Stord sogelag

Meny

Faste avispalter 2022

Festningsverket på Bjelland. 

Den tyske okkupasjonsmakta etablerte mange festningsverk langs kysten vår. Desse var viktige for kontroll av skipsleia og skulle hindre at fienden, dei allierte, kunne operere i områda tyskarane hadde kontroll over.  

Her i Sunnhordland var Osternes fort, nord på øya, sentralt. Like eins Tittelsnes fort, og her i vår kommune, Gullberg og Bjelland fort. Alle som kjenner geografien i området, skjønar kvifor tyskarane valde desse stadane for å bygge festningsverka sine.

Etableringa fekk store konsekvensar for dei som budde i området, ikkje minst på Bjelland.

Med kort varsel måtte folk forlate hus, heim og gardar, og finne seg nye husvere, mens okkupantane overtok eigedommane deira. Mange flytte inn hos slektningar i nærleiken, andre måtte etablere nye heimar og fekk ikkje komme tilbake før tyskarane kapitulerte i maidagane i 1945.

Ein av dei er Hans Kristian Junge, einaste attlevande frå Bjelland som hugsar at tyskarane sto i stova deira  og ga ordre om at dei måtte ut av huset umiddelbart. Då var han fire år, men hugsar den dramatiske bodskapen og konsekvensane av denne. Seinare i livet har han interessert seg for og samla materiale og stofftilfang som dokumenterar denne viktige historia og krigminna. Han har vore viktig kjelde for det som er nedskrive om krigshendingar og dei omfattande anlegga i området. 

Han har også vore turleiar og forteljar på Stord sogelag sine historiske rusleturar blant desse viktige historiske minnesmerka, og på andre arrangørar sine turar til desse  krigsminna.  

Det er av stor verdi for etterslekta at dei med eigne livsminne frå dramatiske epokar og hendingar i vår historie, er villige til å dele dette med oss. Forteljarevne og glede, i tillegg til stor kunnskap, pregar Hans Kristian Junge sitt engasjement. No får vi igjen høve til å vere med han på ei historisk vandring til det som var ein viktig del av « Festung Norwegen « langs kysten vår.  

I kulturlandskapet og i private hagar er det restar, meir og mindre intakte bygg- og anlegg etter festningsverket, som tyskarane etablerte frå 1942.  Vi ser bunkerar, skyttargraver, kanonstillingar og andre spor etter dei mellom 2- og 300 soldatar og befal som til ei kvar tid var i området, der mange private eigedomar og hus hadde blitt konfiskerte og gjekk inn i anlegget. 

Også andre stader i kommunen var det stasjonert tyske mannskap. På Leirvik var det eit Ortskommandantur med kontor på Grand Hotel, med ein vaktstyrke på omag 80 soldatar. Også ved Kiskaien i Sagvåg  heldt ein  liten vaktstyrke til.  

Stordsamfunnet blei råka av fleire alvorlege krigshandlingar gjennom krigen, både flyalarmar og bombeåtak høyrde med,  nokre med tragisk utfall. Det mest kjende er då D/S « Austri « blei bomba utanfor Kjøtteinen 21. februar 1945 og om lag 30 menneske omkom. Elles er det allierte raidet mot  Stordø Kisbruber  24. januar 1943 av dei mest kjende. 

Dei som vil lære meir om Stord si krigshistorie har fleire kjelder. Arnfinn Haga har bl.a. skrive om « Raidet mot Stordø Kisgruber « (2003),  Yngve Skjæveland i « Stord frå steinalder til oljealder- 1900 -2006., Anstein Lohndal, « Stord under andre verdskrigen «( 2004 ). 

Dei som vil kombinere tur med kunnskap og få del i levande livsminne frå Bjelland under krigstida, kan delta i Stord sogelag sin første historiske rusletur dette året kommande tysdag.

Sjå lysing i avisa og omtale på heimesida til Stord sogelag.

Kjellbjørg Lunde – for styret i Stord sogelag.