Stord sogelag

Meny

Faste avisspalter 2012

Historisk spalte i bladet Sunnhordland. Desse innslaga har stått på trykk i 2012:

28.09 Atle Bjørn Mæhle: Gammal eik på Langehaugen

26.10 Egil Nysæter: Då Rogaland blei styrt frå Stord

23.11 Egil Nysæter: Til Kristiansund med god grunn

21.12 Nils T. Økland: Jula og dei farlege maktene

 

«Sunnhordland»  26.10.12

Då Rogaland blei styrt frå Stord  

Ja, no er det på enkelte område motsett. Offentlege kontor i Rogaland styrer med saker som gjeld Stord og Sunnhordland. Kanskje nok å nemna Helse Fonna? Nye kommunikasjonar har skapt eit sug sørover.

Men la oss gå to hundre år tilbake i tid. I mai 1799 blei futen i Sunnhordland og Hardanger, Ulrich Wilhelm Koren, utnemnt til amtmann i Stavanger amt, fylkesmann i Rogaland. Han var kjøpmannsson frå Bergen, men bestefaren Johan Koren hadde vore prest i Stord prestegjeld, og ei farsøster var ei av fruene i Frugarden.

Ulrich Wilhelm kom som sekstenåring i teneste i Skånevik hos sorenskrivaren i Sunnhordland. Der steig han i gradene frå skrivardreng til eidsvoren fullmektig, og i 1777 etterfølgde han Andreas Juel på Halsnøy kloster som fut. Han og familien budde på garden Eide på Halsnøy før han kjøpte Kåravikjo på Stord av presten Paludan i 1793.

Koren var ikkje berre fut, men også ein ivrig gardbrukar, ein ”potetfut” som agiterte for betre jorddyrking og nye vekster. Men sjølv åt han likevel ikkje poteter. Han var også interessert i treplanting og noterte seg at det voks 45 forskjellige tre på den nye garden sin. Det var nok han som planta ein kristtorn som då den blei hoggen på 1860-talet, var 14,4 m høg: ”det største Exemplar af en Christtorn, som man hidtil har iagttaget i Norge!”.

Koren var ein moderne embetsmann som stod seg godt med folk flest i ”sitt elskede Sunnhordland”. Men så ville kongen i København at han søkte embetet som amtmann i Stavanger amt. Det gjorde han, men bad samtidig om løyve til å bli buande på Stord som berre låg 4-5 timar frå amtet. Etter at Kongsgård i Stavanger var seld, fanst det ikkje nokon amtmannsgard å overta. Det ville bli dyrt og ta tid å skaffa seg ein passande gard. I Kåravikjo fekk han post ein gong i veka slik at styringa av amtet ville gå greitt. Han viste også til at dei tre siste amtmennene i Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane) hadde fått løyve til å bu i Bergen.

Koren blei utnemnt, men utan løyve til å bu utanfor amtet. Likevel heldt han fram med å bu i Kåravikjo. Først i mars 1800 overtok Koren embetet fullt ut, og fleire av breva hans er underskrivne i ”Kaarevigen”. I 1801 fekk han så, på grunn av ”Urolighederne” med England under Napoleonskrigane, ordre om straks å flytta. Men først i mai året etter drog han og familien sørover – ikkje til Stavanger, men til Egersund! Det var rimelegare å bu der.

No byrja den ulukkelege tida for han, skreiv han sjølv. Den ”synske” søstera hans, Maren Bredal, sa at jakta han hadde leigt ville forlisa. Han sende difor berre eit ur med denne båten som i samsvar med spådomen gjekk ned. Og nokre månader etter at dei var komne fram, døydde både kona hans og svigermora. Koren slutta som amtmann i 1810 og flytta året etter til Bergen der han ”henslumrede” i 1826, nær 79 år gammal.

I ”Stord frå steinalder til oljealder II” fortel Nils Olav Østrem meir om amtmannen som helst ikkje ville forlata Stord. Sjå også Gudrun Johnson: ”Slekten Koren I-II”. Teikning av den store kristtornen i F.C. Schübeler: ”Norges Væxtrige II”.

Egil Nysæter

 

 

«Sunnhordland»  23.11.12

Til Kristiansund med god grunn

Det er mange stordabuar og sunnhordlendingar tilknytta Aker som i vår tid har pendla til denne byen for arbeid. Men lenge før dette var det folk frå våre kantar som kom til Kristiansund med god kunnskap om skipsbygging i bagasjen.

Arne Andersen var fødd i 1849 på husmannsplasset Sætre under Vikanes. Han var son til den kjende jektebyggjaren Anders Arnesson Kjærevik frå Varaldsøy. Anders var komen til Sætre i 1821. Med Vervatåno (Seglneset) i Sagvågen som base var det han som lærde sagvågarane å byggja båtar.

Ved folketeljinga i 1875 losjerte Arne heime på Sætre; han var då tømmermann, mest truleg i arbeid hos Nils Ottesen Jensanes. Men då var det nokre magre år med lite å gjera. Arne tok seg difor arbeid i Kristiansund. Våren 1877 kom han att og gifta seg med Martha Haldorsdtr. Ho var fødd i 1857 på Skjetne i Tiller, no i Trondheim. Foreldra hadde slått seg ned i Rossneset på Litlabø der faren var mellom dei første gruvearbeidarane på Stord frå 1865.

Arne og Martha returnerte til Kristiansund der han arbeidde som skipstømmermann, truleg på Mellemværftet i Vågen. Drifta der gjekk mindre godt, og i 1880 fekk Arne leiga verftet. Tre år seinare kjøpte han det, saman med Petter Eriksen frå Halsnøy og Markus Holden frå Hemne. Etter kvart blei det heitande ”A. Andersen & Co. Mek. Værksted & Skibsværft”. Verftet dreiv med vedlikehald, men det blei også bygd mange nye fartøy; dei fleste teikna av Veritasagenten og båtbyggjaren John Børve frå Ullensvang.

Bror til Arne, Nils Andersen, kom til Kristiansund med familien tidleg på 1880-talet. Han var smed med eigen verkstad. Største arbeidet var jernbrua mellom Meløya og Skorpa i 1910. Fleire andre stordabuar og andre sunnhordlendingar flytta til Kristiansund på denne tida, m.a. skipsbyggjarane Nils J. Nysæter og Reinert Jansen (Føyno).

Arne Andersen døydde alt i 1899, men Martha Andersen dreiv firmaet vidare, saman med kompanjongane, til det blei aksjeselskap i 1921.

Mellemværftet blei nedlagt i 1978. Det er no verftsmuseum under Nordmøre Museum med Mellemværftet Fartøyvernforening som støttespelar, sjå heimesidene deira, særleg Karl Ragnar Gjertsens artikkel i Årbok for Nordmøre 1985. Om Andersenfamilien: Anne Lise Tømmervåg: Utflukt på Skorpa for snart hundre år siden (digitaltfortalt.no) og Digitalarkivet. Sjå også Sagvågen kystlag sine heimesider.

 

Egil Nysæter