Stord sogelag

Meny

Årsmelding 2015

Årsmelding 2015

 

Styret 2015

Leiar: Turid Tresselt Melheim

Nestleiar: Nils Tore Gram Økland

Styremedlem: Atle Bjørn Mæhle

Kasserar: Peggy Husevik Bærøy

Skrivar: Lars Mæland

Varamedlemmer:

Jens Litlabø

Bjørn Bjørlykke

Revisor:

Odd Stuve Rommetveit

Valnemnd:

Oddbjørn Kvålsvold

Jon Kyvik

Liv Astrid Økland

Medlemstal

Ved årsskiftet 2015/2016 hadde Stord sogelag 155 medlemmer. Av desse var 116 personlege medlemmer, 31 familiar og 8 institusjonsmedlemmer.

Lagsaktivitet 2015

Styremøte

Det har vore sju styremøte, 26.01, 05.03, 27.05 27.08, 24.09, 29.10 og 05.12. Møtet 05.12 var eit kombinert styremøte/pakkemøte med påfølgjande presentasjon av innhaldet i årsskriftet 2015. Dette møtet fann stad på Stord folkebibliotek i Kulturhuset, og rundt 20 interesserte møtte fram.

I 2015 har desse oppgåvene stått i fokus for styret sitt arbeid:

  • Prosjekt adopsjon kulturminne. Dette er eit prosjekt sogelaget har i samarbeid med Stord kommune og Hordaland fylkeskommune. Prosjektet går ut på å få barnehagar og skular til å adoptera eit kulturminne dei har i nærmiljøet sitt. I 2015 er det gravhaugen på Breivikneset, Rommetveit,  frå eldre jernalder,  og langskipnaustet  i det same området, frå mellomalderen, som er trekte inn i prosjektet. Barnehagen Villvettene, avd. Rommetveit har adoptert desse. Området er rydda på dugnad, og med god hjelp av Statsbygg som har synt stor velvilje.

Sogelaget ser på dette som eit pilotprosjekt før ein utvidar arbeidet til andre kulturminne. Det vil bli laga oppslagstavler med informasjon om kulturminna, og sogelaget  har m. a vore involvert i arbeidet med teksten på desse. Sogelaget sin kontaktperson i dette prosjektet  er Atle Bjørn Mæhle , for kommunen er Guri Aksens  involvert, og frå Hordaland fylkeskommune er det arkeolog Solveig Lohne Rognved som har det faglege ansvaret.

 

 

  • Innsamling livsminne. Oddbjørn Kvålsvold har i 2015 halde fram med å samla inn livsminne frå ei rekkje informantar, delar av dette verdfulle arbeidet er publisert årsskriftet til sogelaget og i den historiske spalta i bladet Sunnhordland.
  • Tettare samarbeid sogelag/museum. Stord sogelag og Sunnhordland museum har i mange år samarbeidd om eit årleg fellesmøte ope for alle interesserte, så også dette året med svært mange frammøtte. Museet har invitert til tettare samarbeid på fleire felt, sogelaget har på si side mangla fast møteplass/plass til oppbevaring av sogeskrift og anna. Det har vore møte om korleis ein kan samordna kreftene til beste for begge partar, ikkje minst når det gjeld bruk av fotosamlinga på museet og scanning av fleire gamle bilete. Formell avtale er ikkje på plass så langt.

 

  • Historisk spalte i bladet Sunnhordland.

Desse innslaga har stått på trykk i 2015:

Tvangslevering frå gardane/Oddbjørn Kvålsvold 30. januar.

Lønningsposar og klingande mynt/Oddbjørn Kvålsvold 20. mars

Krambua på Mehammar/ Oddbjørn Kvålsvold 27. mars

Minne om splintefylgje på Horneland/ Oddbjørn Kvålsvold 10. april

Fraktefarten – levebrød for mange familiar/ Oddbjørn Kvålsvold 24. april

Som unge misjonærar i Kina/ Oddbjørn Kvålsvold 8. mai

Gråtassen kjem til Vikjo/ Oddbjørn Kvålsvold 22. mai

Gudleik i Huglo – den første kjende stordabu/Egil Nysæter 5. juni

Malvin Pedersen sin motorverkstad på Leirvik/ Oddbjørn Kvålsvold 19. juni

Minne frå brugdejakt/ Oddbjørn Kvålsvold 3. juli

Dei første lastebilane til Sverre Litlabø/ Oddbjørn Kvålsvold 17. juli

Søndagsskule og ungdomsarbeid i bedehusa/ Oddbjørn Kvålsvold 31. juli

Læregut i Gruo/ Oddbjørn Kvålsvold 14. august

Inngangskonene – om slutten på ein gammal tradisjon/Egil Nysæter 28. august

Bruk av vassvegane/ Oddbjørn Kvålsvold 11. september

Minne frå konfirmasjonstid/ Oddbjørn Kvålsvold 25. september

Ei anna tid med småindustri/ Oddbjørn Kvålsvold 9. oktober

Gruvedrifta på Stord byrja for 150 år sidan/Egil Nysæter 23. oktober

Snikkarverkstaden til Hallvard i Holo/ Oddbjørn Kvålsvold 5. november

Grunnleggjaren av aluminiumsverksemda/ Oddbjørn Kvålsvold 20. november

Skeiderskene i Gruo/ Oddbjørn Kvålsvold 4. desember

”So va da ei julafta”/Egil Nysæter 18. desember

Barneforeninga på Ådland/ Oddbjørn Kvålsvold 31. desember

 

Årsmøte i Hordaland sogelag og lokalhistoriske dagar

I samarbeid med styret i Bømlo tur og sogelag vart det skipa til årsmøte Hordaland sogelag på Bømlo hotell, Rubbestadneset helga 14.03 og 15.03. Temaet var: Stål, stein og religion. Frå Stord sogelag møtte Turid Tresselt Melheim og Lars Mæland.

 

Tilskipingar i 2015

Årsmøte 20. februar

Det var ca. 35 som møtte på årsmøtet. Som vanleg fann møtet stad på Stord folkebibliotek i Kulturhuset. Etter at årsmøtesakene var tatt opp, blei det servert kaffi/te og snittar. Deretter fortalde arkeolog Heidi Handeland om kulturminneforvaltning.

Fellesmøte sogeskrift

  1. mars var utsendingar frå fleire sogelag samla til fellesmøte på Sunnhordland museum i regi av Hordaland sogelag, der det å samla inn stoff og produsera årbøker/årsskrift var tema. Fire frå Stord sogelag tok del.

 

Museumsmøte 5. mai

Årtes møte var eit samarbeid med Sunnhordland Museum, Stord sogelag og Venelaget for Stord Maritime Museum i samband med 70-årsmarkeringa for frigjeringa i 1945. Historikar ved Nordsjøfartmuseet May Britt Wiel Haugland kåserte om Nordsjøfarten medan Tore Lande Moe fortalde om den siste krigsvinteren i Sunnhordland. Møtet samla fullt hus, kring 70 møtte, og ordførar Liv Kari Eskeland delte ut  minnemedaljar til fire stordabuar for deira innsats på ulike felt under krigen: Arvid Olsen, Werner E. Hagerup, Bjarne Bjelland og Henrik O. Mongstad.

 

Jubileumstreff Lundarstøl 4. juni

Ei tilstelling der leiar Turid Tresselt Melheim gjorde stas på dei to første æresmedlemene i laget: Anstein Lohndal og Nils Tore Gram Økland som var sentrale då Stord sogelag blei skipa for 20 år sidan, og som begge har vore aktivt med i laget sidan starten 5. april 1995. Dei fekk kvart sitt kunstverk laga av Bjørn Bjørlykke som takk for innsatsen så langt. Jens Litlabø fortalde om seterdrifta i Stordafjellet, samlinga blei avrunda med ein rusletur til setrar i nærmiljøet.

Aktivitetsdagar i kulturhuset 19. og 20. oktober

Stord sogelag var blant dei mange lokale laga som stilte på aktivitetsdagane i regi av Stord kommune i kulturhuset 19. og 20. oktober. Dette viste seg å vera ei tilskiping med dårleg informasjon både til deltakande lag (som sogelaget), til publikum og til presse, noko leiaren melde tilbake til arrangøren.

 

Treskokurs

  1. – 31. oktober vart det halde kurs i treskolaging på Stord ungdomsskule, i regi av Hordaland sogelag med Stord sogelag som lokalt vertskap. Fleire av våre medlemer tok del på eit lærerikt kurs med Helge Hisdal frå Samanger historielag som kurshaldar.

Sydvest bokfestival

For andre året på rad var Skakkesenteret i Etne arena for Sydvest bokfestival, kor det på ein godt besøkt fredagskveld 13. november blei presentert lokalhistorisk årbøker frå Etne, Vindafjord, Ryfylke, Sauda, Suldal, Stord, Bømlo, Tysnes, Haugalandet og Hardanger. Lars Mæland fortalde om Stord sogelag sitt årsskrift 2015.

Turar 2015

Det har vore arrangert to rusleturar i 2015. Den første er alt omtalt, turen til seters i samband med jubileumstreffet på Lundarstøl 4. juni. Den andre var ei byvandring på Leirvik 29. september med Tore Lande Moe som kunnig turvert.

Skrivestove 12. november på Tveita gard

Til Skrivestova hadde sogelaget invitert dei som har levert stoff til årsskriftet og andre interesserte. Harald Westerheim frå Fitjar sogelag fortalde om arbeidet med innsamling av historiske bilete, korleis ein kan ta vare på desse og skaffa informasjon som gjer dette til den skattekista slike foto kan vera. Anstein Lohndal fortalde historia om då Stord sogelag vart skipa. Det var 15 som deltok, og enno er det slik at menn dominerer på dette årlege arrangementet. Fleire skriveføre kvinner bør kontaktast.

 

Årsskriftet 2015

Desse har vore i skriftsstyret i 2015: Lars Mæland, Bjørn Bjørlykke, Magne Misje og Jakob Gullberg. Mæland har vore leiar. Det er minnestoffet som dominerer i årsskriftet som i 2015 er på 106 sider. Årsskriftet vert sendt til medlemmene i desember og elles lagt ut for sal i lokale butikkar. Dette året har opplaget vore 600 eksemplar.

Årsskriftet i 2015 inneheld desse artiklane:

Oddbjørn Kvålsvold: Kyvik sveiseskule

Oddbjørn Kvålsvold: Kvinnene som braut ein barriere

Tolleif George Thomsen: Handelsmann i Engesund, Fitjar 1832-1864. Tilrettelagt av Bjørn Bjørlykke m/etterord av Nils Audun Gerhardsen

Olav H. Dahl: Den gamle skulen på Langeland

Olav H. Dahl: Den lange kampen om kor skulehuset på Langeland skulle flyttast

Ove A. Olderkjær; Då kystruta blei skoten i senk

Ove A. Olderkjær: ”Søster” Karen kom aldri i land

Anstein Lohndal: Nazifiseringskamp og motstandskamp ved Stord lærarskule 1941-1942

Oddbjørn Kvålsvold: Avlshingstar i Nordbygdo

Svein Jæger Koppang/Lars Mæland: Bygging av Børtveit kraftstasjon

Oddbjørn Kvålsvold: Dugnad i bygda

Sæbjørn Dale: Laust og fast, slik eg minnes det

Oddbjørn Kvålsvold: Telefonen før i tida

Egil Nysæter: Gruvedrifta på Stord byrja for 150 år sidan

Oddbjørn Kvålsvold: Minne frå brugdejakt

Lars Mæland: Dei første æresmedlemene

 

Turid Tresselt Melheim         -leiar-

Nils Tore Gram Økland      -nestleiar-

Atle Bjørn Mæhle        -styremedlem-

Peggy Husevik Bærøy    -kasserar-

Lars Mæland       -skrivar-

Bjørn Bjørlykke, Jens Litlabø      -varamedlemer-

Me minner om sogelaget si nettside www.stordsogelag.no der ein finn oppdatert informasjon om laget sine aktivitetar. Sjå også www.hordalandsogelag.no

Årsrekneskap 2015 Sammandrag        
           
Inntekter:      
Brukskonto 1.1.2015 55 256,37     46 060,00  
Høgrentekonto 1.1 2015 114 293,00     27 351,40  
I kasse 01.01.2015 0,00     959,90  
Årbok 23 350,00     2 765,00  
Medlemspengar 37 050,00     3 852,00  
Arr. 0,00     2 761,60  
Kulturmidlar/Tilskudd 20 000,00     1 620,00  
Renter 1 476,00     3 009,00  
Momsrefusjon 0,00     2 199,25  
Fylkesårsmøte 0,00     2 289,50  
Div. 311,00     93,00  
        2 406,00  
        1 034,90  
        1 500,00  
        38 110,82  
        115 724,00  
        0,00  
Sum 251 736,37     251 736,37  
           
Samla debetsaldo 153 834,82     -15 714,55  
Utgifter:  
Årbok 2014 46 060,00  
Årbok 2015 27 351,40  
Arrangement 959,90  
Skrivestove 2 765,00  
Årsmøte 3 852,00  
Fylkesårsmøte 2 761,60  
Porto frå 2014 1 620,00  
Porto frå 2015 3 009,00  
Kontorutgifter 2 199,25  
Lysingar 2 289,50  
Bankgebyr 93,00  
Kontigenter til andre lag 2 406,00  
Reiseutgifter 1 034,90  
Gåver/honorar 1 500,00  
I bank brukskto 31.12.2015 38 110,82  
I bank høgrente 31.12.2015 115 724,00  
I kasse 31.12.2014 0,00  
  251 736,37  
     
Årsresultat -15 714,55