Stord sogelag

Meny

Årsmelding 2009

STORD SOGELAG

Styret 2009
Leiar: Bjørn Bjørlykke
Nestleiar: Peggy Husevik Bærøy
Styremedlem: Nils Tore Gram Økland
Kasserar: Arne Sortland
Skrivar: Jakob Gullberg

Varamedlemmar:
Jens Litlabø
Paula Skram Larsen

Revisor: Odd Stuve Rommetveit

Valnemnd:
Jon Kyvik
Lars Mæland
Werner Hagerup

Medlemstal
Det kom 4 nye medlemmar i 2009. Ved årsskiftet 2009 – 2010 hadde Stord sogelag 110 medlemmar, av desse var 85 personlege medlemmar, 18 familiar og 7 institusjonsmedlemmar.

Lagsaktivitet 2009
Styremøte
Det har vore 5 styremøte, alle i Borg, den gamle rektorbustaden ved HSH: 12.februar, 19.mars, 11.juni, 10.september og 11.november. Det siste møtet var samstundes dugnadskveld i samband med utsending av årsskriftet.

Tilskipingar 2009
Årsmøtet 26.02.2009
Etter årsmøtet vart det servert kaffi og snittar. Deretter kåserte Mikal Heldal om skottehandelen frå Sunnhordland. Det var ei interessant utgreiing, der han m.a. viste til artikkelen til Andreas Næss i Sunnhordland årbok for 1919. Han nemnde også dei tre turane som Hordaland sogelag har hatt i vesterveg dei siste åra, til Shetland og Orknøyane (2006), Skottland og Hebridene (2007) og Isle of Man (2008). I 2009 var Normandie målet for turen.

Til slutt orienterte Egil Nysæter om arbeidet som vert gjort for å komma i gang med gards- og ættesoga for Stord.

Museumsmøte 10.mars
Også i 2009 vart det halde eit møte med fagleg tema i samarbeid med Sunnhordland museum.
Øystein Jansen frå Universitetet i Bergen, Bergen Museum kåserte om emnet Skatter i Sunnhordlands berggrunn – Kulturminner i stein og malm.

Han fortalde om korleis stein frå Sunnhordland er nytta som byggemateriale i kyrkjer, og slott i Bergen og København og som gatestein, og orienterte om lokale steinbrot, m.a. kleberstein og marmor.
Det var ca 50 frammøtte

Rusletur i Aslaksvikjo 4. juni
Torsdag 04.06.09 var det rusletur i Aslaksvikjo. Turleiar var Harald Kvarme, som hadde med seg Kåre Angeltveit og Tore Lande Moe. Frammøtet var ved parkeringsplassen på Storhaug, ved inngangen til Hystadmarkjo. Turen gjekk gjennom Storhaugfeltet og ned til Hystadtre. Deretter langs vegen ut til Aslaksvikjo og Leirvik Module Technology. Ca 55 interesserte var med på turen.

Amerika-tur sommaren 2009.
Stord Sogelag tok initiativ til ein tur til Amerika sommaren 2009 med ein stopp på Island. Sogn Reiselivslag ved Rasmus og Arne Sunde stod som arrangør. Det var ca 40 deltakarar av dei 30 frå regionen her.

Tur med Seladon 23.august 2009
Turen gjekk frå Fitjar kl 10.00 til Bekkjarvik der Inge Halstensen synte rundt og gav ei interessant hsitorisk orientering om plassen. Frå Bekkjarvik gjekk turen til Bakkasund der Arne Kalve og Velinda Hille orienterte. På heimreisa var me innom Kvalvåg på Stolmen. Veret var godt på turen, som var fullteikna med 34 deltakarar.

Rusletur Prestagarden – Høgskulen 3.september 2009
Turen var ein del av markeringa av Høgskulen sitt 180-årsjubileum. Det var omvising og kaffiservering i prestebustaden og ved Høgskulen. Nils Tore Gram Økland og Halfdan Wiik orienterte om høgskuleanlegget, bygningane og hagen. Britt Theodorsen orienterte om lærarutdanninga i dag. Svein Ove Eikenes stod for serveringa ved Høgskulen. 35-40 interesserte var med på denne turen.

Minneinnsamling for eldre
Etter innspel frå årsmøtet sette styret på forsommaren 2009 i gang ei innsamling av livsminne for eldre. Styret sett ned ei nemnd til å organisera arbeidet der Turid Tresselt Melheim, Birger Sætrevik, Bjørn Bjørlykke og Jakob Gullberg var med. Fristen for å levera bidrag vart sett til 1.desember, og ved utgangen av året hadde det komme inn sju bidrag. Men nemnda ønskjer å forlenga fristen til ut februar. Styret må no drøfta korleis det innkomne stoffet skal oppbevarast og brukast.

Årsskriftet 2009
I skriftstyret i 2009 har vore: Bjørn Bjørlykke, Alf B. Mathisen, Magne Misje og Birger Sætrevik. Årsskriftet er i år på om lag 120 sider. Skriftstyret har fått fram mykje godt stoff frå trufaste bidragsytarar. Bladet er trykt i 300 eksemplar. Det vert sendt til medlemmane og lagt ut for sal hos bokhandlarane. Utsalsprisen er kr 120,-.

Årsskriftet 2009 har desse artiklane:
Birger Sætrevik: Oppvekstår på Stord Lærarskule
Lars Mugaas: Turnsporten i Stord Idrettslag
Werner Hagerup: Hagerupshuset og oppvekståra på Vikjo
Ivar Føyno: Dernesklubben (Digernesklubben) – Minne frå 1930-åra
Anstein Lohndal: ”…bygsler og fæster et uskatlagt Huusmandsplads”. Litt om husmannsordninga i Stord sokn 1802 – 1866
Arne Berger: Gamle ferdselsveier – Vatnadalen – Kløvskar
Asbjørn Aasheim: Draumen om eit betre tilvære. Glytt or utvandrarsoga til Stord, siste perioden 1914 – 1930
Alf B. Mathisen: Tjuverisaka mot Erik Olsen Valvatne