Stord sogelag

Meny

Faste avisspalter 2019

«Sunnhordland»   27. desember  2019.  

Hushjelpene før i tida

Oddbjørn Kvålvold

Hushjelpa på Haugland i 1960

Hushjelp var eit arbeidsforhold som var vanlig i mange husstandar tidligare. Både på gardar og i mange større hushald vart det ofte tilsett ei ungjente. Men mange plassar vart dette eit arbeidsforhold som varte i mange år. I enkelte høve gjekk arbeidsforholdet over til å fungera som hushalderske. Søster til mi bestemor tok teneste på ein gard 18 år gamal. Etter nokre år døydde gOardkona berre 46 år gamal, og grandtante overtok ansvaret for fem små born og hushaldet på garden. Da enkemannen på garden døydde 17 år seinare, vart eldste sonen brukar, men grandtante heldt fram i arbeidsforholdet til ho vart pensjonist.

Statistikken fortel at i 1930 var det 120000 hushjelper i Norge, men berre 15000 i 1960. Kor mange det er i dag veit eg ikkje, men tekniske hjelpemiddel i hushaldet og likestillingskampen har nok ført til endå større nedgang for denne typen arbeidsplassar. Riktig nok ser det ut til at stadig fleire ynskjer hushjelpa attende i familien. Enten som reingjeringshjelp eller praktikant, eller begge deler.

Eg veit at bestemors søster hadde det godt som tenestejenta og hushalderske, men dette var slett ikkje slik i alle arbeidsforhold på denne tid. Mange historier er dokumentert om både fysisk og psykisk overgrep på ungjenter som var i arbeidsforhold. Når det gjaldt arbeidstid og fritid vart dette fyrst lovmessigt regulert i 1948, da den første Hushjelplova vart vedteke av Stortinget. Lova var privatrettsleg, slik at «den fornermete part» måtte fremma sit krav, men no fekk desse arbeidstakarane ein juridisk rett til regulert arbeidstid og fritid. Arbeidstilsynet gav rådgjevande hjelp til partane i tolkingsspørsmål.

I 1959 var ho som seinare vart kona mi på utkikk etter arbeid på Stord. Dette var ein periode det ikkje var så flust med arbeid for unge jenter her.  Men så oppdaga me at ein bonde på Haugland skulle ha «husmorvikar», med kunnskap om mjølking, gardsdrift og husstell. Det var Johannes Haugland som ville tilsettja hushjelp med erfaring frå gard og husmorskule, då kona Marta hadde termin ut på nyåret og venta 5. barnet. Ungjenta frå Hardanger søkte og fekk husposten på Haugland. På garden var det 4 mjølkekyr, sauer og ei grisepurke som skulle ha stell, i tillegg til hushaldet. Johannes dreiv lastebilkøyring og hadde dessutan faste brøyteoppdrag om vinteren. 

Dagen starta med å laga til frukost for dei tre ungane som skulle vera klar til skulebussen. Dei dagane Johannes måtte tidleg ut med lastebilen til transportoppdrag eller snøbrøyting, var det jobben til hushjelpa å stella i floren. Det var handmjølking på Haugland og ein heil jobb med fjøsstellet, før mjølkeholkane kunne transporterast opp til mjølkerampen.

Hushjelparbeidet på Haugland var variert med både ute- og innearbeid. Livsminna om laurdagane da ho fekk hjelp av småguten Arne med baksten er artige. Om våren skulle sauene klyppast og Johannes leigde inn Sara Tyse som medhjelpar. Aslaug hugsar at dei sat på bakken på papirsekker og nytta vanlege sauesakser. Under dette arbeidet sakna ho dei spesialkrakkane faren hadde laga til slikt arbeid heime i Hardanger. Når slåtten tok til, vart det arbeid ute med riva, hesjing og vending av høyet, som delvis vart tørka på bakkane. Eit tidsbilete kona har frå Haugland, var å sjå mannen til Sara, Elling, koma køyrande på «knallerten» opp bakkane. Desse mopedane (motor/pedalar) hadde så lita dragkraft at Elling måtte «spe på med fotpedalane», beina gjekk som trommestikker, fortel ho.

Om sommaren vart det planlagt dåpsfest på Haugland, den nyfødde Marit Johanne skulle døypast. Hushjelpa skulle ha ansvaret for festmiddagen og servering, og ho visste at ein av gjestene var husstellærar.  Ja, ho var rimeleg spent på førehand, men måltidet vart vellukka, så livsminna frå husposten på Haugland er gode.

Munnleg kjelde: Aslaug Kvålsvold

Digital kjelde: ub.uib.n

——

«Sunnhordland»    13. desember 2019. 

Som kokk på agentbåten til Wallendahl

Oddbjørn Kvålsvold

Forteljaren, Hermod Eide. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Hermod Eide var berre 17 år då han i 1958 fekk eit tilbod om å mønstra på agentbåten Wallendal II som mannskap med ansvar for matlaginga. Skipper og ansvarleg for båten var Kristian Flateraaker som budde i Holo på Leirvik. På Vikjo hadde båten fortøyningsplass  på utsida av «Ursjø» ved kaien til Sigvald Leirvik sitt kollager.  Hermod fortel at skipper Kristian Flatråker og han gjekk nordover Langenuen tidleg måndags morgon for å ta ombord den handelsreisande. Det var kaiane i Os eller Hjellestad som var fast henteplass, nett etter korleis reiseplanen var. Kontoret til Wallendahl hadde i god tid før sendt postkort til kundane om kva veka dei rekna med å vera i området.  Sesongen for agentbåtane var frå midten av august til jonsoktider. Då vart dei sett på slipp og fekk ettersyn av både båt og motorar.

 

Wallendahl II hadde eit oljefyrt sentralvarmeanlegg som gav god temperatur i alle opphaldsrom òg i dei kaldaste vintermånadene. Byssa var propanfyrt, og på akterdekket var montert ein stor isolert kasse der dei fekk påfylling av is når dei var oppom fiskemottak. Denne kassen var «kjøleskapet» til den unge kokken. Skipper Kristian Flateraaker var ein svært pertentleg båtførar og nærmast flaggskipper i Wallendal, og ein god læremeister for Hermod. Kvar gong båten kom til lands etter å ha fått sjøskvett på dekk, kobla skipperen til ferskvasslange og spylte båten, før han vaska over dekkshusa av teak med vaskefilla. Ja, sjølv eigne støvlar fekk godt vedlikehald og var ein sjøoffiser verdig.

Salsområdet for agenten var sør for Bergen, inn Hardangerfjorden, heile Sunnhordland, og heilt ned til Espevær og Utsira. Men grossistverksemda Wallendahl hadde på denne tid ein stor konkurrent i grossisten Berstad i Bergen. Desse hadde sine agentar som reiste i område med mykje godt det same vareutvalet. Hermod fortel om episodar inne i Hardangerfjorden, da skipper Flatråker «hoppa over» eit par kundestopp for å koma framfor konkurrenten i den vidare kundekontakten inn fjorden mot Odda. Sjølv om dette er livsminne frå vår nære fortid, var enno kommunikasjonen i slutten av 1950-åra ein heilt annan. Dei kunne ikkje fylgja båttrafikken og konkurrentane på PC-skjermen slik båtane kan i dag, mobil fantts ikkje og telefon var det berre dei få som hadde. Hermod Eide fortel at konkurrenten Berstad nytta båtar med namn som Malm, Stål og Jern i periodar, og Hansa bryggeri hadde Hansa II som agentbåt. Varehuset Sundt reiste rundt med Sporen, og agentbåten Firkløveren presenterte vareutvalet for Kløverhuset ute i distriktet.

Den unge kokken budde i ein lugar heilt framme i båten med nedgangsluka frå dekk, mens skipper og agent hadde felleslugar framføre styrehuset. Bak styrehuset var byssa med trappenedgang til messa for 5-6 personar og utstillingssalong. Agentbåten var innom mange små kaier der mindre skipsbyggeri var faste kundar på båtsaum og beslag. Ottesen Skipsbyggeri i Sagvåg var ein av dei større kundane. Her måtte dei rekna seg god tid, og agentbåten tok ofte landlege for natta. Fleire av dei involverte i drifta på vervet skulle tinga sine varer, og fekk servert kaffi og ein dram og to av Brandy Spesial- flaska til agenten. Ja, for kjøpsdram var vanleg å få, for dei som likte denne type varer. Hermod fortel at det var sedvane at agenten som vart henta på Os-landet måndags morgon, hadde med seg 3 flasker med edle dropar. Og det var Hermods ansvar som kokk, at det var reine drammeglas og nytrekt kaffi når kundar skulle presenterast varene. 

Munnleg kjelde: Hermod Eide- f 1941

—————–

«Sunnhordland»  25.november 2019. 

Oddbjørn Kvålsvold

Kva saga dei marmoren med? 

Sag nytta til oppkutting av marmorblokker. Foto: Norsk Bergverksmuseum

I ein av småartiklane som  Stord sogelag har publisert i lokalavisa «Sunnhordland, skreiv historikaren Egil Nysæter om eit marmorverk ved Frugarden på Stord og om marmorarbeidarane som utvandra frå kommunen. Som sogeinteressert på amatørstadiet har eg lenge forundra meg over korleis dei fekk skore til store  marmorheller på 1700-talet. Tradisjonen fortel om uttak av marmorblokker som vart frakta til sagplassar og tilverka på oppgangssager. Dei  vassdrevne oppgangssagene som kom til  Sunnhordland på 1500-talet er omtalt av And. Næss i årsskriftet til Sunnhordland Museum (SM)  i 1919. Her skildrar han sagplassane i regionen som  ei teknisk nyvinning. Sagrammer med opptil 5-6 sagblad av herda jern var revolusjonerande for trelastprodusjon.  Lokale kjelder fortel at slike rammesager vart nytta med sagblad av bly då ein tok til å produsera bordplater av marmorblokker. Men er dette ei «truverdig», teknisk forklaring på kva sagblad marmorverka nytta på 1700- talet? Bly er mjukt og vil bøya seg unna dei kreftene me her snakkar om.

På nettstader vert det fortalt om marmorverket  på Handeland gard i Kvinnherad. Eigaren Peder Montagne Lillienskjold fekk ved kongeleg resolusjon i 1704 einerett på uttak av marmor i Sunnhordland, og marmorblokkene kom for det meste frå Moster og Vikanes på Stord. Vidare vert det fortald at steinen vart skoren med ei kvass sandblanda vasstråle med sagblad av bly. 

I årsskriftet frå Sunnhordland Museum i 1947 skriv Halfdan Endresen om bergverksdrift. Han fortel om samarbeidet mellom lagmann Werner Hosevinkel Christie og sognepresten i Finnås, Peder Harboe Hertzberg i 1775. Sitat; «De oppførte en marmorsag i Åreiddalen ved prestegården og ved hjelp av en serdeles sindig mekanisme som Christie hadde konstruert, ble der saget 4 marmorplater i slengen og siden slipt med samme mekanisme».

Ei anna kjelde som nemner sagblad av bly er i eit lite skrift om «Marmordrifta på Moster» av Tor J. Birkeland. Skriftet gir oss fyldig innsikt i marmordrifta i Sunnhordland og fortel om eksport av marmorblokker til signalbygg og slott, men òg om marmorplater til bord, sarkofagar og utsmykking.  Han skriv at ein del av marmorprodukta vart nytta her i landet, men mesteparten frå Moster og andre stader i Sunnhordland vart sende til Danmark eller til andre europeiske land. Ja, noko av marmorprodukta vart eksporterte heilt til Italia og Caribian. Om sjølve sagteknikken fortel Tor J. Birkeland  at det vart nytta fleire sagblad av bly i ramme, vatn til kjøling og sand som slipemiddel. Han skriv at framdrifta var ein tomme (2,5 cm) for dagen. 

For å prøva å få tak i fakta om kva sagblad som vart nytta, har eg hatt kontakt med konservatoren ved Norsk Bergverksmuseum i Kongsberg. Han skriv, «det vanlige var stående eller liggende rammesager, gjerne drevet av vannkraft, og at det i tidligere tider ble benyttet kvartssand som skjæremiddel og vatn som kjøling. I nyere tid har sagbladene vært påsveiset lameller med diamanter». Han skriv vidare at det høyrest merkelig ut at sagblada som ein nytta i Sunnhordland, var av bly, og han støttar teorien min om at sagbladet var av jern/stål med blyinnlegg på egga for å «fange» opp sanden til slipemiddel. 

Skriftlege kjelder:  Halfdan Endresen, SM sitt tidskrift -1947

    Tor J. Birkeland, «Marmordrifta på Moster»

    «Bergverk i Norge» – 2016

    «Norsk Bergverksmuseum», v/ konservator P. Ø. Østensen

——-

«Sunnhordland» 11 november 2019. 

Dei vart jaga frå heimane på Bjelland

Oddbjørn Kvålsvold

Hans Kristian Junge f. 1938 Foto : Oddbjørn Kvålsvold

For fleire av dei som måtte evakuera frå området Bjelland fort i 1942, vart oppveksten omflakkande i krigsåra, med mange buplassar. Tyske offiserar banka på dørene og forlangte at dei måtte flytta frå heimane på kort varsel. Hans Kristian Junge er ein av desse og var 4  år då dramatikken starta for familien. Dette er det første livsminnet han har lagra frå tidlege barneår. To tyske offiserar, med høg huva, ridebukse og blanke støvlar stod plutseleg i døra. Hans Kristian sat i fanget til mora då inntrengarane kunngjorde at familien skulle tømma huset og flytta ut snarast mogleg. Han fortel om korleis hendinga denne tragiske dagen har festa seg i minnet. Innan dagen var omme hadde dei flytta ut av huset og etablert seg midlertidig i bedehuset på Bjelland. Tradisjonen fortel at faren var uroa for korleis det ville gå med det nylagde golvbelegget han hadde i stova deira, men Junge d.e. var ein handlingens mann, så om kvelden gjekk han attende til huset deira og berga belegget frå dei «tyske jarnhælane».

Etter at familien hadde budd i bedehuset i 2- 3 månader, vart det ny flytting. Denne gongen til Bartz- Johannessen sin eigendom Sæbø i Kårevik. Dette var ein stad med gode minne for Hans Kristian, der hadde dei både høns og gris og var sjølvforsynte både med grønsaker og poteter. Men sjølv om det var ein spanande plass for ein smågut, tærte det på mora sine nervar har han vorte fortald. Engelske fly hadde ei av sine innflygingsruter lågt over husa når dei skulle angripa fortet på Bjelland, båtar på Kjøtteinen eller Leirvik hamn. Mellom minna frå Sæbø hugsar han den dramatiske natta, 23. januar 1943, med lysglimt og smell. Då kom tre MTB’ arar inn i Digernessundet for å skjerma landgangen i Sagvåg, og intens skyting fylde frå festningane på Tittelsnes og Bjelland. Hans Kristian fortel at denne natta evakuering familien til Askild Horneland på Hornelands-garden. 

På grunn av at mora kjende seg meir og meir utrygg på Sæbø flytta dei på nytt, denne gongen til eit loftrom hjå Svein Kårevik litt lenger vekk frå sjøen. Men husværet var trongt, og etter ei tid fekk familien leiga eit nytt i Sævarhagen, og flytta for 4. gong på kort tid. Frå perioden familien Junge budde nord om bekken har Hans Kristian mange gode minne og nemner spesielt kameratskapet med Ole Mjøs og Alf Tyse. Han har òg klare barneminne frå då han var med Halvard Kloster til Kjøtteinen og henta sild med hest og kjerre. Det var spanande for ein smågut å koma attende til eit område han hadde minneglimt frå. Sjå vaktsoldatane med våpen kontrollera hovudporten, og få utlevert passersetel for så å køyra gjennom det forbodne området, eit område som Hans Kristian seinare fekk utforska som sin viktigaste leikearena.

Om det var ein gledens dag då familien Junge kunne flytta attende til heimen på Bjelland  fredsvåren 1945, var husværet i elendig forfatning. Huset deira  brukte tyskarane til kantine ved fortet, og det var både nedslite og vanstelt. Ikkje minst var det rotteinvasjon og skeive golv i huset, så det var mykje å ordna opp i for faren. Hans Kristian hugsar òg at rullen med golvbelegg som dei hadde vore attende og henta, vart lagd ut i stova etter kort tid.

Munnleg kjelde: Hans Kristian Junge f. 1938

—-

 

«Sunnhordland»  28 oktober 2019. 

Leirvik mek. verkstad

Oddbjørn Kvålsvold

Forteljaren Alf Hjelmen Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Grunnleggjaren av Leirvik mek. verkstad, Karl Gulliksen, kom til Leirvik og leigde seg husvære i 1894. Han kom
frå Stavanger, der far hans hadde urmakarforretning. Sjølv lærte han urmakarfaget av far sin i oppveksten.  Som nykonfirmert byrja han i maskinlære på Bryne og vart seinare sjømann i to år. Etter sjølivet arbeidde Karl Gulliksen ei tid ved Stavanger støyperi og dokk, men som 20 åring tok han vegen til Stord og byrja som urmakar på Leirvik.

I ein artikkel frå 1926 skriv Kristofer Sydnes, at unge Gulliksen ikkje trivst i urmakaryrket og ville i staden satsa på båtmotorar. Han etablerte ein liten verkstad nede ved sjøen og laga sjølv teikningar og modellar med tanke på motorproduksjon. I 1909 kjøpte Gulliksen strandlinje på skotabergsida. Her bygde han nytt fabrikkbygg og dreiv produksjonen av motorar. Arbeidsstokken som var tilsett ved Leirvik mek. verkstad dei første tiåra av 1900- talet varierte. Men den kom opp i 17 – 18 arbeidstakarar i periodar, og var såleis ei av dei største verksemdene på Leirvik.

Ein av informantane mine Alf Hjelmen, som byrja i arbeid hjå Gulliksen i 1942 fortel: «Det var vedlikehald av motorar og fiskeskøyter som var hovudaktiviteten i krigsåra, for støypegods til nye motorar var ikkje og oppdriva. Fiskarane måtte ha løyve av styresmaktene for å få utføra vedlikehald på båt og motor. Ekstra spennande var det dei gongene Gestapo var på husransaking. Eg visste om at Gulliksenbrørne var med i Heimefronten under leiing av Helgesen. Difor var vi alltid på vakt. Hugsar det var tillaga dobbelbotn nede i nokre dreiebenker, der det vart lagra revolverar. I eit innskuddgolv var det gøymt 4 Krag- Jørgen gjever. Radioen som dei lytta på London med, og ein eldre delradio, vart lagra på eit loftrom Etter krigen starta produksjon av nye motorar opp litt etter kvart. Etter krigen vart 3 Hk spesiell populær i Nord Norge, den eine serien på 10 stk. etter den andre vart sett i produksjon»

I 1950 åra var det fire av sønene til Karl Gulliksen som dreiv verkstaden, Rolf, Otto, Finn og Håkon. Rolf var kontormannen med ansvar for den daglige drift og teikningar, Otto var rekneskapsmannen, Finn hadde verkstaden og Håkon hadde ansvar for smia, galvaniseringa og slippane. Arbeidsstokken i denne tidsbolken var Alf Hjelmen som hadde hovudansvaret for maskinmonteringa, Hans Hauan var spesialisten på monteringa av 3 hk., Vidar Djuve for brennstoffpumpene, Einar Huseth og Alf Koppang nytta dei større dreiebenkene. Peder Vågen var spesialisten på dreiing av små delar, som nipplar og muttrar. Vågen nytta ein amerikansk revolverdreiebenk som kom frå overskotslager og var nok ein del av Marshallhjelpa etter siste verdskrig. Gjert Spissøy var skipstømrar og fekk oppdraga med skifting av skipsplankar og trearbeid, men han utførte og mykje av arbeidet i smia, for å nemna nokre. Leirvik mek. verkstad hadde to slippar og den største kunne ta på land stålbåtar opp til ca.100 fot. Forsvaret var fast kunde hjå Gulliksen og mange minesveiparar fekk akslingstrekk eller vart klassa på slippen deira. Vedlikehaldsarbeidet på slippane, av tre eller stålbåtar, var ein viktig del av drifta. Men maskinparken vart etter kvart gamal og kvalitetskrava vart vanskelege å oppfylla. Det var og mange av dei beste fagfolka som fekk seg nytt arbeid, der timeløna var monaleg høgare. Siste motoren vart levert i 1964 og i 1980 slutta verksemda av. Ein viktig epoke av industrihistoria i Leirvik var slutt. 

Skriftleg kjelde: Kristoffer Sydnes, « Tiltak og Arbeidsliv» – 1926

Munnleg kjelde, m.a.: Alf Hjelmen f. 1923

 

—-

«Sunnhordland»  11. oktober 2019

Oppvekstminne frå eit småbruk

Oddbjørn Kvålvold

Kristbjørg fortel om då dei rodde framom Eldøyane på veg til Kårevik pensjonat med hanekyllingar. Foto: privat

Mange av dei som har delt livsminne med meg, hugsar barneåra der leik og arbeid gjekk hand i hand, ei tid då mange heilt frå tidlege barneår var med og lærte gagns arbeid av foreldre og andre vaksenpersonar. Dei fekk røynsle om at ikkje alt kunne skaffast ved å «dra kortet» i butikkane. Me som vaks opp i etterkrigstida, var sparde for alle desse elektroniske skjermane som har vorte ein stor tidstjuv i ei tid då ungar skal utvikla seg til gagns menneske. Foreldra til Kristbjørg Taraldsøy,  Kari og Håkon Madsen, hadde eit lite småbruk på 10 mål, eit område som no vert kalla Nedre-Hagebyen. Her var det småskog og utmark, som faren dyrka opp med spett, hakka og stubbrytar. Og utmark vart til åkrar og eng. Om dagen arbeidde Håkon som arbeidsleiar på mjøllagret på sildoljefabrikken, medan kveldar og fritid vart nytta på småbruket.

Mellom dei gode minna Kristbjørg fortel, er korleis heile familien var med og hjelpte til i kvardagen. Om sumaren slo faren bakkane med ljå, og mora og dei andre som var heime, hesja og snudde på turrhøy. Ja, i minnet hennar var mest alltid «himmelen blå», og arbeid og leik gjekk hand i hand. Delar av huset vart i skuleferiane leigt ut til ein familie frå Haugesund. Då flytta Kristbjørg og foreldra ned i kjellarstova og nytta vaskekjellaren som kjøkken. Dette var ei utleigeform som mange huseigarar på Stord praktiserte både før og etter siste verdskrigen, ei ordning som skapte ekstrainntekt og gode relasjonar mellom by og land. 

I delar av driftsbygninga hadde faren innreia rom med plass til 200 hønser, og i sokkeletasjen på uthuset vart ein del nytta til klekking av kyllingar. I rugekassane var det varme og skuffer som egga låg på. Egga vart merka med X på eine sida og O på den andre. Kristbjørg hadde ansvar for å snu egga kvar dag og venta spent på at den først kyllingen skulle pikka hol på skalet. Til mat fekk dei etter kvart hardkokte, småhakka egg. Etter nokre veker vart hanekyllingane sortert frå og klar for sal. Desse vart slakta og leverte mellom andre til frk. Øvreeide ved Kårevik pensjonat. Forteljaren min hugsar godt roturane frå sjøhuset i Naustvågen til Kårevikstrando med sekker full av slakta hanekyllingar. På småbruket hadde dei ku slik at dei var sjølvhjelpne med mjølk, og mora kinna både smør og sette rømmekolla. Ein av kalvane som dei avla opp, vart seld til Bjelland som kviga. At Tørris-Otten oppnådde medalje på eit fesjå med «kossekalven» hennar, er eit stolt minne frå barneåra. 

I ein periode dreiv faren og kjøpte grisungar og ala opp. På det meste hadde dei 12 store griser, så på slaktedagane vart det mykje leven og aktivitet. Skåldevatn vart kokt opp i kjellaren og var klart då den profesjonelle slaktaren kom. Og frå løa høyrdest griseskrik og skot. Kristbjørg minnest at mora og den eldre søstera, Aslaug, sat i løa og rørte i blod som var samla i «panner og kar». Mora og fru Vedøy laga sylteflesk av grisehovuda som dei leverte slaktar Grov for sal. Som ein del av kjøttproduksjonen hadde dei kaninar, kalkunar og gjæser. Faren var ein aktiv småbrukar som var leiar i Stord Bonde- og småbrukarlag i mange år. Familien dyrka både poteter, gulrøter, kål, rødbeter og fleire sortar hagebær vart hausta. Kristbjørg fortel at nypene dei henta inn, vart trædde på ein tråd og hengde opp til tørk. Desse vart brukte til supper om vinteren og er ei rik c-vitamin kjelde.

Munnleg kjelde: Kristbjørg Madsen Taraldsøy  f. 1935

—————-

 

«Sunnhordland»  30. september 2019

Det var kjekt å tena eigne lommepengar

Oddbjørn Kvålsvold

Forteljar: Jon Kyvik. Foto:Oddbjørn Kvålsvold

 

Me som no er mellom dei eldre årsklassar, har minne om kor kjekt det var å tena eigne lommepengar, pengar som me sjølve kunne spara opp, eller nytta til små innkjøp etter eige ynskje. Mange av informantane mine har fortalt om småjobbane som gav nokre klingane mynt i lomma.

Jon Kyvik som voks opp på Rommetveit, er ein av dei som ofte fekk tena seg nokre kroner hjå bøndene i nærområdet. Førespurnad om å vera med å planta hovudkål eller tynna gulrøter og rotkål, var årviss aktivitet. Luking av ugras i grønsakåkrane var kjedeleg, men gav inntekter i barneåra. Opptak av kålrabi viste meir att, med store haugar ute på åkrane. Men ein måtte vera varsam når rot skulle fjelgast og lauv kuttast vekk. Dei nytta ljåblad som kniv, der handgrepet var sikra med sekkestrie. Etter kvart som ungutane fekk opparbeidd røynsle, hogg dei vekk både makkangrep og lauv med stødige kutt. Vidare fortel Jon at han og Trond Hystad, hadde mange oppdrag i lag på Rommetveitgarden. Årvisst var det  trong for å spa vekk tistel som vaks opp i kulturbeita. Om haustane var det sedvane med potetferie frå skulen, og mange born var med på potetopptakinga rundt om på gardane. Alle som har barneminne frå innhausting av poteter, hugsar kor vond ryggen kunne verta dei første dagane. Men etter kvart vart dei urøynte musklane meir samarbeidsvillige.

Jon Kyvik fortel om nokre faste jobbar han hadde ved lærarskulen. Skulen hadde mange omnar og var storforbrukarar av ved. Paktaren Trygve Rommetveit køyrde veden på plass, og kappa den opp i høveleg lengde. Skulen hadde vedskut med fleire  bingar, som kvar haust skulle fyllast opp. Bingane hadde ei luke nede der elevane på internatet og andre på skulen henta brenne. Jon hadde jobben med å fylla opp bingane, før elevane flytta inn på internatet og skulen tok til om hausten. Dette var akkord fortel Jon, som fekk 25 øre pr. oppfylt vedbinge på ca. 2 ½ m3.

For mange var arbeid ved hermetikkfabrikkane på Leirvik ei fast inntektskjelde i tenåra. Eg vil difor ta med litt av det Johannes Matre fortalde meg i eit intervju. (Jf. artikkelen: «Hermetikkindustrien på Leirvik»  i sogelaget sitt årsskrift for 2013)

«Eg fekk jobb med å træ brisling på teiner (strenger) tidleg i min barndom. Me stod og la brislingen ned i former ved eit bord og tredde ei teina gjennom auga når alle rom var fulle. Teinene med brisling vart så plasserte i rammer. Dette var akkordarbeid, og når ramma var fulle ropte vi, «full ramme».  Da kom «kontrolldama» og godkjente arbeidet og gav oss eit «klypp» på arbeidskortet. Rammene med ferdigtrædd brisling vart så sett inn i ei vogn i fleire «etasjar» og transportert til røykeriet. Dei minste av oss borna var så små at dei stod på ein skjeppekasse for å nå opp på bordet. Då eg var 12 år, fekk eg prøva meg i klippemaskina, ei maskin som born ikkje hadde lov å bruka. Men eg tykte det var svært, for betalinga var 10- 15 øre meir for timen. Hit kom rammene med den ferdigrøykte brislingen for hovudkapping. Rammene vart førde over ein kniv og teinene vart etterpå reinska og reingjort i vasketrommelen». Johannes fortel at når Arbeidstilsynet var ventande, fekk dei ordre om å «stikka seg vekk på loftet», da enkelte av maskinene hadde 18 års grense for brukarane.

Munnlege kjelder: Jon Kyvik f. 1939

Johannes Matre -1927 – 2017

——————-

«Sunnhordland»  16. september 2019

Barnerike familiar og små husvære

Oddbjørn Kvålsvold

Johannes J. Matre – 1927- 2017

Mange eldre fortel om ei tid då mange familiar var barnerike og bustadhusa små, ei tid då nygifte flytta inn hjå slekt og vener, og etablerte seg på få kvadratmeter for å få bu under same tak. Ein av dei mange kjende, som hadde glimt i augo og gode forteljarevner, har delt livsminna sine med meg. Frå eit digitalt opptak på over tre timar med Johannes Matre vil eg denne gongen fortelja frå hans første barneår på Vikjo.

Matre budde dei første leveåra i lia  nedføre Smio, i eit hus som no er rive.  I førsteetasjen var det ei stova på 9-10 m2 som Johannes sin familie på sju disponerte, eit smalt felleskjøkken og eit lite kammers. Oppe budde bestemora, Jensine  Matre (1855- 1941) og tanta Inga. Langs veggene i stova var det plassert senger der to og to ungar låg andføttes. Johannes fortel at bestemora leigde ut kammerset til ei «legdekona» for å spe på økonomien. Aksdals – Marta som ho vart kalla, var gamal og skrøpeleg, men fekk godt stell av bestemor hans. I ein times tid midt på dagen vart dei mest aktive i barneflokken skyssa på dør, – for den losjerande Marta skulle kvila middag. På den tid familien til Johannes budde der, dreiv bestemora òg eit lite mjølkeutsal. Jensine kjøpte inn mjølk i «stort» frå bønder og porsjonerte dette til kundar i nærområdet. Ikkje dei store mengdene og inntekter kanskje, men dette var blant dei første «mjølkeutsala» på Vikjo, hevder Johannes. Bestemorhuset var hjarta av Vikjo meiner informanten min, som hadde sitt revir /leikeområde  i stranda, bankhagen og ved Smio. Området rundt Smio  var eit spanande oppvekstområde i byrjinga av 1930-åra. Her var det taktfaste hammarslag frå smeden Åsen, nokre brølande bilmotorar og hestevrinsk når Borggato vakna til liv om morgonen. 

I 1935 vart det store omskiplingar for familien til Johannes Matre. Faren hadde kjøpt hustuft i skogkanten øverst i Holo. Sjølv om ikkje heile huset vart klart til bruk då dei flytta inn, var det flust med tumleplass til foreldra og ungeflokken. I krigsåra budde òg folk som måtte evakuera frå festningsområdet på Bjelland hjå dei. Huset vart finansiert med eit lån i Bustadbanken på 1500 kroner. I fylgje Johannes vart lånet nedbetalt med 35 kroner kvart halvår. Som mange andre familiar på denne tid hadde foreldra hans to «villagriser». Dei vart slakta til jul og om sumaren.  Slaktaren kjøpte halve grise-skrotten og for denne fekk familien 35 kroner som dei finansierte lånet med, humrar Johannes. Vidare hadde huslyden i Holo både frittgåande høns og geit med kje som matauk. Ja, hønene var utgått på dato hevda tidlegare eigar Landa, men mora klarte med godt stell og omsut å lokka fram verpeevne på nytt. 

Johannes fortel om då faren kjøpte deira første elektriske komfyr, ein Elektra i 1937. Dette var noko nytt og moderne, som få kjøkken på Stord hadde installert. Komfyren med to kokeplater og steikeomn var kjøpt på «Industriutstillinga for Sunnhordland», som vart arrangert på Stord dette året. Omnen hadde vore demonstrasjonskomfyr på messa og faren hadde fått den svært billeg.

Til slutt vil eg sitera eit herme Johannes fortalde etter mora. Ja, han seier sjølv at hadde dagens psykologar fått tak i han i barneåra, ville dei raskt forfekta at han var sterkt prega av ADHD –symptomer. I vaksen alder sa mora til han: « At du Johannes overlevde dei første 10 barneåra på Vikjo, er eit større under en jomfrufødselen …» 

Munnleg kjelde: Johannes J. Matre – 1927- 2017

————

 

«Sunnhordland»  2. september 2019

Minneglytt frå hermetikkindustrien på Leirvik

Oddbjørn Kvålsvold

Edit Hilldal f. 1934. Foto: Oddbjørn Kvålvold

Hermetikkindustrien var den viktigaste kvinnearbeidsplassen på Leirvik i mange tiår. Heilt frå den første fabrikken vart sett i gang i 1907, var dette ei inntektskjelde både for den eldre kvinnelege arbeidskrafta og for mange ungjenter frå Stord og bygdene rundt.

No har maskinene stilna, og det minkar på dei som har opplevd kvardagen i hermetikkindustrien.. Som ein del av prosjektet mitt, har eg difor hatt samtaler med nokre av dei. Eg vil i det fyljande, skildra litt frå kvardagen på denne type arbeidsplassar, slik Edit Hildal hugsar det.

«Det var besteforeldra mine på morsida som var med å starta Thiise- fabrikken, Blomfamilien. Eg hugsar at det var ein del faste damer som var tilsett, men og mange ungjenter frå distriktet kom som sesonghjelp. Det vart og innhenta arbeidshjelp frå nærområdet. Ein liten lastebil med karmar og presenning over, køyrde innsamlingsrunde etter arbeidskraft. Først om Stuva til Gruvo, så vidare om Sagvåg og Valvatna attende til Vikjo. Eg budde heima på Litlabø og reiste kvar dag med lastebilen til arbeidet på fabrikken. Eg hugsar at i Snikkarsvingen sto det folk frå Dybvik som hadde sykla heimantil og som sette sykkelen frå seg for å fylja lastebilen til fabrikken. På Tveita var det ny stans, her sto folk som hadde sykla frå Tømmervik og Kårevikområdet.

Når vårsilda vart fanga kom båtane inn til fabrikken med fangsten og da vart det flust med arbeid. Sild vart salta, flekt og røykt. Etter dette vart den lagt i boksar og pålagt lok og falsa før stiming. Seinare vart det klistra merkelappar på boksane. Produktet vart kalla «Kippers» og var svert populært under krigen.

Brislingsesongen var og ei hektisk tid. Fraktebåtane med brisling la til ved sjøhuset der leveransen vart salta og tredde på rammer for røyking. Etter dette vart brislingen hovudkappa og sendt til leggesalen. På leggesalen var det akkordarbeid og stort tempo og hjelpegutane som hadde ansvar for brettleveringa, måtte fylja med skulle dei unngå kjefting.

Om haustane var det krabbesesong, med koking av krabbe og banking av klør. På leggesalen vart krabben reinska, både stø og klør måtte bearbeidast med omtanke, skulle ein unngå skal i produkta. Den spesiallaga pritler (renskeredskap) var flittig i bruk, da ein enno ikkje nytta pressluft til renskearbeidet. Dei tillaga krabbeskala, med krabbestuing, reinska klør og rogn på toppen vart sendt som ferskvare til Stavanger. Naturell krabbe og krabbestuing var andre produkt som vart produsert.

Mor mi var bestyrerinna, arbeidsleiar på fabrikken fram til 1961, og det var ein travel jobb. Ho hadde ansvar for å skaffa nok arbeidskraft og tilkalla folk etter som det var bruk for. Ho var ei av dei som hadde tilsyn med leggesalen. I dei mest hektiske periodane vart det mykje overtid, ikkje uvanleg at vi jobba til 2000 – 2100 om kvelden, med full fart neste morgon.

På leggesalen var det radio med høgtalar. Kvar gong når det var fin dansemusikk, var det ei av leggaranne som laga litt show for oss. Ho spratt fram på golvet og tok nokre flotte dansetrinn og vi fekk oss ein god latter». 

Hermetikkfabrikkane var ein typisk kvinnearbeidsplass, men næringa gav og god inntekt for dei som leverte råstoff. Både makrell, sild og krabbefangst gav monaleg aktivitet for fiskebåtane i området. Vidare var det båtar som hadde ansvar for råstofføringa. På Leirvik var hermetikkfabrikkane viktige arbeidsplassar i nærmare 60 år. Når maskinene på Tisen stilna i 1964, var det slutten på eit industrieventyr som hadde vore ei sikker inntektskjelde for mange familiar.

Munnleg kjelde:  Edit Hildal – f.1934

———–

«Sunnhordland»  21. august 2019

Kvinnene som braut ein barriere

Oddbjørn Kvålsvold

Kåre Midtun. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Det er no 53 år sidan dei fyrste kvinnene braut ein barriere og viste at dei kunne hevda seg på ein mannsdominert arena. Til då hadde verkstadshallane på Stord Verft vore mannfolka sin domene. Men arbeidsstokken kjente til, at verftet hadde skrikande trong for fleire tilsette. Difor såg me med reell forventning, på at leiinga ville tilby opplæring til ei ny gruppe lokal arbeidskraft. 

Det nye Vaksenopplæringssenteret vart teke i bruk hausten 1966, og det var her dei første fem kvinnene tok til på eit åtte vekers sveisekurs. Etter kurset vart alle fem tilsette ved verftet, og tok til i produksjonen før jul same året. I plateverkstad III, vart det tilrettelagt personalrom for kvinnelege arbeidstakarar og på sveiseplanet fekk dei sin arbeidsplass. I 1966 var sveiseyrke for kvinner, eit heilt nytt arbeidsområde og «upløygd mark». Stord Verft satsa difor på ein arbeidskraftreserve som  stort sett var uprøvd, i ein periode då det var stor mangel på fagarbeidarar i verkstadindustrien. At leiinga tenkte nytt og ville utnytta reservearbeidskrafta frå nærmiljøet vart difor godt motteke blant folket på «golvet».

I en samtale med Kåre Midtun, fortel han om det første kurset der jenter deltok. Kåre var da instruktør på Kjøtteinen i lag med Øyvind Aas og Karl Nysæter. Sjølv om fagplanen til sveisekurset hadde litt teori og yrkeslæra, var det den praktiske tilnærminga som det var lagt mest vekt på. Kåre hugsar at det var to timar per dag som vart nytta til teoretisk opplæring i materialkunnskap, teiknelesing osv.., og denne delen var det Aas og Nysæter som tok seg av. For Kåre Midtun og dei andre instruktørane,  var det litt spesielt å starta opp eit grunnleggjande sveisekurs, der mest halvparten av elevane var kvinner. Kåre fortel at dei fem jentene klarte seg fint på kurset. Desse fem pionerane, hevda seg kvalitetsmessigt like godt som mange av dei mannelege elevane. Etter kurskompendiet skulle elevane læra å bruka vanleg skjære- og brenneutstyr, samt fugebrennar. Dette utstyret var nok litt «skummelt» til og byrja med, men jentene takla og dette tilfredsstillande, seier sveiseinstruktøren frå 1966 kullet. 

Kvinnene som tok til som sveisarar på Stord i 1966 var; Kjellaug Olsen, Ragnhild Grastveit, Bjørg Herstad, Svanhild Nilsen og Bjørg Torbergsen. Fire av desse pionerane var husmødrer med yrkeserfaring frå før, men som ønska ein ny yrkeskarriere. Kjellaug Olsen som tidlegare har arbeid i butikk, fortel i Systemposten, at ho ikkje har vorte meir trøtt av sveisearbeidet, enn ho var då ho «flaug rundt i forretninga» heile dagen. Men enkelt er det ikkje, å få til ein jamn og fin sveis utan feil. Rutinane og rytmen må innarbeidast og med trening skal det gå bra, seier ho til Systempostens representant. Ragnhild Grastveit kjem  frå husmoryrket, og vil prøva seg i sveisefaget for ho tykkjer at lønstilbodet var bra. Med meir øving reknar ho med at dei skal klara kvalitetskrava og gjera nytte for seg, i det utradisjonelle yrke for kvinner. Den yngste av dei er den 20 år gamal Bjørg Torbergsen. Ho hadde tidlegare hatt huspost, men ville ta til i eit yrke som var betre betalt. 

Etter tre år i produksjonen skreiv to av dei første kvinnelege sveisarane, Kjellaug Olsen og Ragnhild Grastveit seg inn i Norgeshistoria. Dei hadde gjort karriere på ein mannsdominert arena og teke Veritassertifikat, klasse 1. Men yrkeskarrieren til Ragnhild Grastveit og Kjellaug Olsen sluttar ikkje her. Tre år seinare, fekk dei begge utdelt fagbrev som sveisarar på ei tilstelling på Velferdshuset til Stord Verft.  

Skriftelege kjelder: Eldre årgangar av «Systemposten»

Munnleg kjelde: Kåre Midtun – f. 1931

Oddbjørn Kvålsvold

 

——-

«Sunnhordland»  5. august 2019

Stord godtemplarungdomslag avløyste Losje Kvernbit

Oddbjørn Kvålsvold

Harald Lindeflaten. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

 

På møta i losjane gjekk alt etter faste ritualar og dei forskjellige seremoniar skal fyljast, fortalde Harald Lindeflaten meg i 2012. Som 14 åring vart han medlem i vaksen losjen Kvernbit. Dei var då 30 – 40 aktive medlemmar og hadde møte i Fredheim annakvar onsdag. Harald Lindeflaten var Øvste Templar i Kvernbit i slutten av 1940 åra. Han såg trongen for og aktivisera fleire unge i fråhaldsarbeidet og innsåg at Kvernbit med sine mange ritual og grader, ikkje hadde nok gjennomslagskraft hjå ungdomen. 

I oktober 1950 kom det representantar frå Godtemplarlaget i Odda og var med på stiftelsemøte på Stord, der Lindeflaten vart valt til leiar. Men Lindeflaten ynskte avløysing på første ordinære årsmøte og Johann Belsvik vart valt som leiar. Han hadde vore i lag med Harald Lindeflaten i Kværnbit og delte hans syn på trongen til skiping av eit ungdomslag tufta på fråhaldssaka. Godtemplarungdomslaget vart etter kort tid ein populær møteplass for ungdom, og medlemstalet steig til 125 medlemer etter få år. Det vert opplyst at medlemsmøta i Ungdomshallen samla gjennomsnittleg 50 – 60 medlemer. Informantane fortel om svært vellukka foreldrefestar, med god oppslutning og mange rosande ord frå foreldra. Laget danna revygruppe og innøvde underhaldningsprogram som dei reiste rundt i nabokommunane med. Dei var såleis på Sunde, i Etne og Fitjar og oppfordra ungdomane på staden til og starta NGU lag. Godtemplarungdomslaget fekk god innpass på gymnaset i denne perioden og mange skuleelevar gjekk aktivt inn i laget. NGU på Stord hadde stor suksess med arrangementa sine, som vart halde i Ungdomshallen. Informantane fortel om god kontakt med andre ungdomslag tilknytt NGU. Det vart arrangert turar til Odda og Sauda. NGU laget på Stord, var og vertskap for krinsmøte med stor deltaking frå laga rundt Bergen. 

Når laget skulle reisa på krins- og landsmøte, var det Sverre Litlabø som oftast ordna med transport. Ein av informantane fortel om ein minnerik tur til samlinga i Molde i 1955. Sverre Litlabø sin lastebil vart tilrigga med benker på lasteplanet og presenning til vern mot vind og regn. Men presenningen var ikkje heilt tett, så nokre av ungdomane satt med paraply over seg bak på lasteplanet. Eit spesielt uhell med lastebilen på veg nordover vert hugsa av fleire. På ein av ferjeoverfartane rauk viftereima tvers av. Men Sverre fekk ei nylonstrømpe av ei av jentene. Denne vart strekt opp som kilereim og knytt forsvarleg. I fylje informantane virka naudløysinga og lastebilen kom til nærmaste verkstad og ny kilereim vart montert. Når revygruppa skulle reisa rundt i Sunnhordlandsbygdene vart det òg nytta skøyte til transporten. Turar til lagsvener i Odda, gjekk med skøyte til Fjæra og så med «snutebuss» over Vintertun. Ungdomslagsarbeidet hadde ei blomstringstid på Stord i 1950 -60 åra. Både Venstre, Høgre, Arbeiderpartiet og Kommunistpartiet hadde aktive ungdomsrørsler i desse åra. 

Munnlege kjelder:

  • Harald Lindeflaten
  • Reidun Horne Pedersen 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

«Sunnhordland»  22. juli 2019

Kyvik Sveiseskule på Stord

Oddbjørn Kvålsvold

Forteljar: Ingar Ersland. Foto: Oddbjørn Kvålvold

På Stord vart det i byrjinga av 1950 åra, starta opp ei verksemd som var til stor hjelp for mange skipsbyggeri og mekaniske verkstader i Sunnhordland og vidare med. Dette var i ei tid da mange treskipsbyggeri og små vervaplassar innsåg at botnen held på å gå ut av markedet deira. Omlegginga frå tre til stålskipsbygging kravde ny kunnskap, og arbeidsstokken måtte tileigna seg grunnleggjande kunnskap om stål. Skjerebrenning, lysbogesveising og forming av spant og hudplater krov nye yrkesgrupper. Sveiseskulen til Magnus Kyvik i Se, var med å gav teoretisk og praktisk opplæring til dei nye yrkesgruppene i mange år.

Magnus Kyvik (1919-1969) arbeide som sveisar og arbeidsleiar, ved AS Stord på Kjøtteinen, men i 1954 bygde han bustadhus og sveiseskule i Se på Leirvik. Huset vart planlagt med verkstadrom i underetasjen, bolig og matsal for kursdeltakarar i førsteetasjen, og med hyblar for elevane på loftrommet. Verksemda som Magnus Kyvik starta opp, var eit kurstilbod som samtida hadde stor trong for, og tilbodet samla elevar frå heile Vestlandet. Men ikkje minst Stord Verft, ekspanderte fort i denne perioden og kjøpte kurspakkar regelmessigt hjå sveiseskulen. Da Kyvik starta opp fyrste sveisekurset i Se, var ein av forteljarane mine Ingar Ersland, elev ved kurset. Ersland arbeide ved Stord Verft, og saman med Eugen Brask og 6 andre, gjennomførte han eit «teoretisk og praktisk dagkurs i gass og elektrisk bogesveising» , som det står i kursbeviset skulen nytta på denne tid. Ingar satsa etter opplæringa på sveisefaget og tok sitt første Veritas-sertifikat i «vertikal og horisontal sveising» i mai året etter. Det var her læregutar og hjelpearbeidarar frå Kjøtteinen, fekk grunnopplæring i sveising og brenning, fram til verftet starta eiga opplæringsavdeling i 1958.

Våren 1963 skriv bladet Sunnhordland fyljande om kursaktiviteten: «Kyvik Sveiseskule på Stord har atter utvida med nye byggesteg, og denne gongen til ein kostnad på nær ein halv million kroner. Det er skapt nye lokalar for opplæring i sveising, og her er det montert eit autogenanlegg som skal vere eit av dei beste i landet. Vidare har karosseriavdelingi fått nye og større rom som vil verta tekne i bruk frå hausten av».

Ein annan av forteljerane mine, Tor Tønnesen frå Karmøy, var ein av dei som kom til Stord for å gå på sveisekurs i 1961. Ei avisannonse, fortalde at skulen gav grunnleggjande opplæring i autogen og elektrisk sveising, og dette hadde Åkrabuen lyst å læra. Tønnesen fortel at han hadde medelevar frå Måløy i nord til Åkrehamn i sør, men han hugsar og elevar frå Austlandet. Etter to månader på sveisekurs, vart han elev på det eittårige karosserikurset hjå Kyvik. Skulen hadde eit undervisningsrom i lokala i Se som vart nytta til yrketslære, men den andre toretiske undervisninga gjekk føre seg på Leirvik folkeskule, og var ein del av Lærlingskulen i Stord. Tor Tønnesen budde i lag med tilreisande kursdeltakarar på internatet til skulen. Her fekk dei kjøpa middag og heimebakt brød kvar dag. Internatet ved sveiseskulen hadde sju tomannsrom og  det var Rakel Kyvik og Julie Tofte som hadde ansvar for matlaginga. 

Etter kvart som fylkeskommunane tilrettelagde skuleklassar i plate- og sveis, minka elevgrunnlaget og trongen for Kyvik Sveiseskule. Kurstilbode i plate og sveis vart avvikla i siste halvdel av 1960 åra, mens skuleklassane i karosserifaget held fram til Stord Yrkesskule tok over i 1977.  

Munnelege kjelder: Ingar Ersland f. 1933 

Tor Tønnessen f. 1944 

Skriftlege kjelder: Bladet « Sunnhordland»

Oddbjørn Kvålsvold


 

«Sunnhordland»  10. juli 2019

Glytt frå okkupasjonskvardagen for stordabuen

Oddbjørn Kvålsvold

Anstein Lohndal. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Mange har ført i pennen historier om kor isolert Stord vart etter okkupasjonen i 1940. Eit øysamfunn uten vegsamband var avhengig av at varer skulle koma sjøvegen. Då sjøtransporten stoppa opp den første tida etter invasjonen, vart kjøpmennene snart tome for varer. Ja, det skorta snart på daglegvarer, kraftfôr, kol og koks, bensin og olja fortel samtidskjelder. Men ei aktiv kommuneleiing og ikkje minst forsyningsnemnd v/ formann Finn Haga, var med og fordelte lager og tilgang på varer etter beste skjønn. 

I 2004 gav historikar Anstein Lohndal ut boka, «Stord under andre verdskrigen», i samarbeid med bladet «Sunnhordaland. Boka gjev oss små glytt av okkupasjonskvardagen stordabuen opplevde og kor lite varetilfang dei leiande i periodar hadde tilgjenge. Heller ikkje var alle villig til å senda forsyningsnemnda, dei opplysningane dei ynskte å få inn, og yta sitt til fellesskapet. Londahl fortel at heradstyremøte 15. juli 1940 handsama eit brev frå eigaren av eit småbruk på Kattatveit, skipsreiar Knut Knutsen O.A.S.  Han let ikkje vel over at «Stord formannskap» om våren hadde brote opp låsen på løa hans og teke alt høyet der. No kravde han betaling for dette tapet. Ordførar Severin Eskeland opplyste at forsyningsstoda var den gongen slik at ein fann det rett å ta dette høyet. Det var fôrnaud i bygda, og hjå Knutsen stod det ei løe full av høy, men ingen buskap fanst på gardsbruket hans. Heradstyret vedtok å leggja bort skrivet frå skipsreiaren, men la til at «han skulle få betaling for høystråi sine når heradet fekk betre råd».

Ein av dei eg har gjort opptak med, Svein Jonassen, har fortalt om den gongen Finn Haga tok kontakt med faren, Sigurd Jonassen, om eit transportoppdrag. Finn Haga fortalde at potetlageret på Stord var tomt, og det var krisestemning. Ja, for me veit at poteter og sild var «grunnpilaren»  i kosthaldet for mange under krigen. Men Finn Haga i forsyningsnemnda hadde fått kjennskap til eit potetlager i Trondheim . Sigurd Jonassen hadde på denne tida ei lita skøyta, «Rando», som lasta 85 tonn. No ynskte Haga at båten tok turen til Trøndelag og henta poteter. Kjøpmann Sigurd i Sagvåg, var ikkje uvillig til å låna vekk båten til transporten, men mangla mannskap på denne tid. Vidare godtok ikkje forsikringsselskapet Espevær Gjensidige Assuranceforening, at den vesle skøyta skulle gå gjennom dei minelagte farvatna for å henta ei potetlast i Trondheim. Men Sigurd Jonassen var villig til å låna vekk båten utan forsikring, – berre det kunne skaffast sjødyktig mannskap. Og mannskap kom på plass med Jens Eldøy som skipper og Hans Stokka som maskinist, fortel Svein Jonassen. Desse vart utstyrte med pengar, og turen gjekk delvis i farvatn som var minelagt av krigsherrane. I Trondheim gjekk handelen etter planen og MS «Rando» kom sørover med dei etterlengta potetene. Svein fortel at skøyta lossa mesteparten av lasta på Leirvik før ho kom ut til Sagvåg. Svein Jonassen meiner å hugsa at i restlasta dei lossa i Sagvåg, var det mykje poteter av dårleg kvalitet.

MS «Rando» som sikra Stordabuen  poteter i ei vanskeleg tid, vart innkjøpt av Sigurd Jonasen frå Sverige. Båten hadde mange oppdrag gjennom åra, fortel Svein. Han hugsar at han fekk montert sildeskott i rommet og gjekk som hjelpefartøy under fisket. I ein periode tøffa den med kystlast mellom Bergen og Stavanger og seinare vart det singeltransport frå Kiskaien i Sagvåg til Bergen, med nye eigarar. Båten hadde og ein periode i Odda som stasjon for ei dykkarforeining, før han sokk der inne og fann si kvile på ei fylling innerst i Hardangerfjorden, fortel Svein Jonassen.

Munnleg kjelde: Svein Jonassen f.1930

Skriftleg kjelde: Anstein Lohndal  «Stord under andre verdskrigen» – 2004

 

——-

«Sunnhordland»  24.juni 2019

Gardsdrift  i forandring 

Oddbjørn Kvålsvold

Artikkelforfattaren på slåtteteigen i 1955. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

I samtalen eg hadde med Bjarne Digernes i 2012, fekk eg han til å fortelja om utviklinga han har vore med på innan gardsdrift.  Minne frå driftsmåten med mykje tungt kroppsarbeid, bruk av hest og kjerre, plog , horv og hesteslåmaskin  er fjernt frå notid. Difor stod hesten i ei serstilling for driftsmåten i vår nære fortid. 

Men to gonger held dei på å mista hesten minnest Bjarne. Då mobiliseringsordren kom våren 1940, fekk faren ordre om å møta på Klingenbergkaien med hesten deira, han skulle nyttast i krigsteneste. Men båten som skulle henta hestane for vidare transport, kom ikkje, og dei frammøtte kunne ta hestane med seg heim att til vårarbeid. Seinare fekk dei på nytt ordre om å møta på samlingsplassen med hesten. No var det okkupasjonsmakta som rekvirerte hestar til teneste for den tyske hær. Kva som var utslagsgjevande denne gongen veit ikkje Bjarne, men han trur at faren hadde snakka svært negativt om hesten. Han var vanskeleg å styra, og så var han ein av dei verste krybbebitarane som hadde vore på garden i manns minne.

Bjarne fortel om første traktoren faren kjøpte til gardsdrifta i 1952. Dette var ein «amerikanar», og han meiner at dette var den tredje traktoren i kommunen. Denne hadde «trekantoppheng» bak, og etter kvart vart det kjøpt inn plog, horv og slåmaskin. Horneland Vognfabrikk laga ein høveleg tilhengar (utan tipp) som letta drifta monaleg. Etter 10 år vart amerikanaren skifta ut med ein Bolinder – Munktell. Til denne traktoren vart det kjøpt hyppe- og radutstyr og belteopptakar for potethausting. Dermed var mekanisk drift i full gang på Digernes. Men kanskje var det fôrhaustaren som letta og rasjonaliserte drifta mest. Bjarne fortel at faren alt i 1937 hadde bygd silo som dei nytta til 2. slåtten –hå. Seinare vart det bygd større silo og slitet med slått og hesjing i all slags vêr vart det slutt på. Slåtten som tidligare varte i vekevis med oppheng av gras i hesjer  og  berging av turrhøy vart no avløyst av nytt utstyr.

Opp gjennom åra har dei hatt fleire lastebilar på garden. Faren hadde alt før krigen ein 1 ½ tonnar Chevrolet, men rasjonering  og vanskar med å få tak i bensin i okkupasjonsåra førte til at denne vart seld til Sagvåg. Faren var ein aktiv grønsak- og potetdyrkar, og trong transport av gardsprodukt ut til kundar. Dette førte til kjøp av ny lastebil etter krigen. Denne nytta Bjarne i 4 år til å henta mjølk frå bøndene i området Hatland, Byrkjeland, Horneland, Høyland og Tveita, ei ordning som avløyste hestetransporten av mjølk til Stord Meieri. For denne tenesta vart bøndene trekte 1 ½ øre pr. liter mjølk dei leverte.

Etter å ha levert mjølkelass litt før kl 9 på meieriet,  køyrde Bjarne mjølkeprodukt til butikkane på Bjelland, Sagvåg, Hystad og Rommetveit og returprodukt til bøndene. Med tida utvikla det seg mest til ein sedvane at folk sto langs køyreruta og venta på «mjølkebilen». Folk ynskte å få han til å utføra transportoppdrag av fôrsekker og mindre varesendingar langs køyreruta. Då Bjarne slutta med transport av mjølk frå Utbygda, kjøpte meieriet eigen bil og tilsette sjåfør.

Bjarne fortel mange artige episodar frå tida han køyrde mjølkerute for meieriet. Frå butikken på Tveita minnest han ein samtale mellom handelsmannen og ein eldre kunde: «Kvifor kostar brødet 51 øre og ikkje 50 slik som før, undrast kunden. Jau, svara den handlande, eg må ha litt for innpakningspapiret òg». Det høyrer med til soga at den eldre kunden seinare tok med avispapir og pakka brødet inn i, for å spara 1-øringen.  

Munnleg kjelde: Bjarne Digernes  (1931- 2019)

 

 

 

«Sunnhordland»    7.juni  2019

Oddbjørn Kvålvold

Den gode våren 1945

 

 

I samband med innsamling av livsminne er det fleire som har fortald om dei kjenslene som fekk fritt utlaup etter 5 år med okkupasjon og tvang under det tyske åket. På Leirvik og Vikaflè sette dei mange vitjingane av marinebåtar og mannskap frå Shetlandsgjengen sitt særpreg på tettstaden. Me veit òg at fleire av gastane fann sin ven for livet på Stord, stifta familie og busette seg i kommunen.

Med boka til Asgeir Ueland som kjelde, «Shetlandsgjengen» 2017, ser eg at det er Louis Rasmussen frå Volda som først vart «innlemmet» i Shetlandsgjengen av dei som seinare busette seg på Stord. Rasmusen var med frå 01.12.41 og er oppført med 42 turar over til norskekysten. Etter krigen stifta han familie i lag med Birgitte(Gitte) Larsen. Ein annan er Torleif Fagertun frå Nesna i Nordland, han er registrert i Shetlandsgjengen frå 26.08.43 og hadde 41 turar med våpenlaster til Noreg, landsetting og henting av agentar og rømlingar. Torleif er òg ein av dei som stifta familie då han vart gift med Tonny Tveten. Harald Angeltveit frå Fjell i Hordaland vart med i aktiviteten frå 23.12.41, og arbeidde for det meste på basen deira, men hadde ein tur over til Noreg i sesongen 1944/45. Ein annan som vart gift med ei stordjenta, var Fritz Larsen frå Drammen. Han vart kjent med Bergny Matre fredsvåren 1945. Larsen hadde 33 turar til norskekysten etter at han vart ein del av Shetlandsgjengen frå 13.03.42. Jarle Lorentsen frå Andøy, Åsmund Sandnes frå Gildeskål og Edvard Pettersen frå Tysfjord er alle nordlendingar som er registrerte i Shetlandsgjengen sin aktivitet. Lorentsen stifta familie med Aslaug Hetlelid, Sandnes gifta seg med Ada Karlsen, og Pettersen gifta seg med Konstanse Elida Lodden frå Bømlo.

Ei av ungjentene som budde på Leirvik i denne perioden, var Bergny Larsen. I 2012 fortalde ho meg at pinsehelga 1945 vart eit viktig vegskilje i hennar liv. Då vart det arrangert dans ved skulen på Leirvik, òg her trefte ho han som skulle verta hennar ektemann. Ho vert rørt i stemmen når ho fortel kor stramme og kjekke gastane som kom opp på skuleplassen og deltok på dansen var. Desse hadde landlov frå marinefartøya som låg ved kaiene og på Vikaflè. Bergny fortel at ubåtjagarane Hessa, Hitra og Vigra var ofte på Leirvik, saman men andre vaktbåtar under militær kommando. Ja, det var nokre staskarar i nypressa uniformer som bydde opp jentene til dans. Bergny har og gode minne frå då Stord songlag reiste til Rosendal på songarstemne denne våren, og han som skulle verta hennar ven for livet, Fritz Larsen, fekk høve til å vera med. Dette var ein vår og sumar med fredsrus og dans, så trekkspela og grammofonane var flittig i bruk.

Eg vil òg ta med litt av det Werner Hagerup har fortald meg. Han hugsar våren 1945 som ein eksplosjon av glede. Sjølv sto han i åkeren og tok opp poteter då den glade bodskapen ljoma ut frå nokre høgtalarar som var hengde opp i Borggata. Hagerup var berre 17 år, men vart innkalla til teneste for heimefronten. Han møtte ved Leirvik folkeskule og fekk utdelt uniform og ein Luger pistol som milorgmannen Magnus Sætrevik gav han litt instruksjon i på Vedasletto. Utstyret hadde vorte transportert inn frå lageret i Dåfjorden av Ludvik Bårdsen og skøyta. Her var eit utstyrslager som Shetlandsgjengen hadde frakta inn i landet med tanke på maktovertakinga. Som ordinans overhøyrde Werner telefonsamtalen då Milorgsjefen Gunnar Helgesen ringte kommandanten på kystbatteriet på Bjelland for å avtala overtaking. På spørsmål om troppen på Leirvik hadde våpen, svarte Helgesen: «Vi har våpen, og vi vil bruke dem».

Biletetekst: Forteljaren Bergny Larsen Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Munnlege kjelder:   Bergny Larsen ( 1923-2017)

                                     Werner Hagerup – f. 1927

————————

 

«Sunnhordland»  27.mai 2019

Oddbjørn Kvålsvold

Vassverket i Vatnadalen vart redninga

Forteljaren Per Tyse. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Ein av dei som har følgt byggeaktiviteten på Stord i over 60 år som fagmann, er Per Tyse. Han vart tilsett som anleggsingeniør hjå W. Engelsen Ettf. og tok del i dei store utvidingane ved verftet i slutten av 1950-åra. Per Tyse har hatt medansvar for mange av dei store byggeprosjekta som me har vore vitne til i denne tidsbolken. I samtalen eg hadde med han i 2013, fortalde han om eit av dei tiltaka som har kome dei aller fleste ibuarane i kommunen til nytte, utbygginga av Ravatnet.

Prosjektet starta med å grava ut lausmassane for vassverket sin inntaksdam oppe i Vatnadalen. Mange av oss eldre hugsar at her sto kraftverket som Ola O. Vatna var primus motor for då det vart bygd 1912 -13. Dei nytta skogsvegen opp frå Øvre Økland som tilkomst, og det var mykje transport av sand, singel, armering og sement før støyping av dam og betongmurar kunne byrja. Dette var ei tid då støyp vart blanda på byggeplassen, og mykje av arbeidet vart utført med muskelkraft. Den første delen av grøft for røyrtrasseen frå Vatnadalen til Lønnig vart utført med ei enkel vaier gravemaskin, og ein liten transportabel kompressor som skaffa pressluft til handmaskinene. Men den tidlegare anleggsingeniøren poengterer at det vart mykje fysisk arbeid med grafsa, brett og trillebår på denne tid. Betongen til ventil- og kloringshus langs røyrgata vart plassblanda, for blandeverket på Brattestø var enno ikkje kome i drift. Eternittrøyra som vart nytta til vassleidningen, vart utkøyrt langs trasseen av bøndene Lars Fjæra og Arne Vatna. Dei nytta hest og tømmerdoning til transporten, fortalde Per Tyse.

Det var ein merkedag i stordabuen sin kvardag då Ravatnet kom i springen 8. januar 1962. Sunnhordland fortel at kl. 9 denne dagen vart den nye vasskjelda kopla inn på leidningsnettet. Men store delar av ibuarane hadde enno brønnvatn av variert kvalitet og mengde. Ja, mange merka vassløysa alt etter 14 dagar med opphaldsvêr, og sparing på vatnet var årvisst i sumarhalvåret..

Parallelt med dette vart det sett i verk arbeid med nye forgreiningar av leidningsnettet i kommunen. Så i 1961 vedtok kommunestyret å føra fordelingsnettet for Leirvik ut til Bjelland, Høyland, Eldøy, Kårevik og Horneland. Men kravet frå andre lutar av kommunen auka, og både Sagvåg / Litlabø- området og vassleidning til Rommetveit vart vedteke i kommunestyret i 1963. Sjølv etter denne utbygginga i midten av 1960-åra var det framleis huslydar som måtte greia seg med brønnvatn og kjelder. Men no var dei folkerikaste områda i kommunen forsynte med godt Ravatn i springane sine.

Munnleg kjelde: Per Tyse – f. 1927

Skriftleg kjelde: Yngve Skjæveland, « …steinalder til oljealder» – 2006

 

———–

 

«Sunnhordland»  29. april 2019

 

Oddbjørn Kvålsvold

Aleinemor måtte rømma frå huset

Forteljaren Birgit Framnes f. 1931 Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Mange av dei som var busette på Bjelland under siste verdskrigen, fekk heilt spesielle krigsminne frå barneåra. Då okkupantane tok til å byggja ut «Bjelland fort» i 1942, vart fleire av dei som budde i området tvangsevakuerte. Tyske offiserar banka på dørene og forlangte at dei måtte flytta frå heimane på kort varsel. Etter som det no tynnest i rekkene av dei som opplevde denne dramatikken, har eg sikra lydopptak frå nokre som i sine første leveår vart kasta ut av heimen av okkupantane.

For enkelte vart det ekstra krevjande å flytta frå heimen på Bjelland. Amalie Balchen som på denne tid var «åleinemor», fekk ordre om å flytta frå huset deira i Knarrevegen på kort varsel. Mannen hennar Christian d.e., var sjømann og reiste på innlandsjøane i Canada då krigen braut ut. Men åleinemora var heldig og fekk flytta med dei to borna, Christian 2 år og Birgit 11 år, til familiefolk som åtte småbruket Solvang ved Furuly Helseheim. Her disponerte dei eit stoverom og delte kjøkken med husfolket, som var søstera til mora og hennar mann. Eigedommen Solvang var eit jordstykke på ca. 5 mål, og dei hadde både kyr, gris og høns i uthuset. Sjølv om Birgit og familien var jaga ut av det trygge tilværet av krigsherrane, har ho mange gode minne frå interneringsperioden. Men òg minne frå dei gongene krigshandlingane kom nær innpå sit att, med lågtfykande allierte fly som bomba båtar på Leirvik.

Forteljaren min, Birgit Framnes, hugsar at det var eit sørgjeleg syn å koma attende til heimen på Bjelland. Huset som var bygd nett før Hitler invaderte Noreg, var sterkt prega av bruken til «herrefolket». Golv og dørstokkar var nedslitne av røffe soldatsko og vegger var tilgrisa med bileter av «gledespiker». Delar av hagen var grave opp, og ein bunkers bygde på eigedommen.

Den generasjonen som no held på og forlèt oss, har livsminne om dramatikk, redselkjensler og sakn av heimen, som okkupantane hadde røva i frå dei, minne som dei fleste av oss vart sparte for. Men dei har òg opplevinga, gjensynet av ein heim som var sterkt prega av Wehrmachts bruk som ein del av sitt livsminne. I bladet Sunnhordland finn eg 28.august 1945 fyljande: «Folket på Bjelland fekk i går varsel om at husi deira er frigjevne og at dei no kan flytta inn att. Batteriet står som før, men vaktmannskapet skal bu i brakka». I same avis står og ei lysing om høve til å søkja erstatning ved «Skader påført bygninger og løsøre gjennom overgrep fra N.S. eller tyskere».

 

Ei viss økonomisk erstatning fekk dei som vart jaga frå heimane der Bjelland fort vart bygd, men me veit at det er hendingar i eit menneskeliv som ikkje kan viskast ut med økonomiske vederlag.

 

Munnleg kjelde:   Birgit Framnes f. 1931

 

Oddbjørn Kvålsvold

——–

«Sunnhordland»  15. april 2019

Oddbjørn Kvålsvold

Eit yrkesliv som typograf

Bilete: Johann Belsvik Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Ein av forteljarane mine, Johann Belsvik, er av dei få som har vore heile sitt yrkesaktive liv hjå same arbeidsgjevar. Han tok til i bladet Sunnhordland 1. juli 1945 og gjekk av med pensjon 50 år seinare. Johan har vore tru mot sin arbeidsplass og kan fortelja korleis ei lita lokalavis har klart å utvikla seg med tida til eit moderne mediehus med mange tilsette. Han kan fortelja om den fantastiske tekniske utviklinga faget typograf har vore gjennom. Vidare reflekterte Johann i sine livsminne over dei vegval vi menneske ofte må gjera i livsløpet vårt. Då han fekk tilbodet frå lokalavisa om lærlingplass, hadde han òg eit tilbod om gratisplass på den private realskulen på Ås. Ved dette vegskilje valde Johann jobben i trykkeriet til avisa, noko han seinare i livet aldri har angra på.

Alt då Johann gjekk på barneskulen, fekk han eit visst forhold til lokalavisa på Vikjo. Han som mange andre ungar var avisbod for bladet og stod ofte å kikka inn på flattrykkpressa i Borggata. På denne tid var det Jens Hystad d.e. og kona som dreiv avisa i lag. Dei heldt til i Folkvangbygget i Borggata med kontor og trykkeri. Johann fortel om tilsetjinga som fru Hystad var ansvarleg for. Ein dag ho sat og falsa/ bretta saman aviser, stod han og såg på henne. Så kom det eit uventa, men avgjerande spørsmål. «Du Johann, du som fer her og spring i gato, du har ikkje lyst til å byrja i læra hjå oss» ? «Kva tid», undrast Johann. «I morgon», svara fru Hystad. «Ja, då må eg heim og spørja far», svara Johann. Det var ein glad gut som sprang heim og fortalde om tilbodet. Faren minna om at rektor Søranger hadde lova han ein av dei 3 friplassane ved realskulen på Ås. «Dette er eit sjenerøst og gjævt tilbod, men du må velja sjølv», sa faren. Valet var nok eit av dei viktige vegvala som Johann har teke. Han valde å byrja i læra hjå familien Hystad i Borggata, eit val han aldri har angra på, sjølv no som pensjonist. 

Johann hugsar godt første dagen i avisa. Her var Halvdan Hystad redaktør, broren Reidar sjef i trykkeriet og Martin Bjelland  typograf. Det var Bjelland som fekk oppgåva å læra Johann «Gutenbergs ærverdige kasse» med avdelte rom for alle bokstavar og tal. Først måtte han øva på å setja opp små setningar frå ein lapp med tekst, og etter kvart fekk han tildelt små skrivne tekstar som skulle settast opp. For ein typograf var det heilt naudsynt å kjenna plasseringa i kassen, slik at dette kunne utførast med presisjon, nær sagt i blinde. Johann fortel at Reidar Hystad og seinare sonen Jens og sonesonen Reidar d.y., var svært opptekne av å skaffa utstyr som gjorde arbeidet i avisa rasjonelt, og dei ynskte å liggja i forkant av utviklinga. Etter kvart vart det innkjøpt setjemaskiner, og oppsettet vart støypt i bly, linje for linje. Seinare kom offsetutstyret på plass og ei ny omstilling for typografyrket. 

Men no var dataalderen (digitaltrykk) like om hyrna, og bladet Sunnhordland sendte Johann og typograf Ole Skaten frå Tysnes til Tandberg i Oslo. Her fekk dei grunnleggjande kunnskap om grafiske data. Dette var veldig interessant, men litt vanskeleg i starten, minnest han. Lukka var at avisa sendte to personar på opplæring, slik kunne dei utvikla kompetanse i samhandling då dei kom attende til trykkeriet. Teknisk var dette eit kvantesprang for rasjonell og moderne oppsett av aviser. Soga om lokalavisa Johann var ein del av i 50 år, synleggjer kor viktig det er å ha ein arbeidsstokk som er fleksibel og ei leiing som ligg i framkant av utviklinga. Eit prov på dette er at Sunnhordland no har passert 116 år og vert leia av fjerde generasjon Hystad.

Munnleg kjelde:  Johann Belsvik- f 1929

Oddbjørn Kvålsvold

 

«Sunnhordland»  1. april 2019

Oddbjørn Kvålsvold

Vårt første livsminne – og glimt frå gløymeboka

Anker Gravdal Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Me har alle minne frå oppvekståra som for dei fleste er kjære og gode å ta vare på. Men nokre har opplevd tragiske hendingar tidleg i dei første barneåra, minne som har festa seg. Desse kan såleis  attforteljast med mange små detaljar knyte til hendinga, sjølv 80 år seinare.  I høg alder er det ikkje få som kan hugsa detaljar frå barneåra som har vore i «gløymeboka» i mange år, men som kjem til overflata når me minnast ein liten detalj. Får me tak i desse trådane, kjem heile tankerekker og hendingar frå oppveksten til overflata. Forsking viser at mange av oss kan hugsa enkeltepisodar og sterke sanseinntrykk frå 3– 4års alderen, nokre heilt ned til 2 1/2 årsalderen. Skiljet mellom det me sjølve hugsar, det me har sett på bilete eller blitt fortalde, flyt ofte saman til ei samanhengande historie i minnet vårt. Me må berre godta at minne frå barndom og oppvekst ikkje alltid er fullstendig i samsvar med det som faktisk hende. Dei fleste av oss har nok opplevd diskusjonar mellom sysken på dette feltet, enkelte kan hevda og forfekta si framstilling som den einaste rette. Men forsking viser at det er noko slingringsmon i dei fleste livsminne. 

I ein samtale med Anker Gravdal kort tid før han døydde, fortalde han levande om livsminna sine frå Vikjo. Det første minnet frå barneåra var då gamle hermetikkfabrikken til Gravdal- brørne i Evjo brann i 1934. Sjølv om Anker berre var 4 år då dette hende, skildra han mange detaljer frå den dramatiske hendinga. På denne tid rådde «Leirvik brann- og bygningskommune» over ei handpumpe som etter ei tid kom på plass. Minna om faren som stod og pumpa så sveitten rann vart aldri viska vekk. Vidare hugsar han at effekten av den vesle vannstråla var lita. Flammehavet var enormt og strålevarmen stor , minnast Anker. Ja, han som for og sprang rundt brannsløkkarane i nattkleda som 4-åring, såg enno for seg den spinkle vasstråla, mest som ein vesal hageslangesprut.

Dette er døme på minneglimt som vert teke vare på og attfortalt opp gjennom oppvekstår og vaksenliv. Men så har dei fleste av oss òg livsminne som me helst vil fortrenga og ikkje kjennast ved. Me veit at for nokre av dei som hadde sine ungdomsår under krigen, oppsto det «søt musikk» mellom norske jenter og tyske soldatar. I ein tidsbolk i livet når hormonane lett tek av, skjedde det ting som samtida ikkje aksepterte. Når fredsvåren 1945 kom og oppgjerets timer var der, tok nokre seg til rette og skulle «straffa tyskertøsene». Sett med etterklokskapens augo vart det utført mange overgrep både av dei med mynde og små grupper rundt om i heile landet. 

Tradisjonen fortel at på Vikjo var det i parken nokre av tettstadens tenåringar tok seg til rettes og aksjonerte mot jenter som hadde forelska seg i tyske soldatar. I «fredsrusen» vart det utført overtramp med hårklypp på nokre av jentene. Redselskrika frå dei som skulle under saksa og ropa om hjelp vart høyrt i nærområdet, men ingen greip inn. Dette er hendingar som både aktørane og tilskodarflokken i ettertid helst vil fortrenga. Men hendinga må me sjå i samtida sitt ljos, og hugsa at dei som var med på dette, hadde vonde oppvekstminne og hemntankar etter 5 år med tysk okkupasjon og audmyking.  

Kjelder: Anker Gravdal – (1930 – 2015) 

Terje Nomeland: «I krig og klærlighet» -2011

og frå livsminnesamlinga mi.

 

 

 

«Sunnhordland»  18. mars 2019

Oddbjørn Kvålsvold

Me budde midt i skotlinja til Bjelland fort

Kristbjørg Tartaldsøy f. 1935 Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Ei av dei eg har hatt samtale med om Bjelland fort er Kristbjørg Taraldsøy som er fødd i 1935. Ho var 7 år då aktiviteten ved fortet vart så truande at kvinner og born flytta vekk frå det som i dag heiter Nedre-Hagebyen. Bestefaren Christian Madsen  hadde eit småbruk der, Giljo, òg i dette huset budde sonen Karl då krigen braut ut. Som ein del av utbygginga av Bjelland fort laga tyskarane ein stor veranda i 2. etasje som dei monterte ein lyskastar/ signalstasjon på. Men onkelen Karl hadde òg ein radio gøymt forskjellige plassar i dette huset, fortel Kristbjørg. Dette var strengt ulovleg, for alle radioar skulle på denne tid vore innlevert og lagra i fengselet på Leirvik. Men radioen til onkelen var flittig i bruk i krigsåra og familien var faste lyttarar på nyhende frå London. 

Ein av dei andre sønene til Christian, Håkon, bygde òg hus i området  etter at han i 1934 hadde kjøpt eit areal på 10 mål som grensa opp mot farseigedommen. Kristbjørg fortel at det var mykje familiefolk, men òg andre leigetakarar som budde i denne husklynga. Ho nemner tantene og deira ektemakar, Hildur og Reidar Onarheim, Aslaug og Edvin Fylling. Kristbjørg meiner at det var etter den intense skytinga mot MTB båtane i 1943 at fleire av familien hennar flytta vekk frå heimane som grensa opp mot piggtrådsperringar og forbode område.  Eigedomen var i nedre kanten av Bjelland fort, og kart viser at det i dette området var utplassert landminer langs inngjerdinga til kystfortet. 

Kristbjørg Taraldsøy har skriftleg teke vare på mange av sine livsminne, som eg har fått høve til å sitera frå: 

« Eg kan hugsa at flyalarmen gjekk ofte, og då sprang me i kjellaren. Det var nifst og det var ofte om natta……Men før Håkon og Olaug var fødde måtte me evakuera kan eg hugsa. Mamma, Aslaug og eg reiste ein kald vinterdag til ein familie på Tyse, og var der ei stund. Eg veit ikkje kor lenge, for det blei visst så gale med krigshandlingane på Bjelland at koner og barn måtte vekk frå heimen vår. Og der blei Håkon fødd.

Hildur og Reidar flytta til Hystad og der vart Olaug fødd, same året. Seinare flytta mamma, Aslaug med meg og Håkon til tante Laura Eikeland på Valen i Kvinnherad. Der budde me i ei lita kjellarstova……. Heime på Bjelland budde pappa, Edvin og Reidar, for dei arbeidde på Kjøtteinen. Heile Bjelland var inngjerde med høgt piggtrådgjerde, og nokre digre støypte søyler med svære portar. Det var ingen som kom gjennom utan dei hadde pass og passersetel…….. Men eg kan hugsa då eg byrja på skulen i 1943. Då fekk  mamma og eg gå igjennom porten på veg til skulen nokre gongar. Der var alltid grønkledde tyske soldatar som stod vakt…. Soldatane marsjerte mykje. Det var både unge og gamle soldatar som song for full hals når dei marsjerte. Eg kan godt hugsa ein gamal soldat som alltid gjekk i tresko. Han var visst badesjef, for tyskarane hadde bad i ein kjellaren der Øpstad  seinare bygde hus..…»

For mange på Stord og vide med, var sildoljefabrikken på Kjøtteinen ei lukke i krigsåra. Den gav fast inntekt for nokre, og sesongarbeid for mange. Men ikkje minst var sild ei god matkjelde og vart foredla i mange variantar.  

Munnleg kjelde: Kristbjørg Madsen Taraldsøy – f. 1935

 

 

 

«Sunnhordland»  4. mars 2019

Røyrleggjar med mange oppgåver i tronge rom

Oddbjørn Kvålvold

Ved dei store industriverksemdene er det trong for eit mangfald av yrkes- og faggrupper. Ikkje minst har lokomotivet i industrimiljøet i Sunnhordland, verksemda på Kjøtteinen, vore ein pådrivar for å utdanna fagfolk i ymse fag. Heilt frå Odd P. Bjelland fekk ansvar for den vesle verkstaden som vaks fram ved sildoljefabrikken i mellomkrigstida, var nytenking og erfaringsoverføring til nye arbeidstakarar berebjelken i opplæringa. Verksemda satsa tidleg på systematisk opplæring og kursverksemd for å tilføra den raskt aukande arbeidsstokken oppdatert fagkunnskap.

Ein av dei me hugsar som ein rask og flink fagmann innan røyrleggjarfaget, var Bjarne Rykkje. Eit års tid før han døydde fortalde han meg om då han byrja på eit røyrleggjarkurs på Kjøtteinen i 1952 etter ein arbeidsperiode på den flytande sildoljefabrikken, «Clupea». Som instruktør på kurset hadde leiinga fått tak i Harry Neset, ein fagutdanna røyrleggjar frå Bergen, som tidlegare hadde arbeidet med vedlikehaldsarbeid på «Clupea». Bjarne fortel at dei var 6 mann på kurset, som veksla mellom teori og praktisk arbeid i 3 månader. Den fagutdanna bergensaren tilførte  yrkesgruppa nye og meir rasjonelle arbeidsmåtar gjennom sitt kursopplegg.  Som døme på dette fortel han om Neset sin bruk av meterstokken til måltaking av røyr med vinklar (skredden), i staden for å nytta «malstrenger» ein rasjonell og produktivitetsvenleg arbeidsmetode. «Harry’en» ville ikkje sjå at kursdeltakarane nytta streng til mal etter at han hadde lært dei metoden.

Etter kurset fekk Bjarne høve til å arbeida saman med Harry Neset ein periode som læregut. Det var ei givande tid med ein streng læremeister, fortel han. Harry sitt krav til læregutane var at dei  skulle fylgja godt med og vera raske. Om dei kjem sigande, «gi de et spark i reven», sa han. Stord Verft tok tidleg i bruk moderne bøyemaskiner og nytta harpiks og sand i røyra under bøyeprosessen. I samtalen kjem Rykkje inn på den perioden då delar av rørleggjarstaben på Kjøtteinen var på oppdrag i Oslo for å ferdigstilla supertankarane. Her oppdaga han at mange av den tradisjonsrike akerverksemda sine arbeidsmetodane med røyr, var gått ut på dato. Ja, mykje av røyrarbeidet var det framleis «kobbarslagarane» som utførte med sine tidkrevjande bøyemetodar på røyr. 

Men attende til dei fyrste arbeidsåra Bjarne Rykkje arbeidde som røyrleggjar på Stord Verft. Alt etter eit år som lærling med Harry Neset, fekk han ansvar for å instruere eigen læregut. Ikkje minst var opplæringa i måltaking av røyr med mange vinklar i tronge rom utfordrande. Bjarne poengterer at han alltid har sett på det å planlegga jobben som det beste utgangspunktet for eit vellukka resultat. Spesielt på dei små båtane var tilkomst og plassproblem fagleg krevjande. I så måte fortel han om detaljar frå arbeidet i tankane på M/T «Lind». Eit spesialdesigna kjemikalieskip med «reine tankar» av rustfritt stål og ein dobbeltbotn full i spant, skott, botnstokkar, ballast og lasterøyr. Nede i dette virvaret av ein arbeidsplass, med «takhøyde» på 80 cm, kraup Bjarne og arbeidskameratane rundt i 2-3månader på allbogar og kne. For å kunne arbeida på ein slik plass, måtte ein vera mjuk i kroppen og ikkje lida av klaustrofobi. Klimaks på denne jobben kom etter at alt var montert, og dei var ferdige med å trykkprøva leidningane. No skulle ein inspektør frå Det Norske Veritas, som var litt stor av vekst, inspisera dobbeltbotnen. Bjarne hugsar denne episoden godt, for det vart litt oppstyr då inspektøren kom i «åvelta», og ropte om hjelp. Kroppen hans vart for lite smidig og for stor då han skulle krypa gjennom eit av mannhola og vidare over ballastrøyra på andre sida. Han sette seg kort og godt fast! Bjarne Rykkje fortalde meg at episoden førte til omlegging av røyra for å gi betre tilkomst i dobbelbotnen på «Lind». 

Munnleg kjelde: Bjarne Rykkje – (1921-2013)

—–

 

«Sunnhordland. 15 .februar. 2019»

Slik vaska og stelte me klede før i tida

Oddbjørn Kvålsvold

Vaskestamp og skurebrett. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

I vår nære fortid var klevasken ein viktig del av «kvinnfolkarbeidet» i alle hushald. Dette var eit storarbeid som både var tungt fysisk og tidkrevjande før moderne vaskemaskiner vart vanlege. Mange kokte kviteklede i eldhus og transporterte kleda til skylling i vassdrag. Andre tok med seg «storvasken» i delar av året til vasskjelda der det var rigga til eldstad. Spesielt i langvarig turre periodar og vintrar med turrfrost vart det vassmangel for mange. Trong for stabil vasstilgang auka, ikkje minst etter at vaskemaskinene vart meir og meir vanlege utover i 1950-åra, og elektrisk kraft vart utbygd. Skriftlege kjelder fortel at i 1959 hadde 53 % av hushalda vaskemaskin, og i 1973 heile 72 %. (Kjelde: Store norske leksikon)

Kona mi har oppvekstminne frå vaskedagane, som dei vaksne utførte i eldhuset kvar 14. dag. I eit hushald på 8 -10 var det mykje klede som skulle vaskast, turkast, strykast og rullast. I eldhuset vart klede lagde i bløyt i heimelaga stampar kvelden før vaskedagen. Dette var store trestampar som far hennar hadde laga på verkstaden. Vaskedagen starta med at mora og tenestejenta fyrte opp under koparkjelen i grua. Denne vart fylt med kviteklede som var såpa inn med heimekokt såpa, laga av kaustisk soda, vatn og talg. Det vart òg tilsett «Blenda» i dette vatnet. Etter eit godt oppkok vart kleda teke over i trestampane og vidare handsaming på vaskebrett. Desse var laga med småbylgjete skureflate av sink eller glas. Kvitekleda vart etter vask lagde over i nye trestampar for skylling og fekk stå i rennande vatn til neste dag. Då vart dei hende over nokre trebukkar for avrenning, før dei fekk sin plass på dei mange tørkesnorene ute. Kulørte klede vart vaska i stampar med vaskebrett og varmt såpevatn frå koparkjelen i grua og utblanda til passe temperatur. Desse vart skylte og lagde på krakkar for avrenning før dei vart plasserte på tørkesnorene. Før dei tok til med alle ullkleda, vart nytt vatn varma opp i koparkjelen. Ja, på denne tida vart det nytta underklede og lange sokkar av ull, både av vaksne og ungar. Alle lubbar og andre ullklede fekk ein omgang med innsåping og skuring på vaskebrettet før dei vart skylte i varmt vatn og lagde på krakken for avrenning.

Etter kvart som jenteflokken på 4 voks til, måtte dei delta både i eldhuset og med handsaminga av klede etter turking på snorene. Alle sengeklede og dukar skulle brettast saman og klargjorde for rulling. Sedvane i samtida var at skjorter og blusar skulle strykast. Før dei fekk elektriske strykejern i heimen, nytta dei to strykejern som dei vekselvis varma opp på vedomnen i kjøkkenet. Ullklede vart sorterte og vurderte om det var trong for bøting. Alle lubbar og strømper av ull som det kunne strikkast ny hel eller fot i, vart lagde til sides. Desse vart tekne med på stølen om sumaren for reparasjon. 

Det høyrer med til minna frå vaskedagane at faren kjøpte vaskemaskin då straumen kom til gards i 1953. Denne var laga av «smedbrørne» på Aga. Vaskekassen var av tre, og hadde skovl montert i sida og med motor plassert nede på fundamentet. Dette effektiviserte vaskedagane monaleg, no fekk både kvite- og kulørte klede ein omgang i den «firkanta kassa med Hoover-rotor», og trongen for skuring på  vaskebrett vart redusert.

Munnleg kjelde: Kona mi Aslaug


 

 

 

«Sunnhordland»  4. februar 2019

Oddbjørn Kvålvold

Bjelland fort- under og etter krigen

Forteljaren Hans Kristian Junge. Foto: Oddbjørn Kvålvold

Bjelland fort på Stord og festninga på Tittelsnes var ein del av dei mange forsvarsanlegga som den tyske krigsmakta bygde etter invasjonen i 1940. Dette var anlegg som skulle forsvara området Bømlafjorden mot alliert invasjon. Anlegget på Bjelland vart etter kvart utstyrt med 4 stk. 8.8 cm kanoner, 2 luftskytskanoner og kraftige lyskastarar både på Kjøtteinståa og i hagen til familien Junge. Den største av desse hadde ein diameter på 1,5 meter, og lyste opp Bømlafjorden  og Sunnhordlandsbassenget når han var i bruk. Bjelland fort på ca. 170 mål var inngjerda med 1,7 km. piggtrådgjerde, og 186 landminer var utplasserte. Området hadde eit nærforsvar med mitraljøse- og maskingæverstillingar plasserte i bunkersar. I nordvestre delen av fortet var det dueslag med over 1000 brevduer. Mellom dei forskjellige installasjonane var det laupegraver, fortel informanten min, Hans Kristian Junge. I lydopptaket fortel han òg om kor spanande det var å nytta festninga som leikearena etter siste verdskrigen. 

Familien til Hans Kristian Junge var ein av dei som måtte forlata heimen då Bjelland fort vart teke i bruk i 1942, men kom attende til området så snart okkupantane hadde kapitulert. I vaksen alder har han samla informasjon om aktiviteten på festninga og kan fortelja at minefelta vart rydda av ein tysk spesialtropp, kontrollert av 20 engelske soldatar (raude djevlar) sumaren 1945. Mykje av minene vart sprengde ved sjøen i Prestakonestøo, men òg i Kulio vart miner uskadeleggjorde.

Mykje av anlegget er i dag vekke, men restar av kanonstillingar, ammunisjonslager, bunkersar og laupegraver viser att i terrenget.Av bygningane som står att er det mest berre forlegningsbrakka tyskarane bygde i krysset Bjellandsvegen/ Knarrevegen, som minner om at her var militært område i krigsåra. Den tyske hermakta stasjonerte 81 mann på staden for å sikra området mot allierte åtak. Forlegningsbrakka (heimevernshuset) hadde stort, moderne kjøkken i kjellaren, med storkjøkkenutstyr som vendbar steikepanne. Forretninga til Nils Bjelland vart rekvirert og teke i bruk til «vaktstue», og hovudporten inn til området frå Høyland var sikra med innstøypte knuste flasker på portsøylene og piggtrådbarrierar på sidene. Etter krigen vart det allment kjent at vegane rundt fortet var underminert med sprengingsmateriell på fem stader som fortsleiinga kunne aktivisera. Kart viser at ladningar var plasserte ved hovudporten på Høyland, på toppen av Kjøtteinsbakkjen (Karl Almås-huset), i «Jungesvingen» og to stader litt lengre nede i vegen mot Naustvågen.

Etter at dei tyske soldatane var reist frå fortet og heile området var frigjeve, var dette eit ynda leikeområde for borna,  fortel Hans Kristian. Det tyske utstyret i hagen deira vart demontert straks etter kapitulasjonen, men resar etter fundamenta for dei to store lyskastarane, luftskytset, ammunisjonsbunkeren og laupegraver m.m. var synleg lenge. Borte er òg dei kraftige betongkonstruksjonane i samband med kanonstillingane på Bleikjehaugen, der  Stord verft i 1970- åra bygde det nye administrasjonsbygget. Her nede stod ein av hovudkanonane med ammunisjonslager og laupegraver, minnest Hans Kristian. Vaktposten på Gullbergtoppen med forlegning og bunkers var ein del av overvakinga Wehrmacht hadde i Sunnhordlandsbassenget. Signalmasta som vart montert der i desember 1943, var viktig for kommunikasjonen mellom landanlegg og dei tyske vaktbåtane. Det er òg tilgjengeleg kart over intern telefonkommunikasjon mellom Gullberg og dei forskjellige einingane på Bjelland fort.

Som leikearena var nok den store kommandobunkersen i to høgder mest spanande, fortel Hans Kristian. I underetasjen var innreia liggeplassar for 9 soldatar med køyer i tre høgder. Omn var òg montert i fleire av bunkersane. Desse var flittig i bruk av ungane, men òg nytta av huslause sildoljearbeidarar som i ein kort periode budde i nokre av bunkersane, avsluttar Hans Kristian Junge.

Munnleg kjelde:     Hans Kristian Junge f. 1938

Kart:       Strassensperren – Leirvik og Bjelland fort

Digital kjelde:       Kystfort.com

——

«Sunnhordland»21. januar 2019

Bonden på Stuva – ein ven er gått bort

Oddbjørn Kvålsvold

I dag vil eg bruka spalteplass og fortelja litt om ein bondeson som tidleg tok ansvar og utførte gagns arbeid, Per Stuve. Per som eg i heile vaksenlivet har hatt gode relasjonar til, har forlete oss. Eg sit her med dødsannonsen og eit digitalt opptak og tenkjer på Per og hans næraste familie. No vil eg samla tankar og fortelja litt frå barne- og ungdomsminna Per delte med meg i januar 2015.

Då faren kjøpte traktor i 1956, var det nok med tanke på at levebrødet som bonde og drift av skogen skulle verta lettare og meir attraktivt. Erfaringa frå skogsdrift med hest, trekksag og øks hadde Per, men motorsaga som faren kjøpte til han i 1955, var eit kvantesprang i teknisk framsteg. Storvaksen furuskog med knallharde kvistar vart no klargjorde for utkøyring. Den nyutvikla JOBu junior med snubar forgassar var ein godt reiskap både til felling og kvisting. Mykje av stokkane vart drege fram på bakkane rundt tunet, der «Litle- Larsen» henta skurtømmeret med lastebilen, minnest Per.

Før dei kjøpte eigen traktor var faren ein flittig brukar av traktorlaget sin. Som sjuåring var Per nede ved gamle-meieriet i Borggata og «beundra» den nyinnkjøpte «Gråtassen» som var parkert der i 1948. Traktoren faren kjøpte inn året før han døydde, vart ein god «arbeidskollega» for Per. Som unggut i slutten av tenåra vart ny traktor med mykje teknisk utstyr ein god påverkar til at han glei inn i bondeyrket i så ung alder. Ja, i denne perioden kom den tekniske revolusjonen til jord- og skogbruket, og Per og eg utveksla livserfaringar frå tidbolken. I dag er dette gode minne for meg.

Med det hydrauliske trepunktssystemet bak på traktoren kunne ein skifta arbeidsreiskap på ein fysisk lett og rasjonell måte. Per fortalte meg om utstyret dei etter kvart kjøpte inn til traktoren, der slåmaskina hadde førsteprioritet. Så kom plogutstyr, skål- og fjørhorv og svansar. Noko av utstyret vart innkjøpt i lag med Peder Kannelønning, og dei to gardsbruka hadde felles glede og nytte av både traktor og utstyr. Kunstgjødselspreiar for traktor var òg ei stor nyvinning for jordbruket, og Per fortalde om mange oppdrag han hadde rundt om hjå yrkeskollegaer. I skogen arbeidde Tor Magnus Stangeland og Per mykje i lag med kvar sin traktor. Her køyrde dei ut tømmer for forskjellige hogstlag i kommunen. Dei gamle slepevegane inn til hogstfelta var av ymse kvalitet, men køyringa gjekk betre då dei fekk halvbelte på traktoren. Den store effektiviseringa kom då det vart fart i skogsvegutbygginga, og nye områder vart lett tilgjengeleg.

Eg vil alltid hugsa Per som den gode og lune forteljaren. Eit av livsminna han fortalde meg, var då politibetjenten Otto Macody Lund stoppa han for dokumentkontroll i krysset ved Tesalongen. Per var berre 16 år og kom køyrande med traktoren på veg til Hystad. Arne Knudsen sat på hjulskjermen. Politibetjenten påpeikte at det ikkje var lov å ha passasjerar på skjermen, og at dette måtte det verta slutt på. Men Knudsen blanda seg inn i samtalen og meinte at det var sedvane å ta med passasjer på hjulskjermen. Ungguten trudde at situasjonen var avklara, men minnest at betjenten Otto Macody Lund retta seg opp i ryggen og sa: «Siden den mannen på skjermen er stor i kjeften, vil jeg se sertifikatet og vognkortet». Per Stuve sa som sant var, at sertifikat hadde han ikkje, og vognkortet låg heima. Men etter at Knudsen hadde vist fram motorsykkelsertifikatet, fekk han overta rattet, og Per lånte seg sykkel på Vikjo og trakka etter innover til Hystad. Det høyrer med til historia at Per måtte stilla på lensmannskontoret og visa dokumentasjon på traktoren dagen etter.

Munnleg kjelde. Per Stuve ( 1940 – 2019)

 

«Sunnhordland» 7. januar 2019

Vegval i vårt livslaup

Oddbjørn Kvålvold

Torbjørn Langeland. Foto: Oddbjørn Kvålvold

 

For mange av oss har livsvegen hatt mange vegval og krav til omstillingar. Ein av dei som har delt livssoga si med meg, er Torbjørn Langeland. Som unggut flytta han til Stord og tok til på snikkarverkstaden til Fjeldtveit på Ådland. Han voks opp i Skjoldavik der familien dreiv bakeri, men bakaryrket freista han ikkje. Torbjørn vurderte å byrja i læra i Haugesund, men valet fall på Stord i 1946. Reisa gjekk med buss til Ølen og båt derifrå til Leirvik. Torbjørn minnest at det var HSD sitt flaggskip «Vøringen», med kvitmalt skrog og med staseleg gallionsfigur i baugen som gjekk frå Ølen kl. 20.00. Båten hadde stopp i Etne, Skånevik, Innbjoa og Tittelsnes før han klappa til kaien på Leirvik kl. 24.00. 

På Leirvik hadde familien ordna innkvartering på ærverdige Folkvang Hospits. Vertinna frøken Heggebø, viste stor omsut for 16 åringen, så han fekk godt stell der.  Det var eit to-mannsrom han leigde, og etter ei tid fekk han Sigmund Rørvik som romkamerat. Men montering av  trillebårer og steinvaggar var keisamt og gav få utfordringar. Så etter eit halvt år takka han ja til ein lærlingplass i snikkarfaget ved AS Stord. Han flytta då på hybel nærmare arbeidsplassen, «eit lite kott», som Erna og Nils Røyrvik leigde ut på Bjelland. 

Torbjørn fortel om god opplæring på sin nye arbeidsplass, med mange flinke fagarbeidarar. Han nemner namn som Gunnar Habbestad, Jon Klausen og Johannes Almås. Det var på sjøbussen «Midhordaland», som låg til utrustning, Torbjørn arbeidde den første tida. Lenger ut i læretida fekk han Magnus Eikeland og Ole Huseth som rettleiarar i møbelproduksjon og overflatehandsaming. Snikkarverkstaden produserte innreiing til båtane av høg kvalitet med mykje spesialtilpassa utforming. Som ein del av læretida gjekk Torbjørn tre år på teknisk kveldskule før han gjorde eit nytt vegval og vart elev ved Ryfylke Yrkesskule vinteren 1949/50. 

Etter at han var ferdig med militærtenesta og attende i Skjold, søkte han på fleire skular som han kom inn på, for å kvalifisera seg til sløydlærar. Han «talde på knappane» som han seier, men valde å starta opp snikkarverkstad i Hornelandsvågen saman med Nils Nordhus. Det var i denne perioden han gifta seg og stifta familie, eit nytt viktig val. Dei to kompanjongane dreiv verkstaden i 3 år før dei slutta av, og begge byrja å arbeida ved snikkaravdelinga på Kjøtteinen att.

I byrjinga av 1960-åra kom eit nytt vegskilje for Torbjørn Langeland. Snikkarverkstaden ved Stord Verft skulle omstillast, og han tok imot tilbodet om arbeid på maskinverkstaden. Men arbeidet med maskinering av stål i store seriar gav mykje rom for tenking og var keisamt. Det var i denne perioden han kom til eit nytt vegskilje, fortel Torbjørn. Han sturderte arkitektur i 5 år med korrespondanseundervisning og mange eksamenar i København. Så i 1968 vart han tilsett som arkitekt på teiknekontoret ved verftet. Men krav til omstilling rista hjørnesteinsverksemda på nytt i midten av 1970-åra. På få veker mista dei 10-12 skipskontraktar, og verksemda måtte tilpassa seg offshorekrava. Dette var ei pionertid som og fekk stor innverknad på Torbjørn sin arbeidsdag, med offshore-engelsk, fleire «hyllemeter» med spesifikasjonar, og konsulentar som var «kongen på haugen». Men som eg har skrive om tidligare gjekk det heile seg til, og lokomotivet i Sunnhordland vart etter ei tid «herre i eige hus». Torbjørn fortel om nye utfordringar og mykje samhandling i prosjektgruppene som han var med i for å sikra kontraktar til verksemda. Det var eit arbeid som han likte godt og heldt på med like til han tok valet og gjekk av som AFP-pensjonist i 1994.

Munnleg kjelde: Torbjørn Langeland f.1930

Oddbjørn Kvålsvold