Stord sogelag

Meny

Årsmelding 2022

ÅRSMELDING 2022- STORD SOGELAG 

Styret i Stord sogelag i årmøteperioden : 

Leiar, Kjellbjørg Lunde, nestleiar, Liv Ingrid Grov, skrivar, Asbjørn Aasheim, kasserar, Odd Stuve Rommetveit,  Gunnar Strand,  møtande vara  og ansvarleg for heimeside og annonsering,  Bjørn Bjørlykke og Jens Litlabø.

Revisor : Peggy H. Bærøy

Valnemd : Atle Bjørn Mæhle og Peggy H. Bærøy, og ein som styret fekk fullmakt til å peike ut.

Medlemstalet ved utgangen av årsmøteperioden var 

Lagsaktivitet 2022.

Lagsaktiviteten har også dette året vore noko prega av etterverknadane av pandemien.

Det har vore fire ordinære styremøte; 1. februar, 13. mars, 07. juni og 5. oktober.

I tillegg to fellesmøte med Skriftstyret i samband me planlegging av innhald og ferdigstilling av årsskriftet 2022.

I år var det ikkje felles pakkemøte. Kasserar/ kontaktperson for salsstadane tok på seg arbeidet med å pakke og adressere konvoluttane, og så hadde vi eit møte og fordelingstidspunkt for henting av konvoluttar. Laget sparar stor summar på at medlemane i dei to styra tek dugnadsjobben med å levere ut dei fleste av årsskrifta til medlemane.

Årsmøtet blei gjennomført 22. mars med 24 frammøtte medlemer og interesserte til den opne delen av møtet.

Tilskipinga starta med  foredrag av Bjørn Angell Bergh om « Leirvik fyrstasjon  – som del av norsk fyrhistorie «. 

Interessant og informativt om dei bemanna fyra langs kysten, men også med eit personleg preg sidan foredragshaldaren hadde vakse opp på Leirvik fyrstasjon.

Servering av kaffi, te og kaker før det ordinære årsmøte blei avvikla. 

Rusleturar :

Det blei gjennomført fire rusleturar i årsmøteperioden. 

Den første 26. april til Bjelland og krigsminna der. Turvert Hans Kristian Junge.

Deretter til Fyrøya 15.j uni i regi av Venelaget for Fyrøya og Bjørn Angell Bergh som turvert. 

18. august tok Nils Tore Gram Økland  oss med på ein rundtur i Kyvik, og 31. august var Gunnar Strand turleiar for turen til Isdal / Dale og deler av Grueområdet. Her var også Ivar Helleland frå Venelaget for grua med og informerte.

Dette er populære turar og deltakartalet har dette året vore mellom 25 og 50 på kvar tur.

Stor takk til turvertane som planlegg, gjer avtaler og deler sin kunnskap om områda med deltakarane.

Turane er gratis, og det blir servert kaffi/te og noko å bita i under vegs. Det er høve til å gi ei pengegåve til laget i samband med turane, og fleire Vippsar eit bidrag.

Stord sogelag teng fleire medlemmer og kasseraren nyttar alltid høve til å reklamere for laget på desse turane.

Representasjon på Hordaland sogelag sitt årsmøte og lokalhistoriske dagar;

Heidersmedlem Nils Tore Gram Økland og Liv Astrid Økland var utsendingar til møtet som blei avvikla i Granvin, Ulvik og Eidfjord 25. -27. mars.  Rapport frå samlinga ligg føre.

Sogespalta i Sunnhordland.

Sunnhordland har under ny redaktør ikkje vore open for å halde fram med å gi spalteplass til lokalhistorisk stoff under Stord sogelag sin logo. 

Stord sogelag meinar at innhaldet i ei slik spalte burde vere interessant for lesarar av lokalavisa, og har tenkt å prøve å få på plass ei ny avtale. Det er ikkje lett å skaffe forfattarar til nye artiklar i det omfang som då Oddbjørn Kvålsvold skreiv i spalta, men vi har ein del på vent .

Vi har også, etter innspel bl.a. frå medlemar, planar for temamøte i regi av Stord sogelag og Sunnhordland museum under overskrifta « Sogetimen «, men det er vanskeleg å få aktuelle bidragsytarar til å medverke. 

Samarbeidsprosjektet om fotodokumentasjon er av ulike grunnar ikkje teke opp igjen etter pandeminedstenginga, men det er planar om vidare samarbeid med Sunhordland museum.

Stord sogelag sitt årsskrift .

Skriftstyret har desse medlemane : Bjørn Bjørlykke, Peggy H. Bærøy, Turid Tresselt Melheim, Åsta Lorentsen, Vigdis Digernes Dahl  og Steinar Hystad. 

Årsskriftet for 2022 er på 114 sider med interessant og variert stoff. 

Føreord : :   Skriftstyret

Dynamittfabrikken på Litlabø 1876 – 1903: Alf Mathisen

Smellen som skremte huldrene: Christian Bang Vidsteen

Dei var med og utvikla sørvisnæringane på Vikjo: Oddbjørn Kvålsvold

Kulturminne og kulturlandskap på Røssbø – del 2: Sigrun Røssbø

Landhandleri på Tveita: Kristen Benonisen

I det militære 9. april 1940: Magne Bjelland

« Flintsteinhoggaren « Hjalmar Taipale si reise frå Vasa til Tranøyo: Harald Breivik

Gruvedrift på Stord frå tidleg jernalder til i dag, Hans Ingvar Romslo

Langelandsbutikken på Vikjo – del 1: Åsta Lorentsen

Gurid Lønning ! 1912-41 ): Gunnar Helge Hageberg

Ungdomshuset « Fitjartun «: Harald Breivik

Stord sogelag – årsmelding  : Styret   

Avisa Sunnhordland laga ikkje omtale av innhaldet i sogeskriftet, noko som brukar å hjelpe på salet.

Steinar Hystad presenterte innhaldet på nettstaden stordront.no .

Salstala frå utsalsstadane blei om lag som ved fjoråret, til tross for at leveringa til bokhandlarane og andre salsstader blei noko seinare enn vanleg p.g.a. tekniske produksjonsproblem hos trykkeriet.

Det blir selt  ein del tidlegare eksemplar av dei vi har på lager, til folk som etterspør slike.  Men vi har ikke mange ekesmplar igjen når  Nysæter U- skule få sine eksemplar av restopplaget når dei er flytta inn i den nye skulen. Skular og institusjonar har fått restopplag av dei årgangane vi hadde mange igjen av.

Når det gjeld arbeidet med Kulturminneplanen for Stord kommune er det ikkje noko nytt å melde, heller ikkje når det gjeld avklaring for Hatland skule.

Stord sogelag får av og til førespurnader frå ulike historieinteresserte folk, både profesjonelle og andre, om hjelp til å finne stoff til bøker, artiklar, filmar m.m.

Asbjørn Aasheim har m.a. skaffa fram verdifult materiale, bilete og anna, til eit dokumentarisk arbeid ; tekst og film om Salamon Isaewitch, som saman med kona, Anna dreiv handel fleire stader i Borggata tidleg i førre hundreåret. 

Stord sogelag/skriftstyret/årsskriftet representerer viktig lokalhistorisk arbeid og dokumenterer kunnskap for samtid og framtid.