknologiske utviklingsarbeidet som skal føra oss ut av oljealderen og inn i det grøne energisamfunnet. T.d. er TCM (Test Centre Mongstad) verdsleiande på forsking og utprøving av metodar for fangst og kommersiell bruk av CO2. Ein av dei mange medarbeidarane der med doktorgrad seier det slik: «Enten lukkast me med det arbeidet som me driv her, eller så må me finna oss ein annan planet å bu på!»

Tidsrom

5.-6. mai 2022

Pris – med utgangspunkt i 25 deltakarar

Kr. 2.890 pr. pers. i dobbeltrom. Enkeltromstillegg kr. 300. Prisen inkluderer:

  • Leige av buss.
  • Overnatting i dobbeltrom eller enkeltrom i rorbuer på Kilstraumen vertshus.
  • 2 lunsjar.
  • Ein 3-retters middag.
  • Alle inngangspengar.
  • Alle bompengar og avgifter.Prisen inkluderer ikkje drikke til maten – anna enn framifrå lokalt vatn.

Praktisk

Me skal ut på lette fotturar begge dagane, så kle deg med praktiske turklær som er tilpassa årstida og værmeldingane for dei næraste dagane; sjekk www.pent.no. Ta med ein svipptursekk med litt ekstra klede, paraply og litt naudproviant og -drikke.

Program frå dag til dag

Torsdag 5. mai

08.00: Ferje frå Sandvikvåg.
08.45: BNRs konferansebuss hentar på Halhjem fergekai.
10.05: Til Knarvik, regionsenteret i Nordhordland; 59 km, 1:20 t. Inge kjem på bussen her.

Buss-sightseeing med korte orienteringar om kommunesenteret Knarvik i Alver kommune,

bl.a.

  • Knarvik Senter .
  • Nordhordlandhelsehus.
  • Idrettsanlegga-
  • SkulesenteretKnarvik.
  • Knarvik kyrkje.Buss til Lygra via Alversund, 24 km, 45 min. På bussen orienteringar om
  • Geologien i Nordhordland.
  • Norđvegr.
  • Den indre farleia.
  • Om hovdingsetetAlviđra i Alversundog Alviđra på Island.
  • Gamlastova påTveiten.

page2image3724597296 page2image3724597584 page2image3724597888

11.00: Lyngheisenteret på Lygra

  • Orientering/omvising iutstillinga:
    Det nordatlantiske lyngheilandskapet.
    Det bærekraftige lyngheilandbruket: Bruken av lyng som husdyrfor. Driftsmåtar. Lyngsviing.
  • Filmar i auditoriet: Mandus og Klara. Lyngheilandbruket.
  • Lunsj.
  • Fottur/omvising ilyngheilandskapet (ca. 45 min.)Buss til Seim, 16 km, 30 min.Omvising på Håkonshaugen
    • Historiske kjelder til kunnskap omvikingtida. Nyare forsking omvikingtida.
    • Harald Hårfagre og rikssamlinga ieuropeisk perspektiv.
    • Håkon den Gode: Kristendommen,Gulatinget, leidangen, skipsreiene.Buss til Vardetangen via CCB Mongstad og Equinor Mongstad til Vardetangen, Noregs vestlegaste fastlandspunkt. 35 km, 40 min.Fottur (ca, 30 min. t/r) ut til Vardetangen.

page3image3722097504 page3image3722097808page3image3722098112

Buss til Kilstraumen, 6 km 10 min.

page4image3724931040

Kilstraumen vertshus og rorbuer

  • Innsjekk.
  • Tid til eigen disposisjon.
  • Vorspiel med oppsummering av dagen og plan for neste dag.
  • Middag.Fredag 6. maiFrukost
    Utsjekk, bagasjen inn i bussen.
    Buss til Equinor Mongstad, 7,5 km, 10 min.

page4image3724960448

Equinor Mongstad

• Mongstadmuseet
o Generelt om norsk olje- og gassproduksjon.
o Om dei ulike aktivitetene på Mongstad: Raffineriet, terminalen, Vestprosess,

TCM, CCB Mongstad, m.m.
o TCM og utprøving av metodar for CO2-fangst. o Algeprosjektet.

• Omvising med bussen på raffineri- og terminalområdet.

Buss til Sletta, 27 km, 30 min.

page5image3732667632

Vestnorsk utvandringssenter på Sletta med oienteringar/omvisingar om

  • Utvandrarkyrkja, som er flytta hit frå Brampton, Nord-Dakota.
  • Minnesteinane, bl.a. 99th Batallion i den amerikanske hæren, der bl.a. John Pettersen frå Sylta på Radøy deltok.
  • «Prærielandsbyen».
    Lunsj på Sletta Landhandleri. Buss til Hillesvåg, 31 km, 45 min.Hillesvåg Ullvarefabrikk og Economuseum
  • Orientering om verksemda.
  • Omvising.
  • Høve til å handla.

page5image3732864176

Avslutning.

Buss til Halhjem fergekai, 67 km, 1 t. 20 min.

Ferje til Sandvikvåg.

    Turopplegget er utarbeidd av Inge Askild Alver som også vert turleiar.

     Påmeldinga tek Stord sogelag seg av.