Stord sogelag

Meny

Rusleturar/opne samlingar 2019

 

Kulturhistoriske rusleturar: 2019

 Vaffeldag i Omnshuset på Huglo med utstillinga «Vaffeljernets historie»

Huglo 24. mars: Til omnshuset på den internasjonale vaffeldagen. Kontaktperson var Jens Litlabø, medan Eline Bergaas Bruntveit var vert og omvisar. Huglo tok i mot oss med kraftige regnbyer, men heldigvis var det ein kort rusletur frå ferjekaia til inne-arrangementet. Ca 20 deltakarar.

———

Sagvåg–Litlabø 25. april: Frå Kiskaien til Gruvebyen.

Turleiar Asbjørn Aasheim. Det var fint vêr og ca. 30 deltakarar.


Nordbygdo 23. mai: Rusletur frå Samhald til Nordre Tveita,

Omvising i tunet der. Turleiar Jens Litlabø. Det var eit ufyseleg vêr, men 30 deltakarar.

Jens fortel

Vevstovo

 

I løo på Tveita Nordre

 

 

 

 

 


Ny rusletur i gamalt kulturlandskap

 Stord sogelag skipar til ny kulturhistorisk rusletur i Nordbygdo torsdag 23.mai. Me møter ved Samhald, og går den gamle gardsvegen frå Tyso og over Lundemannsverk, Lunde og til Nordre Tveita. Undervegs pratar me litt om busetnadsoga, gardsdeling, kulturminne og kulturlandskap. På Tveita vert det omvisning i tunet, og særleg Søra-tunet som også har vorte restaurert i seinare år.

Like etter siste istid, i eldre steinalder for om lag 10 000 år sidan, finn med dei første spora etter menneskeleg aktivitet på Stord. Utgravingane føre utbygginga av trekantsambandet, på 1990-talet, avdekka mange interessante funn med reiskapar og buplassar , og dei eldste er frå tidleg eldre steinalder. Her bør me særleg nemna Digernesområdet, Føyno og Nautøyo, der det vart gjort grundige arkeologiske undersøkjingar. Dei fleste områda er ikkje granska, men det er gjort ulike funn mange stader i kommunen, særleg i nærleiken av sjøen.

Frå yngre steinalder (4000 f.kr.) og utover i bronsealder og jernalder utvikla det seg meir fast busetnad og eit lagdelt samfunn med jordbruk. Storfolk og høvdingar vart då gjerne gravlagde i gravhaugar. Slike gravhaugar har me mange av, særleg langs sjøen og gjerne på utsiktspunkt. Etter kvart som folketalet auka og ættene vart store, vart det nok meir kamp om  ressursane, og frå tidleg jernalder (500 f.kr.) reknar ein med at grenser mellom dei eldste gardane vart sette. Då kunne ein med utgangspunkt i eit fast tun nytta jord, beite og skog, men ikkje minst jakt og fiskeressursane i gardsvaldet utan så mange konfliktar.

I Nordbygdo trur forskarane at delinga i gardsområde kan ha utgangspunkt i tre ressursområde og tidlege gardar, og då er gardane Hystad, Tyse (Prestegarden)  og Lunde nemnde. Når ein vurderer alder på gardar er namnet og namneforma eit viktig grunnlag, men også topografi, arkeologiske funn, skriftlege dokument og gardsgrenser. For det tidlege jordbruket, og særleg åkerbruket, var sjølvdrenert og god jord viktig, og på desse gardane er det ein del god fyllittjord som var god til åkerbruk og korndyrking, sjølv om ho ofte er grunnlendt. På vår vandring går me over garden Lundemannsverk som ligg på eit høgdedrag, og har ein god del sjølvdrenert åkerjord. Eg vil tru dette jordbruksområdet er like gamalt som Lunde, sjølv om om namnet tyder på at garden er utskilt frå Lunde. Dessutan er det på Lundemannsverk att ein stor gravhaug og restar etter fleire, der kanskje gullringen frå 300-talet e.kr. som vart funnen i ein åker på garden kjem frå.

 

Etter å ha sett litt på bruksdelinga på Lunde og Lundemannsverk, går me vidare til Nordre Tveita. Denne garden er  noko yngre og kan vera utskild frå Lunde eller Tyse. På Nordre Tveita har det sidan tidleg på 1600-talet vore to hovudbruk, og tuna ligg framleis tett og har eit klyngjetunpreg. Det er no same eigar av dei to tuna, som har over 20 hus, som i alder er frå 1500-talet til nyare tid. I utmarka ligg Grimsåsen, som fram til 1914 var husmannsplass under garden. I Sætramarka oppunder Steingilshedda hadde garden seter, likeeins som dei andre gardane me no har vandra over.

Både innmark og utmark har vore eit viktig ressursgrunnleg for gardar og busetnad også på Stord, og bruken av landskapet har gjennom mange generasjonar skapt det kulturlandskapet som er med og gjer Stord til den vakre staden som mange set pris på. Lat oss ta vare på dette særpreget, som heilt sikkert vert ein viktig framtidsverdi.

 

Av kjelder til denne artikkelen vil eg særskild nemna stoff frå «Stord frå steinalder til oljealder, band 1» av Bård Gram Økland.

 

Sjå lysing i «Sunnhordland» onsdag 22.05.19. Dei som ikkje har høve til å vera med frå Samhald kan møta i Tveitatunet.

————

Rusletur på Grov

5. august: Med Liv Ingrid Grov som turleiar. Fint vêr og 52 deltakarar.

——-

Valevåg- Øklandsheimen

5. september: Turleiar Bror Eivind Eriksen og Einar Økland. Fint vêr og ca. 30 deltakarar.

I utestova på Økland

Liv Marit og Einar Økland