Stord sogelag

Meny

Årsmøtet 2013: Utgravingar på Avaldsnes

Møtet vart avslutta med at konservator i Karmøy kommune, Ørjan Baugstø Iversen, fortalde om dei utgravingane som no går føre på Avaldsnes.

Ørjan Baugstø Iversen, konservator i Karmøy kommun

Ørjan Baugstø Iversen, konservator i Karmøy kommun

 

Det avgåande styret på årsmøtet
Frå årsmøtet 2013
Nokre frå årsmøtet
Frå årsmøtet 2013

 

Referat frå årsmøtet i Stord sogelag

Torsdag 21.02.13 var det kl. 19 årsmøte i Stord sogelag på biblioteket i Kulturhuset. Dei om lag 20 frammøtte hadde ingen merknader til innkallinga og saklista. Anstein Lohndal vart vald til møteleiar, og underteikna til referent.

Første sak var gjennomgang av årsmeldinga, og denne vart samrøystes vedteken slik ho låg føre. Rekneskapen vart også samrøystes vedteken. Det sitjande styret hadde gjort framlegg om endring i kontingentsatsane. Ingen hadde merknader til dette, og desse vart no kr. 250 for enkeltmedlemmer, kr. 300 for familiemedlemskap og kr. 400 for institusjonsmedlemmer.  To vedtektsendringar var også oppe til handsaming.  Ifølgje vedtektene til Stord sogelag skal arbeidsområdet for laget vere Stord kommune. Arbeidsområdet vart no endra til å omfatte øya Stord, noko det i praksis har vore lenge. Den andre vedtektsendringa gjaldt regel for innkalling til årsmøte. For framtida skal det innkallast til årsmøte på e-post fire veker på førehand med lysing i lokalavisa nokre dagar før sjølve årsmøtet. Desse endringane vart samrøystes vedtekne.

Leiar av valnemnda, Åsa Rygg, la fram nemnda sitt forslag til nytt styre, og desse vart valde med akklamasjon:

Leiar: Lars Mæland ( vald for 1 år)

Styremedlemmer: Nils Tore Gram Økland ( ikkje på val, 1 år att). Peggy Husevik Bærøy (vald for 2 år), Oddbjørn Kvålsvold ( ikkje på val, 1 år att), Turid Tresselt Melheim ( vald for 2 år).

Varamedlemmer: Jens Litlabø (vald for 1 år) og Bjørn Bjørlykke (vald for 1 år).

Valnemnd: Arne Sortland, leiar (1 år att), Jakob Gullberg (2 år att) og Atle Bjørn Mæhle (3 år att).

Revisor: Odd Stuve Rommetveit

Etter at valet var avvikla, gjekk drøset fritt, og det kom mange nyttige innspel til kva saker det nye styret bør arbeide med.

Møtet vart avslutta med at konservator i Karmøy kommune, Ørjan Baugstø Iversen, fortalde om dei utgravingane som no går føre på Avaldsnes.

Turid Tresselt Melheim  -skrivar-