Stord sogelag

Meny

Rusletur Tveita Søre 26.4.23

RUSLETUR  26. april 2023

Stord Sogelag opnar rusletursesongen  med  tur  på Tveita Søre, gnr 42 i Stord kommune. Fleire lokalkjende vil visa oss rundt i bygda  onsdag 26. april  frå kl 18.00

Utgangspunktet er det etterkvart velkjende Tveitakrysset.  Herfrå vil me bli vist rundt på  bnr. 4 av noverande eigar, Harald Landa. Han vil også visa oss  til bnr 3, Skolten. Det er ein av fleire lokale sommarbustader for kondisjonerte frå Sildabyen. Kanskje vitjar ein etterkomar derfrå oss, kondisjonert eller ikkje?

Så ruslar me opp i Tveitahaugen, også kalla Perahaugen. Der er 90 år gamle ruinar frå bustad og butikkdrift. Ruslarar med spiss nase vil kanskje kjenna sterkt tilårskomen  gjerlukt etter bakeridrifta bak murane. Fleire av omvisarane vil fortelja. Ein av dei, Kristen Benonisen, har skreve ein fyldig artikkel i Årsskrift 2022. Han vil utdjupa noko av det han der skreiv. 

Vidare ruslar me ned til «nyebutikken» og får meir av soga om landhandelen.  Så går turen til gnr 42/2,  i notid overtatt av Husum-familien.  Lagnaden om dette bruket vil Bjarte Husum med fleire berika oss med. Herfrå kjem spanande soger, herunder då ein viss vandrar på strekket Kårevik – Lundarstøl gjorde sine stopp.  

På veg til neste tun, gnr 42/1, vil me få beretningar om Tveitavatnet.  Her er sjeldsynte vekster og anna levandes. Kunnige Jan Rabben vil informera.  Soga om Kalvarompo er uviss.  Har nokon svar? 

Neste stopp vert ved hovudhuset på gnr 42/1.  Bjarte Husum vil ausa frå si omfangsrike kunnskapskjelde.  Her var det både husmannsplass, utløer og skogskjelde, i tillegg til gards- og skogsdrift frå tider langt attende. 

 I ein periode var det prestebustad på Tveita. Det skal vera høyrt atterljom frå prestestanden. Spiss øyrene! Vandringa rundar me av med ein tur innom Fagerhaug, gnr 42/6. I dag er bruket base for verksemd på høgaste nasjonale fagnivå. 

På nylaga hageflate i husveggen på 42/1 vert ruslinga avrunda med lett servering.  Og ikkje minst vert stunda krydra med rikeleg lokale soger, hendingar, opplevingar, namn, vegar, bilete og anna forvitneleg for dei frammøtte. 

Vel møtt !

Stord Sogelag v/ rusleleiar Odd Stuve Rommetveit