Stord sogelag

Meny

Faste avisspalter 2014

 

«Sunnhordland» 18.des 2014

Hjortejakt ved juletider for tre hundre år sidan

 Egil Nysæter

Jula 1709/10 var det stort gjestebod på garden Rydland i Fitjar. Julefeiringa vart kombinert med bryllaup. Det var enkjemannen Lars Rydland som gifta seg med enkja Mari Simonsdtr. Raunholm. Slekt og naboar var innbedne gjester. Frå Klubbo på Bremnes var Gjertrud Jørgensdotter komen for å vera kokke. Bryllaupsmaten var både ferskt og salta hjortekjøt hogge i grove stykke (”graafe braad”) som vart servert både kokt og steikt.

Det var Størk på nabogarden Liarbø som hadde skote eitt dyr – hjort er då vanlegvis omtala som ”dyr” – i Rydlandsmarkjo til bryllaupsmat. Jakta skal ha skjedd åtte dagar etter Heilage tre kongar, dvs. 6. januar som er trettandedag jul. Den dagen var den gamle juledagen før kalenderreforma i 1700. På denne tida varte jula lenge, minst til tjuandedagen, og somme stader heilt til kyndelsmesse som var 2. februar!

Størk Liarbø var leiglending hos presten som budde på Tyse. Presten hadde tidlegare på hausten også fått ein hjort av Størk. På ein eller annan måte må futen ha fått nyss om ”skytteriet” i julehelga, kanskje via presten?. I alle fall vart Størk eit halvt år seinare stemna for sommartinget for Våg skipreide på Vinnes i noverande Austevoll.

Der møtte også kokka Gjertrud saman med mannen som var smeden Torgjer i Klubbo, og to av dei andre bryllaupsgjestene – naboane Jens og Ola på Rydland – for å vitna om bryllaupsmaten, og det dei elles visste om Størk si hjorteskyting. Problemet var at etter Norske Lov frå 1687, var det berre lov å skyta hjort tidleg på hausten, fjorten dagar før og etter barsok (”Bartholomæi”) som var 24. august, og ikkje ved juletider. Dommen vart at Størk Liarbø i samsvar med lova måtta bøta 14 lodd sølv (ca. 0,2 kg). Det tilsvara 7 riksdalar eller verdien av tre kyr.

Det var ikkje første gongen Størk var for retten for ulovleg jakt. Åtte år tidlegare, då han var leiglending på Sæterbø, meinte futen at han skote fleire dyr ulovleg. Han svara at han hausten før hadde skote eitt dyr til sokneprest Muus som eigde garden. Men året før det igjen hadde han levert eitt dyr til tollvisitør Herman Welling i Eldøyo. Det er tydeleg at dei kondisjonerte på Stord gjerne ville ha hjortekjøt. Denne første saka mot Størk vart utsett, og me veit ikkje korleis det gjekk.

Dei to sakene finst i Sunnhordland tingbok 1710 og 1702 både skanna og som avskrift i Digitalarkivet. Jaktreglane står i Kristian 5.s Norske Lov, kap. 10: http://www.hf.uio.no/iakh/forskning/prosjekter/tingbok/lover-reskripter/. Om jul og tidsrekning, sjå Brynjulf Alver: Dag og Merke (1970, 1981) som kan lesast på nb.no eller lånast på Stord folkebibliotek.

 

«Sunnhordland» 30.nov 2014

Oddbjørn Kvålsvold

Anleggsstarten på Stovegolvet

Det var i 1956 dei fyrste anleggsfolka rigga seg til på Stovegolvet for å sikra Sunnhordlendingane FM radio og TV sendingar. 703 høgdemeter over havet. Taubanen som Hordaland mek. verkstad monterte, vart nytta for å transportera utstyr, sand og sement. Banen gjekk frå  kraftstasjonen ved Lundsæter og opp til anleggsområdet og hadde eit spenn på 400 meter opp til fyrste bukken.  Sjølv om banen berre var sertifisert for varetransport vart den sporadisk brukt til «personbefordring».

Informanten min, Ingvar Lunde, som arbeide hjå W. Engelsen Ettf., fortel at arbeidet starta tidleg om våren og snø måtte ryddast vekk. Vidare vart det laga ein synk (brønn), for å samla vatn  til støypearbeidet. Synken var ca. 2 ½ x 2 ½ meter, med god djupna og skulle samla opp vatnet på platået. Dei nytta ei bensindriven boremaskin med diamantbor for å slå hola. Bergarten i området var hard, nett som glas. Sivilingeniør Amund Engelsen leia sjølv arbeidet og hadde Olav Salmo med som bas. Amund hadde utarbeid salveplanen, med kileboring i midten og knusehol rundt. Informanten min, meiner at dette var ei av dei fyrste salvene der ein nytta elektrisk tenning på Stord.

Dei fire fyrste vekene, gjekk anleggsarbeidarane til og frå Stovegolvet kvar dag, men så vart det rigga til ei overnattingsbrakke der oppe. Ingvar hugsar at dei oftast gjekk bratthenget, langs Varabekken og så opp til høgre, på framsida av platået. Men på heimvegen vart turen lagt om Tyseskaret, for å unngå dei brattaste partia på nedturen. Det vart og tilrettelagt sti, med sikringsstolpar og kjettingen ovanfor Askedalen, men denne er i dag mest grodd att, fortel informanten min.

Salva som Amund Engelsen fyrte av for å laga brønn, var vellukka. Steinen i røysa  hadde passe storleik og vart nytta i samband med støypearbeidet. Dei trong berre transportera opp sement og sand, «singelen» var allereie på byggeplassen. Entreprenøren bygde så fundamentet til teknisk bygg og seinare fundamentet til radio og TV masta. Til å blanda betongen, vart det transportert opp ei handdriven blandemaskin. Ingvar hugsar at «fortvilelsen» var stor, då dei skulle fylla betongen i forskalinga.  Dei søkkvåte forskalingsborda som vart nytta, hadde tørka ut i vårsola, slik at mørtel «taut» ut mellom kvar bordgang. Betongarbeidarane til Engelsen ergra seg over dette, men i dag hadde sikkert arkitektar sagt at dette var planlagt utsmykking.

Utbygginga av  Stovegolvsendaren i 1956 gav mange firma på Stord  nye utfordringar, med strabasiøse gåturar opp bratthenget til arbeidsplassen. I dag slepp anleggsfolk denne type fysiske påkjenningar før arbeidsdagen tek til. Både utstyr, brakker og folk vert transportert med helikopter. Mastra som vart montert sendte sine fyrste FM signal utover Sunnhordland i 1957, og i 1969 vart det høve til TV mottak frå Stovegolvet.

I år vart det starta opp ny anleggsverksemd på Stovegolvet, platået har får ein ny attraksjon. Samarbeidet mellom Stord Fitjar turlag og SKL vil gi turglade, eit flott tilbod i «Trafostova».

Munnleg kjelde: Ingvar Lunde – f. 1937

 

 

 

«Sunnhordland» 31.okt 2014

Lys og liv over land

Bjørn Bjørlykke

Fane-rovet: 17.mai 1996

Fane-rovet: 17.mai 1996

Det er vel kanskje enno ein del nordbygdarar som hugsar den gamle fana til Stord lærarskule. Kvar 17.mai  var fana eit tydeleg innslag i nasjonaldagsfeiringa på Rommetveit. Bak fana samla det seg folk som sokna til lærarskulen: elevar, lærarar og andre tilsette. Men det vart det ein brå stopp på etter 1996.

Skulefana var ei gåve frå tidlegare elevar ved 50-årsjubileet i 1889. Fana vart mykje nytta  i festlege samkomer  både innandørs og ute i vind og regn. Slik tapte ho seg etter kvart, så det måtte lagast ei ny, ein kopi av den gamle, men med ei endring:  fakkelen på toppen av stonga var bytt ut med ei kule.

Fana var fin den, men framstilte motiv som kanskje er litt framande for oss i dag. Hovudmotivet er eit englevesen  med venger som  lyftar ein fakkel i eine handa og held fram eit palmeblad i hi handa. Ytre sett kan framstillinga minna om glansbilete av englar som for enkelte tilårskomne  av oss var eit samleobjekt.

Går ein dette englemotivet nærmare etter i saumane, vil ein finna at det har sine anar i små antikke kjærleiksgudinner, amorinar eller erotar som som dei  vart kalla. Dei litt småfeite englevesena  var ofte på jakt etter offer med  pil og  boge  i hendene. Med sine piler var dei i kjærleiksguden Amor  si teneste

Men i skulefana ber dei små englevesena  ein fakkel og eit palmeblad i hendene. Palmebladet kjenner vi att som eit fredssymbol. Litt meir innfløkt symbolikk har nok fakkelen. Fakkelberaren, lysberaren, kan i kristen tradisjon ha eit negativt innhald. Det er den utstøytte engelen Lusifer som jo er ein djevleskapnad. Namnet Lucifer kjem frå  latin, og er sett saman av to ord, lux (= lys, genitiv lucis) og ferre (=å bera, å bringa), og tyder kort og godt  «lysberaren».

Opphavleg var namnet  Lusifer knytt til planeten Venus, morgonstjerna som  varsla morgonròde og ein ny dag. Og det er nok slik ein må tolka fakkelmotivet i skulefana som markør for ei ny tid. Tanken var nok at lærarskulen opnar for ein ny dag  med «Lys og Liv over Land «, som det står med gylne bokstavar over fakkelberaren. I vidare meining står lyset som symbol for kunnskap og utdanning, eller rett og slett opplysning. Saman med fredssymbolet, palmebladet, gjev det ei viss tyngde i den funksjonen lærarutdanninga og all anna utdanning skal ha.

Men alt har si tid, og mange har nok i dag problem med å sjå det djupe innhaldet i den gamle og velbrukte fana til Stord lærarskule. Derfor var det vel på tide å tenkja litt nytt. Frå 1978 fekk Stord lærarskule namnet Stord lærarhøgskule, og frå  1994 vart fleire høgskular i regionen slått saman  under namnet Høgskolen Stord Haugesund. Og kva då med den gamle fana?

I 1995 gjekk 17.mai- toget  sin tradisjonelle rundtur over Knappane, men utan noka fane for den nye høgskulen. Det kom folk for øyra at  skuleleiinga med direktøren i spissen ville ha det slik. Det var den nye mot den gamle  tid, og då skulle fanemerket, identitetsmerket, hoggast ned. Det vart ymta noko om at det skulle koma ei ny fane som dekka heile høgskulen, kanskje med den nye logoen for høgskulen HSH, der S for Stord heng og dinglar mellom to H-ar for høgskule og Haugesund.

Dette var nok litt av bakgrunnen for at ei gruppe bakstrevarar  17.mai 1996 henta fram den gamle fana  frå djupaste kjellaren i Spesialbygget  og lét det skina «Lys og Liv over Land»  for siste gong. Denne kjeltringstreken vekte harme hos skuleleiinga som konfiskerte fana for godt med den grunngjevinga at ho frå då av skulle vera ein museumsgjenstand som ikkje toler meir bruk. I alle høve kom dagens ros i «Sunnhordland» til bakstrevarane med takk for at dei trassa  den nye tida,  med «The New public Management» som leiestjerne, lysberar.

For bakstrevarane

Bjørn Bjørlykke

 

 

 

 

«Sunnhordland»  26.09  2014

Det trengst ei ny busetnadssoge (gards- og ættesoge) for Stord!

Egil Nysæter

For nær tjue år sidan fastsette dåverande kommuneplan for Stord at den lokale historia burde skrivast på ny, både den allmenne lokalsoga og busetnadssoga (gards- og ættesoga). Tre bøker, ”Stord frå steinalder til oljealder”, kom ut i 2005-2006, med Stord si samla historie frå dei eldste tider til om lag 2000. Den lokalhistoriske prosjektgruppa fekk så i oppdrag å halda fram med arbeidet med ei ny busetnadssoge som skal avløysa Ola Høyland si bok frå 1966. Men til no har korkje administrasjon eller politikarar prioritert denne viktige kulturoppgåva.

Endringane i landskapet i kommunen har vore store sidan 1960-talet samtidig som det har vore omfattande innflytting særleg frå andre Sunnhordlandskommunar. Å utarbeida ei ny busetnadssoga er eit stort arbeid, sjølv om i dag let seg gjera å knyta saman slektstrådane med noko mindre arbeid enn før. Internett har vore revolusjonerande for tilgang til både eldre og nyare kjeldemateriale. Det er nok å nemna Digitalarkivet som også har auka interessa særleg for slektsgransking. Hordaland fylkeskommune si kulturundersøking frå i fjor viste at det er stor interesse for lokalhistorie og slektsgransking. Av 21 interessefelt var det berre friluftsliv, film, idrett, revy/stand-up og rock som kom høgare på lista!

Kva skal så ei moderne busetnadssoge innehalda? Den skal ikkje berre fortelja historia om kvar matrikkelgard (gardsnummer) og kvart husmannsplass, men også om kvart hus med tilhøyrande personopplysningar knytt til husstand eller familie fram til i dag. Det er ei historie der alle som har butt og bur i kommunen kjem med. Minimumsopplysningar for kvar person er noverande og evt. tidlegare namn, fødselsår og evt. dødsår, saman med yrke/arbeidsstad. For inn- og utflytte vil ein ha med kva kommune eller land folk kjem frå eller har slått seg ned i, saman med tilvisingar til andre bygdebøker e.l. For den nyaste tida må arbeidet gjerast ved hjelp av opne kjelder og i samarbeid med dei enkelte husstandane, anten det er snakk om enkeltpersonar eller store familiar.

Det er planlagt fire trykte band delt slik: Huglo og Nordbygdo; Leirvik og gardane omkring; Sørbygdo; Sagvåg og Litlabø. Det er tenkt eigne grendelagskapittel før bolkane om kvart gardsområde/bustadområde og folket som har butt og bur der.

Lokalhistorisk prosjektgruppe arbeider med å få samla inn eller lagt til rette viktig kjeldemateriale. I 2008 vart også som ein prøve utarbeidd ei moderne gardssoge for gnr. 62 Petateigen. I år har prosjektgruppa teke initiativ til eit nasjonalt seminar om ”Busetnadshistorie for ei ny tid”. Det vert arrangert her på Stord om ei veke i samarbeid med Norsk lokalhistorisk institutt. Seminaret vil setja søkjelyset på kjeldematerialet i ei elektronisk tid, koma med kritiske blikk på sjangeren, ha med døme på bokprosjekt i seinare tid (Ullensvang, Vikebygd i Vindafjord) og dessutan innlegg om bygdebok på nett og Lokalhistoriewiki. Særleg interessant trur eg det vert å høyra om forskingsprosjektet ”Norsk befolkningsregister” for tidsrommet 1801-1964 der det for kvar enkelt person er tenkt lenking mellom ulike originalkjelder m.a. med utgangspunkt i Digitalarkivet.

Om prosjektet, sjå: http://www.stord.kommune.no/no/Om-Stord/Historie/Lokalhistorisk-prosjektgruppe/. Seminarprogrammet ligg på lokalhistorie.no

 

«Sunnhordland»  29.08 2014

Setrar på Stord

 Jens Litlabø      

Ei seter er ein stad i utmarka, helst fjell eller skog, der dyr beitar og kyr og geiter vert mjølka. Mange stader i landet finn ein kulturlandskap med kulturminne og bygningar som vitnar om denne aktive bruken av utmarka. Heldigvis finn me og nokre stader der tradisjonen framleis vert halden i hevd, men stort sett i fornya former.

I kyststroka var det også vanleg å ha dyra i utmarka, men her var bøgardstølane og uteflorane nær innmarka ein meir vanleg stad å mjølka dyra. Stord er likevel eit døme på at ressursutnytting med setring lengre frå innmarka vart brukt i eldre tid. Ein del gardar på øya hadde setrar og dei fleste  låg i skoggrensa opp mot fjellet, men det er også døme på setrar som låg litt inn på fjellet eller noko nede i skogen. Gamla Tysesetro låg til dømes oppe ved søraustre enden av Tysevatnet, medan setra til til Øvre Økland låg  i Seterlio nede i skogen sørvest for Vatnadalen. Mange stadnamn, frå Mehammarsetro i nord til Sætramyro på Øvre Litlabø i vest, vitnar om seterdrifta på Stord i gamal tid.

På Stord var det ikkje svært langt frå garden og opp til setra, og det har difor truleg vore stor grad av heimeseterdrift. Det vil seia at budeia gjekk opp til setra om kvelden, mjølka, låg over i bua om natta før ho gjekk nedatt til garden  etter morgonmjølkinga.

Lundesetro som ligg på sletta før du kjem til kraftstasjonen på Lundseter skal ha vore brukt til like etter 1900, og er såleis kanskje den setra som var lengst i bruk som mjølkestad i Stord.

I lia oppunder Steingilshedda noko lenger sør ligg setrane til gardane Lundemannsverk og Nordre Tveita i Nordbygdo. Vil du ha ein liten tur i denne vegetasjonsrike blandingskogen kan du ta av frå parkeringplassen ved fjellstova. Først må du gå eit lite stykke langs stien mot Vatnadalen, og så  ta opp mot nord-vest. Her i denne lune og næringsrike lia kan ein finna den dels overgrodde vollen til Lundemannsverksetra, der det står ei falleferdig hytte på staden der det truleg var ei seterbu i eldre tid. Denne setra er nemnd av matrikkelkommisjonane både i 1665 og 1723. Det er med utganspunkt i denne setra Kristen Sørheim fortel den romantiske kjærleiksoga til Peder`n i «Dagbok for Peder Lundarstøl». Ei soga som endar svært tragisk med mordbrann der dei to budeiene døyr.

Går du noko lenger vest og litt nedover i terrenget og passerer Beinadalsbekkjen, kjem du til restane etter Tveitasetervollen. Stien mot Vatnadalen går over vollen og etter litt leiting kan ein finna tufta etter i alle høve ei seterbu. I eit skiftedokument frå 1862 er det vist til to ståande seterbuer på denne staden. Elles er setra nemnd i matrikkeldokumenta frå 1665 og 1723, dessutan i ei rettsak frå 1751.

Frå Tveitasetra kan du ta stien mot sørvest til Vatnadalen, mot nordaust  til Fjellstova att, eller rett ned lia og inn på skogsvegen til Hauglandskvedno. Ein tur opp Beinadalen til Steingilshedda er fin for dei som vil ha litt meir fjellkjensle.

Turar i natur og kulturlandskap gir gode opplevingar, og både synlege kulturhistoriske element og ulike historiar knytt til landskapet kan gi ekstra dimensjonar til turane.              God tur!

 

«Sunnhordland»  25.07  2014

Forbrukaraksjonen for Stord Meieri

Turid Tresselt Melheim

Stord Meieri er igjen i søkjeljoset. Denne gongen gjeld striden rivinga av bygget, som i si tid husa meieriet, og bygging av ein høgblokk på tomta. Hausten 1987 og våren 1988 var det andre avgjersler  som mana til kamp.

På 1980-talet var me ein gjeng som dagleg pendla frå Stord til arbeidsplassane våre på Bømlo. Ferjeturen mellom Sagvåg og Siggjarvåg var fast møtestad, og ein dag hadde me lese i lokalpressa at strukturutvalet for P/L Vestlandsmeieriet hadde lagt fram ein plan som av økonomiske omsyn gjekk inn for å leggje ned meieria  i Odda, Ølen, Kvinnherad og Stord medan Etne meieri skulle byggjast opp for levering av konsummjølk i regionen.

Stord Meieri hadde like sidan opprettinga i 1934 alltid levert mjølk av god kvalitet og hadde gode økonomiske resultat.  At meieriet no skulle avviklast, kunne me ikkje sitje rolege å sjå på meinte Magne Kvæven. Han tok difor saman med Rune Indrehus og underteikna initiativ til å kalle saman til eit ope møte i Stord kulturhus måndag 31.august 1987.

Rundt 30 personar, ei blanding av produsentar, politikarar og forbrukarar,  møtte fram i Kulturhuset denne kvelden. Då fann den formelle stiftinga av Forbrukaraksjonen for Stord Meieri stad med Magne Kvæven som leiar. Med seg i styret fekk han Agnar Presthaug frå Samorg., Olaug Kvalvik frå det som då heitte Ytre Sunnhordlandsgruppa av Norges Husmorforbund, Per Høyland frå leverandørane,i tillegg til Margit Engen, Rune Indrehus og Turid T. Melheim som representerte forbrukarane.

Som det går fram av styresamansetjinga var dette ein allianse mellom forbrukarane, fagrørsla og leverandørane der forbrukarane var initiativtakarane og i fleirtal, derav namnet på aksjonsgruppa. «Meierisaka er ei forbrukarsak» gav Kvæven uttrykk for på stiftingsmøtet.

Medan Samorg. hadde hovudfokuset på nedlegging av arbeidsplassar, 8 i Kvinnherad, 2 i Ølen og 14 på Stord, var forbrukarane mest opptekne av kvaliteten på mjølka og stabile mjølkeleveransar.

Me veit  at mjølk er eit  av dei viktigaste næringsmidla me har anten me er unge eller gamle. Me veit og at det er eit ferskvareprodukt og at det difor skal lite til før kvaliteten vert  forringa. Når mjølka no skulle transporterast frå Etne, ville transporten verte mykje lenger med venting på ferjestadene, og kva innverknad ville dette få på temperaturen på mjølka og dermed på kvaliteten? Kva med beredskapen i ein krisesituasjon? Både Beredskapsrådet for Stord og Fylkesmannen i Hordaland hadde slått fast at beredskapen ville verte svekka om konsummjølka skulle leverast frå Etne.

Leverandørane følte seg lurte inn i samanslutninga P/L Vestlandsmeieriet. Dei hadde blitt lova om lag 20 øre meir per liter mjølk, og det var også gitt lovnad om at Stord Meieri ikkje skulle leggjast ned.  Leverandørane ønskte  at strukturplanen skulle handsamast på nytt og at nedlegginga av meieria  måtte utsetjast. Planen kom ikkje opp på nytt, og etter kvart verka det som om leverandørane vart mest interesserte i å sikre Innkjøpslaget sine interesser.

Også aksjonsgruppa ønskte at Vestlandsmeieriet skulle ta saka om nedlegging av Stord Meieri opp til ny vurdering. Målet  var at Stord Meieri skulle oppretthalde drifta. Det var på dette tidspunktet ikkje fatta endeleg vedtak om bygging av Trekantsambandet, men det låg i korta at dette sambandet mest truleg ville komme, og i så fall ville det vere ei feilinvestering for Vestlandsmeieriet å byggje opp meieriet i Etne, difor burde endeleg vedtak om nedlegging av Stord Meieri i alle fall utsetjast. «Skal Stord/Bømlo då levera mjølk via Sveio til Etne og så få konsummjølka i retur same vegen? Då hadde det vore betre å la Haugesund Meieri levera konsummjølka til Stord/Bømlo», hevda Magne Kvæven ifølgje Haugesunds Avis.

Hausten 1987 var det kommuneval, og forbrukaraksjonen arbeidde iherdig for å få gjort saka til eit tema i valkampen.  Det vart skrive brev til ulike instansar, teke personleg kontakt med politikarar på alle nivå. Det vart skipa til møte med statssekretæren  i Landbruksdepartementet, men alt til fånyttes. Hausten 1988 vart drifta ved Stord Meieri avslutta, og Etne Meieri tok over leveransane av konsummjølk i regionen.

Kjelder: Møteprotokoll  «Forbrukaraksjonen for Stord Meieri» og ulike avisartiklar.

 

«Sunnhordland»  27.06 2014

Fabrikkskipet «Clupea»

Oddbjørn Kvålsvold

I januar månad 1950 gjekk, fabrikkskipet «Clupea» nordover frå Stord til Smørhamn i Bremanger. Dette var første turen etter ombygginga til flytande sildoljefabrikk og fleire av informantane mine hugsar godt tida om bord i fabrikkskipet. Det var mange frå Sunnhordland som fekk sin faste arbeidsplass på skipet, i dei ni åra som «Clupea» var ein del avforedlingsapparatet under fiskeria. Silda vart hova frå fiskarfartøya som fortøydde ved skutesida og mellomlagra i råstofftankane om bord.

Skroget til «Clupea» var eit spesialfartøy, bygd for transport av tungt krigsmateriell for den engelske marine. Tradisjonen fortel atS. Bartz-Johannesen lenge hadde vore på utkikk etter eit skipsskrog som kunne nyttast til fa­brikkskip. Skroget kom til Stord i påskehelga 1949, og vart ombygd til ein flytande sildoljefabrikk ved verkstaden på Kjøtteinen. Ideen om ein flytande sildoljefabrikk kom opp i 1920-åra. Men først etter krigen fekk Den norske stat, Norges Sildelag og firmaets. Bartz-Johannessen realisera planane.

I 1951 deltok «Clupea» også som fabrikkskip på Afrika-kysten, i lag med snurpebåtar frå Austevoll. På vegen nordover vart det stans i Esbjerg i Danmark. Her vart «Clupea» med på gode fangstar for den danske fiskeflåten og fungerte som sildoljefabrikk i 1951-52 og 53. Danskane hadde ikkje utbygd sin eigen sildoljeindustri på derme tid og «Clupea» var produksjonsskip for danskane i to-tre månader kvart år.

Informantane mine fortel om mange minnerike turar, med rikeleg tilgang på råstoff under vintersildfisket. Fa­brikkskipet sin kapasitet på ca. 5000 hl i døgnet, gjekk for fullt. Turane med «Clupea» starta på nyåret og varte van­legvis til påske, med Daniel Kråkenes som skipper og Paul Stenberg som maskinsjef. Fabrikken var stasjonert mange plassar og dei hugsar opphald ved Måløy, Hjørungavåg og Kristiansund. Men og opphald i Ålesund, Eggesbønes og Harøysund. I 1956 var «Clupea» til Finnmark og produserte mjøl og olje av fisk som var mellomlagra på eit kaiområde (lodda). Men og under vintersildfisket var det tilrettelagt med lagring for sild på land i nokre hamner.

«Clupea» hadde ein besetning på 75 mann i produk­sjonen, pluss åtte—ti mann som utførte laste- og lossearbeid. I fabrikken var det tilrettelagt med skiftarbeid, fire timar på og åtte timar fri, døgeret rundt. Mjølet vart tappa i 50 kg sekker, «forsegla» med muleband av streng og stua i rommet. I periodar låg det ein lekter ved skutesida for mellomlagring av mjølsekker, men mjøl vart og lasta over på skip for innanlands levering eller eksport direkte.

I 1961 vart «Clupea» seld til eit fransk tirma som skulle nytta den til fiskemottak og fabrikkskip på kysten av Vest-Afrika. Stord Verft AS fekk no store oppgåver med «Clupea», og i periodar var det nærmare 100 mann som arbeidet på prosjektet. Skipet skulle gjennomgå full klasse til Det Norske Veritas, før overlevering. Utover dette vart det utført store installasjonar og ombyggingar, med foredlingsrom for fisk, tunellarfor hurtig nedfrysing og nye, store fryserom. Som læregut ved verftet på denne tid, var artikkelforfattaren sjølv med og monterte nytt Stord-Atlas inndampingsaniegg i fabrikkdelen.

«Den nye Clupea», fekk ein trist skjebne på Afrikas vestkyst, den tok fyr og brann opp etter kort tid. Men mange hugsar «Clupea» når ho låg oppankra på Leirvik hamn utanom driftsperiodane. Ideen som Sigfinn Bartz-Johannessen sette ut i livet med Per Hysing-Dahl som disponent etter siste verdskrig, er ein viktig del av etterkrigshistoria. «Clupea» vart ein verdiskaper i oppbyggingsåra som sikra stabil og korttransportveg frå fiskefelta til foredling av fangsten.

Skriftlege kjelder: fylkesarkiv.no og System-Posten

Munnlege kjelder Bjarne Rykkje f.1921 – d. 2013,

Nils Olav Føyen f. 1926, Arne Hansen f. 1929.

 

 

«Sunnhordland»  30.05 2014

Dei som kom til verda på Stord i 1814
Egil Nysæter
I år minnest me særskilt 1814. Mykje handlar om grunnlov, Eidsvoll og Eidsvollsmenn. Det kan difor vera på sin plass å fortelja litt om dei 25 som var fødde i 1814 innan noverande Stord kommune, medrekna fire frå Sørhuglegardane som då høyrde til Eid i Fjelberg.

Dei fleste i dette årskullet kom til verda frå januar til april og frå oktober ut året. Dei var 13 gutar og 12 jenter. Av desse døydde fire gutar og ei jente før dei hadde fylt eitt år, dvs. heile 200 promille, som var nokså normalt på denne tida. I Noreg i dag er tilsvarande tal 2,5 promille! Den såkalla forventa levealderen for kullet var berre 52 år. Men dei 20 som overlevde det kritiske første året vart faktisk nokså gamle, sjølv etter vår målestokk. Halvparten vart 72 år eller eldre.
Dei fem yngste av desse vart rett nok berre 20, 30, 34, 34 og 41 år gamle, men dei fem eldste var over 80 år: 94, 91, 89, 85 og 84 år. Og som no var det kvinnene som levde lengst: Kristi Eskeland døydde i 1909, medan einaste mannen av desse eldste var Ola Rydland frå Valvatna som døydde i 1906. Dødsårsakene veit me berre reint unntaksvis. Matias Hystad døydde i koleraepidemien 1849. Same året omkom Ola Almåspodlen i ei kollsigling. Anna Isaksdtr. skal ha vore spedalsk.

Etter konfirmasjonen byrja ein periode der dei fleste var i teneste anten heime eller ute i bygda. Med unntak av Malena Grov som døydde då ho var tjue år, gifta alle dei andre vaksne seg. Gabriel frå Lundemannsverk var den yngste brudgommen, berre tjue år gamal. Han var i teneste ei stund saman med kona før dei fekk seg eit husmannsplass i Sønningjo under Helland, Fitjar. Gjennomsnittleg giftarmålsalder var om lag 28 år for begge kjønn, med eit spenn frå 20 til 40 år. I alt fem gifta seg om att etter å ha mista ektefellen.

Alle kom frå eit gardsbruk eller eit husmannsplass. Dei eldste sønene kunne då overta etter foreldra. Det gjorde bondesønene Matias Hystad, Tørres Bjelland og Ola Høyland; og husmannssønene Ola Heio, Høyland og Ola Almåspodlen. Andre måtte ut av tunet. Men ingen reiste langt verken etter ektemake eller levebrød. Dei vart verande her i Sunnhordland. Til grannesoknene innan det store Stord prestegjeld flytta to til Valestrand og to som nemnt til Fitjar. Simon Litla Brandvik vart plassmann i Arnavik i Fjelberg etter ei tid heime på Huglo. Berre tre kryssa prestegjeldsgrensene. Det var Madela Tveit til Ånuglo i Tysnes, Anna Isaksdtr. som flytta med foreldra frå eit plass under Stuva til ein gard på Utbjoa og Brita Hystad til Finnås prestegjeld (Bømlo kommune).
1814-generasjonen kom til å leva sine liv i nokså stabile bygdesamfunn. Likevel merka dei nok at bygdene sakte skifta ham. For Stord var det fram til 1875 ei dobling av folketalet frå rundt 1100 til 2100, nye typar levebrød, betre kommunikasjonar og nye skikkar. Dei fekk mange etterkommarar og fleire av dei er ”på tuftom endå til”.

Kjelder: Eige utkast til ny busetnadssoge for Stord basert på kyrkjebøker, folketeljingar mm i Digitalarkivet. Om 1800-talet meir allmennt, sjå Nils Olav Østrem: Stord frå steinalder til oljealder II. 1720-1900. Ein tidlegare artikkel om 1814 stod i Sunnhordland 28.02, på nett i http://www.stordsogelag.no.

«Sunnhordland»  25.04 2014

Skulevegen frå Føyno

Oddbjørn Kvålsvold

Når ein i dag les om engstelege foreldre som ønskjer utbetring av skulevegen, så vil ein del av oss henta fram livsminne frå eiga skuletid og skulevegen. Nokre av dagens beste- og oldeforeldregenerasjon hugsar si skuletid, då ein måtte bu hjå ukjende gjennom skuleveka eller vart skyssa med båt.

Nokre ungar vart transportert til husvertane måndags morgon med skulebøkene, tørrmat og klede i ryggsekken, og så vart dei henta laurdags ettermiddag. Dette var nok ein vanskeleg og tøff start på skuleperioden for ungar i sju-årsalderen, men ein skjebne mange i grisgrendte og veglause område hadde i vår nære fortid.

Ei av informantane mine, Else Spissøy vaks opp på Føyno. Dei første tre åra fekk ho undervisning i eit stoverom hjå Ivar Føyen på Føyno. På denne tid, var det ni skuleungar som budde på Føyno. Else hugsar lærarane sine, Sigrid Byrkjeland Stangeland, Eli Hannisdal og Olaf Dahl. Lærarane budde ofte i skuleveka på Føyno, men nokre rodde Digernessundet kvar dag. Føyno delte lærar med Hatland skule, og det var turnusar med to veker i kvar krins. Men frå og med 4. skuleåret, måtte både Else og søstera fraktast over fjorden for å møta opp på Hatland skule. Det var berre desse to skulepliktige i krinsen og skulen vart nedlagt. No fekk ungane frå Føyno, ein spanande og strevsam skuleveg som enno sitt i minnet.

Det var faren Johannes Føyen og broren Nils Olav Føyen som sytte for skyss over sundet med ein færing. Turen mellom Føyno og Litlavågen på Byrkjeland i open robåt kunne vera strevsam. Vintersdagen, i sterkvind med store bølgjer, var nok skulevegen ei stor påkjenning og sut, både for ungar og foreldre. Tanken på heimvegen kunne og uroa jentene som sat på skulebenken på Hatland og følgde med om det bles i tretoppane. Dei visste at var det frisk seglevind, så ville storebroren Nils Olav som skulle henta dei, heisa segl. Else hugsar mange friske seglturar med ripa som strauk seg langs sjøen og tok inn vatn.

Frå lendingsplassen i Litlavågen måtte skulebor­na delvis trakka gjennom skog og mørke vegar for og koma fram til skulebygget på Hatland. Skulen var todelt og Else og søstera fekk gå saman i storskulen. I vintermånader med snø og vallesletta vert desse turane hugsa, med naglebit både på hender og fø­ter. Ekstra lubbar var ein del av utstyret, og læraren passa på at dei våte klede vart tørka på skjermbrettet framom omnen.

Sjølv om det ikkje var så ofte, så hendte det at ruskeveret stoppa heimturen. Ungane vart vérfaste. Då måtte Else og søstera overnatta hjå vennin­ner på Digernes. Dei hadde ikkje telefon på Føyno på denne tid, men foreldra visste dei var i trygge hender.

Munnleg kjelde: Else Spissøy f. 1930

 

 

«Sunnhordland»  28.03 2014

Ei vanleg løe

Jens Litlabø

Ho står på bruket Haugen, eit tidlegare husmannsplass, nederst i Haga. Bygget er er ei vanleg reisverksløe med mura flor (fjøs) i teglstein. Løa er fornya med aluminiums-plater på vegger og tak, men tidlegare hadde ho raudmåla bordkledning og eternitt på taket.

Det var i 1948 far til Harald, Halvard Haga, trong ny løe. Han hadde nok høyrt at løa på Nysæter var til sals og funne ut at denne hadde god material dg kunne flyttast til Haga. Det var eit stort arbeid å demontera løa, men transporten var blitt lettare no når det hadde kome bilvegar og lastebilar. I Haga måtte dei grava tuft og byggja grunnmur før løa kunne reisast på ny.

På småbruket i Haga hadde Halvard to mjølkekyr og nokre ungdyr, dessutan vart det laga rom til 10-15 grisar og ein del høns i løa. Halvard hadde også minkfarm på garden. Frå 1970-åra vart løa brukt til sauehus.

Kvar på Nysæter stod denne løa, og kvifor vart ho flytta frå Nysæter? Det gamle tunet på hovudbruket på Nysæter låg ved Storavatnet om lag der Nysæter landhandel var tidlegare. Her stod både våningshus, løa og andre uthus som høyrde til garden. Den dyrka jorda låg i små dalføre og mellom knausane i området kring tunet. Garden hadde mange og dels gode husmannsplass utover mot Sagvåg; Nysæterneset, Myro, Buneset og Sagvåg er av dei beste plassa. Husmannsplassa vart frå 1870-åra skilde ut som eigne bruk.

I 1905 vart hovudbruket seld til Peder Otteson Rutle. Han var ein tiltaksam kar som mellom anna sette opp ny løa på garden. I 1912 selde han likevel garden til Erik Saue, og flytta sjølv heim til Rutle. Allereie i 1915 fekk A/S Stordø kisgruber kjøpa garden og brukte jorda og løa til produksjon og lagring av høy til hestehaldet i gruva. Under 2. verdskrig var også jorda viktig til åker og matauk, men etter krigen var det nye tider og mykje av innmarka vart seld som byggjetufter. Den gode løa vart ståande ubrukt og kunne såleis seljast til bonden i Haga.

I tidlegare og meir nøysame tider var det nokså vanleg å flytta bygningar, særleg galdt dette lafta hus og uthus i grindkonstruksjon, men også andre typar bygningar. I vår forbrukstid er det mange som planlegg i korte tidsperspektiv, noko som ofte også gjeld ulike bygningar.

Her er ikkje rom for å skriva mykje, men ein slik bygning kan vera utgangspunkt for ulike historier, til dømes om bygningar, gardshistorie, personskildringar eller meir generelt om samfunnsutviklinga.

Ei slik vanleg løe har ei historie å fortelja.

Kjelder: Munnlege kjelder og Stord bygdebok, Gards og ættesoga

«Sunnhordland»  28.02 2014

Eidsavlegging og val i Stord kyrkje fredag 18. mars 1814

Egil Nysæter

Denne dagen var folk samla til ekstraordinær bededag i den gamle Stordakyrkja; hovudkyrkja i det gamle Stord prestegjeld som også omfatta Fitjar og Valestrand.

Ved Kielfreden 14. januar måtte danskekongen gje frå seg Noreg til Sverige. Tronarvingen, prins Kristian Fredrik som var statthaldar i Noreg, stilte seg då i spissen for eit sjølvstendig Noreg. Planen hans var først å gjera seg til konge i kraft av arveretten til riket. Men på stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar fekk han råd om å kalla saman ei riksforsamling for å utarbeida ei grunnlov for landet. Berre tre dagar seinare sende han så, som regent, brev til bispane om den ekstraordinære bededagen.

Etter ein stutt, men kraftfull innleiingstale skulle presten lesa kong Fredrik 6.s brev om at det norske folket var løyst frå truskapseiden sin til den eineveldige kongen. Deretter skulle Kristian Fredriks opne brev lesast. Folket skulle oppfordrast til avleggja følgjande høgtidelege eid: ””Sværge I at, at hævde Norges Selvstændighed, og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreland? hvilket med opløftede Fingre besvares med: ”Det sværge vi, saa sandt hjælpe os Gud og Hans hellige Ord”!”. Særleg demokratisk kan ein ikkje kalla framgangsmåten. Etter eiden skulle det haldast ei passande preik over Davids salme 62, 8-9.

Etter gudstenesta skulle det veljast to menn til å møta i Bergen for å velja tre representantar frå amtet (fylket) til å møta på Eidsvoll. Den eine av desse to skulle vera av bondestanden. Opplysningar om eid og val vart skriftfesta i ei adresse (høgtideleg skriv) underskrive av prest og klokkar, lensmenn, presten sine medhjelparar og fattigkommisærar, i alt 14 menn. Adressa tok eidsvollmennene med til Kristian Fredrik. I adressa frå Stord heiter det: ”Storøens Præstegjelds Almue haver tilsvoret Fædrene Landet ubrødelig Troeskab, og ved et frit Valg haver Pluraliteten [fleirtalet] udkaaret de tvende hæderlige Mænd Velædle Hr. Foged Budtz og Selvejer paa Gaarden Kyvigen Peder Haldorsen”.

Dei to møtte saman med 42 andre valmenn på Bergens Rådstue den 28. mars. Der fekk sorenskrivar i Hardanger og Voss Arnoldus von Westen Sylow Koren (busett i Kinsarvik), sokneprest i Voss Georg Burchard Jersin og ”Bondemand” Brynnild Anderssøn Gierager, Voss, flest røyster som utvalde frå Søndre Bergenhus amt (omfatta ikkje Bergen).

Det var knapt tilfeldig at det nettopp var Peder Haldorsen som stordabuane ville ha som bonderepresentant. Soknepresten Eric Olsen hadde i eit trykt skrift året før utpeika Peder som hovudmannen bak motstanden frå stordabuane mot å yta den såkalla offerskjeppa med havre til presten. Men Peder var kar for å svara i eit nytt trykt skrift. Olsen stemnde han då for ærekrenking fordi han hadde hevda at presten var driven av ”Begjærlighed og Trættelyst”. Berre tre dagar før denne bededagen hadde presten og bonden møtst for første gong på tinget i ei lang rettssak. Om denne striden og utfallet kan du lesa i Nils Olav Østrem: Stord frå steinalder til oljealder bd. II, s. 89-93. Adressa sjå same stad; kopi av original: www.arkivverket.no/arkivverket/Tema/1814/.

 

 

«Sunnhordland»  24.01.14

Ferieheimen  i Holo på Leirvik

Oddbjørn Kvålsvold

Ferieheimen som Knutsen OAS fekk bygd i Holo på Leirvik i 1920, var eit sosialt tiltak som mange sjukesystrer frå Haugesund hadde stor glede av. I ein samtale med Margit Engen (f. 1915), fekk eg kjennskap til litt av historia som er knytt til dette store huset øvst i Leirviksmarka. Før fortettinga av bustadområdet rundt Leirvik sentrum tok til, låg dette huset som eit lite slott, einsamt på toppen av Holevegen. Nokre av oss hugsar og huset frå den perioden distriktslege Emil Mo budde der, med sine mange radioar, TV ‘ar og akvarier, – eit hus med mange rom.

Margit fortel meg om skipsreiar Knut Knutsen som låg på sjukehuset i Haugesund i året etter fyrste verdskrig. Ferien stunda til og han spurde ut sjukesystrene kva dei skulle gjera på i ferien. Mange svarte at dei måtte nok reisa å hjelpa foreldra på småbruket eller med fiske. Svara han fekk, var kimen til Knutsens ide om ein ferieheim, kvileheim for sjukesystrer. Haugesundsreiaren kjøpte ei 6 mål stor tomt av Reinert J. Leirvik og bygde ferieheim for sjukesystrene som hadde gjeve han godt stell og pleie. Eigendommen Lyhaugen, vart skilt frå bnr. 1 i 1920 og skøytt til «Haugesund sykepleierskers Ferieheim».

Margit Engen tok til å arbeida på Ferieheimen i 1930 og vart verande i 6 år. Heimen i Holo vart drifta i sumarhalvåret. Mange eldre ugifte sjukesystrer, som såg på yrket sitt som eit «kall», fekk her ei ferieoppleving der dei kunne gå til «duk og dekka bord» og nyta feriedagane. Ja, for det var få om ingen arbeidstakarar, som i 1920 -30 åra  kunne nyta feriedagane på hotell med full forpleiing.

Margit fortel at huset var svert godt utrusta, med moderne kjøkken, staselege fellesrom og romslege enkeltrom for dei ferierande. Soveromma var utstyrt med Sjeselong (samtidas prikk over i’ en) og vaskefat med mugge i beste engelsk steintøy. Seng og sengeutstyr var og av topp kvalitet og med flotte tepper på gulvet. Ho hugsar at soveromma var mala i forskjellige fargar. Salongen var møblert med skinnmøblar og på golvet låg det store Persiske tepper. Mange gav uttrykk for at dette var deira drømmeferie og eit minne for livet.

Men ferieheimen fekk ein trist skjebne under siste verdskrig. Då overtok okkupasjonsmakta huset til  bustad for offiserar. Nokre av informantane mine, som vaks opp i nærleiken, hugsar at tyskarane grov opp skyttargraver i området. Vidare har dei barneminner frå krigsåra, da tyskarane hadde nattøving. Øvingane vart gjennomført med mykje smell og spetakkel, utan forvarsel. Dette skapte uhygge blant born og vaksne og er av dei vonde minner frå krigsåra.