Stord sogelag

Meny

Årsmelding 2008

STORD SOGELAG

Styret 2008
Leiar: Bjørn Bjørlykke
Nestleiar: Peggy Husevik Bærøy
Styremedlem: Nils Tore Gram Økland
Kasserar: Arne Sortland
Skrivar: Jakob Gullberg

Det vart ikkje valt leiar på årsmøtet, men på første styremøtet sa Bjørn Bjørlykke seg villig til å fungera som leiar.

Varamedlemmer:
Jens Ltlabø
Paula Skram Larsen

Revisor: Odd Stuve Rommetveit

Valnemnd:
Bjørnar Withbro
Jon Kyvik
Lars Mæland

Medlemstal:
Det kom 9 nye medlemmer i 2008. Ved årsskiftet 2008 – 2009 hadde Stord sogelag 118 personlege medlemmer og 7 institusjonsmedlemmer.

Lagsaktivitet 2008
Styremøte
Det har vore 6 styremøte: 21.02.08 (Sunnhordland, Borggata 15), 03.04.08 (Sunnhordland, Borggata 15), 08.05.08 (Borg, Høgskulen Stord/Haugesund), 21.08.08 (Borg, HSH), 14.10.08 (Borg, HSH), 03.12.08 (Borg, HSH). Det siste møtet var samstundes dugnadskveld i samband med utsending av årsskriftet.

Tilskipingar 2008
Årsmøtet 22.02.2008
Etter årsmøtet vart det servert kaffi og snittar. Arne Sortland fortalde om arbeidet med boka om utvandringa frå Huglo til Amerika: Det forlokkande landet. Det var ei svært interessant og gjevande utgreiing om arbeidet med å spora opp folk gjennom ulike kjelder, ikkje minst ved søk i databasar, mellom anna Ellis Island-databasen og www.Anscetry.com.

Rusletur ved sjukehuset 4. juni kl 1800
Jens Litlabø og Birger Sætrevik hadde ansvaret for denne turen.
Turen starta ved kyrkja og gjekk innom badeplassen nordom kyrkja og deretter opp Furulyvegen. Birger Sætrevik orienterte på vegen, og ved sjukehuset fortalde Birger om helseheimperioden og Jens Litlabø om sjukehustida. Det var om lag 160 Deltakarar på denne rusleturen.

Tur med Seladon 31.august
Turen gjekk frå Leirvik kl 1000 til Romsa der det var stopp og tur på land. Jan Husebø viste rundt og fortalde om Romsa. På tilbaketuren var det stopp på Fjelberg der Truls Grung fortalde om prestegarden, restaureringsarbeidet og aktiviteten der. I det me passerte Hidle på heimturen, fortale Harald Kvarme om aktiviteten som har vore kring kalkbrotet der. Veret var fint, og det var ca 30 med på turen.

Rusletur i Leirvik 30. september
Turen vart omtala ved eit innslag i Sunnhordland eit par dagar før. 50 – 60 personar var med på turen. Frammøtet var i Borggarden. Tore Lande Moe fortalde om dei historiske røtene til tettstaden Leirvik, først frå trappa til Hagerupshuset og seinare med stopp ved sparebankbygget og krysset Borggata – Jens Hystadvegen og Turnhallen.

Plansjef i Stord kommune Ove Kvalnes orienterte om arbeidet med kommunedelplanen for Leirvik i 2007 og om dei ulike utbyggingsplanane som no er til behandling.

Heile turen tok om lag 1,5 time.

Amerika-tur sommaren 2009. Førebuing
Det var eit orienteringsmøte i Kulturhuset torsdag 16. oktober. Bjørn Bjørlykke var ansvarleg for opplegget. Sogn Reiselivslag vil arrangera turen, som vert på 12 dagar .

Kurs i skanning og behandling av bilde på Høgskulen 29. oktober og 5. november
Kurshaldar var Jostein Tvedte. Kurset var fullteikna, 10 deltakarar kvar kveld.

Årsskriftet 2008
I skriftstyret i 2008 har vore: Bjørn Bjørlykke, Alf B. Mathisen, Magne Misje og Birger Sætrevik. Årsskriftet er i år på om lag 100 sider. Skriftstyret har fått fram mykje godt stoff frå trufaste bidragsytarar. Bladet er trykt i 300 eksemplar. Det vert sendt til medlemmane og lagt ut for sal hos bokhandlarane. Utsalsprisen er kr 120,-.

Årsskriftet 2008 har desse artiklane:
Asbjørn Aasheim: Draumen om eit betre tilvære – glytt or utvandrarsoga til Stord, perioden 1875 – 1914
Knut Birger Heiberg Andersen: Litt om guttedagene på Leirvik for 60 – 70 år siden
Anstein Lohndal: Litt lokal historie frå Stord under fyrste verdskrigen
Arnulf Agasøster & Harald Haugen: Hål – i – håve å satsa på skeising i Sunnhordland – ein idrettsaktivitet som krev kaldt klima og gode istilhøve
Birger Sætrevik: Myrastemmo – ein gong skeisebane for unge i Nordbygdo
Alf Mathisen: Litt om spanskesjuka 1918 – 1919 i Stord og nabodistrikta – eit 90 års minne.

Bjørn Bjørlykke Jakob Gullberg
Leiar Skrivar