Stord sogelag

Meny

Faste avisspalter 2013

Sunnhordland  09.12.13

Folkebada i Gruo og Turnhallen

I vår nære fortid er det to tiltak som vart til nytte og glede for mange av ibuarane i Stord, badet i Gruo og Folkebadet i Turnhallkjelleren. Då desse tiltaka vart tilrettelagt, var det berre dei mest velståande av innbyggarane som hadde bad eller dusj i eige hus. I dei fleste heimar vart kroppsvask og personleg hygiene utført med vaskefatet som hjelpemiddel. Dette var «etasjevask», der vi starta med andletet og auger og enda med å fjerna «tåfisen». Ja, til julereingjering og andre spesielle høve vart sinkstampen teke i bruk.

For Litlabø samfunnet var det nok ei storhending då nyebadet i Gruo vart teke i bruk i 1938/ 39. Tidlegare hadde støvet og skiten frå gruva vorte med heim når den blaute lumpen (arbeidskleda) skulle tørkast ved komfyren på kjøkkenet. For kleda måtte tørkast og vera klar til neste skift, både for husfar og leigebuarane. Avdamping frå det våte arbeidstøyet og støvet, sette nok sitt preg på inneklimaet i husværet.

I ein samtale med Edit Hilldal fortel ho om oppveksten i Gruo. Det var faren hennar som hadde ansvar for drifta av badet. Bygget som brann ned for ein del år sidan, var eit moderne garderobeanlegg med rom for gangkleda i kjellaren. I andre høgda var det to husværer med bad og klosett, noko som ikkje var vanleg standard i 1940 åra. Edit fortel at klasseskillet var stort i Litlabø samfunnet på denne tida, og det var berre dei «kondisjonerte» som hadde innlagt vatn og vassklosett i bustadhusa.

Når gruvearbeidaren var ferdig med skiftet, gjekk dei inn i lumperommet i 1. etasjen og kleda av seg. Arbeiderane hengte dei skitne og våte kleda i tørkerommet, fekk utdelt handduk og kunne dusja i varmt og rikeleg vatn. Så gjekk turen ned i garderoben i underetasjen, der dei reine gangkleda var. Edit fortel at om fredagane var det «ope hus» for familiane på Litlabø, da kunne husmora ta ungane og handklede med seg og fritt nytta dusjanlegget.

Johann Belsvik har fortalt meg om «fødselshjelpa» til Folkebadet i Turnhallen. Folkebadet som kom i drift i slutten 1940 åra, vart til stor nytte for mange familiar. På denne tida hadde dei fleste heimar heller ikkje bad i husværa på Leirvik, det var vaskefat og badestamp som vart nytta til personleg hygiene.

Johann som var leiar i lokallaget til Norges kommunistiske ungdomslag, fekk hjelp av Torborg Nedreaas til å setja opp eit skriv til leiinga i Stord kommune. Nedreaas som budde mykje i Kårevik på denne tid, meinte at ungdomslaget måtte engasjera seg i litt større samfunnsnyttige tiltak. Eit offentleg bad ville gagna folkehelsa på Stord, meinte ho.  Dei styrande i kommunen tykte vel om ideen til ungdomslaget, saka vart utreda og vedtak fatta. Kjellarroma i Turnhallen var enno ikkje innreidde. Desse vart no tilrettelagt med garderobar, karbad, dusj og badstove.

Folkebadet i Turnhallen vart eit tiltak som mange hadde stor nytte av, og familiar tok ungane med seg til helgavasken der. Sjølv var eg brukar av dampbadet i Turnhallen i ein periode i slutten av 1950 åra. Eg hadde då ein hybelkamerat som kom frå Skorovass gruver og som var vant med dampbad. Han meinte at skulle vi få «Kjøtteinsskiten» av oss til laurdagsdansen, måtte vi i eit dampbad med minst 80 grader.

Oddbjørn Kvålsvold – 09.12.13

 

 

Sunnhordland»  15.11.2013

Flaks at lærarskulen blei lagd til Stord

20. september 1838 blei det ved kongeleg resolusjon formelt bestemt at lærarskulen i Bergen stift (bispedømme) skulle leggjast til Tyse prestegard på Stord. Dei første lærarskulane som i dag er ein del av det norske høgskulesystemet, kom i gang i tidsrommet 1826-1839. Storøens Seminarium blei opna 31. oktober 1839. Neste år vil difor Høgskolen Stord/Haugesund jubilera for 175 år samanhengande lærarut­danning på Stord. Dessutan er høgskulen 20 år.

Etter skulelova av 1827 skulle det skipast seminar for dei som ønskte å verta klokkarar i hovud­soknene i prestegjelda, eller læ­rarar der det var eigne skulehus. Omgangsskulelærarane skulle få si opplæring av desse klokkarane. I skulelova vart det skrive at se­minara skulle vera i stiftsstadene eller på andre passande stader. Departementet valde likevel bygdene der 90 prosent av folket då budde.

Grunngjevinga for å velja Stord prestegjeld heilt sør i stiftet, var for det første at allmugen var «oplyst, meget sædelig, i ret god Formuesforfatning, ikke befængt med herskende Laster og ikke for-fallen til nogensomhelst religiøs eller politisk Ultraisme [ekstreme meiningar]». Staden hadde godt samband med Bergen, var «sundt, behageligtog meget tæt bebygget» slik at det var born nok for ein fleirdelt øvingsskule. I ein by måtte elevane kanskje innkvarterast hos «Høkere, Verts-husholdere og deslige», og verta vane med ein levemåte som ikkje passa for seinare lærargjerning. Men ikkje minst la ein vekt på at soknepresten på Stord, Claus Daae, var «anseetfortrinligen skikket som Seminariets Bestyref og Førstelærer».

Claus Niels Holtzrod Daae var fødd på Fana prestegard i 1806. Han tok teologisk embetseksa­men med god karakter i 1828. Han søkte så fleire prestekall, men blei avvist fordi han enno ik­kje var myndig («mindreaarig»), dvs. 25 år. Han heldt så fram med studiene ved universitetet i Christiania for å få licentiatgra-den som var første steget til ein doktorgrad. I sluttfasen av dette arbeidet søkte han igjen å bli prest, m.a. i Fjelberg, men nådde ikkje opp. Heller ikkje fekk han eit lektorat i teologi ved univer­sitetet. Licentiatavhandlinga blei innlevert og godkjent, men det blei ikkje nokon disputas fordi han nett då blei utnemnt til sokneprest i Stord prestegjeld. Her hadde ein av oldefedrene til både han og kona, Johan Koren, vore sokneprest hundre år før.

Alt i januar 1838, då Daae var blitt den første ordføraren i kommunen, var det klart at Stord skulle bli seminarstad. Og i september blei så Daae formelt utnemnt. Han var den yngste av dei fem seminarstyrarane i landet.

Ein kan sjølvsagt undra seg over kva som ville skjedd om Daae hadde valta bli verande i hovudstaden, eller blitt tilsett i f. eks. Fjelberg? Og om Stord hatt ein sokneprest som var mindre lærd. Det finst sjølvsagt ikkje noko svar på dette spørsmålet. Men mi tru er at då ville semi­naret, og dermed høgskulen i dag, vore ein annan stad enn på Stord.

Kjelder m.a. Anstein Lohndal i «Lærarutdanning i 150 år. Stord lærarhøgskule 1839-1989», og Daae om seg sjølv i kallsboka for Stord prestegjeld.

Egil Næsæter

 

Sunnhordland»  18.10.2013

Transport av ved frå Hetlesæter

I samband med transport av ved frå Hetlesæter vart elva teken i bruk, fortell brødrene Olav og Odd Hetlesæter i ein samtale med meg.  I deira oppvekst var sal av ved, ein del av inntektene på garden. Men å få frakta ved frå bratt lauvskogområde oppe i lia, var tidkrevjande og vanskeleg. Difor vart bekkene og Hetlesæterelva ofte teke i bruk som transportåra. Me seier at sjølvhogst av ved, varmar mange gonger i dag, men førestill dykk korleis dette var i vår nære fortid. 

Før motorsaga si tid vart trea felt med trekksag fortel Hetlesæter brødrene. Denne har handtak i kvar ende. Når tjukke bjørketrer skulle fellast, vart dette ei arbeidsøkt der den svakaste måtte først be om pause. Strangane vart kvista og fjelga for greiner og drege fram til ein velteplass med hest, der dette var mogleg. I bratte lier, der det var uframkomeleg med hest, var det god bruk for rå muskelkraft når trea skulle lempast frå avsats til avsats. På oppsamlingsplassane vart strangane kappa opp til famnved (60 cm) med grindsag. Veden vart så kløyvd med øks og opplødd for tørking, ofte ved elva.

På Hetlesæter var det og nytta ein løypestreng til å frakta ved ned frå lia. Løypelina var tilrigga av eit ståltau (wire) som far deira hadde fått tak i ved Børtveit kraftstasjon. Men denne løypestrengen hadde ei ulempe, den «åt» krokane. Ja, gneistråket var godt synleg, når lasta kom susande nedover lia.

Under 2.verdenskrig var det tvangslevering av ved, høy, korn og poteter til okkupasjonsmakta. Frå garden på Hetlesæter var det oftast ved, som vart innkravd. Olav og Odd hugsar ein gong det sto ca. 15 mål ved, klar for transport med elva. Det vart på førehand reinska vekk pas og kratt langs elvekantane, slik at vedskiene ikkje møtte hinder og det vart «forstoppelse» i elveløpet. Nede ved Agdesteinsvegen, var det plassert to stokkar og noko gitter og nettinggjerde som skulle fanga opp vedskiene.

Vedtransporten med elva var ofte eit dugnadsprosjekt, der grannar frå Grov, Agdestein, Boravik og Førland deltok. Men ein viktig faktor for denne type transport, var vassføringa i elva. Ein måtte vera trygg på at det vart nedbørsmengder, som resulterte i stigande elv. Ein dag då forholda låg til rette for god og stigande vassføring, vart dugnadsgjengen kontakta og fordelt på dei forskjellige arbeidspostane. Nokre kasta famnskiene på elva, andre vart plassert på «kritiske punkt» og nokre tok veden på land ved gitterstengsla nede ved bygdevegen. Andre måtte gå langs elva for å sikra fritt elveløp.

Transporten av dei 15 mål ved som Hetlesæter brørne hugsar best, var ein vellykka dugnad. Alt gjekk som på skinner og veden var plassert ved Agdesteinvegen på rekordtid. Men dei minnes og transport med elva, der ein tok feil av vassføring og vatnet minka. Då vart det fleire dagars arbeid med oppplukking av vedskier langs heile elveløpet.

Oddbjørn Kvålsvold

 

 

Sunnhordland»  30.08.2013

Prestegards-byte i Stord

Prestegarden har frå mellomalderen vore bustad for pre­sten i eit sokn, og garden si avkasting var oftast hovud-inntekta til presten. «Almuen» skulle frå gamalt av syta for bustadhus til presten, dessutan «borgstove» og stall som kunne nyttast av bygdefolket. Presten var ein sentral embetsmann i bygdene, og prestegarden vart ofte eit kulturelt senter som nye impulsar vart spreidd ut frå. Dette gjeld også innan landbruk og næringsliv generelt, og «potetprestar» er jo eit kjent omgrep frå opplysningstida pa 1700-talet.

Den første kyrkja i Stord vart tidleg i mellomalderen bygd på den sentrale garden Årland, som naturleg nok vart prestegard. Seinare vart gardsnamnet Nedre Ådland, og frå midt på 1600-talet Orninggård, men i mange år har den delen av garden som er nærast kyrkja vorte kalla Frugarden, ettersom det i lengre periodar vart «fruer» som styrte garden. Dette var ein god gard, sentralt i soknet nær sjø og hamn, og samstundes ved fiskerik elv og vatn. I Frugardselva vart tidleg bygd sag og mølle, noko som var med og markerte garden som ein innovativ stad i bygda. Frå 1600-talet vart det drive både handel og gjestgjevar-verksemd på den sørvestre delen av garden, som etter kvart vart kaila Leirvik som grannegarden.

At også andre kunne tenkja seg å eiga ein so gild gard er ikkje vanskeleg å skjøna, men at nokon skulle klara å byta om Nedre Ådiand med Tyse som prestegard er verre å forstå. Nettopp dette klarte adelsmannen og admiralen Bernt Oming å få til i 1648. Presten Peder Olsen Svegning protesterte kraftig og over tang tid over dette, som han meinte var eit særs dårleg byte, men til ingen nytte. Frå då vart Tyse den offisielle prestegarden, det matte byggjast nye hus, og presten måfie finna seg i iang veg til kyrkja og båtstøa.

Jordbruksproduksjonen både når det gjeld kornavling og dyretal, var likevel størst på Tyse i 1665. Den samla jordvidda var ikkje noko mindre på den nye prestegarden når ein tek med Sævarhagen, som den gongen var husmanns­plass under Tyse.

Ein prest som i førre hundreåret markerte Tyse preste­gard som ein kulturgard i bygda var Claus Nils Hottzrod Daae, som vart prest i 1834. Han vart første styraren på Stord lærarskule, første ordføraren i Stord og seinare stortingsmann.

Av ymse grunnar valde nokre prestar ikkje bu på prestegarden Tyse. Kårevik vart ein populær embetsmanns-gard og fleire prestar fekk i siste halvdel av 1700-talet kjøpt denne garden og budde der. Presten Erik Olsen som vart tilsett i 1792, fekk ikkje kjøpa Kårevik, men klarte å få  kjøpa Sævarhagea, og bygde opp ein god gard til prestegard der.

I 1913 vart rry prestebustad på Stord Prestegard teken i bruk av presten Marcus Jacob Gjessing. Dette er i år  hundre år sidan, og i det høvet vil Stord sogelag saman med prost Svein Arne Theodorsen setja fokus på prestegarden seinare i haust.

 

Av skriftlege kjeldet til denne artikkelen har eg i hovudsak nytta  bygdebøkene i Stord.

Jens Litlabø

 

Sunnhordland Juli 2013

Den gongen ei kvinne frå Sunnhordland skreiv seg inn i rettshistoria

Visste du at ei husmannsdotter frå Sunnhordland har skrive seg inn i norsk rettshistorie? Det gjorde Kari Nilsdatter Spissøy (1847-1884) frå Moster då ho i 1880 fekk ein lege dømd for å ha misbrukt stillinga si. Det var slett ikkje kven som helst ho fekk dømd, men den kjende bergenslegen, Gerhard Henrik Armauer Hansen (1841-1912), leprabasillens far.

16 år gammal vart Kari innlagd på Pleiestiftelsen for spedalske No1 i Bergen. Ho var som mange andre her på Vestlandet blitt råka av den spedalske sjuka, og det var den «glatte» forma, ikkje den «knutete», ho leid av. Den spedalske sjuka var ein sjukdom som særleg ramma vestlendingar. Dette har truleg samanheng med at Bergen gjennom mange år hadde vore den viktigaste handelsbyen i Noreg, og difor vart også Noregs første leprahospital, St. Jørgen, oppretta i Bergen allereie på 1400-talet.

På 1800-talet tok ein til å forske på sjukdommen. Var dette ein sjukdom som var arveleg eller var han smittsam? Armauer Hansen kom som nyutdanna lege til Pleiestiftelsen for spedalske. Han tala autoritetane imot og meinte at sjukdommen ikkje var arveleg, og det var i sin iver etter å prove det at han gjorde sitt overgrep mot Kari.

Ein novemberdag i 1879 vart Kari innkalla til Armauer Hansen sitt kontor. Der opplevde Kari at han med tvang stakk henne i auget med ein stærnål som inneheldt materie frå ein annan spedalsk knute. Det kom seinare fram at formålet med inngrepet var å finne ut om mikroorganismar frå ein spedalsk knute ville utvikle seg på ein person med den «glatte forma» for den spedalske sjuka. Dette står å lese i ein artikkel av Davidsen og Nedrebø kalla «Underet i Bergen byrett».

Kari var sterkt uroa over det som hadde skjedd. Ho frykta at ho skulle miste synet, og fleire gonger gjekk ho til presten på stiftinga og klaga på behandlinga Armauer Hansen hadde utsett henne for. Til å byrje med gjorde han ikkje noko, men då Kari for tredje gong kom til han og bad om hjelp, skreiv han eit klageskrift til tilsynskomiteen ved Pleiestiftelsen. Var det rett at ein lege som skulle lindre og pleie eksperimenterte med pasientane sine og utsette dei for smerte og frykt?  Dette dokumentet fekk alvorlege konsekvensar for Armauer Hansen. Saka enda med at det vart tatt ut tiltale mot han.

Rettssaka tok til 24.mai 1880, og då dommen fall 31.mai 1880, mista Armauer Hansen retten til å praktisere som lege ved Pleiestiftelsen. Han fekk halde fram med forskinga si som overlege for den spedalske sjuka, men fekk for framtida ikkje lov til å ha pasientkontakt. Dommen vekte oppsikt i samtida. Den sette klare grenser for kva ein forskar kan tillate seg i sitt forskingsarbeid og skal ha blitt nytta som prejudikat ved seinare rettssaker. Dommen vert og trekt fram som viktig i utviklinga av  rettane til pasientar.

Kari vart kort tid etter dommen flytta over til St. Jørgens hospital der ho døydde 23.juli 1884, 37 år gammal.

Kjelde: Bjørn Davidsen og Yngve Nedrebø: «Underet i Bergen byrett»

Turid Tresselt Melheim

 

Sunnhordland»  02.08.2013

Eit husmanns­plass der ingen skulle tru

Me skal nær to hundre år attende i tid. Mange spor etter levd liv frå den gong finst i gamle arkiv, men også ute i landskapet. La oss følgja nokre spor etter ein stuttliva buplass som både då, og no, var langt frå folk på Stord.

Me drar til Morkjo. Dette skog- og utmarksområdet mot Fitjar var kongens allmenning, og er i gamle do­kument også kalla «Kongsteig-marken» eller «Markens ålmenning». 11782 vart Morkjo seld for 350 riksdalar til Jens Olsson Homeland og dei fire sønene hans. Ved seinare arveskifte og ved kjøp og sal, var det etter kvart svært mange eigarar for stadig mindre partar i den samla eigedommen.

I februar 1817 fekk Svein Taraldsson festesetel av Lars Halvardsson Nedra Litlabø på eit stykke mark på Morkjo. Stykket vart kalla Mjåbekkjen sidan det låg i ei vik rett nord for der denne bekkjen kjem ut i Dåfjorden. Vatnet i Mjåbekkjen kjem frå Longavatnet og Ellingsdalsvatnet. Bekkjen har også gjeve namn til Mjåbekkebrotet rett før den skarpe svingen ein kilometer før Rydlandssago. Årstalet for opninga av den første køyrevegen der mel­lom Stord og Fitjar, 1910, var innhoggen i dette brotet, men vart skote vekk då vegen sist vart utvida.

Den 6. juli 1817 gifta Svein Taraldsson seg med Mari Fredriksdotter. Han var frå husmannsplasset Haugen under Eldøyo, ho var gardjente frå Vatna. Han var 24 og ho 28 år.

Dei første tre åra skulle dei ikkje betala noko årleg avgift i pengar for plasset. Men det skulle svarast seks dagsverk, og om sommaren skulle det mjølkasttre-fire kyr og seks geiter for bonden på Litlabø. Halvparten av geitemjølka skulle plassfolket få behalda. Som vanleg skulle dei også ha gratis brenneved og beite for så mange dyr som dei kunne vinterfø. Hus skulle dei sjølve få bygd, men dei kunne ta dei med når dei flytta derifrå.

Dei mange verneverdige murane som framleis finst på plasset, vitnar om at Svein og Mari hadde tenkt å verta verande ved Mjåbekkjen. Men det var svært lite jord å dyrka og langt frå folk. Det vart difor meir freis­tande å ta dei vesle husa med seg og flytta til Haugen, der Svein si mor og stefaren var plassfolk. 11820 fekk Svein festesetel på det halve av dette plasset som då var eitt av nær 100 husmannsplass i Stord kommune. Så vidt me veit var det ingen som seinare overtok plasset ved Mjåbekkjen.

Du kan lesa meir om husmannsplass og plassfolk i boka «Stord frå steinalder til oljealder II» (2005). Om Morkjo, sjå Ola Høyland: Stord bygdebok II (1966), s. 774-776. Festesetel for plasset Mjåbekkjen finst i Sunn­hordland pantebok 8, s. 664 (Digitalarkivet).

Egil Nysæter

 

 

Sunnhordland mai 2013

Atle Bjørn Mæhle

”Skisport i havgapet”

Kristen Kvello var redaktør i Bladet Skisport. I 1980 hadde  han ein stor artikkel i bladet med overskrifta ”Skisport i havgapet”. Han skreiv om skisporten på Stord, og starta slik:

”La det vera sagt med ein gong: Stord er ei øy. På Sør-Vestlandet. Med utsikt over Nordsjøen. Typisk kystklima og høgst variable snøforhold. Presentert i massemedia via skipsverft og oljeplattformer.

Skulle dette vera ein plass å driva skisport? Ein skulle i grunnen ikkje tru det, men årsmelding og avisreferat kunne fortelja om ca. 2.000 startar i 10 lokale langrenn som Stord T.& I. arrangerte i 1979 sesongen. Rekorden var 276 startande i eit og same renn. Rett nok var det bra med snø på Vestlandet i 1979, men likevel…. Her var det noko som ikkje stemte.”

 På årsmøtet i Skigruppa Stord IL vinteren 2012 vart det vedteke å spørja Atle Bjørn Mæhle om han kunne samla inn informasjon og data om skiidretten på Stord, og skriva soga om desse aktivitetane. Stord IL fyller 100 år i 2014, og då meinte årsmøtet at det var på sin plass å skriva om dette.

Det viste seg å vera lettare sagt enn gjort. Det er med Skigruppa i Stord Il som med dei fleste lag og organisasjonar. Dei plar ikkje  bruka tid på å arkivera og ta vare på protokollar sakspapir osb. Arkivet blir etter kvart som åra går spreidd kringom i bygda hjå ulike leiarar og styremedlemmer i laget. Eg fekk med meg Per Steinar Lunde, og me gjekk  ut i Bladet Sunnhordland og etterlyste ”skistoff”, Det same gjorde me på heimesida til Skigruppa, Stord IL og gjennom ”jungeltelegrafen”. Me fekk inn ein god del stoff. Eg bladde gjennom Bladet Sunnhordland frå 1930 og fann mykje der. Det slo meg at Bladet Sunnhordland er ei god historiekjelde. Eg fann ut at mest kvart einaste skirenn har vore referert med resultatliste. Skirenna i 1941 og 1942 hadde ikkje Bladet Sunnhordland reportasje frå . Truleg har det samanheng med at desse  renna vart arrangert mest mogleg i løynd for tyskarane.

Det første skirennet på Stord vart arrangert 5. mars 1933. I Bladet Sunnhordland  6. mars står det m.a. å lesa:   ”Langrennet i går. Magne Høvik dagens beste mann.”

Det er tydeleg det er knytt interesse og  spenning til dette rennet. Reportasjen sluttar slik:

”Dette Stords fyrste langrenn vart avvikla greit og presist og Stord Turn og Idrettslag hadde æra av arrangementet.

-Ved ein hyggeleg fest på Grand hotell um kvelden fekk dei beste kvar sin sylvpokal og Magne Høvik som var dagens beste mann fekk og damenes pokal.”

Skifolket har på ein måtte 80-årsjubileum i år. Gratulerer til alle dei som finn glede av å gå i dei flotte løypene som Skigruppa lagar på fjellet år etter år.

Det var mest langrenn og skiskyting i åra før krigen. Men frå 1946 auka interessa for hopp og alpint. 10 mars 1946 vart det skipa til langrenn ved Fjellstova, utforrenn og hopp i Lundekollen. Lundekollen hoppbakke vart høgtideleg opna denne dagen. I utforrennet er det for første gong kvinner med i skikonkurransar på Stord. I Damer kl A vann Malene Kannelønning, framfor Gunvor Yttredal og Karoline Dahle.

Med stor og vedvarande dugnadsinnsats har Skigruppa, Stord IL halde skisporten i hevd.

I 2013 vart Simen Engevik krinsmeister i Gutar 11 år. Skiløparar frå Stord har i år m.a. vore   med i turrenna Marcialonga i Italia, i Kønig Ludvigs Lauf i Garmich- Partenkirchen, i Birkebeinarløpet  i Skarvarennet og i fleire lokale renn.

Magne Løvtangen var med i VM for veteranar som i år gjekk av stabelen i Italia.

Kristen Kvello undrar seg i 1980 over denne vedvarande interessa for skisport ”ute i havgapet”. Han nemner fleire faktorar så som interesse, miljø, konkurranselyst.  Han avsluttar artikkelen slik: . Krava om medverknad og stor innsats ved arrangement og liknande, reduserer kanskje treningsmengda ein del, men til gjengjeld får ingen ”puter under armane” eller primadonnanykker” som ein kan verta plaga med andre stader.”

Du kan lesa meir om den forvitnelege soga om skisporten på Stord når boka kjem ut kjem ut før jul.

Yrande liv. Skirenn 28. januar 1979.

Yrande liv. Skirenn 28. januar 1979.

 

 

 

Sunnhordland»  12.04.2013

Tredje påskedag – og andre heilagdagar som aldri kjem att

Tredje påskedag var lenge ikkje berre ein vanleg kvardagsleg tysdag, men ein heilagdag og fridag. Men hausten 1770 kom det ei forordning frå den dansk-norske kongen i København om at frå advent det året, når kyrkjeåret byrja, skulle ikkje færre enn ti fest- og heilagdagar anten heilt avskaffast eller leggjast til næraste søndag. Dette vert i dag gjerne omtalt som den store fest- eller heilagdagsre-duksjonen.

For det første skulle tredje jule-, påske- og pinsedag «aldeles ophøre», i tillegg til heilagtrekon-garsdag (6.1), kyndelsmesse (6.2), jonsokdag (24.6) og mikkjelsmes-se (29.9). Marias besøksdag (2.7) vart flytta til femte søndag i fasta og helgemesse (allehelgensdag) (1.11) til første søndagen i november. Dette var alle dagar som var særskilt nemnde i Kristian fem-tes Norske Lov (2-4-4) frå 1687. Dessutan vart takkseiingsfesten for «Ildebrandens Dæmpelse» i København 23. oktober 1728 flytta til neste søndag. Men denne festen ser ikkje ut til å vera markert på våre kantar.

Denne store reforma skjedde i den stutte perioden då grev Johann Friedrich Struensee var den som bestemte, med og utan kongen si underskrift. Men han har korkje æra eller skulda for endringane. Han hadde hatt makta berre halvannan månad då forordninga kom som resultat av tidlegare førebuingar. Men dei var absolutt i hans ånd og i samsvar med dei nye tankane om modernisering og reformer som kom opp i opplysningstida på 1700-talet.

Grunngjevinga for refor-ma var at desse gudelege dagane var meir «anvendte til Lediggang og Laster, end til sand Gudsdyr-kelse». Etter andre protestantiske lands eksempel var det difor betre at dei vart brukt til «Arbeide og nyttig Gierning».

Kyrkjeboka for Stord 1770-1771 viser at forordninga vart lydig etterfølgd av presten det letta då også arbeidsbøra for han. Men vanlege folk hadde vondt for å venja seg til det nye. Det var trass alt snakk om gamle merkedagar gjennom mange hundreår. Ola Høyland fortel i den gamle bygdeboka om dagleglivet på 1800-talet at desse dagane lenge var halvveges fridagar for tenarane. Dei vart kalla prikkedagar – dagar då ein berre pusla med småarbeid innandørs. Ordet skal koma av nordtysk «prikken» som tyder å gjera sy- eller broderiarbeid. Mange stader utvikla desse halvheilage dagane seg til mar-knadsdagar, slik som prikkedagar på Tysnes og i Haugesund.

I det gamle Stord prestegjeld var det tre sokner: Stord, Fitjar og Valestrand. Det passa difor godt med tredjedagar ved dei store høgtidene. Det var som eit ekko av den gamle heilagdagsordninga, då den aller siste samlinga i den gamle Stordakyrkja vart halden tredje pinsedag 1855. Straks etter at altargangen var forbi, skreiv presten i sitt dagsregister, byrja rivinga av kyrkja. Det var i dobbel forstand eit tidsskilje.

Egil Nysæter

 

 

«Sunnhordland» januar 2013

Avaldsnes og kongsgardsprosjektet

Avaldsnes vert omtalt som kongsgard i sagalitteraturen, både i kongesagaene og i dei meir mytiske fornaldersagaene. Fleire stader vert det nemnt at Avaldsnes har namnet sitt frå Kong Augvald, ein erobringskonge. Namnet kan vera eit tilnamn som framhevar sambandet mellom gar¬den Avaldsnes, kontroll over kysten og kongemakt.
Garden Avaldsnes har ein svært strategisk plassering langs det trange Karmsundet. Her var det mogleg å byg¬gja opp rikdom og makt gjennom kontroll over ferdsel og handel. Avaldsnes er kjend i skriftlege kjelder som kongsgard på 1000- talet.
Kongsgardsprosjektet Avaldsnes vil undersøka kongs¬garden sin plass i det tidlege norske kongedøme, og deira rolle i kongedømets forhistorie gjennom det fyrste årtusen e.Kr. Utgravingane føregjekk sommaren 2011 og 2012, og prosjektet vert avslutta i 2017.
Resultata av utgravingane og funna vert offentleg¬gjort på Universitetet i Oslo sine nettsider, etterkvart som forskinga skrid fram. Ein kan likevel kort sei noko om hovedfunna:
12011 vart utgravingane på parkeringsplassen framføre kyrkja og åkeren vest for tunet avslutta. Hovedfunna var ein hallbygning frå 300-400 tallet e. Kr og ein 3 000 år gamal åker med store mengder kokegroperfrå hallbyg-nings tid. I 2012 vart utgravingane konsentrert på tre områder: Paktarhagen, Paktartunet og Brinken. Det vart i tillegg gjort små prøvegravingar i hamneområdet på jakt etter nausttufter.
I Paktarhagen vart det avdekka rester etter eit stort hus, ein eldstad, ein mengde stolpehol og nokre grøfter. Ut frå bygningstypen og nokre få C-14 dateringar, er det sannsynleg at huset var i bruk i perioden 200-600 e.Kr
I Paktartunet vart det funnet steinformasjonar som vart datert til 400-500 e.Kr. Dette kan vera spor etter ein befesta buplass, ikkje ei bygdeborg. I Sverige kjenner ein til nærare 50 slike buplassar, men det er ikkje funne spor etter slike i Noreg.
Det mest omtala funnet i 2012, er kanskje ruinane av middelalderens kongsgard frå omtrent 1300. Det som vart funne er ein kjellar på om lag 50 kvm. Sannsynlegvis har kjellaren hatt ein overetasje som fortsette mot kyrkja i nord. Murverket i kjellaren er ca 1,1 meter tjukt.
Funna er mange og det står att mykje forsking og datering før ein kan komma med konklusjonane. Dette ar¬beidet skal no foregå fram til 2017. Resultata vil verta synt fram på Nordvegen Historiesenter på Avaldsnes etterkvart som dei føreligg. Velkommen på besøk!
Kjelde: UiO Kulturhistorisk Museum/ Dagfinn Skre