Stord Sogelag

Meny

Årsmelding 2021

Årsmelding 2021 Stord sogelag .

Styret i Stord sogelag i årsmøteperioden : 

Leiar,  Kjellbjørg Lunde, nestleiar Liv Ingrid Grov, skrivar : Asbjørn Aasheim, kasserar Odd Stuve Rommeveit, styremedlem Gunar Strand, møtande varamedlemer,  Bjørn Bjørlykke ( ansvarleg for heimeside og annonsering ) og Jens Litlabø.

Revisor : Peggy H. Bærøy

Valnemd : Terje Melheim, Atle Bjørn Mæhle og Peggy H Bærøy.

Medlemstal ved utgangen av årsmøteperioden : 112

Lagsaktivitet 2021 :

Aktiviteten har også i 2021 vore prega av restriksjonane som fylgje av covid-19 pandemien.

Det har vore 5 ordinære styremøte , 08.02., 17.04., 01.06. 14.09. og 18.10 , og eit pakkemøte for årskriftet,  saman med skriftstyret, 30.11.

Dugnadsinnsatsen med pakking og distribusjon sparar laget for store portoutgifter.

Årsmøtet blei gjennomført 11. juni i Museumahallen med bra frammøte:

Foredragshaldar på det opne møtet i samband med årsmøtet var Egil Nysæter som snakka over  temaet : « Koppar, kolera og korona – pandemiar før og no «.  Eit svært lærerikt og interessant foredrag.

Skrivestova  : 

Den tradisjonelle skrivestova på NordreTveita hos Marta Tveita og Jens Litlabø, blei gjennomført 24.11. Artiklar frå Årskriftet 2021  blei presenterte av forfattarar og skriftstyret for inviterte intressentar og samarbeidspartnarar.

Presentasjon av årsskriftet i Stord bibliotek blei gjennomført 30. 11. i samband med pakkedugnaden.

Bladet Sunnhordland hadde ein brei presentasjon av innhalde i årsskriftet …….. Slik omtale er god  salsreklame for årsskriftet.

Årsmøte og lokalhistoriske fagdagar i Hordaland sogelag.

Stord sogelag sto som vertskap for det utsette arrangementet med årsmøte og fagdagar 16.-17. oktober. Stord sogelag hadde ansvar for opplegget for dei faglege temaene og ekskursjonane.  Opplegget på Litlabø gruver i regi av Venelaget for Gruva, var svært vellukka. Det same kan seiast om opplegget med orientering og omvisning på Campus Rommetveit  i regi av Nis Tore Gram Økland og Atle Bjørn Mæhle. 

Ordførar Gaute Epland opna samlinga i Gruva med orientering om kommunen og samarbeidet med Venelaget for Gruva, for å ta vare på dette unike kulturminnet.

Lars Mæland frå Stord sogelag hadde planlagt og gjort arbeidet for å få arrangementet gjennomført.

Jens Litlabø og Kjellbjørg Lunde var utsendingar til årsmøtet i Hordaland sogelag.

Stord sogelag har teke initiativ til å lage eit møteopplegg der vi vil ha lokalhistoria i sentrum.  «Historietimen».

Vi har gjennomført eitt møte der lærar og forfattar Sara Vatne frå Fitjar snakka om boka si med utgangspunkt i eiga slektshistorie. 

Rusleturar :

Fylgjande rusleturar blei gjennomført : 

Grimsåsen/Saneset 25.05. Turansvarleg, Jens Litlabø, ca. 45 deltakarar.

Eldøy  21.06.                         Turansvarleg, Odd Stuve Rommetveit, vel 50 deltakarar.

Huglo 11.08.                         Turansvarleg, Kjellbjørg Lunde, ca. 40 deltakarar.

Ein planlagt tur i Dahle/ Litlabøområdet er av praktiske grunnar utsett til 2022.

Ruseleturane, med innlagt kaffirast, er populære tilbod og med god deltaking. Flinke, lokalkjende turvertar gjer turane lærerike og kjekke. 

Turane er gratis, men i samband med gjennomføringa er det høve til å gi ei frivillig pengegåve til Stord sogelag, og fleire nyttar seg av dette.   

Faste fellesarrangement med Sunnhordland har det vore færre av p.g.a. pandemien, men der Sunnhordland har kunna gjennomført, har Stord sogelag vore med. 

Sogespalta i Sunnhordland :

Oddbjørn Kvålsvold som har vore ansvarleg for og den største bidragsytaren har gitt melding om at han avsluttar sitt engasjement med spalta. 

Stord sogelag takkar han for eit årelangt og omfattande arbeid med å samle livsminne og anna lokalhistorisk stoff til nytte og glede for mange. 

Dette er svært viktig lokalhistorisk dokumentasjon som lett går tapt om ikkje nokon tek ansvar for  nedteikning og publisering.

Det er ei prioritert oppgåve for Stord sogelag å skaffe stoff og forfattararar for å halde fram dette  viktige dokumentasjonsarbeidet og få stoff til spalta i Sunnhordland.

I spalta i Sunnhordland hadde Oddbjørn Kvålsvold fylgjande artiklar : 

25.10.Innsamling av lokalhistorie frå Stord,  06.10. Mitt møte med industrien, 25.09. Det starta med ein lastebil, 10.09. Høyland- ein buplass med tradisjon, 01.09. Ei forteljing om tvangsekteskap,  16.08. Fjernundervisning,- ikkje noko nytt, 03.08. Eit kommunalpolitisk jordskjelv, 15.07. Seter- og stølsdrift før i tida, 30.06. Gode opplevingar i naturen, 21.06. Ådlandsvatnet- til hjelp, glede og gru, 09.06. Smeden og smia, 05.05. Soga om potetferien som blei haustferie, 19.04. Gjenreisinga etter siste verdskrigen og skogplantinga, 07.04. Det kom mange innflyttarar til Stord; 17.03. Produksjon av piassavakostar på Fitjar, 22.02. Brennaryrket – ein del av mitt arbeidsliv, 12.02. Med ein tysk festning som nabo på Osterneset; 02.02. Då DS « Austri « forliste ved Eldøyane, 12.01. Sosiale møteplassar i vår nære fortid, 06.01. Entrepenørverksemda til Meyer Mortensen.

Egil Nysæter hadde fylgjande artiklar : 

03.03. 250 år sidan den første vaksineringa i Sunnhordland, 13.12. Kaia Eide i Borggata .

Jens Litlabø, 26.05. Husmannsplassane Grimsåsen og Saneset.

  

Status på saker:

Kulturminneplanen : Asbjørn Aasheim og Kjellbjørg Lunde har vore på møte med saksbehandlar for planen, Ragnhild Tveit. Føremålet var for å komme med innspel til planarbeidet.

Hatland skule : Vi har purra på framgang i saka, både overfor rådmann og saksbehandlar, muntleg og skriftleg, men det ligg ikkje føre avklaring.

Årsskriftet 2020.

Desse har vore i skriftstyret.

Lars Mæland ( leiar ). Bjørn Bjørlykke. Magne Misje, Turid Tesselt Melheim, Vigdis Dahl Digernes, Peggy H. Bærøy. 

Årskriftet 2021 er på 114 sider og har eit variert innhald i år også.

Føreord: Skriftstyret : Dans på lokalet og brennevin som medisin .

Nils Tore Økland : Stord i 1932- slik ein framhaldsskuleklasse såg det 

Åsa Lorentsen : D/S « Ronald « – turn til Canada etter korn og mjøl hausten 1939.

Jens Litlabø : Hytter og friluftsliv i Stordafjellet – del 2.

Oddbjørn Kvålsvold : Ein veteran innan turnsporten.

Steinar Hystad : Då offentleg dans va da stora på Storen.

Oddbjørn Kvålsvold : Ein føregangsmann i friidrettsmiljøet.

Sigrun Røssbø : Kulturminne og kulturlandskap på Røssbø.

Magne Bjelland  : I det militære 9. april 1940.

Egil Nysæter: Koppar, kolera og korona . – pandemiar før og no.

Stord sogelag : Minneord om Anstein Lohndal.

Stord sogelag – årsmelding 2020.

Årsskriftet er i sal hos bokhandlarane på Stord og Bømlo, hos Thea Træet, Fitjar, Huglabutikken, Kiwi Sagvåg og Spar Haga. Omsett ca. 500 av opplaget på 600 . 

Vårt æresmedlem, blant initiativtakarane til Stord sogelag,  trufaste støttespelar, svært aktiv og kunnskapsrik formidlar heilt til det siste, Anstein Lohndal gjekk ut av tida 06. januar nær 95 år gamal.

Stord sogelag minnast han med takksemd og respekt.

Det har stått minneord i Sunnhordland og i årsskriftet for 2020.

Han etterlet seg ei testamentarisk gåve til Stord sogelag på 50 000 kroner. 

 :