Stord sogelag

Meny

Årsmelding 2019

Årsmelding 2019 – Stord sogelag

Styret i 2019 har vore:

Leiar:Kjellbjørg Lunde

Nestleiar:Atle Bjørn Mæhle

Skrivar: Asbjørn Aasheim

Kasserar: Peggy Husevik Bærøy

Styremedlem: Gunnar Strand

Varamedlem:Bjørn Bjørlykke, ansvarleg for heimeside og for annonsering.

Varamedlem:Jens Litlabø

Revisor:Jostein Arne Tvedte

Valnemnd:Lars Mæland og Turid Tresselt Melheim. Årsmøtet ga styret fullmakt til å peika ut eit medlem til, og Peggy H. Bærøy har sagt ja til å gå inn. Ho vil tiltre etter årsmøtet, når ho går ut av styret.

Medlemstal:

Sogelaget har pr. i dag 139 individuelle- og familiemedlemer, og 7 institusjonsmedlemer.

Lagsaktivitet i 2019:

Det har vore 8 styremøte i årsmeldingsperioden, og eit «pakkemøte» i samband med distribueringa av årsskriftet.

Årsmøtet 2019 vart avvikla 14.mars etter gjeldande vedtekter. Det møtte 30 medlemer.

På det opne temamøtet før sjølve årsmøtet møtte 40 interesserte deltakarar. Konservator Bård Gram Økland frå Bergen Sjøfartsmuseum hadde eit interessant foredrag med tittelen «Havfruene som innfallsvinkel til sjøfartshistorien». Deretter hyggeleg matøkt med gode snittar og kaffi/te mellom det opne møte og årsmøte.

Den tradisjonelle «Skrivestova» hos Martha Tveita og Jens Litlabø på Nordre Tveita blei halde 13. november. Dette er eit årleg arrangement der årsskriftet blir presentert for styret, fleire inviterte samarbeidspartnarar, representantar for Sunnhordland museum, turleiarane for rusleturane, forfattarar av historiespalta i Sunnhordland, heimesida vår og i årsskriftet. Skriftstyret var til stades og Lars Mæland presenterte skriftet og dei ulike artiklane. Harald Haugen, som hadde ein lengre artikkel om oppveksten sin på Fjellstova, fortalde frå denne. Også fleire andre som hadde skrive, heldt innlegg.

Jens Litlabø fortalde frå restaureringsarbeidet i tunet, og sytte for serveringa.

Årsskriftet blei også presentert på eit ope møte i samarbeid med Stord bibliotek den 18.november.

Årsmøte i Hordaland sogelag og lokalhistoriske dagar i 2019 var i regi av Etne sogelag. Oddbjørn Kvålsvold var utsending frå Stord sogelag.

I 2019 har styret vore engasjert i bl. a. desse oppgåvene:

Innspel til kommunen si utarbeiding av ny Kulturminneplan. Jakob Gullberg er Stord sogelag sin representant i plangruppa for prosjektet. Ragnhild Tveit er kommunen sin ansvarlege for utarbeiding av planen. Grunna liten saksbehandlingskapasitet i kommunen er utarbeidinga av meldinga noko forseinka, og nokre av dei tiltaka Stord sogelag har teke initiativ til, bl.a. sikring og forvalting/bruk av krigsminna i Gullberg og Bjelland, er difor sett på vent.

Hatland skule: Etter eit møte Stord sogelag hadde med kommunen 11. januar 2019, blei naudsynt sikringstiltak av taket på bygningen gjennomført.

Utpå hausten kalla Stord sogelag inn til eit drøftingsmøte med føremål å oppretta ei interessegruppe (eller eit venelag) for å fylgja opp arbeidet med å sikra kulturminnet, påverka vidare forvalting, plassering, bruk m.m. Forutan fire styremedlemer møtte det opp 21 personar på skipingsmøte 16. oktober, inkludert bygningsvernkonsulent Bjørn Arve Lunde, som heldt eit interessant innlegg.

Det blei oppretta eit interimsstyre med desse deltakarane: Madli Eikehaugen, Eivind Horneland, Nils Eivind Horneland, Anne Lise B. Helland og Olav Birkeland. Asbjørn Aasheim er kontaktperson mellom sogelaget og interimsstyret. Dei har hatt tre møte og ei synfaring, og elles komme med innspel til kommunen i samband med utarbeiding av politisk sak.

Frå Sparebank 1 har Stord sogelag fått tildelt 25.000 kroner til arbeidet med Hatland skule. Kommunen førebur ei sak til politisk behandling. Av den grunn må me avventa vidare oppfylging til kommunen har gjort sine vedtak.

Prosjekt adopsjon kulturminne: Det er ynskjeleg at samarbeidet med skular og barnehagar held fram, men i meldingsåret har det vore liten aktivitet på dette feltet, grunna mindre interesse frå samarbeidspartnarane, sjukdom og andre omstende.

Elles har styret fått fleire førespurnader om ulike tema, bl. a. frå ein student om nedlagte, men intakte turistanlegg i regionen. Sogelaget vart òg bedne om innspel til Sunnhordland museum si årbok «Det handla om silda», og om medverknad i «Memoar», munnleg forteljartradisjon. Her deltok Gunnar Strand og Kjellbjørg Lunde.

Kulturhistoriske rusleturar:

Huglo 24. mars: Til omnshuset på den internasjonale vaffeldagen. Kontaktperson var Jens Litlabø, medan Eline Bergaas Bruntveit var vert og omvisar. Huglo tok i mot oss med kraftige regnbyer, men heldigvis var det ein kort rusletur frå ferjekaia til inne-arrangementet. Ca 20 deltakarar.

Sagvåg–Litlabø 25. april: Frå Kiskaien til Gruvebyen. Turleiar Asbjørn Aasheim. Det var fint vêr og ca. 30 deltakarar.

Nordbygdo 23. mai: Rusletur frå Samhald til Nordre Tveita, med omvising i tunet der. Turleiar Jens Litlabø. Det var eit ufyseleg vêr, men 30 deltakarar.

Grov 5. august: Med Liv Ingrid Grov som turleiar. Fint vêr og 52 deltakarar.

Valevåg- Øklandsheimen 5. september: Turleiar Bror Eivind Eriksen og Einar Økland. Fint vêr og ca. 30 deltakarar.

Samarbeid med Sunnhordland museum:

Styret har alle møta sine på museet. Trine Kyvik er museet sin kontaktperson, medan Atle Bjørn Mæhle er styret sin kontaktperson.

Sogelaget har vore med på arrangementa «Haust i museet» laurdag 7. september, og «Jul i museet» 23. november. Fleire av styremedlemene og medlemer frå skriftstyret deltok med bl.a. servering av gløgg og sal av årsskriftet.

Grunna vølingsarbeid av hovudbygningen og anna arbeid på museet blei det planlagde foto-dokumentasjonsprosjektet utsett, men det første møtet blei gjennomført den 16. februar 2020. Ca. 30 deltakarar møtte på tilstellinga.

Innsamling av livsminne:

Også dette året har Oddbjørn Kvålsvold gjort ein stor innsats med å samle og publisera livsminne i bladet «Sunnhordland». Artiklane blir også publiserte på Stord sogelag sine heimesider: stordsogelag.no

Ekstra gledeleg er det at mange av artiklane som gjennom åra har stått på trykk, no er utgitt i bokform: «Minneglimt frå levde liv» -116 små temaartiklar.

Ved årsskiftet slutta Oddbjørn Kvålsvold som hovudleverandør av livsminneartiklar, og han fortener stor takk for sin storarta innsats gjennom innsamling og nedteikning av mange og varierte livsminne.

Styret har laga ein plan for vidareføring av spalta i «Sunnhordland» og på heimesida vår med ulike forfattarar.

Sogespalta ibladet «Sunnhordland»og på nettsida vår i 2019 hadde desse artiklane:

Vegval i vårt livslaup. 7. januar.

Bonden på Stuva – ein ven er gått bort. 21. januar.

Bjelland fort – under og etter krigen. 4. februar.

Slik vaska og stelte me klede før i tida. 15. februar.

Røyrleggjar med mange oppgåver i tronge rom. 4. mars.

Me budde midt i skotlinja til Bjelland fort. 18. mars.

Vårt første livsminne – og glimt frå gløymeboka. 1. april.

Eit yrkesliv som typograf. 15. april.

Aleinemor måtte rømma frå huset. 29. april.

Vassverket i Vatnadalen vart redninga. 27. mai.

Den gode våren 1945. 7. juni.

Gardsdrift i forandring. 24. juni.

Glytt frå okkupasjonskvardagen for stordabuen. 10. juli.

Kyvik Sveiseskule på Stord. 22. juli.

Stord godtemplarungdomslag avløyste Losje Kvernbit. 5. august.

Kvinnene som braut ein barriere. 21. august.

Minneglytt frå hermetikkindustrien på Leirvik. 2. september.

Barnerike familiar og små husvære. 16. september.

Det var kjekt å tena eigne lommepengar. 30. september.

Oppvekstminne frå eit småbruk. 11. oktober.

Leirvik mek. Verkstad. 28. oktober.

Dei vart jaga frå heimane på Bjelland. 11. november.

Kva saga dei marmoren med? 25. november.

Som kokk på agentbåten til Wallendahl. 13. desember.

Hushjelpene før i tida. 27. desember.

Årsskriftet 2019:

Desse har vore i skriftstyret: Lars Mæland (leiar), Bjørn Bjørlykke, Magne Misje, Turid Tresselt Melheim og Vigdis D. Dahl.

Årsskriftet 2019 er på 114 sider og har eit variert innhald:

Skriftstyret:Føreord med omtale av dei ulike artiklane.

Harald Haugen:Frå «Fjell-nusse» til vaksen fjellentusiast.

Asbjørn Aasheim:Sommaren då britiske mineryddingsfartøy prega hamnebiletet på Leirvik.

Steinar Hystad:Frå Vikjo og Uro, opp Hadlo til Knausen og Duldo.

Magne Bjelland:Sverke Sverkeson -Båtbyggjar og bygdedokter.

Oddbjørn Kvålsvold: Som kokk på agentbåten til Wallendahl.

Solveig Almås:Barndom med far til sjøs.

Anstein Lohndal: Kyrkjeskipnad og religiøst liv i Stord Sokn. Reformasjonsperioden.

Karl Rogne: Minne frå Seminariet på Stord 1891–1893.

Atle Bjørn Mæhle:Historia fortel. Prosjektet «Bruk av kulturminne i barnehage og skule».

Synnøve Engevik: Ein underkommunisert del av norsk populærmusikks historie.

Sigrun Røssbø:Varden på Hugla-fjellet og omkringliggjande veteplassar i Sunnhordland.

Stord sogelag: Årsmelding 2018.

Alle medlemer får årsskriftet som del av medlemskontingenten. Styret og skriftstyret haddepakke-dugnad 18. nov., og fordelte så mange årsskrift som mogeleg til utdeling i postkasse. Resten blei sendt pr. post. Sidan portoen er blitt så dyr, prøver me å senda færrast mogeleg.

Elles er årsskriftet til sal hos bokhandlarane og i nokre lokale butikkar, også i Bømlo og i Fitjar.

Bladet «Sunnhordland» hadde omtale over ei side og med biletdekking etter innspel frå skriftstyret 27. nov. Slik omtale hjelper på salet.

Av 600 årsskrift er 485 gått ut: Sal i bokhandel og butikk: 286 stk., forfattareksemplar: 53 stk., individuelle- og familiemedlemmer: 139 stk., institusjonsmedlemer 7 stk.

Me minnar om sogelaget si nettside: stordsogelag.no. Der finn ein informasjon om laget sine aktivitetar, omtale av den historiske spalta og livsminneartiklar.

——-