Stord sogelag

Meny

Årsmelding 2011

Styret 2011 
Leiar: Jakob Gullberg
Nestleiar: Nils Tore Gram Økland
Styremedlem: Atle Bjørn Mæhle
Kasserar: Peggy Husevik Bærøy
Skrivar: Turid Tresselt Melheim
Varamedlemmer: Jens Litlabø
Bjørn Bjørlykke

Revisor: Odd Stuve Rommetveit

Valnemnd:
Werner Hagerup, leiar
Arne Sortland
Åsa Rygg

Medlemstal
Det kom tre nye medlemmer i 2011. Ved årsskiftet 2011/2012 hadde Stord sogelag 117 medlemmer. Av desse var 92 personlege medlemmer, 2 gratismedlemmer, 18 familiar og 5 institusjonsmedlemmar.

Lagsaktivitet 2011
Styremøte
Det har vore 6 styremøte. Alle i Borg, den tidlegare rektorbustaden ved HSH: 10. februar, 31.mars, 5.mai, 18.august, 28.september og 1.desember. Møtet i desember var samstundes dugnadskveld i samband med utsending av årsskriftet.

Årsmøte i Hordaland sogelag
I samarbeid med styret i Åsane sogelag vart det skipa til årsmøte i Hordaland sogelag i Åsane helga 19. og 20. mars. Tema for dette møtet var industrihistorie. Frå Stord sogelag møtte Arne Sortland.

Tilskipingar 2011

Museumsmøte 1.mars 2011
Museumsmøtet var i år på Sunnhordland museum, og temaet var Møbelproduksjon i Sunnhordland. Tore Lande Moe heldt føredrag over emnet: Møbelproduksjon i Sunnhordland med utgangspunkt i samlingane til museet. Olav Eldøy fortalde om arbeidet sitt som møbeldesignar, og Arne Sortland snakka om historia til Sortland møbelfabrikk på Huglo som han grunnla og bygde opp. Møtet er eit samarbeid mellom Sunnhordland museum og Stord sogelag. Det var ei vellukka tilskiping med 60- 70 frammøtte.

Årsmøtet 10. mars 2011
Det var ca.25 som møtte på årsmøtet som fann stad på biblioteket i Kulturhuset. Etter møtet vart det servert kaffi /te og snittar. Deretter fortalde Nils Georg Brekke om gamle handelsstader. Det var eit interessant kåseri med mange vakre lysbilete.

Rusletur på Jensaneset 08.juni
Frammøtet var på Ottesen Skibsbyggeri A/S kl.18, og turen tok 2 ½ time. Terje Lamo frå Sagvågen kystlag stod for omvisinga og fortalde om drifta og samarbeidet i området. Rundt 40 interesserte hadde møtt fram.

Tur med Seladon 21.august
Årets tur gjekk frå Fitjar kl.10, og målet for turen var ein rundtur i Fitjarøyane. Einar Matre, skippar på Seladon, fortalde om livet på øyane før i tida. Det var fleire stopp undervegs, på Smedholmen, i Hatlevik og på Siglo. Veret var ikkje det aller beste, men dei vel 20 deltakarane hadde kledd seg godt og hadde ein fin tur i det flotte øylandskapet.

Kulturminnedag 11.september
Kulturminnedagen med temaet Spor i landskapet vart arrangert på Huglo i samarbeid med Huglo bygdelag v/Eline Bruntveit. Først var det samling i Ovnsmuseet der Bård Økland snakka om bronsealderen og gravrøysane på Homannaneset. Deretter gjekk dei 70 -80 frammøtte på den nyrydda stien til den store bronsealdergrava der Hordaland fylkeskommune hadde sett opp ei minnetavle. Arrangementet var ei markering av at denne store bronsealdergrava var nyrydda. Huglo bygdekvinnelag serverte lam steikt på gammaldags vis i steikegrop. Veret var bra.

Skrivestove 11.november
Denne kvelden hadde sogelaget invitert deltakarar til å delta på eit inspirasjonsmøte for å få inn fleire livsminne. Me var rundt 20 stykke som møtte fram på Tveita gard. Etter ei kort omvising på garden, og etter å ha fått kaffi/te og litt å bite i, fortalde fleire som har skrive livsminne om korleis dei hadde lagt opp arbeidet sitt for å komme i gong med skrivinga.

Årsskriftet 2011
I 2011 har desse vore i skriftstyret: Lars Mæland, Bjørn Bjørlykke, Magne Misje og Birger Sætrevik. Mæland har vore leiar. Også i årsskriftet 2011 er det det innsamla minnestoffet som dominerer. Årsskriftet 2011 er på om lag 94 sider, og det vert sendt til medlemmene og elles lagt ut for sal hos dei lokale bokhandlarane.

Årsskriftet 2011 inneheld desse artiklane:
Marta Tyse: Lærarskulen og bygda
Alf Mathisen: Stord kyrkje 1671-1722
Solveig Almås: Streik på dansekveldane
Nils Tore Gram Økland: Grindane langs vegen
Ole Grindvik: Grindagut sommaren 1945
Sverre Skjelnes: Mitt arbeidsliv på Aker Stord AS
Kåre Angeltveit: Tin’n i Klaksøyo
Jon Kyvik: Sildaminne
Jakob Eskeland: Barndom i 40-50 åra på Fjellgardane
Johanne Øvstebø Tvedten: Peder sin song
Anstein Lohndal: Politisk ordskifte på Stord i 1920-åra

Atle Bjørn Mæhle Nils Tore Gram Økland Peggy Husevik Bærøy

Jakob (Leiar) Gullberg Turid Tresselt Melheim (Leiar)