Stord sogelag

Meny

Faste avisspalter 2017

Barneminne frå julehøgtid

Oddbjørn Kvålsvold

Mellom dei gode livsminne mange av oss eldre har, er julehelgene med gode opplevingar, gange rundt juletreet og familievitjingar. Tida vår generasjon voks opp i, var ikkje nett spekka med eksklusive opplevingar og turar til fjerne himmelstrok. Verda for dei fleste i denne tidsbolken var heimen, grenda og nærmaste tettstad. Men jula var ei høgtid som me hugsar mange detaljar frå, sjølv om tilgang på glitter og stas var små i mellomkrigstida, under siste verdskrigen, og langt inn i 1950-åra. På skulen var det juleførebuing med pugging av julesongar og salmevers og dei minste klassane laga juletrepynt, flettakorger og pynteband.

Mølla – vinterbilete

Astrid Lothe som voks opp på nedre Litlabø, har mange gode livsminne frå juletradisjonar. Ei storhending var det når ho fekk vera med mora, som var styremedlem i Samvirkelaget på Litlabø, og sjå på juleutstillinga og handla før jul. Styrar Kjærland opna dørene slik at styret med familiar fekk gå og handla i ro og mak kvelden før den «offentlege opninga». Sjølv om utvalet var spartansk sett med dagens augo, var dette ei hending som festa seg i barneminnet.

Julevitjing til familie og vener var òg ein tradisjon som var årviss i hennar oppvekstår. På Nysæter var det ein arbeidskamerat av faren som dei reiste til, og på Vatna var det tradisjon med sledetur til Agnes og Andreas Vatne 2. dag jul. I Astrid sine oppvekstår var det alltid snø på denne tida av året, og turen til Vatna gjekk gjennom Vikjo med slede, over gamle Frugårdsbrua og Ådland til Vatna. På Vatna vart hesten spent frå, og fekk husrom i stallen med ein godbit i krubba. Gjestene fekk servert det beste ein kunne by på minnest Astrid, og etterpå vart det servert kaffi og julekaker, – minst 7 sortar. Heimturen i sleden (kane) med ljomande bjølleklang og glitrande brøytekantar er livsminne som Astrid har teke vare på.

Gunnar Oma som voks opp på Døso, delte livsminne frå sitt levde liv med meg i 2012. Gunnar fortel om dei gode minne han har frå barneåra tross vanskelege økonomiske tider som mange opplevde i mellomkrigsåra. Han minnest med glede ein tradisjon som mora sin familie i Strandebarm heldt i hevd i mange år, å senda utover ein stor blå trekasse som var fylt opp med tradisjonsmat frå Hardanger. Julepølse, røykekjøt, spekemat og andre gardsprodukt saman med eit flott juletre vart henta på kaien på Vikjo. Når den store stappfulle kassen vart opna i heimen på Døso, spreidde det seg ei eim av lukke og velvære i heimen, fortel Gunnar.

Av dei gode livsminne frå barneåra fortel han om faren som alltid las juleevangeliet på julekvelden og pakkeopning der det var få, men kjærkomne pakkar som born og vaksne sette pris på. Faren var flink til å forma ting, han laga ofte praktiske leiker i trevyrke som ungane hadde nytte og glede av. Julefestane i bedehuset og i Yngresforeininga med gange rundt den store julegrana er gode livsminne.

Munnlege kjelder:

Astrid Lothe – f. 1936

Gunnar Oma – f. 1924

 

 

Sunnhordland»  11.12.17.

Transport med taubanen på Børtveit

Oddbjørn Kvålsvold

Då Stordø Kisgruver skulle byggja ut Børtveitvassdraget i 1918, var transport av utstyr opp liene til Svartevatnet tungvint og tidkrevjande. Ikkje minst skulle tunge røyrdeler og store mengder sand, sement, dynamitt og trematerialar til brakka og drift på plass. Løysinga på denne tid var å få på plass ein taubane til transportoppgåvene. Opp lia på Børtveit vart det difor bygd ein taubane på 1800 meter til transport av utstyr, men denne vart òg nytta til persontransport i enkelte høve. Dette fortel mangeårig maskinmeister på kraftstasjonen Anders Børtveit, i ein samtale eg hadde med han i 2012.

Høgt hang dei. Biletet er frå 1920, i samband med utbygginga av Børtveitvassdraget.

Med dagens teknologi ville nok prosjektet ha løyst transportoppgåvene med helikopter, men for anlegget på Børtveit var taubanen eit u-unnværleg hjelpemiddel. Både under første utbygginga i 1918 og seinare utvidingar og vedlikehald var banen ei teknisk innretning som letta arbeidet monaleg. Ikkje minst når dei tunge komponentane til røyrgata skulle fraktast opp lia, var taubanen eit nyttig hjelpemiddel. Røyrlengdene vart festa til berekabelen og så drog trekkvaieren dei opp til høveleg landingsplass. Anders Børtveit fortel at den tyngste røyrdelen som vart frakta på bærekabelen vog 1800 kg.

Endå taubanen ikkje var tenkt brukt til «personbefordring», vart det nærmast sedvane at anleggsslusken og andre tok taugbanen når dei skulle opp til Svartevatnet. Tradisjonen fortel om fleire dramatiske hendingar med banen, endå ingen liv gjekk tapt. Anders hugsar fleire episodar då trekkvaieren slitna (trøttleiksbrot) under transport. Ein gong det skulle fraktast eit ½ mål ved frå Svartevatnet, slitna trekkvira nett då vogna runda toppen. Vogna med vedlasset kom hylande ned lia i ein forrykande fart, og både bjørkeveden og transportflaket vart knuste i småbitar og var best brukande til opptenningsved.

Den mest dramatiske hendinga var ein gong det vart frakta folk med banen, då trekkvira slitna. Uhellet skjedde ein varm sumardag då maskinmeister Ludvik Olai Tungesvik (1899-1979) skulle til fjells på inspeksjonsrunde. Anders fortel at maskinmeisteren fekk Bjarne Agdestein til å køyra vinsjen denne dagen. Trekkvira slitna inne ved transportvogna midt oppe i lia, og Agdestein som såg vogna koma rutsjande ned på berekabelen i akselererande fart, frykta det verste. Han fortalde i ettertid at han såg vogna med Tungesvik hoppa av berekabelen og maskinmeisteren som fauk 20- 30 meter som eit prosjektil nedover. Bjarne Agdestein tok seg opp til området der dette skjedde, og var førebudd på å finna maskinmeisteren i sterkt forkomen tilstand. Men til alt hell hadde Tungesvik landa i eit av dei få ryddige områda med litt grasbakke under banetraseen og den uheldige hadde såleis fått ei forholdsvis «mjuk oppbremsing». Etter ei tid reiste Tungesvik seg og klarte å gå heim til maskinistbustaden med eiga hjelp. Tradisjonen fortel at han berre var heime i to dagar frå jobben, men han har i ettertid fortald om sine tankar når vogna susa nedover; «så dette skulle verta mitt endelikt». For Bjarne Agdestein som sto midt opp i ulykka, var dette ei vanskeleg og vond hending, så han vart sjukemeldt i ein periode etter uhellet, avsluttar Anders Børtveit forteljinga.

Munnleg kjelde:            Anders Børtveit – f.1928

 

 

Sunnhordland»  27.11.17.

Prosjektet «Bruk av kulturminne i barnehage og skule»

Atle Bjørn Mæhle

Eit arrangement under Kystsogevekene 2017 heitte «Vikingtid på Rommetveit» og vart gjennomført 6. september 2017. Stord sogelag, Villvettene Frifluftsbarnehage og Rommetveit skule samarbeidde om programmet, og det var eit program knytt til prosjektet «Bruk av kulturminne i barnehage og skule». Nausttufta på Rommetveit frå ca. år 1000 var utgangspunktet i dette arrangementet. Stord sogelag fortalde litt om prosjektet, bakgrunn og oppstart. Barn frå Villvettene Friluftsbarnehage ynskte velkommen og fortalde korleis dei nytta kulturminnet, elevar frå Rommetveit skule fortalde om nausttufta. Deretter gjekk me opp til gym.salen på Rommetveit skule der lærar Øyvind Nordlie fortalde om det pedagogiske opplegget, og han og elevane synte filmar dei hadde laga om korleis folk hadde det i vikingstida.

  1. november 2017 fortalde Atle Bjørn Mæhle, Stord Sogelag, Kari Aas, Villvettene Friluftsbarnehage og Øyvind Nordlie på eit møte i sogelaget om bakgrunnen for prosjektet «Kulturminne i barnehage og skule», gjennomføring av programmet «Vikingtid på Rommetveit» og om korleis ein elles brukte kulturminnet.

Bakgrunn

Stord Sogelag drøfta på eit styremøte i 2014 spørsmålet om kulturforståing i ei tid der verda stadig vert «mindre». I ei globalisert verd vert ein lett kulturforvirra dersom ein ikkje er trygg på sin eigen kultur og si eiga historie. Me ser meir og meir kor viktig det er å ha kunnskapar om, oppleva og forstå sin eigen kultur. Særleg er det viktig for barn og unge. Gjennom slikt arbeid byggjer dei opp ein trygg identitet og får god sjølvkjensle. I læreplanar og stortingsmeldingar dei siste 10-15 åra har styresmaktene presisert at barnehagar og skular i sterkare grad må nytta kulturminna i nærområdet i dette arbeidet.

Atle Bjørn Mæhle, Stord sogelag, tok spørsmålet opp med Stord kommune og gjorde framlegg om at me saman laga eit prosjekt der me ordna til kulturminne i nærleiken av barnehagar og skular. Barnehagane og skulane kunne få eit visst ansvar for kulturminnet og på den måten få eit eigarforhold til det. Dei kunne bruka det i opplæringa når det høvde.

Kulturkonsulent Guri Aksnes tykte det var ein god ide, og ho drøfta det med kommunalsjef for barnehage og skule som var positiv. Guri tok kontakt med Idretts- og kulturkontoret i Hordaland Fylkeskommune. Dei var også positive, og arkeolog Solveig Lohne Rongved vart deira representant i prosjektet.

Døme på kva me kan gjera.

I prosjektet starta me med ei nausttuft på Rommetveit frå om lag år 1000. Kulturminnet var overgrodd med tre og buskar. Statsbygg som eig området hjelpte godt til og var med i prosjektet. Saman hadde me dugnader og rydda tufta. Nausttufta er 28 x 15 meter, og ein meiner naustet og skipet som var inni var ein del av leidangen.

I dette prosjekt var Stord sogelag, v/Atle Bjørn Mæhle, Stord kommune v/Guri Aksnes og Hordaland Fylkeskommune v/arkeolog Solveig Lohne Rongved, Statsbygg v/Ragnhild Lunde, Villvettene Friluftsbarnehage, og etter kvart vart Rommetveit skule og Nordbygdo ungdomsskule med.

I dette området tok med også med og la til rette ei gravrøys på Breivikneset frå år 0 – 200/300 etter Kristus.

Me fekk sett opp skilt med tekst og illustrasjonar. Me har lagt vekt på å få gode illustrasjonar og tekst som høver for barn og unge.

Barnehagen, skulane og andre har nytta desse kulturminna i ulike samanhengar. Villvettene Friluftsbarnehage har desse to kulturminna som postar i kulturløypa si.

Våren 2017 tok dåverande 6. klassar på Rommetveit skule utgangspunkt i nausttufta då dei hadde tema om vikingtida i opplæringa. Med utgangspunkt i ulike sider av livet til folk i vikingtida laga dei filmar som dei synte fram. Programmet som 6- klassane laga var sentralt i dette arrangement i regi av Kystsogevekene hausten 2017.

Barnehagen og skulen har avtale med prosjektet om å rydda og halda kulturminnet i orden.

Gjennom kunnskapar, forståing og opplevingar får barna og elevane innblikk i livet til forfedrane våre som dei vil få nytte av når dei lærer meir om vår eigen kultur, og når dei lærer om kulturen og historia til andre menneske.

Prosjektet «Bruk av kulturminne i barnehagar og skular» er no nesten ferdig med å leggja til rette kulturminna i Hystadmarkjo på same måten. Her er Hystad skule og Sævarhagen barnehage med i prosjektgruppa.

 

 

 

Sunnhordland»  13.11.17.

Husbyggjar gjennom eit langt arbeidsliv

Oddbjørn Kvålsvold

Ein av dei som har opplevd og hugsar korleis husbyggarane hogg til og reiste laftehusa er Arne Berger, som no er gått bort. I 2014 fortalde han meg «om eit liv som snikkar», like frå då han som smågut stod og saug inn inntrykk frå dei som øksa til hus for «Vindufabrikken» på Leirvik, der firmaet Ådland og Sortland heldt til. Arne ser for seg Vikjo slik ho eingong var, og fortel om Naustneset der byggefirmaet disponerte eit område. Hit kom tømmeret i lengder som var tilpassa materialista for å få minst mogleg kapp. Ja, for på denne tida frotsa ein ikkje i trevirke, fagfolk sette si ære i å utnytta materialane mest til siste tomme. Han hugsar godt korleis dei hogg til laftehus og kva fagnamn det er på dei forskjellige samanføyingar. Før huset vart teke frå einannan på Naustneset, merka dei stokkane slik at nav og losholtar fann sin rette plass når det skulle reisast oppatt på grunnmuren.

Fotoet viser korleis det såg ut i Osen i Arne sin barndom.Bilete er lånt hjå Sunnhordland Museum

Dei mange stundene ungguten nytta til å fylgja med på «hus reis deg» gjorde inntrykk. Tømmerfaget vart yrkesvegen for Arne Berger. Etter eit kurs i snikkarfaget og ein periode som trillebårmontør hjå Fjeldtveit på Ådland, vart det læreplass i firmaet til Jakob og Martin Klippen. Desse bygde på denne tid hus i Nedre Hagebyen for AS Stord. Det var bindingsverkshus verksemda sette opp i 1948, og byggmeisteren hadde 7– 8 mann tilsett. Byggemåten var tidkrevjande med berre bruk av handverktøy og muskelkraft. Det vart nytta reisverk av 2×4 tommar og 4×4 ved hjørne og vindu, fortel Arne. Teikningane som byggmeistrane sjølve laga var enkle, så detaljane måtte lærast. Husa vart avstiva med diagonalpanel utvendig før forhudingspapp, utlekting og bordkledning. Som læregut var det mykje skjering i langved for Arne, og «krabbing» (tilpassing) var tidkrevjande med mange problem, for byggmeisteren ville ikkje sjå ei glipa. Handsagene hadde ikkje den kvalitet me har i dag med herda sagblad, så oppsetting av sagene var viktig. Ikkje minst var det ei utfordring å få til ei god langvedsag. For husbyggarane i dag er nok verktøykassen til Arne Berger i siste halvdelen av 1940-åra noko enkel; hammar, to handsager, eit sett stemjern, vater, øks, kniv, fil og bryne. Det var inga elektrisk sag på byggeplassen på denne tida, og sjølv vanleg handverktøy var mangelvare i etterkrigstida. Seinare arbeidde Arne Berger hjå forskjellige byggmeistrar før han tok til for seg sjølv. Han nemner både Albert Bjelland frå Sunde og Olaf Nysæter. Nysæter arbeidde han hjå under oppføringa av STOBO sine rekkehusvære i Lønningsåsen i midten av 1950-åra. Han hugsar at i denne perioden vart han svært interessert i fagforeiningsarbeid og engasjerte seg i Stord Bygningsarbeiderlag. Arne fortel at det var ein viss motstand hjå enkelte byggmeistrar dei fyrste åra. Men foreininga ynskte oppmåling og akkord, som etter kvart vart akseptert også på Stord.

Arne Berger fortel om dei store endringane han var med på i sitt yrkesaktive liv. Det vart slutt på å spikra opp diagonal paneling utvendig, og det vart nytta ulike bygningsplater både utvendig og innvendig på husa. Trefiberplatene virka òg som avstiving når dei var spikra forskriftsmessig, og ein tok i bruk nye typar isolasjonsmateriale som glasvatt og steinull. Arne fortel om korleis forskjellig taktekking hadde sine periodar, med glaserte og uglaserte hollandske panner, bølgjeeternit og eternitskifer, icopal- og shingelpapp, og nye typar sementstein.

For Arne Berger var det eit nytt vegskilje då han vart plassrepresentant for Block Watne, og tok til å byggja hus for dei. Desse hadde ulike hustypar og planløysingar som mange unge familiar tykte vel om. Dei enklaste ferdig tilskorne husa med prefabrikkerte takstolar brukte han 300- 400 timar på. Husbyggjar må tolerera mykje høgare timeforbruk på ein arkitektteikna bustad med alt mogleg fiksfakseri. Prisen vart deretter, avsluttar veteranen innan byggefag Arne Berger.

Munnleg kjelde: Arne Berger – (1923 – 2016)

 

 

 

Sunnhordland»  01.11.17.

Då stuert Brose kom heim

Oddbjørn Kvålsvold

Mange av dei eldre på Stord hugsar enno gleda og folkehavet som var på kaien då krigsfangar og uteseglarar kom attende etter siste verdskrigen. Werner Hagerup har fortalt at han ofte var med musikklaget og spelte på Nattrutekaien ved slike høve. Mange av informantane mine har fortalt levande om synsinntrykka sine og den store gleda som folk viste dei som kom attende etter mange vanskelege år i uvissa.

Stuert Brose Valvatne i byssa

Brose Valvatne (1910 – 1996) var ein av dei som segla ute under siste verdskrigen. Han kom først heim fredsvåren 1945. Hans yrkeskarriere på sjøen byrja tidleg. Som unggut tok han stuertskulen i Tønsberg vinteren 1935 – 36. I ein samtale med Brose si dotter, Hanna Eldøy, fortel ho om dei vanskelege åra foreldra hennar opplevde. Hanna hugsar at dei fortalde om trulovinga i 1939 og planane om at faren skulle ta hyra i utanriksfart for å spara pengar før dei gifta seg og stifta familie. Men slik gjekk det ikkje. Hitler invaderte Noreg, og for dei trulova vart det 5-6 lange år i uvissa og med angst før planen kunne realiserast.

Brose Valvatne segla mykje på austkysten av Amerika og Canada i krigsåra, men hadde og fleire konvoiturar over Atlanteren. Mor til Hanna, Ragna f. Bjelland (1918-2011), fekk berre eitt livsteikn frå uteseglaren under heile krigen, eit lite sensurert «Rødekorsbrev». Så snart Brose fekk mønstra av etter Tysklands kapitulasjon, prøvde han å få plass med båt til Europa, men det viste seg å vera svært vanskeleg. Han stilte i kø på det Norske konsulatet i New York kvar dag for å skaffa billettar til Noreg utan å lykkast. Vidare var Brose inne på tanken om å ta heimreisa via Sør Amerika, for rykta sa at det var enklare.

Men som Hanna seier, «skjebnen er underfundig», for ein dag faren sto i «konsulatkøen», var det ein kjenning frå Valvatna som helste på han. Dette var skipper Per Valvatna på «MS Margrethe Bakke». Han skulle til Noreg dagen etter, og Brose kunne få mønstra på som «hjelpesmann» på passasjeravdelinga. Denne gladmeldinga vart formidla til Ranga på Bjelland , med ynskje om at ho skulle reisa til Oslo og ta mot kjærasten sin når båten klappa til kaien. Hanne fortel om familien som organiserte reisa til mora. Båt til Bergen, tog til Oslo og husrom hjå ein slektning, Sivert Bjelland, som budde der borte. Me kan knapt ana kva storhende dette var for Ragna, ikkje berre skulle ho få treffa att forloveden, for ho hadde reist lite og knapt vore utanfor Storden.

Hanna fortel om mora sine minne frå då ho møtte opp på Oslo Brygge og tok mot «MS Margrehte Bakke» og faren. Ragna og husvertane hennar i Oslo vart og bedne ombord i båten og fekk servert eit måltid som få hadde opplevd maken til under dei fem okkupasjonsåra Noreg. Etter to dagar i Oslo reiste Ragna og Brose kystvegen til Bergen og attende til Stord. I ettertid har denne turen vorte kalla «førebryllaupsreise» i den nære familien.

Tradisjonen fortel og om den storslegne mottakinga venene og familien deira hadde planlagt då kystruta kom til kaien på Vikjo. Frå Valvatna kom dei med pynta hest og storkjerra som stod klar på Nattrutekaien for å frakta krigsseglaren heim. Samtidsvitne (Anny, Liv, Ada og Else) var nett ferdige med handarbeidstimen hjå fru Olsen på Leirvik folkeskule då dei høyrde båten fløyte. Dei tok til palings mot kaien for å sjå «tante» stiga på land med sin kjærast. Og dei vart ikkje skuffa, dei fekk sjå ho koma på land i sine nye «Amerikaklede» som Brose hadde kjøpt, og smaka appelsiner som krigsseglaren hadde med til heimkomsthelsing.

Munnleg kjelde: Hanna Eldøy

 

 

 

Sunnhordland»  017.10.17.

Mina sin gris fall for ei tysk kula

Oddbjørn Kvålsvold
Mange hugsar Rasmine (Mina) Klette (1899 – 1980) som kom frå Kvinnherad til Stord i 1941, og var kjøkkensjef på Kjøteinen. Kjøkkensjefen var myndig, ja, nokon vil seia at ho var streng. I eit intervju «Systemposten» hadde med Klette, fortel ho om travle dagar på kjøkkenet, som var i 2. etasjen over den tidligare maskinverkstaden. Kantina var populær, og det vart laga til og servert middag til 3-400 personar pr. dag i periodar. Om ettermiddagen var det ofte opp mot 100 personar som fekk kaffi og smørbrød før dei tok fatt på overtidsarbeid, fortel kjøkkensjefen, som hadde 17 medhjelpar. Mina som ho vart kalla, fortel om svoltne middagsgjester og nemner spesielt læregutane. Sjølv var eg ein av dei som såg fram til middagen hjå Mina i mange år, og kan stadfesta at det vart snart tomt i skålene på «læregutbordet». I intervjuet fortel kjøkkensjefen at det var store kvanta som gjekk med til middagslaging når dei forskjellige rettane skulle serverast, 200 kg. fisk, ei heil sildetønne, 125 kg. pølser eller 2000 kjøttkaker.

Bilete viser korleis beddingane var plassert framføre plateverkstad 1, langt inn i 1950 åra. Bygget med kantina er midt i bilete, – bak.

Men slik var det ikkje i den første tida Mina Klette tok til som kokke på Kjøteinen. Fisk og sild var det bra tilgang på, men kjøt var mangelvare. Rasjonering og vanskar med råvarene førte difor til at AS Stord byrja med oppdrett av griser. Desse vart plasserte i ei innhegning ved sildoljefabrikken og fóra med kjøkkenavfall og sildemjøl. Då ho tok til med kjøkkentenesta i 1941, var det berre 17 middagsgjester, men dette auka raskt, så eigenprodusert grisekjøt og flesk kom vel med for å få variasjon i tilbodet.
Ei soge om grisene som skulle gje matauk til Mina sine kantinegjester fortalde Reidar Onarheim meg. Han byrja på Kjøteinen i 1941, og gjekk ofte nattevakt i krigsåra. Rundane gjekk langs kaiområdet og inn mellom bygningane for å oppdaga og sikra mot branntilløp eller «ubodne gjester». Ei natt han hadde pause på kontoret ved sildoljekaien, kom ein tysk patruljebåt sigande inn vågen og la seg til ved kaien framføre han. Etter ei tid kom to tyske soldatar på land med våpen og gjekk opp bak fabrikken. Reidar fortel at han ringte til leiar og informerte om at to væpna soldatar var på veg opp mot griseinnhegninga der 3-4 griser var plasserte. Då Reidar kom ut, høyrde han eit eller to skot frå området. Han gjekk opp mot innhegninga og møtte dei to soldatane som kom dragande med ein av grisene på veg til vaktbåten. Reidar minnest at det etter kort tid kom tyske offiserar frå Bjelland batteri, som saman med leiarar frå AS Stord, gjekk ombord i vaktbåten. Kva som vidare skjedde med soldatane, visste han ikkje, men grisen hamna i grytene til Mina Klette og vart servert til middagsgjestene på kantina.
Skriftleg kjelde: «Systemposten»
Munnleg kjelde: Reidar Onarheim ( 1919 – 2012)

 

 

 

 

Sunnhordland»  04.10.17.

Smio og verkstaden i Gruo

Oddbjørn Kvålsvold

I ein lang tidsbolk var Stordø Kisgruber den viktigaste og mest allsidige utdaningsverksemda på Stord i praktiske fag. For å sikra ei stødig og føreseieleg drift krev gruvearbeid gode fagfolk på eit breitt spekter av yrkesfag. Mange av dei styrande i landet har det siste tiåret prøvt å styrkja yrkesfaga etter at dei teoretiske vegvala lenge har dominert debatten. Verksemdene i Sunnhordland kan i dag hanka inn store og gode kontraktar tufta på ei grunnstamme av høgt kvalifiserte folk med fagkunnskap og tryggleik som berebjelken i åtferd.

Vaskeriet m.m

Vaskeriet m.m

Mange av dei eg har fått delt livsminne med fekk sin første kontakt med arbeidslivet i gruvemiljøet, men tok seinare nye vegval og skaffa seg teoretisk påfyll etter kvart. Gunnar Isdal er ein av dei som kom på lønningslista hjå gruveselskapet i 1947. Etter ei tid på lageret der Lars Jensen, Høgås og Ottesen arbeidde, fekk han jobb som hjelpegut ved dampsentralen i lag med kjente personlegdomar frå gruvemiljøet som Andreas Rekve, Horne og Olsen.

Gunnar fortel om ei spesiell god og lærerik tid i lag med smeden Sadok Risnes. Det var Risnes som hadde ansvaret for smia i mekanisk verkstad på denne tid, ein roleg og sindig læremeister som ikkje strødde rundt seg med fant og lureri. Ja, for på industriarbeidsplassane var det tradisjon å senda læregutar av stad for å henta «sleggefett» og andre finurlege hjelpemiddel. Verkstadsmeden som Gunnar var oppslagar for, hadde allsidige arbeidsoppgåver, og ungguten fekk trena inn både heilsving og halvsving i lag med dei andre fagutrykka av ein mann som kunne sitt fag. Eit av minna Gunnar trekkjer fram er Sadoks omsut for andre. Om vinteren med mange kuldegrader ute eller i periodar med vallasletta og kalde regnbyger fekk Gunnar ordre av Sadok’en om å fyra litt ekstra i essa før utegjengen på fem kom inn til matpause.

Ein som seinare arbeidde på mekanisk verkstad i Gruo, er Johannes Vetås. Han fortel om dei periodane han var mekanikar ved verkstaden. Vetås utdana seg først til masknistsjef og veksla då mellom sjømannsliv, skulegang og verkstadarbeid. Frå oppvekstår og arbeid i gruvemiljøet fekk han nærkontakt med flinke fagfolk. Ikkje minst var borsmedane i eit gruvemiljø mellom dei viktige og godt lønna arbeidstakarane. Ein god smed måtte ha kunnskap om mange forskjellige teknikkar, som å smi, sveisa, kløyve, herda og klinka for å nemna nokre. Men han måtte òg ha godt handlag, estetisk sans så vel som formsans. Videre var kunnskap om herdeteknikkane avgjerande. I dag vert borsmia nytta til utstilling ved gruvemuseet, fortel Johannes Vetås, men i hans oppvekstår var det borsmedane Olav Bjørnberg og Håkon Koppang som hadde ansvaret for å kvessa mineborane. Tradisjonen fortel at kvaliteten smeden leverte ved oppsetting av borutstyret var avgjerande for framdrift og forteneste for drivarane nede i gruva.

Johannes Vetås som er ein god hermar og forteljar, tek òg for seg smeden Olaf A. Gjesdal (1891-1964 og hans arbeidsplass nett innaføre døra i verkstadbygget. Som eg nemnde tidlegare var plassen rundt essa ein ettertrakta stad å eta nista i vinterhalvåret. Gjesdal  karakteriserer Johannes som ein dugande fagmann, men òg ein som hadde hugnad med lyrikk og skjemterim. Ei av strofene smeden serverte med hendene på ryggen, mens han gjekk fram og attende rundt sitt revir var; «om vinteren har smeden mange vener,- om sommaren han ingen kjenner».

Munnlege kjelder:

Gunnar Isdal f. 1929

     Johannes Vetås f. 1940

 

 

«Sunnhordland» 18.09.17 

Mange reiste til Amerika

Oddbjørn Kvålsvold

 Dette er bustaden Olav Normann Nysæter flytta inn i Snikkarsvingen og som gav namnet til staden. Snikkaren, NILS N. Nysæter (bestefaren) hadde verkstad i kjellaren til venstre på bilete. Me ser «Siggjo» i bakgrunnen. Foto: privat

Dette er bustaden Olav Normann Nysæter flytta inn i Snikkarsvingen og som gav namnet til staden. Snikkaren, NILS N. Nysæter (bestefaren) hadde verkstad i kjellaren til venstre på bilete. Me ser «Siggjo» i bakgrunnen. Foto: privat

I ein tidsbolk der diskusjonane om innvandrarar og flykningar er heftige, kan det vera på sin plass å minna om kvifor mange stordabuar drog til Amerika for 2-3 generasjonar sidan. Ein av forteljarane mine, Olav Normann Nysæter har, sine første livsminne frå Amerika, der mange òg i mellomkrigstida søkte etter betre levestandard med von om romslegare økonomiske kår. Far til forteljaren, Olav N. Nysæter og mora Gunnhild f. Dybvik, flytta til Brooklyn der faren fekk arbeid på eit skipsverft. Olav Normann som vart fødd der borte i 1931, fekk ei syster, Eli Marie, etter to år, men innvandrarane fekk det vanskeleg etter kort tid, for mora fekk tuberkulose. Ein sjukdom som på denne tid sette alvorlege spor i mange familiar både her i Noreg og verda over. Han var berre 5 år då mora døydde frå dei, og faren sat att med to små ungar utan det sosiale tryggingsnettet me har i dag. Dei første livsminna hans er difor om ei mor som vart isolert frå familien på grunn av den smittsame sjukdomen ho hadde.

Løysinga vart at Olav Normann og søstera flytta til farbror Sigurd og kona Ingeborg, som òg var innvandrarar. Dei budde i Detroit, ein by opp mot grensa til Canada. Onkelen var ingeniør på ein Ford-fabrikk, og han minnest at dei budde i eit stort hus midt i byen. Forteljaren min har fleire livsminne frå denne perioden. Ein gong tanta kvilte middag, gjekk han ut på eiga hand og skapte trafikk-kaos i storbygata. Minne om uniformerte politi, bilar i «kryss og krake» og formanande ord vart eit av minna frå Amerika. Etter episoden då han laga trafikkork i Detroit, leigde farbroren eit hus i meir landleg omgjevnad, med utedo og moskitonett for dørene. Der fekk han tilfredsstilla utforskings-trongen i ein tryggare heim med stor hage. Olav Normann har òg livsminne om kalde vintrar med snø og forviklingar når dei var ute med onkelen sin bil. Ein gong dei hadde gløymt å fjerna ein vinterfrakk som var lagt over motoren til vern mot kulda, tok denne fyr og vart eit livsminne saman med filmopplevinga av «Trollkjerringa som laga gift». Olav Normann og søstera snakka berre engelsk på denne tid, men dei var glade i å syngja, så tanta Ingeborg lærte dei utvandrarsongen, « Kan du glemme gamle Norge ….»

Men bankkrakk der faren tapte pengar og store utgifter under mora sin sjukdom og dødsfall førte til at familien reiste attende til Noreg i 1938. Dette var òg ein periode med vanskeleg arbeidsmarknad i Amerika, så faren braut opp og tok «Oslofjord» heimatt og etablerte seg på heimagarden hjå foreldra Eli og Nils N. Nysæter. På småbruket til besteforeldra på Nysæter tok ei ny tid til for 7-åringen som knapt kunne eit ord norsk. Bestefaren, «snikkaren» som han vart kalla, laga møblar på gamlemåten utan elektrisk utstyr. Solide eikemøblar eller i anna trevyrke vart forma på høvlebenken, saga til og høvla for hand, tappa saman med handjern og limt med hornlim frå limgryta. Her var bær- og frukthage, gris, høns og ku. Men det er ei anna historie.

Munnleg kjelde:            Olav Normann Nysæter f. 1931

 

 

 

«Sunnhordland» 04.09.17 

«Den sorte dame»

Oddbjørn Kvålsvold

Soga om «Den sorte dame» er det fleire av forteljarane mine som har historier om. Dei har minne frå krigsåra då ei dame vandra rundt i området Leirvik, opp mot Vatnadalen og fjellområdet ved Ravatnet. Enkelte som var i fjellet på sauesanking eller skulle hausta bær, trefte på ei ukjent dame, kledd i mørke klede. Som lokalavisa Sunnhordland skriv i august 1944, var det vanleg med «mystiske damer» rundt om i landet på denne tid. Men i enkelte bygdelag var nok desse mørkkledde damene meir skumle en ho som slo seg ned på Stord i ein periode. Eg kan nemna at i mi heimbygd hadde «Rinnanbanden» si utsendte mystiske svartkledde dame. Ho skulle innhenta nyttig informasjon for krigsherrane etter sabotasjen på Thamshavnbanen i 1943. Eg hugsar at ungane vart skremtde med den svartkledde, som luska rundt i nabolaget. Ja, respekten for den dama var nok stor, for enno kjenner eg mest «ryggmargsreaksjon» når namnet Rinnan eller «den sorte dame» vert nemnt.

Bladet Sunnhordland skriv16. november 1943:

«Ei vidløftig dame gjesta Stord i slutten av fyrre vika. Ho gjekk ingi dør forbi, men var innom i gangane og såg etter i kåpe- og frakkelommor um der var brukande verdisakor. Ein stad for ho med heile baksten av potetkakor. Nattelosji tok ho seg i parkerte bilar og some netter kom det burt dameundertøy frå klessnorene. Fyrst når «den sorte dame» som ho vart nemnd, var vel fordufta, vart ho meld til politiet.»

Vidare skriv bladet Sunnhordland om den ukjente, i august i 1944:

«… som ein vil hugsa vart ho sett fast her på Stord i november månad. No vel, no viser det seg at ikkje alle har vore like lette å skræma, tvert imot har det vore eit par mann som har hatt interesse av å verta kjent med henne dei dagane ho var her, og så godt kjent at dei no vert innstemnde som far til barnet som er ventande. Den sorte dame segjer sjølv at faren ikkje er Stordabu, men politietterforskinga syner at ein mann frå Leirvik er implisert – i alle høve var det her ho hadde funne «den store kjærleiken», og so løyser nok styresmaktene floken um kven som er den rette»

Tradisjonen fortel at dama fekk bu i ei hytte på fjellet i den perioden ho var på Stord, og at det var fleire i lokalsamfunnet som kjente til dette. At hennas nærmeste ven på Stord bar mat til henne og hadde jevnlig kontakt, var kjent. Ein av mine gode vener som er gått bort, var flittig fjellvandrer. Han fortalte at han råka på «den sorte dame» i Vatnadalen og ved Ravatnet fleire gonger.

Men som lokalavisa Sunnhordland opplyser i si overskrift i august 1944, «den sorte dame skulle ha små», og farskapssaka endte med at stordabuen måtte ta ansvar. Så vart historia om den mørkkledde i Vatnadalen gløymt av dei fleste, men soga enda ikkje her. Mange, mange år seinare, då buet etter «den sorte dame» sin ven på Stord skulle gjerast opp, var ætlingar etter romansen i fjellet ein av partane i arveoppgjøret.

Skriftleg kjelde:             Bladet Sunnhordland

Munnleg kjelde:            Per H. Hystad – (1912-2011)

 

«Sunnhordland» onsdag 16 august 2017

Acetylen- og oksygenfabrikken ved Stord Verft

Oddbjørn Kvålsvold

 Industrimuseet på Kjøtteinen har teke vare på dette mobile skjærebrenneutstyret med acetylen og oksygenflasker. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Industrimuseet på Kjøtteinen har teke vare på dette mobile skjærebrenneutstyret med acetylen og oksygenflasker. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Etter som stålskipsbyggjeria voks fram i Sunnhordaland, vart det trong for større mengder av acetylen- og oksygen til industriell bruk. I «Systemposten» som kom ut til jul i 1958, er det ein artikkel med tittelen; «Med luft, vann og karbid som råmatriale». Denne fortel om den nye gassfabrikken som nett hadde starta opp på Kjøtteinen. I byrjinga arbeidde det fire tilsette ved fabrikken, der Vidar Djuve var maskinmeister og Alf Hjelmen gassmeister, saman med Arne Hansen og Konrad Tranøy.

I ein samtale med Alf Hjelmen fortel han om då han fekk tilbod om jobben på gassfabrikken av Onar Onarheim og måtte reisa til NAG sin fabrikk i Stavanger for opplæring. Vidar Djuve var då tilsett og hadde vore på fabrikken i Bergen på opplæring. Vidare arbeidde Hjelmen ei tid på gassfabrikken i Mo i Rana for å få erfaring med drift og vedlikehald. I den første perioden før dei tok til å produsera på Kjøteinen, fekk fabrikken enkeltflasker og flaskebankar på 12 stk. med bilar frå Bergen Størstedelen vart levert direkte inn på røyrsystemet på verftet, men og dei andre brukarane i Sunnhordland sparte store summar i fraktkostnader etter at gassen vart produsert i nærområdet.

Andreas Valvatna som arbeidde ein peiode på gassfabrikken, fortel om produksjonen i dei åra han var der. Karbiden som vart nytta til å laga acetylengass av, kom med trailerar frå Odda Smelteverk. Fata på 100 liter vart opna med spesialverkty for å unngå gneistar og vart tømde i produksjonsmaskina. Her vart det tilsett vatn som aktiviserte karbiden og det vart danna acetylen ved ein kjemisk reaksjon. Acetylengassen Andreas var med å laga, vart pumpa på flasker for sending eller tilkopla flaskebanken for fordelingsnettet på verftet. Restproduktet av produksjonen var kalk/ slam, som Halbert Landa (1891 – 1967) henta med hest og kjerre kvar gong dei reingjorde utstyret. Dette var kalk som bonden på Landa brukte på bakkane sine, eit fint tiltak for god utnytting av ressursar. Eg vil og nemna at eldre arbeidarar har fortald at dei var med og brukte karbidlykter som lyskjelde ute på verkstaden under og etter siste verdskrig på Kjøtteinen. Så det var ikkje berre i Gruo slike lykter vart nytta som arbeidslys.

Alf Hjelmen fortel òg om dramatikken som oppstod då fabrikken brann 6. mars 1975. Røyrsystemet nede på verkstadområdet var den gongen ikkje fullverdig sikra mot «tilbakeslag», noko som kan henda når ein brukar varmebend eller skjerebrennar utstyr. Ein antok at flammar hadde spreidd seg opp til fabrikken via røyrnettet. Alf hugsar at då «tilbakeslaget» nådde inn i fabrikken, slo stikkflammane ut i alle retningar, men heldigvis nådde han stoppknappen og fekk stengt av produksjonsutstyret. Sjølv vart han påført sviskader i andletet då han sprang til kranane for å stenga ned fabrikken.

For oss som arbeidde på verftet, sit minna frå den dramatiske, eksplosjonsarta brannen som eit skrekkscenario i oss. Me hugsar drønna då acetylenflaskene rivna inne i fabrikken, eldtungene og den svarte røyken. Me såg flaskene med gass som fauk ut gjennom taket og flammane som var faretruande nær dei store tankane med oksygen bak fabrikkbygget. Men stordsamfunnet var heldig, Alf Hjelmen nådde naudstoppen. Og Stord Verftet sitt industrivern saman med Stord kom. brannvern klarte å verna og kjøla ned dei store tankane med oksygen. Ja, frislepp av så store mengder oksygen ville kunna medført uante fylgjer for nærområdet.

Historia om gassfabrikken som vart bygd på Kjøtteinen i 1958, sluttar ikkje her, – men noko av utstyret enda i Libanon, fortel Andreas Valvatne. Han var med og demonterte røyr og produksjonsutstyr og merka delane før dei vart pakka og eksportert. Vidare kom det to libanesarar til Stordfabrikken. Dei fekk opplæring og var med på jobben. Norgass AS sin fabrikk i Kristiansand hadde ansvaret for sal og skulle hjelpa til med monteringa i Libanon.

Munnlege kjelder: Alf Hjelmen f. 1923

Andreas Valvatne f. 1933

Skriftleg kjelde: Systemposten

 

 

 

«Sunnhordland» måndag  31.  juli 2017

Dei mange skogsvegane   – til glede og nytte for folk flest

Oddbjørn Kvålsvold

 

Turgruppa frå Hageruphuset på tur langs Revasteinsvegen. Foto: Oddbjørn Kvålsvold.

Turgruppa frå Hageruphuset på tur langs Revasteinsvegen. Foto: Oddbjørn Kvålsvold.

Som dei naturglade i Stord kjenner til har me mange skogsvegar i kommunen. Ja, det er ikkje alle forunnt å ha eit så systematisk og lett tilgjengeleg skogsvegnett rett utafor stovedøra. Skogsvegane har vorte mest ei felleseiga der innbyggarane kan hausta påfyll. Vegane vart primert bygde for å ta ut trevirke på ein enkel og rasjonell måte, men har i over 50 år fungert til glede for alle som har hugnad av natur- og kulturlandskap. I samtalar med Arne Knutsen har eg fått kjennskap til litt historikk om skogsvegane på Stord. Arne Knudsen vart tilsett som skogretningsleiar i kommunen i 1957 og var frå første dag ein pådrivar for å byggja skogsvegar. Vegnettet han planla og fekk realisert, har ei lengde på meir enn 11 mil, og «målsetjinga har vore å byggja så gode skogsvegar at ein kjem lengst mogleg inn i skogen med hjuldoning, traktor eller bil», som det står i skogsvegplanen. Om finansieringa av skogsvegane fortel Knutsen at på denne tid var det statleg tilskot på 50 %, kommunen deltok med 10 – 20 % og resten vart fordelt på grunneigarane som hadde nytte av vegen. På enkelte vegar, «som hadde stor allmenn nytte», dekka òg kommunen grunneigardelen og. Blant dei første skogsvegane som vart bygde, var Pontåsvegen i 1958, på 2020 meter til ein kostnad av 150.000 kroner. Ein annan veg me har hatt stor glede av er Krakateigsvegen i Valvatnemarka som vart bygd i 1984. Denne er 3 km lang og kosta 272.000 kroner. Arne Knutsen fortel at då dei tok til å byggja skogsvegnettet, vart bulldosar nytta, men etter at ei moderne gravemaskin vart utprøvd, viste det seg at desse var mykje meir effektive. Med ein flink køyrar ved spakane fòr dei skånsamt fram i terrenget og hadde god framdrift. Maskinhjelpa vart innleigt til timespris, og Brøyt’en eigna seg svært godt til skogsvegbygging, seier Knutsen.

I ein samtale med Ingvar Lunde, som var maskinkøyrar hjå W. Engelsen Ettf., fortel han om dei første oppdraga han hadde for skogreisingsetaten. Arbeidsgjevaren hadde kjøpt inn ei gravemaskin som var produsert på Bryne, og den fungerte godt til skogsvegbygging. Desse modellane Brøyt-X2, flytta seg framover ved å stå på fire hjul og dra seg fram med skuffa i ulendt terreng. Første oppdraget var å byggja Eikekleivsvegen på 1000 meter i 1964, frå Sjoalèmyra mot gamle skyttarbanen i Nordbygdo. Massane vart tekne frå sidene, vegbana jamna til og grøfter tilrettelagt med maskin. Lunde fekk mange oppdrag i skogane på Stord med gravemaskina. Han fortel om vegen frå Sjoalèmyra langs Hedledalen, Skjephaugen til Midtvad, Raudkleiv til Hustrudalen og frå Digernes til Valvatnavågen, for å nemna nokre. Bestefaren Ingvald Engelsen var òg skogsvegbyggjar. I 1952 bygde han Lundemannsverkvegen, ein skogsveg på 1000 meter som framleis vert brukt. Men her vart ikkje maskinelt utstyr nytta, berre grafsa, trau, hest og kjerra, fortel Ingvar.

Rekreasjonsverdien av skogsvegane på Stord er stor. Det er mange turgrupper i kommunen, og me bruker skogsvegane systematisk til å planleggja fellesturar året rundt. Eg trur knapt noko anna enkeltiltak har vore med å gjera naturen så tilgjengeleg for ålmenta i kommunen . Vegane stetta både skogeigarane sin trong for tilkomst til eigen skog, og innbyggarane sin trong for rekreasjon og naturopplevingar.

Skriftleg kjelde:            Arne Knutsen: «Skogsvegplan/ rapport» – 1998

Munnlege kjelder:       Arne Knutsen – f. 1934

                                        Ingvar Lunde – f. 1937

 

 

 

«Sunnhordland» måndag  17.  juli 2017

Børtveit kraftstasjon – maskinmesteren fortel

Oddbjørn Kvålsvold

 Bilete synleggjer i alle fall kor vanskeleg og krevjande det var å byggja ut Børtveit kraftstasjon med samtidas tekniske utstyr.

Bilete syner kor vanskeleg og krevjande det var å byggja ut Børtveit kraftstasjon med samtidas tekniske utstyr.

For grenda Børtveit på Stord vart det store omveltingar i lokalsamfunnet i 1919. Stordø Kisgruber hadde trong for meir elektrisk kraft, og verksemda hadde ei tid vore på utkikk etter vassdrag som kunne byggjast ut, fortel Anders Børtveit, mangeårig maskinmeister på kraftstasjonen. Som ein del av utbyggingsvilkåra fekk kvar av dei to gardane på Børtveit 12 Hk (ca. 9 kW) gratis straum til rådvelde, og avtalen er gjeldande så lenge svinghjulet på kraftstasjonen svirrar rundt. Ja, dei «fråtsa i straum», hugsar han, og konsesjonskrafta fekk stor verdi for seinare gardsdrift. Som døme på dette fortel han om broren Bjarne, som nytta mykje straum til hønseriet og utruging av kyllingar.

Anleggsdrifta som tok til i 1918, var arbeidskrevjande og tungvint sett med dagsens augo. Anders fortel historier om svenske og finske rallarar som kom til Børtveit med fagkunnskap, og som budde i brakka oppe ved Svartevatnet. For oss som er vane med moderne teknisk anleggsdrift, med helikopter-transport og tunneldriving med moderne laserstyrte boreriggar, kan vanskeleg ta innover oss kva fysiske påkjenningar denne driftsforma hadde. Før taubanen kom i drift, måtte sand, sement, dynamitt og utstyret berast på ryggen opp den bratte lia. Mykje betong skulle blandast for hand til fundament for røyrgata, damanlegg og forstøypingar. Rallarane som kom til Børtveit, var kjentde med tungt fysisk arbeid og ytte mykje rå muskelkraft i lag med lokal arbeidskraft før anlegget sto ferdig i 1922. Som ein del av første byggetrinn vart det slege ein 450 meter lang tunnel frå Nonstadmyrane og inn under Svartevatnet.

Tunnellen frå Svartevatnet til Strupen i Tjødnadalen er på 700 meter og vart driven for hand, fortel Anders. Tunnellmassane vart transporterte ut med vogner som dei lasta opp med grafsa og trog. På slike anlegg vart og mykje lausmassar transportert med trillebårer. Smia til anlegget var plassert ved Nipen der tunnellinnslaget var. På denne tida var smeden ein av nøkkelpersonane på anlegget og hadde mykje å seia for framdrifta. Ein dugande smed skulle aldri bomma på herdinga av borestålet.

Om arbeidsforholda var primitive sett med dagsens standard, var ikkje brakkelivet særleg betre. Brakka ved Svartevatnet hadde eit stort rom som vart nytta til opphaldsrom innreia med to køyrekker med seks liggeplasser. Rommet vart òg nytta som matrom (pauserom) og arbeidskleda vart turka på snorer under taket. Samtidskjelder fortel frå brakkelivet at dei sveitte og vasstrekte kleda gav frå seg ein sterk eim og ubeskriveleg lukt. Anleggsbrakka hadde og eit lite kjøkken og soverom for kokka. Oppe på lemen var det sovesal for anleggsfolka. Det var tilrettelagt liggeplassar på begge sider av ein smal midtgang med hovudet ut mot ufsa, fortel Anders. Soveplassane var avdelte med eit trebord på høgkant mellom kvar sengeplass, og sponmadrassar var sydde av jutesekker. Den personlige hygienen vart ivareteken i gangen der hyller med vaskefat var plasserte, og borte i skogkanten var det bygd eit luftig utedo som dei 15– 20 anleggsfolka nytta.

Dette er litt frå soga om utbygginga av Børtveit kraftstasjon, slik Anders Børtveit fortel etter tidligare maskinmeister Ludvik Olai Tungesvik (1899-1979). Tungesvik var med på anlegget frå starten av og fortalde Anders om eit arbeidsmiljø og ei driftsform som er fjernt frå dagsens anleggsdrift. Vassrettane som dei to børtveitgardane selde i 1918, fekk mange positive verknader for stordsamfunnet. Ikkje minst skaffe anleggsdrifta ny aktivitet og arbeidsplassar i ei vanskeleg etterkrigstid. Kraftstasjonen som skulle sikra nok straum til nye-heisen i gruva, gav òg straum til elektrisk ljos i alle arbeidarheimar, slik at parafinlampa kunne skiftast ut med moderne ljoskjelder. Dette var starten for Børtveit kraftstasjon, men i 10-åra som følgde bygde eigaren vidare ut med nye vasstunnellar og damanlegg , avsluttar Anders Børtveit.

Munnleg kjelde:            Anders Børtveit- f.1928

 

 

 

 

 

«Sunnhordland» måndag  3. juli 2017

Ei banknæring i utvikling

Oddbjørn Kvålsvold

Me eldre som lever i dag har hatt eit livslaup som ingen makta å førestilla seg berre for nokre tiår sidan. Livssituasjonen og kvardagen har endra seg med kvanteskritt frå våre oppvekstår til dagens digitaliserte verd. Både heimane, kvardagen og arbeidsplassar er vorte arena for den enorme tekniske utviklinga. Det er vanskeleg for oss eldre å gjera seg nytte av å fylgja med. Nokon kvar av oss litt opp i åra kjenner på maktesløysa kvar gong me må læra å ta i bruk nye «dubbe dittar» for å kunne fungera i den digitaliserte kvardagen.

Ein av dei som har fått med seg digitaliseringa til fulle, er Tormod Folgerø som no er pensjonist. Han starta som bankfunksjonær i Sunnhordlandsbanken/ Vestlandsbanken i 1960 og fekk oppleva ei næringsverksemd med store krav til fleksibilitet og omstilling frå innsida.

Folgerø byrja sitt virke i banken som kasserar då dei heldt til i Frugårdbygget i Borggata. Her var det fire kollegaer, banksjef Fadnes, bokhaldar Nordenborg, fullmektig Saue og kasserar Sæbø. I 1960 vart mest alt arbeidet i banken utført manuelt, og renter vart utrekna og bokført saman med andre transaksjonar etter kvart. Rett nok hadde dei ei enkel maskin som utførte bokføringsrutinane. Alt skulle vera klart og avstemt til dei to revisorane kom og utførte sin kontroll på slutten av arbeidsdagen. Bankoppgåvene i byrjinga av 60 åra var lån og innskot, litt valuta og reisesjekkar, vekslar og akseptar. Men bankdrifta hadde sin deadline som måtte fylgjast, fortel Tormod. Vart ikkje vekslar fornya før klokka 12 forfallsdagen, måtte banken gå til notarius publicus som på denne tid var lensmannen, for å protestera og få kravet registrert. Dette var ein svært viktig del av drifta, å klargjera for inkasso.

Dette vart ein periode med rivande utvikling både for dei bak skranken og for oss kundar. Sjekkheftet vart innført, og bankane på Stord oppretta kundekontor ved Stord Verft og Fylkessjukehuset i ein overgangsperiode. Folgerø fortel at dei utvikla lønnssparekonto-ordning, og mange lønnstakarar fekk ein fast sum sett inn frå løn til sparekonto kvar lønnsutbetaling. For mange vart dette starten på aktiv sparing og eit nærare forhold til banken. Folk vart aktive bankkundar som ikkje lenger sto med huva i handa, men som drøfta både lån til hus, byggelån og billån med banken. Den pensjonerte bankmannen hugsar at dette var ei tid med rivande utvikling og aktivitet i banken. Spesielt var laurdagane travle, då mange sto i kø for å løysa sin banktrong. Lokalbankane på Stord var viktige aktørar inn i ei tid med rivande utvikling i lokalsamfunnet og stor trong for banktenester. På denne tid hadde bankane fått terminalar i kvar kasse, transaksjonane gjekk direkte, og ny saldo var tilgjengelig med det same. Så kom plastkort, bankterminalar, bankgiro og nettbank. Krava om kostnadsreduksjon råka også bankane med rasjonaliseringskrav og stopp i nytilsettingar.

Avslutningvis tek eg med eit lite hending som skjedde under første gullalderen på Stord i siste halvdel av 1970-talet. Det var ei tid då bankane her fekk nye utfordringar, ikkje minst eksploderte valutahandelen. Manglande legitimasjon førte til flere episoder, og Tormod Folgerø fortel om ein finne som på gebrokken svensk kravde samtale med banksjefen. Her flerra han opp skjorta framme og forkynte med høg røyst: «Her står Suna Bjørk på mitt bryst, ingen annen har en slik signatur tatoverad, og jag vil ha pengene». Ein original legitimasjon, men denne vart godteken.

Munnleg kjelde: Tormod Folgerø – f. 1934

 

 

«Sunnhordland» måndag 19. juni 2017

Ein oppvekst i krambumiljøet

Oddbjørn Kvålsvold

Sagvåg som den nest største tettstaden i Stord, har i alle år vore ein viktig del av kommunen sitt buområde med mange arbeidsplassar. Sagbruksdrift med omsetning av trelast, mølla og skipsbygging hadde lange tradisjonar før dei første kassane med kis vart transporterte med bremsebane frå Storavatnet ned til sjøen i Sagvåg i 1867. Ein av dei eldste sagvågsgutane, Svein S. Jonassen, har fylgt tettstaden og utviklinga gjennom eit langt liv. Han er difor ei god kjelde med verdifulle livsminne frå ei tid dei unge i dag ikkje heilt klarer å oppfatta og som me eldre delvis har fortrengt. Men boka «Soga om Sagvåg» som bygdelaget gav ut i 2012, har sikra mykje stoff frå samtidskjelder.

Krambua til Sigurd Jonassen midt i bilete

Krambua til Sigurd Jonassen midt i bilete

Som nemnt i innleiinga er Svein S. Jonassen ei god kjelde om soga til tettstaden, og har i opptak fortald om oppveksten i eit typisk krambumiljø der dei omsette mest alt. Ja, for det faren Sigurd ikkje hadde på lageret vart tinga. Svein minnest at det var stor trafikk på hamna, med båtar som kom og gjekk, og det var mykje å fylgja med på. Som ungar måtte dei hjelpa foreldra med drifta av krambua og yta etter evne. Mykje av varene faren tinga kom i sekker og tunner med båtane frå «bydn», og det var Svein si oppgåve å transportera varene frå kaien til lageret etter kvart som han vaks til.

Vareutvalet hjå dei driftige kolonialhandlarane femnde i vår nære fortid over eit breitt spekter vareslag. I 1952 kom boka «Det norske næringsliv – fylkesleksikon» ut, og under S. Jonassen, Sagvåg, står at salet omfattar, «kolonial, mel, og fetevarer, steintøy, manufaktur og jernvarer, malervarer, kull, koks, ved, bensin, brensel og smøreolje samt høy og fòrvarer». Vidare står det i leksikonet at verksemda driv frakteforretning på kysten med tre fartøy, og samla sysselsette drifta til Jonassen inntil 15 personer.

Båtane som dei handelsreisande nytta for å presentera varer, er òg minne Jonassen fortel om. Sundt, Wallendahl og Kløverhuset hadde flotte agentbåtar som la til ved kaien. Dei handlande i bygda vart bedne ombord for å få presentert vareutvalet som var utstilt i stilige salongar. Her hang tett med klede, og koppar og kar var utstilt i hyller, mens andre agentbåtar kom med tobakksvarer eller jernvarer. Ombord vanka det traktament, her vart servert kaffi, sigarar og dram for dei som ønskte det.

Svein S. Jonassen fortel elles mange artige minne frå ei tid då mest berre margarin og handsåpa var porsjonert og innpakka, alt anna kom i stampar, «butt», sekker, tønner og fat. Ikkje minst skapte sirupen problem om vinteren, den var treg å få over i mindre emballasje. Faren eller butikkjenta gjekk då vekk frå tønna som var plassert i bua, for å nytta tida til andre ting. Ein gong jenta hadde gløymt seg heilt ut, møtte sirupstraumen henne mest i døra. Ho som kom frå utelyset inn i mørket, såg ikkje dette og glei så lang ho var inne på golvet. Tradisjonen fortel om ei flau butikkjente som kom ut tilgrisa av sirup både på klede og i håret.

Munnleg kjelde: Svein S. Jonassen- f.1930

Oddbjørn Kvålsvold

 

 

«Sunnhordland» onsdag 7. juni 2017

Sæbjørns-Adnesekjo – husmannsplass og lærarbustad

Egil Nysæter

Somme av dei gamle husmannsplassa fekk namn etter dei som budde der. Dei fleste etter husmannen, men nokre få også etter huskvinna. Men berre for eitt einaste plass er begge namna komne med. Det er Sæbjørns-Adnesekjo i Sagvåg. Plasset ligg på sidevegen ned frå Sagvåg bru, og har i dag adresse Einarsdalen 7.

I 1830 slo Sæbjørn Bertelsson og Kari Olsdotter seg ned som dei første plassfolka i Buneset «som ei forhen af Huusmann har været beboet». Han var frå husmannsplasset Sagvågen og ho frå Almåspodlen. Dei budde i det gamle Bunes-tunet nede ved Sagvåg bru. Kari døydde i 1837 og etter fem år gifta så Sæbjørn seg med Anna Madsdotter frå Eskeland. Rundt 1847 flytte dei til det stykket som seinare er nemnt som Sæbjørns-Adnesekjo. Det tyder «den frodige, våtlendte enga» der Anna (Adna), enkja etter Sæbjørn, budde. Han døydde i 1866 medan Anna levde ti år lenger. Begge vart rundt sytti år gamle.

«Sæbjørns-Anna stykket», som det står i gamle papir, var berre vel 2 mål stort. Folketeljinga i 1865 fortel at dei då hadde to storfe (vel ku og kalv) og sådde ei halv tønne med havre og det same med poteter. Ti år seinare, då Anna var enkje, er det tale om ei ku, ei kvart tønne havre og 3/8 tønne poteter. Men då laut Anna også få litt frå fattigkassa. Det er grunn til å tru at Sæbjørn i si tid har hatt inntekter frå tilfeldige jobbar, kanskje helst sagbruksarbeid rett nedanfor. I eldre tid heitte vegen forbi stykket Tømberstøvegen som gjekk ned til Tømberstøo.

Det er uklart om det budde folk på plasset etter at Anna var død. Eng og åker vart nok brukt av Mathias M. Sagvåg som eigde stykket.

Ola Aa, «Aa’en» kom til Sagvåg som lærar i 1916. Året etter fekk han kjøpa Sæbjørns-Adnesekjo, og han og kona Kaia bygde seg så hus der. Men seks år seinare selde dei til Stord kommune som nytta huset til lærarbustad. Det budde ein lærar i nederste etasje og ei lærarinne i øverste.

I 1956/57 vart huset utvida og modernisert. Men ikkje utan debatt i kommunestyret. Det kløyvande spørsmålet var om ein no skulle kosta bad i huset. «Handi i veret dei som ikkje har bad i huset!», sa ein av representantane. «Det viste seg at det store fleirtal ikkje hadde det.» Men baderom vart det likevel.

Mot slutten av 1970-talet leigde kommunen ut til andre enn lærarar. Huset vart ikkje vedlikehalde og til slutt var det ståande tomt. Det vart rive i 1989. Men kommunen eig framleis stykket.

Kjelder: Eige manus til ny busetnadssoge for Stord. Digitalarkivet. Syvert Birkenes: Sagvåg skule 50 år. http://skole.stord.kommune.no/sagvaag/pdf/skulehistorie_birkenes.pdf. Referat i Sunnhordland 23.08.1955.

 

 

 

«Sunnhordland»  måndag 22.. mai 2017

Gode livsminne frå Gruo

Oddbjørn Kvålsvold

Folk som vaks opp i Gruo, kan fortelja minne frå eit aktivt nærmiljø der idrett og leik gjekk hand i hand. 1950- åra var ikkje berre ei blomstringstid for Stordø Kisgruber, men òg for idrottslivet på staden. I 1960 vann Litlabø skule friidrottstevlinga mellom skulane på Stord for tredje gong på rad og fekk dermed skjoldet til odel og eige. Dette fortel historikaren Øyvind Bjørnson i jubileumsboka om Litlabø-samfunnet som kom ut i 1991.

Johannes Vetås flytta til Litlabø som tenåring i 1954 og vart ein del av eit aktivt idrottsmiljø. På denne tida var Parken i Gruo samlingsplassen for tenåringane, fortel Vetås. Etter fagutdanning ved Stord Verft reiste han til sjøs, tok masknistutdaning og seinare ingeniørskule før han vart lærar ved Sikkerhetssentret på Sotra. Han bur no i Nord- Hordaland, men er attende til «Venelaget for Gruo» og gir ei hjelpande hand både titt og ofte. Her råker han mange av sine vener frå ungdomsåra på Litlabø, gode år med mange kjekke minne, fortel han. Sjølv om området i Parken arealmessig var snevert, fekk mange der sine første treningsøkter og kontakt med organisert konkurranse i friidrottstevlingar, både høgdehopp og stille lengde. Område var ein samlingsplass for alle borna i det sterkt klasseprega gruvesamfunnet. Men ungane fann felles interesser i tevlingane i Parken og det vart utvikla idrottstalentar der. Om borna hadde ein funksjonær, drivar eller dokaggetømer som far, var ikkje noko hinder for å delta i miljøet, minnest han. Dette var 1. generasjons innvandrarborn, med foreldre som hadde flytta til Gruo. Dialekten som vart nytta i veneflokken, var eit «samsurium», ei blanding med innslag frå heile landet.

For ungane på Litlabø var det ein stor dag då dei kunne ta i bruk grusbanen i Rødkleiv. No vart det større fart i treninga, for her var det meir profesjonelt utstyr. Ikkje minst var det tilrettelagt 60 og 100 meter banar, men det var òg 400 meter, der ein sprang 1 ½ gonger rundt grusbanen. I dette miljøet var Ivar Helleland og Magne Høgås førebilete, fortel Johannes Vetås. Han hugsar at Helleland hadde ein unik spenst i kroppen og var på denne tida mellom dei beste utøvarar i stille lengde i landet, med 3,43 m. Om vinteren i hoppbakken dominerte Kåre Høgås, Ingvald og Svein Thomassen, saman med den noko eldre Harald Madtsen.

Sjølv om Johannes Vetås ikkje fortel så mykje om eigne bragder, hugsar me som var unge på denne tida hans fantastiske fart og driv. Med hard trening og god rettleiing av mellom andre Asbjørn Lunde sigla han opp i teten på 100-meteren i Sunnhordland, der Kjærand Lunde og Magne Høgås hadde dominert distansen lenge. Sjølv arbeidde eg saman med Vetås ved Stord Verft som læregut i slutten av 1950- åra og hugsar hans trening. I ledige stunder øvde Johannes på starttrening i midtgongen på Plv. II , og i middagspausane trena han saman med Asbjørn Lunde på sprintstyrke, med å spurta opp dei lange trappene til Velferdsbygget gong etter gong.

Johannes Vetås representerte Stord Idrettslag dei åra han var aktiv og hausta medaljar både i militær- og klubbmeisterskap, Sunnhordlands-, krinsmeisterskap og Oddaleikane. På stemnet i Uskedalen i 1960 vann han gullet på 100-meteren og var med å sikra siger på stafetten for Stord. Men høgdepunktet i hans karriere var å vinne 100-meteren i Sunnhordlandsmeisterskapet på Åsbanen i 1961 på tid 11 blank og Oddaleikane på 10.9, som òg er personleg rekord . Grueguten fortel om mange gode minne frå eit tøft, men aktivt oppvekstmiljø, eit miljø der leik og idrett var spesielt inkluderande, for dei som vaks opp i eit typisk klassedelt samfunn.

Munnleg kjelde: Johannes Vetås – f. 1940

 

 

 

 

 

 

«Sunnhordland» måndag 8.mai 2017

Til Hop i Fana som marmorarbeidarar

Egil Nysæter 

I 1776 etablerte Werner Hosewinckel Christie eit marmorverk ved Frugardselva på Orninggard eller Nedre Ådland som garden då framleis også vart skriven. Det var mor hans, prostinne Magdalene Margrete Christie, som eigde garden til han overtok i 1779. Ho var ei av fruene som gav namn til Frugarden.

Verket var i drift i 1782 og i 1784 for då fekk Gunnar Torbjørnsson som var steinhoggar og sagmeister ved verket, premie frå Det nyttige Selskab i Bergen for ein likstein og ein sarkofag i marmor. Steinen må ha vore frakta frå eitt eller fleire av dei mange marmorbrota i Sunnhordland som Christie hadde kongeleg privilegium til å driva frå 1775. Marmor av ulik kvalitet var det på Moster, Vikanes, Hidle og i Storsøyo ved Huglo. Mykje av steinen gjekk til praktbygg i København.

Christie var både landmålar (konduktør) og frå 1783 lagmann i Bergen. Året etter kjøpte han garden Hop i Fana og flytta då marmorverket dit. Her var det Marmorøya i Nordåsvatnet som var det viktigaste brotet. Og i alle fall frå 1790-åra finn me fleire stordabuar som marmorarbeidarar der.

Ein av dei var Gudmund Jonsson frå husmannsplasset Ås (Haugen) under Orninggard. Som attenåring var han i 1794 i teneste hos lagmann Christie. Tre år seinare gifta han seg i Fana med Ingrid Bremnes. Dei budde på Hop der Gudmund arbeidde ved marmorverket til 1811/12. Då drog dei til Stord og slo seg ned som plassfolk på Vatna. Frå Hop hadde dei med seg tre born. I 1813 fødde Ingrid trillingar, men berre ein levde opp.

Det kan vera Anders Fredriksson Vatna som formidla plasset på farsgarden for Gudmund og Ingrid. Anders gifta seg også i 1797, med Marta Nordeide. Samtidig var dei gardbrukarar på Nordeide i Fana i lag med Marta sine foreldre. Anders var forlovar for Gudmund, og arbeidde også på Hop.

Helge Ånensson, frå Tveita i Nordbygdo, drog også til Hop. Han gifta seg der i 1796 med Johanna frå Natland i Fana. I 1801 er han registrert som husmann med jord og som arbeidar ved marmorverket. Han må ha vore svært medviten om kvar han kom frå. Til dei som førte han inn i folketeljingslista i 1801, opplyste han at stamfaren hans var «Helje jarl», ein bror av ein dei gamle norske kongane, og at «det øvrige av Familien findes paa Storøen». Dette var nok basert på kunnskap om adelsslekt på farssida eit par hundreår tidlegare. Men nokon «Helje jarl» har det til dessar ikkje vore mogleg å finna.

I tillegg til desse tre veit me at Torstein Kattatveit var på Hop i alle fall i 1801 og i 1809, før han vart husmann på Huglo. Og ein bror til Anders ovanfor, Ola Fredriksson Vatna, var der så seint som på 1820-talet, før han kom att som husmann på Nysæterneset. På den tida var nok den største drifta over etter at Christie døydde i 1822.

Fem år seinare skildra den kjende malaren J.F.L. Dreier arbeidsplassen med dei to marmorsagene ved Hopsfossen (sjå http://grind.no/midthordland/bergen/marmoroyen). Kjelder: Eige manus til ny busetnadssoge for Stord; N.O. Østrem: Stord frå steinalder til oljealder II; E. Nysæter: Marmorbrota ved Nordåsvatnet (Fanajul 1986); T. Heldal/Ø.J. Jansen: Steinbyen Bergen.

 

 

 

«Sunnhordland» måndag 25. april 2017

Treskedagane gav gode minne

Oddbjørn Kvålsvold

Den siste felles treskemaskina dei hadde på Lundemannsverk-gardane. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Den siste felles treskemaskina dei hadde på Lundemannsverk-gardane. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Mange av dei eg har hatt samtalar med, voks opp på gardsbruk. Barndommen var prega av ein kvardag der alle måtte yta etter evne etter kvart som dei voks til. Leik og arbeid vart fletta inn i einannan, og dei kjekke barneminna er ofte knytt opp mot hendingar ein hugsar som gode stunder der det skjedde ting i samhandling med andre. Treskedagane rundt om på gardane var gjerne slike samlingar der grannar utførte arbeid i lag, og ungane fekk vera med i fellesskapet og høyra gode soger og vitsar. Ja, på slike dagar «stod øyrene på stilker», vert det fortald.

På garden til Per Lundemannsverk i Nordbygda vart det nytta eit stort drog av ei treskemaskin, dei første åra han har minneglimt frå. Maskina var påmontert hjulgang og vart dregen av hestar mellom gardsbruka. Som energikjelde vart det nytta ein stor motor som gjekk på parafin. Parafinmotoren hadde «eigen maskinist», då denne var «lunefull» og måtte ha godt stell.

Per fortel om bonden på bruk nr. 4 som hadde eige «kraftverk» til treskemaskina. Han hadde demt opp bekken som rann framom løa og nytta vatnet til å driva eit vasshjul. Krafta frå hjulet vart overført med ei lang taudrift inn til treskeverket på løa. Bonden sjølv sto i ein glugg i løeveggen og signaliserte til medhjelparane ved vasshjulet når hjulet skulle setjast i drift.

På Øvre Eskeland der Torgils Engevik voks opp, er treskedagen eit livsminne som vert hugsa. Gardane på Eskeland, Førland og Presthaug hadde maskina i lag, og den tunge maskina måtte transporterast på langkjerra mellom gardstuna, fortel han. Som drivkraft hadde treskeverket to sveiver som måtte dragast av fire personar med god muskelkraft. Han hugsar godt første gongen han avanserte til å verta med og stå på sveiva, men han trur kanskje han hang meir en han drog.

Utover dei fire som var energikjelde, måtte dei ha ein som la band på brettet og løyste opp bendlane rundt kornbanda. Først vart bendelen mata inn i maskina, og så kom kornbandet med stødig hand. Bak maskina hadde ein mann ansvar for å raka vekk halmen og lempa denne opp på halmskukken, der oftast ungar vart plassert for å jamna utover.

På garden hadde dei drøftemaskin som vart nytta til å reinsa kornet. Denne vart driven med handemakt, og laga av besten i tunet. Kornet som vart oppbevart i sekker, vart posisjonert inn på sålda i drøftemaskina. Torgils hugsar at når denne vart sveiva i gong og turtalet fekk fart på vifta, fauk agn og støvskyer rundt maskina. Drøftemaskina var eit av dei viktige arbeidsreiskapane som måtte nyttast, før ein fekk moderne treskeverk og skurtreskarar til kornhandsaming.

Torgils Engevik hugsar at hjå møllaren i Frugarden hadde dei to bøker som var viktige å forholda seg til, «ei kvitbok og ei svart». I ei tid med rasjoneringskort og stor trong for brødmat, var det viktig at mest mogleg av leveransen vart registrert i «svarteboka». Heime hjå Torgils var det stort hushald, med 11 søsken som trong både brødmat og graut. Mjøl og havregryn som var foredla og valsa ved Frugardsmølla, var difor ein viktig del av kosthaldet fortel Torgils.

Munnleg kjelde:            Per Lundemannsverk f. 1937

Torgils Engevik f. 1929

 

 

«Sunnhordland» måndag 10. april 2017

Statfjord A – frå frustrasjon og læring til suksess

Oddbjørn Kvålsvold

For oss som stod midt oppe i problema i 1975, vart den første offshoreperioden ei vanskeleg tid med mykje frustrasjon og læring. Dette var ei tid då mange på lokomotivverksemda i Sunnhordland måtte godta dei føringar som vart gjeve av oppdragsgivar og operatørselskapet Mobil. For folk flest og dei som stod på utsida, såg det nok flott ut, stordsamfunnet hadde «skote gulvkalven». Pengane strøymde inn til både dei næringsdrivande, kommunane og ikkje minst hovudaktøren, Stord Verft.

I denne perioden var eit av dei store problema for verftet å skaffa nok folk. Om det var tilkomst på konstruksjonen eller om teikningsgrunnlaget og spesifikasjonane var klare, spela mindre rolle. Mobil og konsulentane kravde at folka skulle på plass. Leiinga støvsugde arbeidsmarknaden og taket på 450 leigefolk som klubben og leiinga hadde avtalt, vart fort sprengt. I januar 1977 var talet på leigearbeidarar 2719, ca. 20 % av folketalet i kommunen. At arbeidarane jobba ineffektivt såg det ut som dei ansvarlige frå operatørselskapet ikkje brydde seg om. Dei talte berre «antal hoder» og registrerte om folk var i rørsle. Mottoet vart; «finn deg ein skiftenykel og sørg for at du har styringsfart». Ute i produksjonen voks talet på kontrollørar dramatisk etter at me tok til med offshoreoppdraga. Meir om dette i Stord sogelags Årsskrift for 2016, sider 51- 56.

Ein avdelingsleiar fortel:

«Dette var ei tid då vi vart kontrollerte på alle baugar og kantar av kunden. Det var inspektørar og kontrollørar over alt som følgde med på den minste ting vi utførte. Det verka som det heile var bassert på mistillit….. – Eg trur at ein av grunnane til den store mengda av teikningar og spesifikasjonar var at dei innleigde konsulentane hos oljeselskapa likte å laga seg rikeleg med arbeid. Dette merka me klart når me sjølve fekk innleigde engineeringsfolk. Dei laga seg ekstra arbeid og vart helst sure når me ville blanda oss opp i det. Mobil hadde sin eigen måte å drive prosjekta på, og den var framand for oss. Men då ein stor del av jobben på Statfjord A var rekningsarbeid, tente verftet store pengar. Såleis var dette ein gullalder for oss, sjølv om frustrasjonen var stor og det gjekk på helsa laus».

To av direktørane frå den første offshoreperioden uttalte:

«Mange av Mobil-folka som kom til Stord for å fylgje opp Statfjord A –kontrakten, kom direkte frå oppdrag i Nigeria, og brukte same type åtferd her som der. Eg har sagt at desse kontraktane var baserte på at den første som kom til eit anlegg, var ein mann med flammekastar som rydda «jungelen» slik at helikopteret hans kunne landa. Slik verka det i alle fall på oss.»

og

«…Det var ein del tøffe tak med Mobil. Eg har aldri fått så mykje kjeft i heile mitt liv som då eg vart kalla inn på teppet til Mobil på eit eller anna London-hotell i 1977. Eg vart skjelt ut til dei grader så eg var glad eg ikkje forsto alle orda…»

Det heiter at «den som har skoen på, kjenner kor han trykkjer», og slik var det i den fyrste offshoretida. Overgangen frå skipsbygging til leverandørindustrien var vanskeleg, men verksemda klarte det. Kværner, Stord vart etter nokre år «herre i eige hus», og utvikla nett dette med styring av store og komplekse prosjekt til ein av sine største konkuransefordelar. Der me i byrjinga hadde store problem, har dei i dag internasjonal spisskompetanse. Eg gratulerer Kværner- verksemda med kjempekontraktane som dei no er tildelt, – ei storhende for heile Sunnhordland.

 

Kjelder: –     Alf Terje Myklebust, 1994 – «75 år på Kjøtteinen» –

  • frå livsminnesamlinga mi

 

 

 

 

«Sunnhordland» måndag 27 .mars 2017

Tysklandsbrigaden – eit minne for livet

Oddbjørn Kvålsvold

Fleire av dei som har fortald meg livsminne, har vore med i Tysklandsbrigaden og hugsar denne militærtenesta som ein spesiell periode i livet. Etter den andre verdskrigen medverka den norske hær i dei allierte okkupasjonsstyrkane i Tyskland. Avtalen vart forhandla fram i slutten av krigen av London-regjeringa og det var i perioden 1947 – 1953 at norske styrker var utstasjonert under britisk kommando i Tyskland. Soldatane hadde britiske uniformer som var merka med eit lite norsk flagg oppe på skuldra. Kvar kontingent gjorde teneste i seks månader og var den første tida stasjonert i Hartz, underlagt 5. britiskedivisjon. Grunna stigande internasjonal spenning i 1948 kravde norske styresmakter at brigaden skulle flyttast nordover til Schleswig – Holstein, slik at han i ein krisesituasjon lettare kunne trekkjast attende til Noreg. Gjennom Tysklandsbrigaden var Noreg med å sikra ro og orden i ei vanskeleg etterkrigstid, og 50000 norske soldatar fekk oppleva eit krigsherja Tyskland på nært hald. Mange fekk i ettertid tilsendt ein veteranmedalje for tenesta i Tysklandsbrigaden og seinast 1. mars i år vart 25 veteraner tildelt medaljar for tenesta i brigaden.

Ein av forteljarane mine, Odd Hetlesæster, hadde ansvarsfulle ungdomsår etter at faren vart hardt skada i ei ulykke fredsvåren 1945. Som eldstemann i søskenflokken på sju fekk Odd difor eit års utsetjing med militærtenesta og reiste først til Ulven på rekruttskule i mai 1948. Han fortel at dette var hans første tur til Bergen og at han kjente på spenninga i kroppen og var nok litt stolt over at han var teken ut til Tysklandsbrigaden. Etter innrullering og legesjekk var rekruttane klar for eksersisopplæring og skytebanen. Odd fortel om episodar under legeundersøkinga når blodprøven vart teken. Ja, fleire «store sterke karar» svima av i køen og måtte leggjast i stabilt sideleie. Det var ikkje alle som hadde vakse opp med blod og innmathandsaming av dyr, som Odd sa. Skyttarlaget i Nordbygdo var aktivt på denne tid, og Odd hadde vore medlem. Han hadde såleis skyteerfaring og var kjent med bruken av våpen, noko som kom til nytte då rekruttane skulle visa treffdugleik med den tyske Mauseren.

Etter tre månader på Ulven gjekk turen med jernbanen til Oslo og vidare med troppetransportskipet «Svalbard» til Hamburg. Odd fortel om ein by i ruiner der alt var nærmast jamna med jorda. Reisa gjekk vidare til Hartz der det var ein stor militærleir, Goslar. Den norske bataljonen (Brig 482) hadde mellom anna ansvaret for vakttenesta i området, der det og låg ein strategisk flyplass.

Vaktteneste og trening gjekk føre seg med skarp ammunisjon, og soldatane «vassa i patroner», mange fyrte av ei salva med automatvåpena både i tid og utid. Odd hugsar ein gut frå Voss, han koste seg storleg kvar gong han fekk høve til brenna av heile magasinet ved sida på ein medsoldat. Det var mykje rykte som svirra på brakka og for enkelte vart nok nervane påverka av dette. Skot vart fyrt av både mot skuggar og månen når dei gjekk i skogen på vakt, men ingen vart kravd rekneskap for ammunisjonsbruk.

Det vart arrangert søndagsturar for soldatane med bil, og Odd fortalde om ein tur til Hannover, ein by der det ikkje var eit heilt hus att, berre ruinar. På slike turar fekk dei og opplevingar med epleslang og lått og moro. Men soldatane fekk livsminne om krigens gru på desse «velferdsturane». Minnet om eit krigsoffer utan bein og armar, som satt på eit bord og prøvde og livberga seg med sal av enkle «suvenirar», vart aldri viska ut.

Digital kjelde:                         Wikipedia og brigaden.gisetstad.no

Munnleg kjelde:            Odd Hetlesæter (1927 – 2015)

 

 

«Sunnhordland» måndag 13.mars 2017

Minne frå landsturnstevnet i Halden

Oddbjørn Kvålsvold

Turnmiljøet har vore ein svært viktig faktor for dei som voks opp i Stord kommune. Mange som eg har hatt samtalar med om livsminne, har forteljingar om innsatsen til Åshild Nitter og Tor Haugland. Desse to var nok i stor grad pådrivarar i turnmiljøet og var med og la til rette ei ramme for gode, positive ungdomsår. I Årboks til Stord sogelag for 2014 skildrar Kristi Yttredal Moe det «indre liv» i turnmiljøet på ein framifrå og levande måte. Eg vil i denne korte artikkelen fortelja litt frå dei minneglimt ei av deltakarane, Tordis Vikene, hugsar frå Landsturnstevnet i Halden i 1954.

Halden 1954

Halden 1954

 

Tordis fortel om den glede det var i jentegruppa då dei fekk veta at det vart tur til landssamlinga. Ja, ein tur til Halden var reine amerikaturen i 1950 -åra. Dei yngste vart plasserte på lastebilen til Sverre Litlabø, og dei eldre og vaksne vart køyrde i ein buss frå Haugesund. Litlabø hadde på denne tida sin legendariske Diamond med trebenker og lasteplankasse med presenning til tak. Turen gjekk austover på skranglete grusvegar, med første overnatting i Vinje. Leiarane arrangerte turnoppvisning på ei stor grassmatte i Telemark, men oppvisninga vart skadelidande av den aggressive myggen som forsynte seg med vestlandsblod.

Reisefylgje hadde og ei overnatting på Kongsberg før dei kom til stemnebyen Halden. Her var det ordna med privat innkvartering og venninna Gerd Vikanes f.Lekven og Tordis budde hjå eit ektepar som var baptistar. Venninnene hadde stor respekt for vertskapet som budde i eit stort hus bak ein diger treport i plankebyen. Den brusande elva med store fabrikkbygg på begge sider er minne som sit att frå opphaldet.

Fellesmåltida vart serverte i ein stor hall inne i byen, mens turnkonkurransene gjekk føre seg på stemneplass ved festningen i Halden. Om kveldane var det dans og moro, så dagane gjekk fort. Tordis hugsar at nokre av gutane, med Magne Mugaas som instruktør, oppnådde toppresultat på stemnet, og Stordtroppen var kry av sine resultat. Ein av dagane i Halden arrangerte Sverre Litlabø utanlandstur for deltakarane. Handleturen til Strømstad vart ein minnerik oppleving for deltakarane, då få hadde kryssa landegrenser før. Vidare køyrde Sverre feil på vegen attende til stemnebyen. Han kom i tidsnaud og for seint til fellesoppvisninga. Men heile oppvisninga vart i grunnen ein fiasko, fortel Tordis. Eit skikkeleg uver kom inn over plankebyen under fellesoppvisninga, det tordna og lynte i eitt, og regnet hølja ned.

Heimturen var planlagt over Hardangervidda med stopp på Holms hotell på Geilo. Turen ned gamlevegen i Måbødalen var mange spent på. Dette var ei førstegongs oppleving for mange, og dramatikk oppsto nede i svingane. Vegen var sperra av ein danskregistrert bil som sto på tvers i vegbanen. Men Sverre visste råd, hugsar Tordis, han gjekk ut og prata med den vettskremte dansken. Fekk overta bilen og køyrde han på «trygg grunn», før han snirkla seg ned den bratte, svingete vegen som då gjekk på utsida av mange bratte stup.

Dei vaksne og eldste gjekk på restaurant og kafear på overnattingsplassane, mens dei yngste tok ut ungdomskjæta og energi ved å utforska tettstadene gatelangs. Tradisjonen fortel og om oppslag i lokalaviser der det vert fortalt om vitjing «av ein gjeng på gjennomreise som høyrdest att».

Munnleg kjelde:  Tordis Vikene f. 1936

 

 

«Sunnhordland» måndag 27.februar 2017

Rydlandssagstemna – ei storhending i samtida

Oddbjørn Kvålsvold

Rydlandssagstem ca 1935

Rydlandssagstemna ca 1935

Mange av den eldste generasjonen har gode og sterke livsminne frå Rydlandssagstemna som var årvisst i barne- og ungdomsåra deira. Ikkje alle hadde like sterk religiøs trong til å delta, men dette var òg ei kulturell stormønstring som folk såg fram til. Mange av samtalepartnarane mine hugsar desse stemnesøndagane ved tuftene etter gamle Rydlandssaga med glede. Her samlast folk frå store delar av Stord, Fitjar og nærområdet. Nokre kom syklande, andre til fots, men kanskje kom dei fleste sjøvegen. Minne om alle hestane som vart «parkerte» oppe ved vegen, saman med flotte giggar og staselege stolkjerrer med fire hjul, fortel om samtida sine transportmiddel. Nede ved Dåfjorden låg det fullt av båtar, og forteljarane mine minnest at det var trongt om plassen der skøyter og mindre farkostar låg side om side.

Tradisjonen fortel at stemnesundagane tok til i 1903 med samlingar som nokre misjonsvener arrangerte i området mellom Svalevatnet og Tausavatnet, og denne stemneplassen skal ha vore nytta dei første sju åra. I boka om Sagvåg vert det òg fortalt at initiativet til stemna, kom frå nokre vener som var aktive i Kina-misjonen. Truleg var det Ole A. Risvold, Mathias M. Sagvåg og Ola O. Rimmereid, skriv Asbjørn Aasheim, i « Soga om Sagvåg». Då vegen mellom Stord og Fitjar var ferdig i 1909, vart ein ny stemneplass tilrettelagt i området der gamle Rydlandssaga stod nede ved sjøen. Her ser me i dag restane etter eit område som var ein viktig kulturell samlingsplass heilt ut i 1960-åra. Det første «Samøte» var ved sjøen 20. juni 1910, og kjeldene fortel at frammøtet auka etter at det vart lettare tilkomst både frå sjø og land. Mykje folk kom sjøvegen med skøyter og motorbåtar frå Stord, Moster, Bremnes og Fitjarøyane.

I ein samtale med Ole Litlabø fortel han om broren Sverre som var med og transporterte folk til stemnestaden ved saga. Ole som var fast grindgut for broren, stilte opp kvar sumar når broren skulle frakta folk til Rydlandssagstemne. Lastebilen til Sverre var «rigga» med benkeplass til ca. 20 personar, men hadde ikkje presenning over lasteplanet dei første åra, så dette var ein luftig tur for dei festkledde. I krigsåra var lastebilen påmontert vedgassgenerator, og Ole fortel at det var hans jobb å fyra opp generatoren før syskena skulle ut på oppdrag. Det vert fortalt at når misjonsfolka og andre samla seg til sumarmøte ved Rydlandssaga, var det fleire tusen menneskje enkelte år. Under siste verdskrig var det lite høve til å arrangere folkemøte og festdagar, men Rødlandssagstemna vart akseptert av okkupantane, og mange hugsar stemnedagen som eit godt sosialt fellesskap i ein heller tung kvardag.

Ein av forteljarane mine, Kåre Midtun, har minne om då han i lag med familien kom roande til stemneplassen. Her var mykje folk og mangt å fylgja med på for forvitne barneaugo i ei tid då «verda» var heimen, bygda og nærmaste tettstad. For ungane var matøkta som tok til etter 1 ½ time møteverksemd ei viktig hending. Minne frå då familiane sessa seg rundt matkorga og det vanka gode skiver med både egg og sild vert hugsa. Lukt av kaffi som vart kokt på små bål, blanda seg med eimen av kakao. Nokre av forteljarane mine minnast at her fekk dei smaka is for fyrste gongen, og nokre fortel om at foreldra spanderte på dei ein «brusunge» (0.25 l.). Brus var ikkje nett kvardagskost for ungar som har livsminne frå 1930 og 40-åra, og nokre måtte ta til takke med dei «slantane» som var att på flasker dei fann i buskar og kratt.

Forteljarane mine har minne om handelsbuene som vart ein del av arrangementet etter ei tid, der driftige kremmarar selde brus, is og snop, kaffi, kaker og meir til. Av bilete frå mellomkrigstida kan ein sjå at det var fleire små bygningar nede ved utlaupet av elva, og at flagget vaia i ein lett bris på stemnedagen. I dag ser me berre tuftene av desse bygningane, men den støypte plattingen med plass til talaren viser kor sjølve stemneplassen var.

Munnlege kjelder:

Kåre Midtun f. 1931

Ole Litlabø f. 1932

Skriftleg kjelde:

Asbjørn Aasheim, «Soga om Sagvåg»

 

 

 

«Sunnhordland» måndag 13.februar 2017

Som førstereiskokk på Islandsfiske

Oddbjørn Kvålsvold

Mange unggutar frå Stord har prøvd seg som fiskarar i ungdommen, og for nokre vart første turen på islandsfisket eit sterkt livsminne. Fleire av dei eg har hatt samtalar med, skildrar islandsfisket som ein elddåp på veg mot vaksenlivet. Hardt arbeid, lite svevn i periodar og mykje slingring i grov sjø i datida sin fiskebåtstandard. Fleire av forteljarane mine lova seg sjølv at dei aldri meir skulle på drivgarnsfiske ved Island når båten var på heimveg. Men i songen heiter det; «… der leika det fisk ned i kavet, og den leiken, den ville han sjå». Og slik vart det for mange, ny sesong og ny tur til fiskefelta ved Island.

Bilete: Forteljaren min, Erik N. Saue vart seinare medeigar i fiskebåten «Torgny». På bilete er denne på veg til fiskefeltet, utstyrt med tønnene som dei foredla sild i. Foto: Privat

Bilete: Forteljaren min, Erik N. Saue vart seinare medeigar i fiskebåten «Torgny». På bilete er denne på veg til fiskefeltet, utstyrt med tønnene som dei foredla sild i. Foto: Privat

Ein av forteljarane mine, Erik N. Saue, mønstra på MS «Joøy» sommaren 1946 for å vera med til Island. Etter ein periode på fraktefart vart båten «befrakta» av Oskar Nilsen frå Espevær og utrusta for islandsfiske. Då Erik N. var ein av dei yngste ombord med litt kokeerfaring frå fraktefart, vart han plassert i byssa som kokk for eit mannskap på åtte. Då båten låg i sildabyen og provianterte, nytta Erik N. høve til å kjøpe « Haugesund husmorskoles kokebok», eit hjelpemiddel den unge kokken fekk god nytte av. Byssa på «Joøy» var kolfyrt og brøda vart sett til heving oppå ei vatnpanne med fare for å «dansa» skott i mellom, og steikeomnstemperaturen vart kontrollert med å «stikka neven inn», fortel Erik N.

I den første tida fekk den unge kokken variert kvalitet på brøda. Gjærklumpane vart gamle og «utgått på dato», sjølv om dei vart oppbevarte i salt. Ja, det vart nokre «løgne» brød, men alle åtte ombord overlevde med meg som kokk, fortel Erik N. med eit glimt i auga. Men brødkvaliteten steig monaleg etter at han trefte på Malvin Alsaker i Siglufjord på Island. Malvin var stuert på eit marinefarty som hadde vaktoppgåver under islandsfisket, og av han fekk Erik N. ein boks med amerikansk tørrgjær. Kokken på «Joøy» fekk no meir taket på brødbakinga, og dette redda kanskje førstereiskokken sitt ettermæle som bakar.

Islandsturane varte i om lag to månader og ofte var det mykje «vær» som til dels hemma fisket. Dei fyrste åra etter siste verdskrigen var det drivgarnsfiske han var med på. «Joøy» hadde 100 garn i lenke som vart trekte kl. 4 om morgonen, og så gjekk det i eit, til fangsta var avvølt og garnlenka klar for neste sett. Kvar 4. time var det kaffipause og matøkt med frukost kl. 8 om morgonen, samt ein liten kaffipause med røyk når midtblåsa på garnlenka kom over rekka. Første året Erik N. var med, vart silda skarpsalta i tønner etter at hovud og slo var fjerna med eit velretta snitt med kniven. I kvar tønne vart det flolagt 300-350 skarpsalta sild før tønnenene med lok vart plasserte i rommet. Her vart det bora hol i dei, etterfylt med lake og sponsa. Reiskapen som vart nytta på denne tid, var garn av bomull, og dei måtte stellast godt skulle dei vara og ikkje få «varmgong». Etter at silda var rista av på dekk, vart garna greidde og påstrødde salt og gjort klar til neste sett. Erik N. fortel at det gjekk med to tønner salt til kvart sett.

I dei verste periodane med storm og tung sjø måtte fiskeflåten gå til lands, og det vart både trongt og livleg i hamnene. Det hendte at islendingane sette inn «mottiltak» når det var landligge, fortel Erik N., dei stengte vinmonopolet, og unggutane måtte passa seg for å ikkje koma i trøbbel og få juling når dei gjekk på land. Fiskaren frå Vikanes fortel om mange turar med fiskebåt i farvatna ved Island, og ofte var det kryddasild som vart foredla. Denne silda vart konservert med ei blanding av fint salt, sukker og krydder som vart blanda på dekk. Her vart sild flolagt i botn og topp, mens midtpartiet vart tømt opp i tønna og det vart lagt ein haug på toppen av tønna før dei fylte opp med lake. Etter at dei hadde stått og sige i 3 timar vart tønnelokket pressa på plass så laken skvatt. På dette fisket var det sedvane at alle mann fekk ei tønne sild i tillegg til hyra, fortel Erik N., som fekk sin elddåp på islandsfisket i 1946.

Munnleg kjelde: Erik N. Saue f. 1924

 

 

 

«Sunnhordland» måndag 30. januar 2017

Kulturminneprosjekt for barnehagar og skular

Atle Bjørn Mæhle

Stord Sogelag har bilde av ei stor eik i logoen sin. Då sogelaget vedtok dette, tenkte me på det gamle kinesiske ordtaket: «Å gløyma forfedrane sine er som å vera ein bekk utan kjelde eller eit tre utan rot.»

Å ha kunnskap om oppleva og forstå sin eigen kultur er viktig når det gjeld å byggja identitet og sjølvkjensle. Når me kjenner og er trygge på vår eigen kultur, vil me lettare kjenna att og forstå kulturen til andre menneske.

Gjennom massemedium og internett er menneska mottakarar av bilde, ord og lydar stykkevis og oppdelt, og som gjev oss eit kaotisk inntrykk av omverda. I ein slik situasjon er det særleg viktig å gje barna i barnehagen og elevane i skulen kunnskapar og forståing for sin eigen kultur. Lokale kulturminne er då nyttige. Kvar av dei fortel om eit tidspunkt i historia. Me kan sansa og oppleva noko ved eit kulturminne. Dei fortel om menneska i ein gitt situasjon. Me kan læra om kven desse menneska var, kvar dei budde, kva dei gjorde på, korleis husa var, kva dei åt osb. Me kan sitja ved eit kulturminne og undra oss.

I samband med læreplanane og andre stortingsmeldingar presiserte Utdanningsdepartementet at barnehagar og skular må nytta kulturminna i nærområdet i sterkare grad. M.a. kan dette gjerast ved at ein barnehage og skule «adopterer» eit kulturminne, passar på det og nyttar det når ein arbeider med fagstoff der det høver inn. Kulturminna har verdi som «historieforteljarar og vitne om lange tidsliner i landskapet».

Stord Sogelag drøfta denne saka på styremøte 27.04.2014. Styret vedtok å senda ein førespurnad til Kultureininga og til kommunalsjef for barnehage og skule om dei kunne vera med på å samarbeida om eit slikt prosjekt. Det var dei svært interessert i, og kulturkonsulenten tok kontakt med Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland Fylkeskommune om dei var interessert. Dei ville vera med.

Me blei samde om at det truleg var tenleg å starta med eitt eller nokre får kulturminne som døme. Me kunne då finna ut korleis eit slikt prosjekt kunne utviklast, så som prosedyrar, oppgåvedeling, samarbeidspartar, kostnader, døme på bruk i opplæringa osb.Prosjektet valde ut ei gammal nausttomt frå om lag år 1000-1350 på Rommetveit som døme. Nausttomta ligg ved stranda bort mot Kråkeholmen. Veggvollane består av stein og jord, og indre mål er om lag 28 x 15 m. Tufta er graven ned i bakken og vollane er om lag 1 meter høge frå innsida, medan dei på utsida går mest i eitt med terrenget elles. I vestlege del av søre langvoll ligg ein del blokker i dagen. I aust-nordaust, i nedre kant av tufta, står eit naust.

Naust av denne typen er ein stor bygning, og kan ha vore laga for å husa meir enn ein båt. Det kan ha hatt samanheng med leidangen, eller eventuelt ha vore tiltenkt handelsverksemd.

(Bygdebok Stord, band 1, og artikkel av Bjørn Myhre «Boathouses as indicators of political organization», 1985.)

10.juni 2014 hadde me synfaring på den gamle nausttufta.

Etter synfaringa på nausttomten, gjekk me bort til Breivikneset og såg på ein gravhaug der frå tida kring Jesu fødsel. Gruppa blei samde om å ta denne gravhaugen med i prosjektet.

I romartida (frå Kr.f. – 400 e.Kr) vart to kvinner gravlagde i denne haugen. Den eldste frå andre halvdel av 100-talet e.Kr., dvs. eldre romartid. Ei lita draktspenne låg i likbålet og daterer grava.

På 300-talet e.Kr. vart endå ei kvinne gravlagd i haugen. Ho fekk m.a. med seg eit drikkeglas, innført frå Romarriket og laga i dei austromerske provinsane kring Svartehavet eller i Syria.

Grava har vore brukt fleire gonger som grav i jernalderen. Grava var 18 meter i tverrmål og nær 2 meter høg. Ho må ha vore godt synleg ut mot sjøen. Stein frå grava har opp gjennom åra vore brukt til byggjeverksemd, m.a. Seminarbrygga.

Det vart laga til følgjande prosjektgruppe: Guri Aksnes, kulturkonsulent, Stord kommune, Marit Kjelby, skulefagleg rådgjevar, Stord kommune, arkeolog Solveig Lohne Rongved, Kultur og idrettsavdelinga, Hordaland Fylkeskommune, Atle Bjørn Mæhle, Stord Sogelag. Ragnhild Lunde, Statsbygg, og Laila Tytingsvåg, Villvettene barnehage, avd. Rommetveit.

Våren 2015 hadde me nokre dugnadsøkter og rydda og ordna dei to kulturminna. Prosjektgruppa fekk utarbeidd skjøtselsplan. Ein slik plan fortel om kulturminnet, og omtalar kva dei ulike partane har ansvar for. Det vart laga informasjonsskilt til dei to kulturminna med illustrasjonar.

Rommetveit skule, Nordbygda ungdomsskule og Villvettene barnehage og Vaksenopplæringa har nytta kulturminna i opplæringa.

Prosjektet arbeider no med å leggja betre til rette kulturminna i Hystadmarka for opplæringsarbeid. Hystad skule og Sævarhagen barnehage er med i prosjektgruppa i dette området.

 

«Sunnhordland» måndag 9. januar 2017

Då vassløyse var årviss

Oddbjørn Kvålsvold

Mi dotter Randi (5år) fyljer spent med då farmora vaskar klede i oppsamla takvatn og med vaskebrett i 1966. Foto: Oddbjørn Kvålsvold.

Mi dotter Randi (5år) fyljer spent med då farmora vaskar klede i oppsamla takvatn og med vaskebrett i 1966. Foto: Oddbjørn Kvålsvold.

Mange har livsminne frå barneår då det var årviss vassmangel og rutinar måtte leggjast om for å spara på vatnet og gjennomføra klesvask. I mange hushald måtte husmora tilpassa lite tilsig i vasskjelda og flytta fyringsgryta og vaskebrett til bekk, elv eller eit vatn i nærområdet. Sæbjørn Dale skriv i Stord sogelag sitt årsskrift for 2015 om korleis dei nytta elva til klevasken i sumarhalvåret. Me som i dag bur i ein kommune med rikeleg tilgang på vatn av beste kvalitet, gløymer lett korleis det var i vår nære fortid. Ja, mange på Stord måtte ty til naudløysingar og spara på vatnet i delar av året. Vassmangel skuldast ofte frostskadar på inntaksrøyra frå kjelde til fjøs og stovehus før i tida. Grunne grøfter og lange periodar med tørrfrost eller kalde vintrar gav ekstraarbeid for mange husstandar. Kjeldene mine fortel om frosne røyr og tørre brunnar, slik at det vart køyrt vatn i tønner og kar med hest og slede.

Astrid Lothe som voks opp på nedre Litlabø, har delt livsminne frå oppveksten då gardane nytta Mortjødno til vaskeplass i sumarhalvåret.

Astrid fortel om ei tid då det vart vaska klede ved brønnen på heimagarden. Her var det eldhus med grua og fyrgryta som vart nytta til å varma vatn og koka kvitklede i. På denne tid var vaskebrett eit godt hjelpemiddel for å få skit og smuss ut av grove arbeidsklede, men vaskemetoden kravde rikeleg tilgang på skyljevatn. Så når sumaren stunda til, måtte vaskedagen tilretteleggjast annleis, for dyra på garden krov sitt frå tilsiget i vasskjelda. Vaskeplassen deira nede ved Mortjødno vart tilrigga med fyrgryte og klessnorer, og heile sumarhalvåret vart det som skulle vaskast køyrt ned til vatnet med hest og kjerre. Gjennom store delar av oppveksten hennar var det fast rutine at mora hadde vaskedagar kvar 14. dag. Ho hugsar at Signe Kannalønning hadde òg sin vaskeplass i same vika. Lenger inne i ei anna vik hadde andre familiar på nedre Litlabø sin vaskeplass med fyrgryte og klesnorer. Klesvasken ved Mortjødno er gode barneminne frå ei tid med varme sumardagar, lauging frå ei lita bryggja og leik og moro. Samstundes var desse felles vaskeplassane ein møtestad i samtida. Her fekk naboar sosialt samvær i kvardagen og fretta nyhende. Hit ned kom og byfolka (haugesunderar) som ferierte i bygda og ungane deira og bada. Nokre av desse var flinke symjarar og gav undervisning til bygdeungane, hugsar Astrid. Les meir om desse byfolka i Jens Litlabø sin artikkel i Stord sogelag sitt årsskrift 2016.

Astrid Lohte fekk og oppleva vassmangel etter at ho vart gardakona på Fjellgardane. Dette var før vaskemaskina vart allemannseiga, og ho kokte kleda og vaska dei ved kjelda på garden. Med turre og varme sumrar var vassmangel årviss, og det hende at dei måtte køyra ut til ei kjelda i skogen og henta vatn til folk og dyr. Etter at Astrid tok sertifikat og kjøpte bil, vart rutinane for vaskedagane endra og skyljing av kler vart utført i Vadelva. Ho lasta inn klestampane i bilen og køyrde opp i Hauglandskverna. Her var det ein god vasskulp og ho kunne fråtsa med vatnet. Før vassverket på Stord vart utbygd for Presthaug/ Haugland, kom det fleire familiar som skylte kleda i Vadelva, fortel Astrid. Reint og rikeleg med vatn er naudsynt og viktig både for folk- og dyrehelse, så i 1988 vart vassleidning lagt framom Presthaug. Dette var ei storhending og lette i kvardagen for dei som no fekk godt og rikeleg med vatn, minnest Astrid Lothe.

Munnleg kjelde: Astrid Lothe – f. 1936