Stord sogelag

Meny

Årsmøtet 2014: Steinriket Bømlo

Referat frå årsmøtet 2014

Stad: Stord folkebibliotek

torsdag 20.02.14 kl. 19.

Leiar, Lars Mæland , ønskte dei ca. 40 frammøtte velkommen. Ingen hadde merknader til saklista.

Sak 1:    Val av møteleiar og referent

  • Jakob Gullberg blei vald til møteleiar og Turid Tresselt Melheim til referent.

Sak 2:   Årsmelding

  • Det hadde snike seg inn ein skrivefeil i tittelen på Anstein Lohndal sitt innlegg i årsskriftet. Det rette skal vere : Då bygdemuseet og sogelaget for sunnhordlandsbygdene vart organisert i 1913 – eit oversyn.  Jens Litlabø sin artikkel i årsskriftet: Prestegardane i Stord , hadde falle ut. Desse feila er no retta i årsmeldinga. Elles ingen merknader.

Sak 3:   Rekneskap

  • Rekneskapen vart godkjend slik han låg føre.

Sak 4:  Val

  • Styret: Leiar : Lars Mæland ( vald for 1 år )

Styremedlemmer : Nils Tore Gram Økland ( vald for 2 år ), Peggy Husevik Bærøy ( ikkje på val, 1 år att ), Atle Bjørn Mæhle ( vald for 2 år ) og Turid Tresselt Melheim ( ikkje på val, 1 år att ). Varamedlemmer : Jens Litlabø ( vald for 1 år ) og Bjørn Bjørlykke ( vald for 1 år ).

Valnemnd : Jakob Gullberg ( 1 år att ), Oddbjørn Kvålsvold ( vald for 3 år ) og Tordis Nysæter ( vald for 3 år ).

Sak 5:   Diskusjon om arbeidet i laget

  • Mæland orienterte om felles rusletur  med Fitjar sogelag på Osterneset.
  •  Nils Tore G. Økland fortalde om møtet sogelaget har saman med museet.  Museumsmøtet vil finne stad i museumshallen  11. mars, og temaet for årets møte er 1814 og feiringa av 17. mai på Stord.
  • Det er også planar om ein medlemstur til Moster tidleg på hausten.  Mæland etterlyste synspunkt på om ein skulle leggje denne turen til ein ettermiddag eller helg. Det kom frå salen forslag om ein ettermiddag.
  • Ein av møtedeltakarane gjorde merksam på at for 150 år sidan kom industrien til Stord. Dette er også eit jubileum som sogelaget kanskje burde markere.
  • Mæland stilte også spørsmål  til dei frammøtte om laget skal halde på det noverande formatet på årsskriftet eller om ein skal gå over til A4- format.  Dei som ytra seg i saka ønskte å halde på det noverande formatet.

Etter styremøtet heldt Brynjar Stautland eit engasjerande føredrag om : Steinriket Bømlo.

Biblioteksjef Bjørnar Withbro  orienterte om den lokalhistoriske samlinga som finst på Stord folkebibliotek.

 

Turid Tresselt Melheim

-referent-

Avisomtale av årsmøtet:

Stord Sogelag  har lagt seg til velsmakande årsmøtevanar for både hovud og kropp.  2014-møtet var ope for alle og igjen lagt til dekka langbord i Biblioteket i Kulturhuset. Her ønskte  leiaren Lars Mæland vel møtt med informasjon om god interesse for arbeidet laget driv, og dermed også god oppslutnad til  historiske møte og rusleturar i nærmiljøet. Sogeskriftet som kjem i handel seinhaustes,  vart i fjor så godt som utseld og  i år vil ein sterkt vurdera å auka opplaget til 600 eks. Eit eksemplar av det populære skriftet er inkludert i medlemspengane på 250 kroner, ( i utsal  150). – Så det er berre å skriva seg som medlem,  aggeterte  Mæland.

I fjor gjorde årsmøtet vedtak om å opna for medlemer også frå Fitjar, sidan sogelaget har same namnet som heile øya. Fitjarbuen «svarte» med å blåsa nytt liv i sitt eige sogelag, og gje ut sitt eige sogeskrift. I mai legg Stord  Sogelaga den vårlege og informative spaserturen til Osternes og festningen der.  11. mars vil det bli eit større sammøte med  Sunnhordland museum der  grunnlovsjubileet blir tema.

Årsmøtet var så påspandert snittar og kaffi og godt høve til prat,  før Brynjar Stautland kom med eine fakta meir imponerande enn det andre kring Steinriket Bømlo. I tusenvis av år har kommunen i vest  sendt frå seg stein av ulikt slag til ulike verkty, våpen og byggjeføremål i inn- og utland.  Det kanskje mest imponerande nyhendet vart utsegna om at koparen på Fridomsgudinna i New York like gjerne kan koma frå Bømlo som frå Karmøy.

Det vart atteval på Lars Mæland som leiar, med seg i styret har han  Nils Tore Gram Økland og Atle Bjørn Mæhle,  kasserar  Peggy Husevik Bærøy  og skrivar  Turid Tresselt Melheim.

 

Nokre foto frå tilkskipinga

Om lag 30 personar var med på årsmøtet

Om lag 30 personar var med på årsmøtet

Årsmøtelyden frå ein annan vinkel

Årsmøtelyden frå ein annan vinkel

Matøkt

Matøkt

Brynjar Stautland fortel om Steinriket Bømlo. Her syner han ei pil med ryolitt-brodd.

Brynjar Stautland fortel om Steinriket Bømlo. Her syner han ei pil med ryolitt-brodd.

Sjå den interessante nettstaden:  Steinriketbomlo.no