Bjørn Bjørlykke

Meny

Referat frå årsmøte i Stord sogelag 2014

Stad: Stord folkebibliotek

torsdag 20.02.14 kl. 19.

Leiar, Lars Mæland , ønskte dei ca. 40 frammøtte velkommen. Ingen hadde merknader til saklista.

Sak 1:    Val av møteleiar og referent

  • Jakob Gullberg blei vald til møteleiar og Turid Tresselt Melheim til referent.

Sak 2:   Årsmelding

  • Det hadde snike seg inn ein skrivefeil i tittelen på Anstein Lohndal sitt innlegg i årsskriftet. Det rette skal vere : Då bygdemuseet og sogelaget for sunnhordlandsbygdene vart organisert i 1913 – eit oversyn.  Jens Litlabø sin artikkel i årsskriftet: Prestegardane i Stord , hadde falle ut. Desse feila er no retta i årsmeldinga. Elles ingen merknader.

Sak 3:   Rekneskap

  • Rekneskapen vart godkjend slik han låg føre.

Sak 4:  Val

  • Styret: Leiar : Lars Mæland ( vald for 1 år )

Styremedlemmer : Nils Tore Gram Økland ( vald for 2 år ), Peggy Husevik Bærøy ( ikkje på val, 1 år att ), Atle Bjørn Mæhle ( vald for 2 år ) og Turid Tresselt Melheim ( ikkje på val, 1 år att ). Varamedlemmer : Jens Litlabø ( vald for 1 år ) og Bjørn Bjørlykke ( vald for 1 år ).

Valnemnd : Jakob Gullberg ( 1 år att ), Oddbjørn Kvålsvold ( vald for 3 år ) og Tordis Nysæter ( vald for 3 år ).

Sak 5:   Diskusjon om arbeidet i laget

  • Mæland orienterte om felles rusletur  med Fitjar sogelag på Osterneset.
  •  Nils Tore G. Økland fortalde om møtet sogelaget har saman med museet.  Museumsmøtet vil finne stad i museumshallen  11. mars, og temaet for årets møte er 1814 og feiringa av 17. mai på Stord.
  • Det er også planar om ein medlemstur til Moster tidleg på hausten.  Mæland etterlyste synspunkt på om ein skulle leggje denne turen til ein ettermiddag eller helg. Det kom frå salen forslag om ein ettermiddag.
  • Ein av møtedeltakarane gjorde merksam på at for 150 år sidan kom industrien til Stord. Dette er også eit jubileum som sogelaget kanskje burde markere.
  • Mæland stilte også spørsmål  til dei frammøtte om laget skal halde på det noverande formatet på årsskriftet eller om ein skal gå over til A4- format.  Dei som ytra seg i saka ønskte å halde på det noverande formatet.

Etter styremøtet heldt Brynjar Stautland eit engasjerande føredrag om : Steinriket Bømlo.

Biblioteksjef Bjørnar Withbro  orienterte om den lokalhistoriske samlinga som finst på Stord folkebibliotek.

 

Turid Tresselt Melheim

-referent-