Stord  sogelag
  • Meny

  • Årsmelding 2016

    Stord sogelag – årsmelding 2016

    Styret 2016

    Leiar: Turid Tresselt Melheim

    Nestleiar: Atle Bjørn Mæhle

    Kasserar: Peggy Husevik Bærøy

    Skrivar: Lars Mæland

    Styremedlem: Asbjørn Aasheim

    Varamedlemmer: Bjørn Bjørlykke, Jens Litlabø

    Revisor: Odd Stuve Rommetveit

    Valnemnd: Jon Kyvik (leiar), Liv Astrid Økland, Nils Tore Gram Økland

     

    Medlemstal

    Ved årsskiftet 2016/2017 hadde Stord sogelag 156 medlemmer. Av desse var 118 personlege medlemmer, 30 familiar og 8 institusjonsmedlemmer.

    LAGSAKTIVITET 2016

    Styremøte

    Det har vore sju styremøte: 18.02, 03.03, 17.03, 21.04, 15.09, 03.11 og 30.11.

    Møtet 30.11 var eit kombinert styremøte/pakkemøte med påfølgjande presentasjon av innhaldet i årsskriftet 2016. Dette møtet fann stad på Stord folkebibliotek i Kulturhuset, og kring 20 interesserte møtte fram.

    I 2016 har desse oppgåvene stått i fokus for styret sitt arbeid:

    Prosjekt adopsjon kulturminne: Samarbeid med skular og barnehagar held fram, og er tenkt utvida. Nye skilt til kulturminna i Hystadmarkjo er neste oppgåve, det er vidare snakk om å tilretteleggja gravtuft i Valevågen.

    Innsamling livsminne: Oddbjørn Kvålsvold har samla inn ei rekkje nye livsminne, mangt av dette er gjort tilgjengeleg for publikum via sogespalta i Sunnhordland, og i årsskriftet.

    Samarbeidet sogelag/museum: Samarbeidet er no formalisert, og sogelaget har fått fast kontorplass på museet der me også har tilgang til diverse utstyr. Atle Bjørn Mæhle har leia dette arbeidet for sogelaget, Trine Kyvik er museet sin kontaktperson.

    Flytting av gamle Hatland skule. Sogelaget har fått førespurnad om det kan vera aktuelt å bidra til flytting av skulen på Hatland tilbake til Langeland.

    Samarbeid med dampskipet ”Stord I”. Sogelaget har fått førespurnad om å vera med på eit fellesprosjekt med veteranskipet om ein historisk tur i Sunnhordland. Aktuell turdag er 15. juni 2017.

    Historisk spalte i bladet Sunnhordland i 2016.

    Lokalavisa har fått mykje godt stoff dette året, til glede for alle sogeinteresserte. Her kjem eit oversyn:

    1. januar: Smio på Leirvik – ein institusjon. Oddbjørn Kvålsvold
    2. januar: Me reparerte og nytta det meste. Oddbjørn Kvålsvold
    3. februar: Han kom hit medkunnskap. Oddbjørn Kvålsvold
    4. februar: Ulvestova i utmarka og jakt på ulv. Oddbjørn Kvålsvold
    5. mars: Frå landnot til snurparen ”Stordingen”. Oddbjørn Kvålsvold
    6. april: Om å reisa før i tida. Oddbjørn Kvålsvold
    7. april: Strandheim Hotell ved seminarey. Oddbjørn Kvålsvold

    29.april: Ein parykkmakar og andre handverkarar på 1700-talet. Egil Nysæter

    1. mai: Då lyset kom til Storden. Oddbjørn Kvålsvold
    2. juni: Unggutar på brislingfiske. Oddbjørn Kvålsvold
    3. juni: Nokre av møteplassane før i tida. Oddbjørn Kvålsvold
    4. juli: Hustrudalen – nok ein gong! Egil Nysæter
    5. juli: Med sykkel på campingtur. Oddbjørn Kvålsvold

    8.august: Slik var det å veksa opp i mellomkrigstida. Oddbjørn Kvålsvold

    15.august: Som tenestefolk i Hardanger. Oddbjørn Kvålsvold

    29.august: Før fryseboksane vart allemannseiga. Oddbjørn Kvålsvold

    12 september: Rasjonering og husbygging i etterkrigstida. Oddbjørn Kvålsvold

    26 september: Utfordrande skuleveg og mykje pugging og song. Oddbjørn Kvålsvold

    1. oktober: Før i tida – då bilcamping var det store. Oddbjørn Kvålsvold

    24 oktober: Leva av å klippa andre. Egil Nysæter

    1. november: Minne frå kommunesalen i Trudvang. Oddbjørn Kvålsvold
    2. november: Ishusa – ein lagerplass for naturis. Oddbjørn Kvålsvold
    3. desember: Då korn og brødmat var viktig. Oddbjørn Kvålsvold
    4. desember: Julabåten. Egil Nysæter

     

    Årsmøte i Hordaland sogelag og lokalhistoriske dagar 5. og 6. mars.

    Turid Tresselt Melheim og Bjørn Bjørlykke var Stord sine utsendingar til årsmøtet i Norheimsund. Lars Mæland tok del som medlem i valnemnda. Me fekk vera med på omvising på fartøyvernsenteret, og innhaldsrik tur til Fykse. ”Feler, frukt og fruer” var tema, Kvam soge- og kulturminnelag var vertskap.

     

    TILSKIPINGAR 2016:

    Årsmøte 3. mars.

    Det var kring 30 som møtte på årsmøtet. Vanen tru fann møtet stad på Stord folkebibliotek i Kulturhuset. Etter det formelle årsmøtet var unnagjort, blei det servert kaffi/te og snittar. Deretter orienterte Trine Kyvik frå Sunnhordland museum om noko av arbeidet ved museet. Forvaltning av museumssamlingane var tema for føredraget, der Kyvik fortalde at Sunnhordland museum skal satsa spesielt på tre område: Maritim industri, gruvehistoria og psykiatri. Sentralt står arbeidet med å kartleggja dei samlingar som finst i Sunnhordland, både i regi av privatpersonar og lag og organisasjonar.

    Museumsmøte 8. oktober

    Mønster langs silkevegen var tema for årets møte, der forskar og draktsamlar Lise Emilie Talleraas fortalde. Møtet samla kring 20 interesserte.

    Tur 2016

    1. juni leia arkeolog Solveig Lohne Rongved og Nils Tore Gram Økland dei mange frammøtte på rusleturen til nausttufta på Rommetveit, gravrøysa på Breivikneset og seminariehagen og bygningane på høgskulen.

    Skrivestove 24. november på Tveita gard.

    Nytilsett konservator Per Øyvind Østensen ved Sunnhordland museum fortalde om arbeidet med boka Bergverk i Norge, der han har vore ein av forfattarane. Marta og Jens Litlabø var vanen tru framifrå vertskap på ein kveld der m.a. dei fleste bidragsytarane til årets sogeskrift tok del.

    Jul på museet 3. og 4. desember.

    Stord sogelag stilte mannskap begge dagar, eit vellukka arrangement som samla godt med folk.

    Årsskriftet 2016

    Desse har vore i skriftstyret i 2016: Lars Mæland (leiar), Bjørn Bjørlykke, Jakob Gullberg og Magne Misje. Det har også dette året vore godt tilfang av stoff, både frå ferske og faste bidragsytarar. 2016-utgåva er på 116 sider med eit opplag på 600 eksemplar. Alle medlemmene i sogelaget får skriftet, som elles er til sals i lokale butikkar.

    Årsskriftet 2016 inneheld desse artiklane:

    Nils Tore Gram Økland: Skålaglam – eit mannskor i Nordbygdo

    Anstein Lohndal: Morkjo – frå allmenning til privateigedom

    Bård Gram Økland: Båtgrav frå vikingtida på Huglo

    Oddbjørn Kvålsvold: Tillitsmannen – ein del av mitt liv

    Asbjørn Aasheim: Fotoskatten etter Knud Knudsen

    Pim Taraldsøy: Internasjonal på Stord

    Jens Litlabø: Stølalarsen – arbeidsmann og bestefar

    Gunnar Helge Hageberg: Tre hovudbygningar på Lønning

    Ragnhild Midtsæter: Onkel Kornelius fortel om livet

     

    Turid Tresselt Melheim – leiar, Atle Bjørn Mæhle – nestleiar, Peggy Husevik Bærøy – kasserar, Lars Mæland – skrivar, Asbjørn Aasheim – styremedlem, Bjørn Bjørlykke, Jens Litlabø, styremedlemmer.

    Me minner om sogelaget si nettside: www.stordsogelag.no der ein finn oppdatert informasjon om laget sine aktivitetar. Sjå også www.hordalandsogelag.no