Stord  sogelag
  • Meny

  • Årsmelding 2006

    STORD SOGELAG
    Styret 2006
    Leiar: Lars Mæland
    Nestleiar: Peggy H. Bærøy
    Styremedl: Nils Tore Økland
    Kasserar: Arne Sortland
    Skrivar: Bjørn Bjørlykke
    Varamedlemer:
    Jens Litlabø
    Paula Skram Larsen

    Revisor: Odd Stuve Rommetveit

    Valnemnd
    Harald Kvarme (leiar)
    Lilly Skaar
    Bjørnar Withbro

    Medlemstal
    Ved årsskiftet 2005-2006 hadde Stord sogelag 109 personlege medlemmer og
    6 institusjonsmedlemmer.

    Lagsaktivitet 2006

    Styremøte
    Det har vore 4 styremøte: 2.2. 06 (Borg), 23.3.06 (Sunnhordland, Borggata 15), 17.8.06 (Sunnhordland, Borggata 15) , 9.11.06 (Sunnhordland, Borggata 15). Dessutan var det dugnadskveld 7.12.06 i samband med utsending av årsskrift (Sunnhordland, Borggata 15).

    Tilskipingar 2006

    Årsmøte 23.2. 06
    Etter årsmøtet viste Svein Ove Eikenes bilete frå medlemsturen i Fitjarøyane. Einar Matre, skipper på Seladon, kommenterte bileta og fortalde om fyrvaktar Skarpnes og om Skarpnes-samlinga ved Stord folkebibliotek. Det var rundt 30 deltakarar på årsmøtet.

    Temakveld på Sunnhordland museum om Hystadmarkjo 7. februar
    Prof. Anders Lundberg orienterte om si forsking omkring naturreservatet i Hystadmarkjo. Museet sytte for lysing og mat mot å få inngangspengane. Fullsett festsal på Museet.

    Kurs i kjeldegransking
    I januar/februar heldt Anstein Lohndal fire kveldar kurs i kjeldegransking. Ca 10 deltakarar.

    Rusletur i Hystadmarkjo 10. mai
    Prof. Anders Lundberg følgde opp museumsmøtet 7.2. med ein rusletur i Hystadmarkjo Det skjedde i samarbeid med Sunnhordland museum og Botanisk forening. (Rundt 60 deltakarar)

    Rusleturen på Digernes 1. juni.
    Anstein Lohndal greidde ut om gardssoga og om busetnaden på Digernes gjennom tidene. Tørres Digernes fortalde om bruket sitt. Ole Gjermund Digernes fortalde også om bruket sitt og om Jermund Bengtson. Bladet Sunnhordland hadde førehandsomtale om rusleturen. Det var 80 deltakarar på denne rusletureen.

    Medlemssamling på Lundarstøl 22.9.2006
    Johanne Øvstebø Tvedten fortalde om Lundarstøl og Peder Lundarstøl med dramatiserte innslag. Jens Litlabø fortalde om sauesanking rundt mikkjelsmess og Jane Jünger framførte stev frå Stord. Nils Tore Gram Økland tok møtelyden med på ein liten tur til varpet ”Presten og klokkaren” og orienterte om denne lokaliteten.

    Representasjonar:
    Arne Sortland var utsending på Hordaland sogelag sitt landsmøte på Tysnes 2. april.
    Nils Tore Gram Økland deltok på jubileumsseminaret på Norsk lokalhistorisk institutt i Oslo 8-9. september.

    Årskriftet 2006
    Årskriftet har også i år hatt eige skriftstyre: Bjørn Bjørlykke, Anstein Lohndal og Magne Misje. Dei har skaffa fram nyskrive stoff og har sytt for å få bladet trykt i 300 eksemplar. Det vart sendt til medlemene og lagt ut for sal hos bokhandlarane som får 20 % provisjon. Utsalsprisen er også i år kr. 100. Tilskot frå Stord kommune, annonseinntekter og sal gjer at inntektene dekkjer produksjonskostnadene.

    Årsskriftet 2005 har desse artiklane:
    Alf Mathisen: Eit steg på vegen mot skipinga av A/S Stordø Kisgruber – eit hundreårsminne
    Harald Kvarme: Ein krigslagnad – Om Peder Kåre Nordås sine 16 månader i krigsteneste 1942-43
    Anstein Lohndal: Krigsminne – Arvid Olsen fortel til Anstein Lohndal
    Jens Litlabø: Beite i Stordfjellet
    Marianne Herfindal Johannessen: Digitalarkivet