Bjørn Bjørlykke

Meny

Ei trist sak

ArkeologarLesarinnlegg i Sunnhordland 19.03.14

I Bladet Sunnhordland av 13. d.m.  kunne ein lesa at  Stord kommune ikkje hadde interesse av steinalderbustaden i Djupadalen. At kommunen ikkje kan ta vare på alt gamalt, er eg sjølvsagt einig i. Men denne  buplassen meiner eg var unik, og av stor kulturhistorisk verdi, langt utover Stord sine grenser. Jf. «Kommune- delplanen for kulturminne og kulturmiljø», vedteke av kommunestyret 26.11.09, og Detaljreguleringsplan – datert 24.11.11 for området.

ArkeologarArkeologar

Arkeologar

For meg var det spesielt å sjå det arkeologane kunne visa fram frå funna rundt steinen.

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

 

Men nye planer førte til store endringar. No er buplassen der nokre av dei fyrste Sunnhordlendingar reiste sine skinntelt,  knust og jamna med jorda. Steinen der dei for 9500 år sidan, satt å forma sine reiskap og våpen, er vekke for all framtid. Eg stiller meg spørsmålet, var dette naudsynt?

 

Oddbjørn Kvålsvold