Stord  sogelag
  • Meny

  • Årsmelding 2020

    Framlegg:

    Årsmelding 2020

    Stord sogelag.

    Nytt styre etter årsmøte 11. juni 2020 . 

    Leiar : Kjellbjørg Lunde

    Nestleiar : Liv Ingrid Grov

    Skrivar: Asbjørn Aasheim.

    Kasserar : Odd Stuve Rommetveit

    Styremedlem : Gunnar Strand

    Varamedlemmer : Bjørn Bjørlykke ( ansvarleg for heimeside og annonsering ) og Jens Litlabø.

    Revisor : Jostein Arne Tvedte  

    Valnemd : Turid Tresselt, Atle Bjørn Mæhle og Peggy H. Bærøy.

    Medlemstal 

    Laget har i dag 160 individuelle medlemmer og 7 institusjonsmedlemmer.

    Lagsaktivitet 2020.

    Aktiviteten dette året har vore påverka av restriksjonane som fylgje av Covid 19.

    Det har vore 5 styremøte i årsmøteperioden, og eit » pakkemøte « der medlemer frå skriftstyret og styret gjorde klar for distribusjon av årsskriftet til medlemer og salsstader. Utdelinga blei i hovudsak gjennomført som dugnadsarbeid for å spare porto.

    Årsmøtet blei gjennomført 11. juni i Museumshallen, etter å ha blitt utsett frå 12. mars, den dagen regjeringa innførte forbod mot m.a. slike  arrangement p.g.a. Covid 19.

    I samband med årsmøtet hadde vi arbeidet som Venelaget i Gruo gjer i Litlabøområdet som tema. 

    Torbjørn Marthinsen og Åsta Lorentsen møtte og ga eit engasjerande og godt innblikk i dette svært viktige arbeidet Venelaget og dugnadsgjengen gjer. Det er viktig å ta vare på dei spesielle kulturminne knytta til gruvedrifta, bygningar, infrastruktur og livet til folk som  arbeidde og levde i området tilknytta denne industrien.

    Den tradisjonelle skrivestova på Nordre Tveita og det opne presentasjonsmøtet for Årsskriftet i Stord folkebibliotek måtte avlysast, men Sunnhordland tok inn ein artikkel med god presentasjon av innhaldet i årsskriftet.

    Årsmøte- og lokalhistoriske fagdagar i Hordaland sogelag blei gjennomført i Øygarden kommune. 

    Lars Mæland og Jofrid Bjørkvik var Stord sogelag sine utsendingar.

    Stord sogelag har teke på seg å arrangere årsmøte og fagdagar i 2021.02.17 Lars Mæland er kontaktperson.

    Status på saker/ tema/ arrangement  som Stord sogelag har vore engasjert  i.

    Kulturminneplanen : Stord kommune sitt arbeid med ny kulturminneplan er ikkje sluttført. Jakob Gullberg er vår representant i plangruppa for prosjektet.

    Hatland skule.  Kommunen har ikkje gjort vedtak i saka, og Stord sogelag og interimstyret for bruk av skulebygningen og området rundt, kjem ikkje vidare med arbeidet for å ta vare på bygning og området for lokalt føremål, før kommunen har behandla saka.

    Andre oppgåver som Stord sogelag har vore interessert i gjennomføring av, er sett på vendt til Kulturminneplanen er ferdig. Jfr. årsmeldinga for 2019.

    Foto/bilete-dokumentasjon :

    Sogelaget, saman med Sunnhordland museum, gjennomførte eit fotodokumentasjonsmøte i Museumshallen, 18. februar . Det var godt frammøte og ynskje om fleire liknande møte. Det er aktuelt å både hjelpe museet med dokumentasjon og at private kan ta med sine foto for hjelp med å finne ut tid, stad og personar på gamle foto. Asbjørn Aasheim er vår samarbeidskontakt og Trine Kyvik museet sin representant. Museet stiller lokale, utstyr og biletmateriale til rådvelde, samt syter for kunngjering. Sogelaget syter for enkel servering.

    Arbeidet held fram i post coronatid.

    Kulturhistoriske rusleturar :

    Alle dei fire turane vi hadde planlagt blei gjennomførte.

    Tur 1.

     7. mai  Døso : Frå kyrkja , Orninggård, Hystad , gamlevegen over Døso til Møllebrua og avslutning med kaffidrøs ved Møllebua.

    Turleiar og forteljar : Tore Lande Moe.

    Nærmare 100 deltakarar på ruseleturen og ca. 30 til kaffidrøsen.  Fint ver, men litt kald vind.

    Tur 2.

    Færøysund 4. juni. Turleiar og forteljar : Harald Johan Sandvik.

    Ca. 40 deltakarar. Skiftande ver, med sol og litt regn.

    Tur 3.

    Einstadbøvoll gard i Valevåg.

    Turvert : Bror Eivind Eriksen. Eigar og forteljar/omvisar i tunet : Andres Blytt.

    38 deltakarar. Fint turver.

    Tur 4.

    Føyno. 

    Turleiar : Sonja Larsen Arnevik.

    37 deltakarar. Fint turver.

    Deltakarane gir gode tilbakemeldingar på turane. Vi har gitt høve til å gi frivilleg pengegåve til Stord sogelag  i samband med turane. Opprettinga av Vippsbetaling gjer dette lettare.

    Minnemarkering 26.05. 2020 .

     Stord sogelag hadde ei makering ved minnesmerket for John Hatland . Han blei avretta på Trandum 26.05. 1944.

    Evelyn Brask Nordfonn tok initiativ til ei minnestund  i dette året for 80-årsmarkeringa for krigsutbrotet .

    Atle Bjørn Mæhle hadde ein artikkel i Sunnhordland i samband med markeringa. 

    Det var Stord sogelag som tok initiativ til oppretting av denne minnestaden, og Langeland skule har ansvar for å sjå til staden.

    Sogespalta i bladet Sunnhordland og på nettsida vår hadde i 2020 desse artiklane :

    Årsskriftet 2020.

    Desse har vore i skriftstyret : Lars Mæland ( leiar ), Bjørn Bjørlykke, Magne Misje, Turid Tresselt Melheim, Vigdis Digernes Dahl. Peggy H. Bærøy går inn  skriftstyret etter at ho har gått ut av styret.

    Årsskriftet 2020 er på 114 sider og har eit variert innhald.

    Føreord :

    Hytteliv høgt og lågt.

    Jens Litlabø : Hytter og friluftsliv i Stordafjellet.

    Magne Bjelland : Forlis i Karibia 

    Oddbjørn Kvålsvold : Grunderen som bygde opp møbelfabrikk på Huglo.

    Inge A. Alver : Minne frå Rommetveit. 

    Finn Nitter d.e. : På veg til fjells.

    Eivind Vatne : Vatnadalen Kraftstasjon. Bygging og historie.

    Nils Tore Gram Økland : Lærarutdanninga på Stord gjennom 180 år.

    Hans Ole Dalland : Jenteskihopparen på Grov.

    Oddbjørn Kvålsvold : Livsminne frå tømrarfaget og lokalhistorie.

    Steinar Hystad : 17 båtruter og 208 stoppestader.

    Åsta Lorentsen : Frå hytteidyll til storindustri.

    Lars Mæland : Vassvegane i Gruo.

    Bjørn Bjørlykke : Eit lite jubileum.

    Opplaget er på 600 eksemplar.

    Sal : Butikksal 340, forfattarane 30 , selde privat 20, til medlemmer 160. Til saman 550 eksemplar.

    Restopplaget blir teke vare på for 10 eks. til arkivet vårt, resten blir brukt til vidare sal, og til gåver. 

    I meldingsåret har styret rydda opp i alle gamle eksemplar, lagra i Sunnhordland museum. Det er teke vare på 10 eks., så langt mogeleg av alle årgangane der det var eks. igjen. Skulane og institusjonane i kommunen har fått restopplaga til bruk i undervisninga. Ungdomsskulane har fått klassesett av nokre av årgangane.    

    Sogespalta i bladet « Sunnhordland» og på Heimesida vår i 2020 hadde desse artiklane :

    Januar : Det var den gongen. Atle Bjørn Mæhle

    Februar : For fem hundre år sidan. Tilbakeblikk på 1520. Egil Nysæter      

    17.februar : Fotografiske kulturskattar og wienerbrød. Asbjørn Aasheim

    29.mars : Bygsel, bot, brød og bjelkar – Stord i  1620 . Egil Nysæter

    April :        Fotballhistorie frå Nordbygdo.     Kjellbjørg Lunde

    Mai : Den gamle garden. Jens Litlabø.

    21. september : Minneglimt frå eit gardstun med tradisjonar. Oddbjørn Kvålsvold

    05.oktober : Ungdom i « Arbeidstjenesten « under 2. verdskrigen. Oddbjørn Kvålsvold

    19.oktober : Gardsdrengen på Høyland i 1950. Oddbjørn Kvålsvold

    30.oktober : Mange var med i Tysklandsbrigaden . Oddbjørn Kvålsvold

    11. november : Kommunen nytta forkjøpsretten i gruvesaka. Oddbjørn Kvolsvold

    23. november : Difteri, – ein alvorleg smittsam sjukdom i vår nære fortid. Oddbjørn Kvolsvold.

    14. desember : Me produserte maskiner for verdsmarknaden. Oddbjørn Kvålsvold.

    23. desember : Oppvekst på småbruket i Dyvik. Oddbjørn Kvålsvold.

    Me minner om sogelaget si nettside : www. stordsogelag. no 

    Her finn ein informasjon om laget sine aktivitetar, innlegg frå den historiske spalta og andre aktuelle artiklar.

    Sjå også : hordalandsogelag.no.