Stord  sogelag
  • Meny

  • Årsmøtet 2016: Forvaltning av museumssamlingane

    Stord sogelag, årsmøte 2016

    Tid: 3. mars kl. 19.00

    Stad: Stord folkebibliotek, kulturhuset

    Kring 30 medlemmer og interesserte hadde funne vegen til biblioteket denne torsdagskvelden, der Trine Kyvik frå Sunnhordland museum starta. Forvaltning av museumssamlingane var tema for føredraget, der Kyvik fortalde at Sunnhordland museum skal satsa spesielt på tre område: Maritim industri, gruvehistoria og psykiatri. Sentralt står arbeidet med å kartleggja dei samlingar som finst i Sunnhordland, både i regi av privatpersonar og lag og organisasjonar. – Me måtte definera kva som er ei samling, og opplevde at mange syntes det var kjekt at museet tok kontakt. Undervegs i arbeidet har me fått eit breiare nettverk, folk tek kontakt med oss, og me må sortera ut kva som skal takast vare på vidare. Finna ut kva historier me vil fortelja, understreka Trine Kyvik.

    Det formeller årsmøtet:

    Jakob Gullberg vart valt til ordstyrar.

    Det var ingen merknader til innkallinga.

    Leiar Turid Tresselt Melheim tok oss gjennom årsmeldinga, som blei samrøystes godkjent slik ho låg føre.

    Kasserar Peggy Husevik Bærøy gjekk gjennom rekneskapen som viste eit negativt årsresultat med nær 16.000 kroner. Høge kostnader ved utgjeving av årsskriftet er vesentleg grunn til dette. Økonomien i laget er like fullt god, med tett på 154.000 kroner på bok. Kasserar las også opp forslag til budsjett for 2016, dette til orientering.

    Leiar opplyste at styret ikkje kjem med forslag om å auka medlemsavgifta. Det var ingen innkomne forslag til årsmøtet.

    Val. Oddbjørn Kvålsvold, leiar av valnemnda der også Jon Kyvik og Liva Astrid Økland har vore med, kom med følgjande forslag til nytt styre:

    Leiar: Turid Tresselt Melheim (attval) – eitt år

    Styremedlemmer: Atle Bjørn Mæhle (attval) – to år

    Asbjørn Aasheim (ny) – to år

    Varamedlemmer: Bjørn Bjørlykke (attval) – eitt år

    Jens Litlabø (attval) – eitt år

    Revisor: Odd Stuve Rommetveit (attval) – eitt år

    Valnemnd: Jon Kyvik, Liv Astrid Økland, Nils Tore Gram Økland

    Peggy Husevik Bærøy (eitt år igjen) og Lars Mæland (eitt år igjen) stod ikkje på val i år.

    Alle val var samrøystes.

    Nils Tore Gram Økland har vore med i styret frå starten i 1995, og fekk applaus frå forsamlinga for sitt mangeårige engasjement for sogelaget.

     

    Etter at den formelle biten av årsmøtet var unnagjort, blei det opna for innspel frå medlemmene.

    Bjørnar Withbro fortalde at biblioteket vil ha eit kurs i slekstforsking med Knut Rage frå Tysnes som innleiar, eit kurs som bør vera aktuelt for sogelaget sine medlemmer.

    Kjellbjørg Lunde sa at ein i sogeskriftet gjerne kan tematisera meir, konsentrera seg om færre tema i kvar utgåve. Ho viste til at Sunnhordland har vore internasjonalt retta med sin skips- og oljeindustri, noko som har gjort at mange frå andre nasjonar har kome hit for arbeid. Kva med å invitera folk til å fortelja si historie, fortelja om sin kultur, oppmoda Lunde.

    Anstein Lohndal spelte inn at sogelaget må sjå på korleis det lokalhistoriske stoffet blir brukt i skulen i dag, og oppmoda laget om å ha tett kontakt med den lokalhistoriske gruppa i Stord kommune. Når det gjeld sogeskriftet, ytra Lohndal at dette skal vera eit forum ikkje minst for glade amatørar som kan bidra med levande kjeldemateriale i form av livsminne. Skal ein ha bestemte tema, må ein tinga stoff, det er meir lesarvenleg slik det er i dag, sa æresmedlem Lohndal.

    Leiaren ville vita om forslag til nye medlemsturar, og fekk svar frå Jon Kyvik som nemnde Telavåg og Arquebus-museet i Tysvær som aktuelle reisemål.

    Vanen tru blei det servert snittar, kaffi og te på årsmøtet der drøsen gjekk livleg.