Bjørn Bjørlykke

Meny

Rusletur på Gullberg – Bjelland 2010

Ei omsyning på det gamle festningsanlegget 26.mai

Turen var eit samarbeid mellom Stord-Fitjar turlag og Stord sogelag. Frammøtet var ved Vabakkjen kl 18, og turen tok 2 ½ time. Det møtte fram om lag 40 som var med på turen. Turleiar var Hans Christian Junge frå Stord-Fitjar turlag. Som takk fekk han eitt års medlemsskap i Stord sogelag.
Turen gjekk frå Vabakkjen gjennom Gullskar inn i Gullberg og til toppen av Stora Gullberg, deretter tilbake og opp på toppen av Litla Gullberg, så ned til Urastando og Håklubben , Nedre Hageby, Bjelland, Høyland og tilbake til Vabakkjen.
Hovudtema for turen var spor etter aktiviteten under andre verdskrigen, utkikksposten på Gullberg og restar etter festninga på Bjelland.

 Hans Christian Junge fortel om Bjellandfortet

Hans Christian Junge fortel om Bjellandfortet

Ei kanonstilling

Ei kanonstilling

Fortet

Fortet

Utsikt

Utsikt