Stord sogelag

Meny

Årsmøtet 2005: Segnomsuste prestar

Segnomspunne prestar 2005
Etter årsmøtet og matøkta kåserte Nils Tore Gram Økland og Bjørn Bjørlykke om segnomspunne prestar i Fonnaland med utgangspunt i segnsamlinga for Sunnhordland, Haugalandet og Hardanger.

Referat frå årsmøtet i Stord sogelag 17.2. 05 kl 19.30

–       Innkalling: Samrøystes godkjent.

–       Ordstyrar: Jacob Gullberg samrøystes valt.

–       Skrivar:Bjørn Bjørlykke

 Sakliste

1 Årsmelding

Bjørn Bjørlykke gjekk gjennom årsmeldinga og orienterte om aktuelle punkt.  Harald Kvarme peikte på ei forveksling av namna Nitter og Resser  i omtalen av innslaget om stordrevyane. Anstein Lohndal peike på ei uheldig formulering om Ingeborg Olsdatter som ikkje var heks, men har vore skulda for å vera det. (Desse momenta er no retta opp i årsmeldinga.)  Årsmeldinga vart elles samrøystes godkjent.

2 Rekneskap

Arne Sortland orienterte om rekneskapen som vart samrøystes godkjent.

3 Val

Harald Kvarme la fram tilråding på vegner av valnemnda.

Jens Litrlabø tok attval som leiar for eitt år.

Arne N. Sortland vart attvald som  styremedlem for to år.

Bjørn Bjørlykke vart attvald som  styremedlem for to år.

Varamedlemer for eitt år:

Paula Skram Larsen og Per Ivar Tautra

Revisor for eitt år:

Odd Stuve Rommetveit

Valnemnd (for tre år):

Olaug Titland  går ut. Lilly  Skaar kjem inn medlem i valnemnda.

Valnemnda vert då:

Svein Koppang

Harald Kvarme

Lilly Skaar

4 Framlegg til årsmøtet

Kontingentsatsane vert uendra:

–       medlem: 150

–       familie: 200

–       institusjon: 250

5 Arbeidsoppgåver 2003

Jens Litlabø  orienterte om  styret sine idear til nye arbeidsoppgåver.

  • 15. mars vert det ei tilskiping i samband med  utgjevinga av det første bandet av det lokalhistoriske sogeverket for Stord. Det vert pressekonferanse på dagtid og seminar om kvelden.
  • 12.mai vert det rusletur i Kåravikjo. Jakob Gullberg arbeider med saka.
  • Framlegg om segltur med Seladon 4. sept. Aktuelt reisemål er Austevoll.

Elles kom det framlegg frå årsmøtelyden:

  • Sigbjørn Byrkjeland føreslo Hamarhaug i Kvinnherad som aktuelt reismål
  • Eit anna framlegg gjekk ut på å by Tysnes sogeleg med på felles tilskipingar anten på Stord eller på Tysnes.
  • Bjørnar Withbro etterlyste  heimesider for Sogelaget. Nils Tore opplyste om at slike alt finst.
  • Isak Grov føreslo Fyrøyo som ekskursjonsmål. Der er det atterstøder etter ein tønne- og kassefabrikk. Like eins er det spor etter tyske aktivitetar under krigen.
  • Odd Stuve Rommetveit opplyste om at Sparebanken har sett av store midlar til ymse føremål i samband med 100-årsjubileet. Dette er gåvemidlar som Sogelaget bør  utnytta og søkja om støtte til prosjekt.
  • Stuve Rommetveit sa at det er interessante kulturminne i Børtveitdalen. Vidare  meinte han at Digerneset kunne vera eit interessant mål for rusletur ikkje minst for det skottane føretok seg der på 1600-talet. Anstein Lohndal opplyste om eit tingboknotat om skotteåttaket, men trur det også finst munnleg tradisjon om det i området.
  • Stuve Rommetveit meinte og at det må drivast meir kampanje for å medlemstalet i laget opp.
  • Elles føreslo Lohndal at unionsoppløysinga burde vera eit aktuelt tema for Sogelaget.
  • Jens Litlabø minte om kulturminnedagane 11. september med temaet ”Frå slegge til mus”. Han kom med framlegg om eit fellesmøte med historielaget på Aker Kværner om dette. Jakob Gullberg meinte også kommunen bør vera med på dette.

Dei frammøtte fekk deretter delta i ei solid matøkt med gode snittar frå Myhre

 

Etter årsmøtet og matøkta kåserte Nils Tore Gram Økland og Bjørn Bjørlykke om segnomspunne prestar med utgangspunt i segnsamlinga for  Sunnhordland, Hardanger og Haugalandet

Det var rundt 30 deltakarar på årsmøtet