Bjørn Bjørlykke

Meny

Føredrag på årsmøta

Gamle handelsstader 2011
Nils Georg Brekke fortalde om gamle handelsstader. Det var eit interessant kåseri med mange vakre lysbilete.

Tur til Island 2010
Jan Rabben fortalde frå ein tur til Island. Det vart eit interessant kåseri med mange vakre lysbilete.

Skottehandelen 2009
Mikal Heldal kåserte om skottehandelen frå Sunnhordland. Det var ei interessant utgreiing, der han m.a. viste til artikkelen til Andreas Næss i Sunnhordland årbok for 1919. Han nemnde også dei tre turane som Hordaland sogelag har hatt i vesterveg dei siste åra, til Shetland og Orknøyane (2006), Skottland og Hebridene (2007) og Isle of Man (2008). I 2009 var Normandie målet for turen.

Utvandringa frå Huglo til Amerika 2008
Arne Sortland fortalde om arbeidet med boka om utvandringa frå Huglo til Amerika: Det forlokkande landet. Det var ei svært interessant og gjevande utgreiing om arbeidet med å spora opp folk gjennom ulike kjelder, ikkje minst ved søk i databasar, mellom anna Ellis Island-databasen og www.Ansctry.com.

Digitale databasar 2007
Marianne Herfindal Johannessen gav oss ei flott innføring i bruk av digitale databasar knytt til Statsarkivet.

Biletføredrag om turen til Fitjarøyane 2006
Etter årsmøtet viste Svein Ove Eikenes bilete frå medlemsturen i Fitjarøyane. Einar Matre, skipper på Seladon, kommenterte bileta og fortalde om fyrvaktar Skarpnes og om Skarpnes-samlinga ved Stord folkebibliotek

Segnomspunne prestar 2005
Etter årsmøtet og matøkta kåserte Nils Tore Gram Økland og Bjørn Bjørlykke om segnomspunne prestar i Fonnaland med utgangspunt i segnsamlinga for dette området.

Resser sine etterkrigsrevyar på Stord 2004

Harald Kvarme kåserte med peronleg innsikt og humor om Resser sine etterkrigsrevyar på Stord. Tore Brandvik og Jacob Eldøy song revysongar med tonefølgje av Kjell Aasheim på trekkspel. Det vart også presentert små bitar av lydoppak frå revyar.

Utvandringa til Amerika frå Stord 2002
På årsmøtet 21. februar heldt Knut Rimbereid eit interessant og innhaldsrikt foredrag om utvandringa til Amerika frå Stord, med særleg vekt på Fitjar. I foredraget, som vart støtta av statistikk, kart og bilete, fekk me eit inntrykk av kva som fekk dei første utvandrarane til å reisa, kva livsvilkår som møtte dei på prærien, og korleis dei der etter kvart bygde opp nye samfunn.