Stord sogelag

Meny

Årsmelding 2014

Årsmelding 2014

Styret 2014

Leiar: Lars Mæland

Nestleiar: Nils Tore Gram Økland

Styremedlem: Atle Bjørn Mæhle

Kasserar: Peggy Husevik Bærøy

Skrivar: Turid Tresselt Melheim

Varamedlemmer:

Jens Litlabø

Bjørn Bjørlykke

Revisor:

Odd Stuve Rommetveit

Valnemnd:

Jakob Gullberg

Oddbjørn Kvålsvold

Tordis Nysæter

Medlemstal

Ved årsskiftet 2014/2015 hadde Stord sogelag  148 medlemmer. Av desse var 123 personlege medlemmer, 18 familiar og 7 institusjonsmedlemmer.

Lagsaktivitet 2014

Styremøte

Det har vore 5 styremøte, 21.01, 27.03, 14.08, 30.09 og 29.10. Alle styremøta har vore i kantina til bladet Sunnhordland. Den 04.12 var det eit kombinert pakkemøte med presentasjon av innhaldet i årsskriftet 2014. Dette møtet fann stad på Stord folkebibliotek i Kulturhuset, og rundt 20 interesserte møtte fram.

I 2014 har desse oppgåvene stått i fokus for styret sitt arbeid:

  • Prosjekt adopsjon kulturminne. Dette er eit prosjekt sogelaget har i samarbeid med Stord kommune og Hordaland fylkeskommune. Prosjektet går ut på å få barnehagar og skular til å adoptere eit kulturminne dei har i nærmiljøet sitt. I 2014 er det gravhaugen på Breivikneset, Rommetveit,  frå eldre jernalder,  og leidangsnaustet  i det same området, frå mellomalderen, som er trekte inn i prosjektet.  Barnehagen Villvettene, avd. Rommetveit har adoptert desse. Sogelaget ser på dette som eit pilotprosjekt før ein utvidar arbeidet til andre kulturminne. Det vil bli laga oppslagstavler med informasjon om kulturminna, og sogelaget  har m. a vore involvert i arbeidet med teksten på desse. Sogelaget sin kontaktperson i dette prosjektet  er Atle Bjørn Mæhle , for kommunen er Guri Aksens  involvert, og frå Hordaland fylkeskommune er det arkeolog Solveig Lohne Rognved som har det faglege ansvaret.
  • Høyringsinstans. Det har skjedd fleire uheldige hendingar i samband med utbyggingssaker  i Stord kommune der sentrale kulturminne har gått tapt. Sogelaget har difor bede kommunen om å få vere høyringsinstans  i saker som kjem inn undr laget sitt interesseområde. Det ser no ut for at kommunen har akseptert dette.
  • Oddbjørn Kvålsvold  har i 2014 gjort opptak av livsminnet til  7 nye informantar.  Han har no totalt hatt samtalar med 73 personar  og har til saman 60 timar med opptak.

 

  • Historisk spalte i bladet Sunnhordland.

Desse innslaga har stått på trykk i 2014:

31.01 Oddbjørn Kvålsvold: Ferieheimen i Holo på Leirvik

28.02 Egil Nysæter: Eidsavlegging og val i Stord kyrkje fredag 18. mars 1814

28.03 Jens Litlabø: Ei vanleg løe

25.04 Oddbjørn Kvålsvold: Skulevegen frå Føyno

30.05 Egil Nysæter: Dei som kom til verda på Stord i 1814

27.06 Oddbjørn Kvålsvold: Fabrikkskipet Clupea

25.07 Turid T. Melheim: Forbrukaraksjonen for Stord Meieri

29.08 Jens Litlabø: Sætrar på Stord

26.09 Egil Nysæter: Det trengst ei ny busetnadssoge for Stord

31.10 Bjørn Bjørlykke: Lys og liv over land

28.11 Oddbjørn Kvålsvold: Anleggsstarten på Stovegolvet

18.12 Egil Nysæter: Hjortejakt ved juletider for tre hundre år sidan

Årsmøte i Hordaland sogelag og lokalhistoriske dagar

I samarbeid med styret i Radøy sogelag vart det skipa til årsmøte Hordaland sogelag på Alver hotell, Alversund helga 15.03 og 16.03. Temaet var: Utvandring, fiskeoppdrett og historisk motorsamling. Frå Stord sogelag møtte Lars Mæland og Jofrid Bjørkvik.

 

Tilskipingar i 2014

Ope møte 27.01

Rasmus Sunde kom og fortalde om utvandringa til Amerika. Dette møtet vart halde i kantina til bladet Sunnhordland, og mellom 40 og 50 hadde møtt fram for å høyre på han.

Årsmøte 20. februar

Det var ca. 40 som møtte på årsmøtet. Som vanleg fann møtet stad på Stord folkebibliotek i Kulturhuset. Etter at årsmøtesakene var tatt opp, blei det servert kaffi/te og snittar. Deretter fortalde Brynjar Stautland om Steinriket. Bømlo.

Museumsmøte 11. mars

Under overskrifta Politikk, nasjonalisme og karneval baud Sunnhordland museum og Stord sogelag inn til felles møte  11. mars kl.19 i museumshallen. Føredragshaldarar var professor ved UiB Anne Hilde Nagel som kåserte over temaet : Den norske grunnloven og grunnlovsfeiringen og konservator Tore Lande Moe som hadde kalla sitt føredrag Liner i lokal 17.maifeiring. Berre 10 personar var til stades.

Turar 2014

Det har vore arrangert to rusleturar i 2014. 21.mai vart det skipa til felles rusletur med Fitjar sogelag til Osternes festning.  Engasjert turleiar var Odd Jarl Larsen, og mellom 40 og 50 deltok. I samband med Stord lærarskule sitt 175- års jubileum vart det den 31.10 arrangert kunstvandring på campus Rommetveit. Omvisarar var Rune Jørgensen og Gunnar Danbolt. Det var ca. 40 frammøtte.

Den 16. september arrangerte sogelaget ettermiddagstur med start kl.18 til Mosterhamn der ein besøkte Steinriket. Bømlo. Brynjar Stautland var vert for dei rundt 20 som deltok.

Skrivestove 13. november på Tveita gard

Til Skrivestova hadde sogelaget invitert dei som har levert stoff til årsskriftet og andre interesserte. Hans Andersen hadde også i år eit fint innslag der han fokuserte på treskoproduksjon.  Det var 16 som deltok, og enno er det slik at menn dominerer på dette årlege arrangementet. Fleire skriveføre kvinner bør kontaktast.

Årsskriftet 2014

Desse har vore i skriftsstyret i 2014: Lars Mæland, Bjørn Bjørlykke, Magne Misje og Jakob Gullberg. Mæland har vore leiar. Det er minnestoffet som dominerer i årsskriftet som i 2014 er på om lag 102 sider. Årsskriftet vert sendt til medlemmene i desember og elles lagt ut for sal i lokale butikkar. Dette året har opplaget vorte auka frå 500 til 600 eksemplar.

Årsskriftet i 2014 inneheld desse artiklane:

Olga Nordal: Eit arbeidsliv på sjukehuset

Nils Tore Gram Økland: Om mjølketransport og mjølkerampar i Stord

Oddbjørn Kvålsvold: Leirvik mek. Verkstad

Lars Mæland: Fotominne frå Gruo

Anstein Lohndal: Jordvegen ved Stord lærarskule

Kristi Yttredal Moe: Det var stor stas å vera med på turn før i tida

Asbjørn Aasheim: Amerika – reisa til Torgeir Tvedten i 1929

Jens Litlabø/Per-Svein Sakseid: Med Peder på brislingfiske

 

Lars Mæland      -leiar-

Nils Tore Gram Økland      -nestleiar-

Atle Bjørn Mæhle        -styremedlem-

Peggy Husevik Bærøy    -kasserar-

Turid Tresselt Melheim        -skrivar-

Bjørn Bjørlykke, Jens Litlabø      -varamedlemer-

Me minner om sogelaget si nettside www.stordsogelag.no der ein finn oppdatert informasjon om laget sine aktivitetar.

 

.