Stord sogelag

Meny

Djupadalen 2014

Djupadalen – Ei trist sak

Lesarinnlegg i Sunnhordland 19.03.14

Oddbjørn Kvålsvold

I Bladet Sunnhordland av 13. d.m.  kunne ein lesa at  Stord kommune ikkje hadde interesse av steinalderbustaden i Djupadalen. At kommunen ikkje kan ta vare på alt gamalt, er eg sjølvsagt einig i. Men denne  buplassen meiner eg var unik, og av stor kulturhistorisk verdi, langt utover Stord sine grenser. Jf. «Kommune- delplanen for kulturminne og kulturmiljø», vedteke av kommunestyret 26.11.09, og Detaljreguleringsplan – datert 24.11.11 for området.

Arkeologar

For meg var det spesielt å sjå det arkeologane kunne visa fram frå funna rundt steinen.

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

 Men nye planer førte til store endringar. No er buplassen der nokre av dei fyrste Sunnhordlendingar reiste sine skinntelt,  knust og jamna med jorda. Steinen der dei for 9500 år sidan, sat og  forma sine reiskap og våpen, er vekke for all framtid. Eg stiller meg spørsmålet, var dette naudsynt?

 

 

 

Nye utgravingar i Djupadalen

Oddbjørn Kvålsvold

Frå Djupadalen (utgraving 16.10.13)

Frå Djupadalen (utgraving 16.10.13)

Komande torsdag, 24. oktober, inviterer arkeolog Leif Inge Åstveit og gjengen hans til open dag på steinalderbustaden i Djupadalen. Utbyggjaren av Heiane Vest kostar undersøkinga som no blir gjort, for så å kunna ta i bruk den historiske plassen til byggjeland.
Ifølgje Åstveit er det både nasjonal og internasjonal interesse for funna som blir gjorde i Djupadalen. Og dei gjer mange funn, jamfør reportasjen i Sunnhordland no onsdag.
Dette er truleg siste sjanse til å sjå området der det er funne tydelege spor etter busetnad så langt tilbake som 9.500 år sidan.
Oddbjørn Kvålsvold har vore på plassen og teke bilete av arbeidet som føregår i regi av Unviersitetet i Bergen.

Djupadalen. (utgraving 16.10.13)

Djupadalen. (utgraving 16.10.13)

Frå Djupadalen

Frå Djupadalen

Frå Djupadalen (utgraving 16.10.13)

Frå Djupadalen (utgraving 16.10.13)

 

Steinalderbuplassen i Djupadalen

Oddbjørn Kvålsvold

Sist måndag  (februar 2013) hadde eg ein tur til Djupadalen for å sjå korleis dei nye eigarane hadde teke vare på buplassområdet som vart registrert i 1990 åra. Utgravinga i samband med vegprosjektet, Trekantsambandet, kasta lys over aktivitet og levevis i steinalderen i dette området.

Djupadalen og steinalderbustad (10)

Bilete: Steinalderbuplassen i Djupadalen ligg som «ei grøn øy» ved E-39. Foto: OK

Trass store anleggsarbeid i området, låg den gamle buplassen som ei grøn øy ved E- 39. Anleggs-maskinane svirra som arbeidsame maur i området og det er gjennomført eit imponer-ande arbeid med utskyting av fjell og masseutskifting. Det er difor vanskeleg og førestilla seg korleis området var den gongen steinalder folket kom opp fjordarmen frå Valvatnavågen i sine skinntrekte båtar. Havnivået var høgare og Djupadalen var ein del av Valvatnavågen. På steinalder bustaden, som er inngjerda, fann arkeologane gjenstandar av flint og avslag etter reiskapsproduksjon. Hjort og anna storvilt vart nok hausta av dette jegerfolket, som levde der i perioden 8500 og 8000 f.Kr.

Turløypa gjennom Djupadalen som mange har hatt gleda av, var no stengt på grunn av anleggsarbeidet. Men når anleggsmaskinene og byggeaktiviteten har stilna av, må stien gjennom området opnast på nytt. Turløypa frå gamle Hatland skule, framom steinalder bustaden og ned til Valvatnavågen har mange glede av.

Eg ser for meg ein liten «kulturhistorisk kvileplass» ved steinalder bustaden i Djupadalen, med sittegruppe, bål panne og informasjonsstavle. Ei lita grøn lomme med kulturhistorisk sus i furutrerne.

Steinalder bustaden som vart funnen i 1993, må Stord taka vare på. Kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø, vedteke i 2009 legg føringar og planen skal vera «ein reiskap for saksbehandlar og utbyggjarane».

Med helsing

Oddbjørn Kvålsvold

 Sunnhordland presenterer fotografi og sak frå før i tida:

«Frykteleg gammal» buplass

Lars Mæland

lars@sunnhordland. no

Djupadalen 1012

Buplassen i Djupadalen har aldri opplevd

maken til bråk som no, i sine 10.000 år.

 

Det blir bora og sprengt, grusa og knust i området på Heiane Vest der steinalderbuplassen ligg. Og der han har lege i 9.000 – 10.000 år. Tre veker på seinsommaren 1994 var arkeologar i sving for å kartleggja buplassen. Då var det som ein del av førebuingane til Trekantsambandet,  bompen- geprosjektet som går like ved og som i desse dagar er nedbetalt.

–  Dette er ein av dei finaste og beste buplassane eg har vore med på å grava ut, sa feltleiar Morten Kutschera til Sunnhordland 15. september 1994.

Han kunne fortelja at dei hadde funne seks-sju økser, den største 15-20 centimeter lang.

–  Ei av dei finaste som er fun­nen i landet, slo Kutschera fast, og meinte dei må ha vore hand­ verkarar av rang dei som har vore på buplassen.

– Me har funne om lag tusen flintavslag på denne buplassen, i og for seg ikkje så mykje. Derimot har me funne kring hundre klart definerte reiskapar, som er eit
uvanleg høgt tal i høve til avslaga. Slik sett er denne buplassen eine­ ståande, konstaterte feltleiaren.

Professor Svein Indrelid ved arkeologisk institutt Universitet i Bergen meinte funna i Djupada­len viste at dette er ein svært gam­mal buplass.

– Han er frykteleg gammal, med dei alle eldste i Noreg og den eldste på Stord. Ein fin og interes­sant stad som fortener merksemd, og som er viktig for alderen, sa Indrelid, som fann plassen så verd­full at han vurderte å be vegkon­toret om å flytta vegen så mykje at buplassen ikkje vert råka om Trekantsambandet blir bygt. Det er -både bygt og betalt, så spørst det korleis det går med den stein-gamle steinalderbuplassen når dei på ny grusar på for fullt i området.

Djupadalen 1015

Takk til informantane

 Oddbjørn Kvålsvold

Når ein har fått god hjelp av no­kon så er det folkeskikk å takka for hjelpa. Difor vil eg skrive nokre ord, til dei som har fortalt sine livsminne til meg. Som sty­remedlem i Stord Sogelag, tok eg på meg å samla inn minnestoff frå levde liv på Stord. Eit lite prosjekt som eg har arbeidd med det siste halvanna året. Dette arbeidet har gjeve meg mange gode stunder, i samtale med kjende og ukjende eldre frå heile kommunen.

I vedtektene til sogelaget står det at laget skal: «… leggja vekt på innsamling av munnlege tradisjonar, arbeidarminne og arbeidslivshistorie». Difor har la­get samla inn lokalhistorisk stoff heilt frå det vart skipa i 1995. Ma­terialet vert brukt i Årsskrift eller arkivert og systematisert i samar­beid med Stord folkebibliotek.

Det materialet som eg i samta­lane har teke opp digitalt, fortel om ein kvardag og livsstil som dei unge i dag ikkje fattar. Ja, me eldre har og godt av og stoppa opp litt- og tenkja at­tende til vår eigen barndom. I dag registrerer eg at nokon kvar av oss, har lett for å verta ein del av det sutre-samfunn som  Fugelli omtalar.

Dei livsminna og arbeidslivsforteljingane som informan­tane har bidrege med, er sogelaget stor takk skuldig. Den eldste er fødd i 1915 og dei andre i 20 – 30 åra. Dei har fortalt om ei verkelegheit der dei alle, aller fleste, måtte setja «tæring etter næring».

Mange spanande forteljingar arbeid, for sjølv kunne tena pengar til ein sykkel eller dress, eller hjelpa til  heimen med økonomien. Historia om eit arbeidsliv der dei køyrde med lastebil rundt Stua, Litlabø, Sagvåg og Tveita og samla opp arbeidsfolk på lastepla­net. Arbeidsdagane vart og ofte lange, for dei som var så heldige og fekk sesongarbeid ved samle­bandet i hermetikkindustrien eller på sildelossing.

Mange unge gutar som reiste på Is-landsfiskei 18-20 årsalderen fekk og ein «elddåp» i arbeidslivet. Det vart to månader med tungt fysisk arbeid og lite søvn. Mange lovde seg sjølv, – aldri, al­dri meir. Men når neste sesongen stod for døra, for­tel informantar, «eg måtte berre ta ein ny tur, for det var ikkje anna arbeid og oppdriva».

Skuleveg frå Føyno til Hatland skule ville ikkje dagens foreldre godteke. Ungane rodde og segla over fjorden med eldre søsken. Dei traska gjennom mark og dår­leg brøytte bygdevegar på tresko. Ei spanande arbeidslivshistorie fortel ein som var med Johannes Gravdal til Hitra for å foredla krabbe. No er han i sitt nittiande år, men hugsar enno mange de- taljar om turen han som unggut var med på. Gravdal tok med seg nøkkelpersonar frå Sunnhordland og nokre unggutar, og reiste med kutteren «Sagvåg» på 79 fot til fabrikken han leigde i Trøndelag.

For sogelaget har alle livs­minna stor historisk verdi. Om temaet er, vegutbygginga i Uføro, tvangsleveringa frå gardsdrifta, mjølkekøyring med hest, eit liv som handverkar, forretningsdrift med sirupsfat i kjellaren, eller oppvekståra i Gruvo eller Vikjo. Dette er vår nære historiske fortid som me må ta vare på. Mange vel å sjølv føre livsminna sine i «pen­nen», som ein del av arven til barn og barnebarn og at sogelaget får kopi av det ein vil dela med andre. Men mest mogleg «stemmer frå levde liv» bør takast vare på, eventuelt at ein tek kontakt med Stord sogelag.

Eg vil og avslutta med ei takk, til alle som har gjeve oss høve til å gjennomføra desse digitale opptaka.

 

Med helsing

Oddbjørn Kvålsvold

Stord sogelag, styremedlem