Stord sogelag

Meny

Vikingtid på Rommetveit 2017

Melding om arrangement i regi av Kystsogevekene og kulturminneprosjektet i Stord kommune «Historia fortel»

Langskipsnaust

Langskipsnaust

Onsdag 6. september presenterer 7. klassane Rommetveit skule, Villvettene Friluftsbarnehage og Stord Sogelag programmet «Vikingtid på Rommetveit».

I 2014 tok Stord Sogelag opp med Stord kommune/kulturkontoret ved Guri Aksnes ideen om å leggja til rette kulturminne slik at barnehagar og skular betre kan bruka dei i opplæringa. Tanken er at kvar barnehage og skule bør ha eit kulturminne i nærområde som dei kan nytta i opplæringa når det høver. Barnehagen og skulen vil på ein måte «eiga» kulturminnet, bruka det, sjå etter det, stella det slik at det er ryddig og skikkeleg.

Guri Aksnes tok saka opp med Fylkeskommunen. Dei var også interessert, og det vart laga eit prosjekt der Stord kommune ved Guri Aksnes, Hordaland Fylkeskommune ved arkeolog Solveig Lohne Rongved og Stord Sogelag ved Atle Bjørn Mæhle var faste representantar i prosjektgruppa. Me starta arbeidet med å leggja til rette ei stor nausttuft frå vikingtida på Rommetveit, ved sjøen nedanfor idrettsbana til Høgskulen, og ei gravrøys på Breivikneset på Rommetveit frå år 0 – 200. På Rommetveit vart også Statsbygg ved Ragnhild Lunde med i prosjektgruppa. Statsbygg eig området. Villvettene Friluftsbarnehage, Rommetveit skule og Nordbygdo ungdomsskule har også vore med.

Prosjektet arbeider no med Hystadmarka der det snart vil koma nye skilt. Her er Sævarhagen barnehage og Hystad skule med i prosjektet.

Våren 2017 tok 6- klassingane på Rommetveit skule utgangspunkt i nausttufta då dei hadde tema om vikingane i opplæringa. I samarbeid med Stord Sogelag, Rommetveit skule og Villvettene Friluftsbarnehage vart programmet som elevane laga sentralt i eit arrangement som ein del av Kystsogevekene hausten 2017.

Elevane på Rommetveit laga korte filmsnuttar av ulike sider ved livet i vikingtida. Desse filmane vert ein viktig del av programmet.