Stord sogelag

Meny

Fin tur med D/S STORD 1 (2017)

stord 1Frå «Stordnytt»

stord 1

Det store følgjet som blei med DS «Stord 1» på historisk tokt fredag, kunne ikkje hatt det betre.

Balustradedekket akter, oppe på dampskipet «Stord 1» er ein framifrå stad å vera ein vakker og varm seinsommardag i Sunnhordland. Det kunne dei rundt hundre som blei med på historisk reise fredag skriva under på.

Veteranskipet anno 1913 tok følgjet med seg frå Leirvik, gjennom Fjelbergsund, Ølen, Etne og til slutt i Skånevik. På alle stader helsa den gamle skuta med dampfløyta. Akkurat denne ruta var stoppestad for båtane i Sunnhordland Snøggrute. Iallfall fram til MS «Sunnhordland» avløyste ruta.

Dei reisande fekk fredag vera med på eit historisk tokt i regi av Stiftelsen D/S Stord, som eig og driv båten. Pensjonistar og medlemmer frå historielag i Nordhordland og Sunnhordland var på passasjerlista, i det som var eit nytt prøveprosjekt. Dagleg leiar Harald Kvinge hadde konklusjonen klar før skipet var returnert til Leirvik: Det blir nye turar!