Stord  sogelag
  • Meny

  • Kunstnaren Peder Kannelønning 2007

    Peder Kannelønning,  foredrag og utstilling, 11.2. 07 kl. 19.00
    Arrangementet vart halde i museumshallen, og det var amatørmålaren Peder Kannelønning (1877 – 1973) som stod i sentrum denne kvelden. Kunstnaren vart presentert gjennom ei utstilling av om lag 45 maleri og teikningar. Private eigarar hadde velviljug lånt ut bilda sine, og utstillinga vart ståande på museet ut februar månad. Tore Lande Moe innleia med ’Kunstnarar i Sunnhordland’. Jan Vidar Kannelønning fortalte om ’Livskunstnaren Peder Kannelønning’, og Ragnhild Vavik heldt eit foredrag om ’Målaren Peder Kannelønning’ der ho kommenterte representative bilde og sette kunsten hans inn i ein større samanheng.
    Nils Tore Gram Økland, Jens Litlabø og Jan Vidar kannelønning stod saman med Tore L. Moe frå Sunnhordland museum for arrangementet. Om lag 80 personar møtter fram.