Bjørn Bjørlykke

Meny

Årsmelding 2003

STORD SOGELAG

Styret 2003
Leiar: Nils Tore Økland
Nestleiar: Jens Litlabø
Styremedl: Peggy H. Bærøy
Kasserar: Arne Sortland
Skrivar: Bjørn Bjørlykke
Varamedlem: Paula Skram Larsen
Varamedlem: Harald Kvarme

Frå mai og ut oktober var Nils Tore Økland sjukemeld, og i den tida fungerte Jens Litlabø som leiar.

Revisor: Odd Stuve Rommetveit

Valnemnd:
Monica Eide leiar
Alf Mathisen
Olaug Titland

Medlemstal Ved årsskiftet 2003-2004 hadde Stord sogelag
103 personlege medlemmer
6 institusjonsmedlemmer

Lagsaktivitet 2003

Styremøte
Det har vore 4 styremøte: 3.4. Borg, 27.5 og 27.8. (Nordre Tveita ), 27.11 (Borg på HSH). Det siste styremøtet var kombinert med dugnad i samband med utsending av årsskrift.

I 2003 vart det arrangert to turar, ein rusletur og ein båttur
Rusletur på gruveområdet på Litlabø
Rusleturen vart avvikla torsdag 5.6.03 med Ivar J. Helleland som omvisar. Me fekk
sjå arbeidarbustad, stigerbustad og direktørbustad, og det vart lagt vekt på å visa dei sosiale skilja ved gruvesamfunnet. Rolf og Jo Reitan som no bur i direktørbustaden, let oss få sjå hus og hage. Om lag 60 personar var med på denne rusleturen.

Medlemstur med Seladon
Båtturen 24.08.03 gjekk frå Fitjar med Einar Matre og Terje Skorpen som som skipper, guide og instruktør i seglekunsten. Ferda gjekk ut i Selbjørnfjorden til Hanøy, der John Harald Sortland, som er medeigar av øya, orienterte om hus og gard. Vidare gjekk turen til Engesund der Stein Erik Gilje gav historisk bakgrunn for denne handels-og gjestegivarstaden. Me fekk òg omvising på plasset Revet som Gilje har restaurert .

Saker det har vore arbeidd med
Det har også vore arbeidd med ein hausttur til omns-museet til John Bruntveit på Huglo. Det var framlegg om å ta turen ei kveldsstund (kl. 17-21) ein gong etter 15.oktober. Sjølve museet er hovudmålet for denne turen, men det vart føreslått å be Arnstein Lohndal orientera om klyngetunet i nærleiken av museet. Denne turen til Huglo vart sett på venteliste fordi omsmuset enno ikkje er gjort klart til besøk.

Styret har også arbeidd med planar om ein rusletur til sorenskrivargarden , fengselet og museet denne hausten. Men sorenskrivar Gramstad bad heller om ei slikt opplegg til våren og då i samband med 400-årsjubileet for sorenskrivar-embetet. Styret slutta seg til dette framlegget og det vart semje om å leggja dette til 2004.

Representasjonar:
1. Nils Tore Økland representerte Stord sogelag på årsmøtet og kurset til Hordaland sogelag i Rosendal.
2. Anstein Lohndal var i mai på årsmøtet til Landslaget for lokalhistorie i Bergen.
3. Nils Tore Økland var med i referansegruppa for bygningsvernplanen for Stord kommune
4. Jens Litlabø representerte Stord sogelag i revisjonen av kulturplanen for Stord.

Årskriftet 2003
Årskriftet har også i år hatt eige skriftstyre: Bjørn Bjørlykke, Anstein Lohndal og Magne Misje. Dei har skaffa fram nyskrive stoff og har sytt for å få bladet trykt i 200 eksemplar. Det vart sendt medlemene og lagt ut for sal hos bokhandlarane som får 20 % provisjon. Utsalsprisen er også i år kr. 100. Tilskot frå Stord kommune, annonseinntekter og sal gjer at inntektene dekkjer produksjonskostnadene.

Årsskriftet 2003 har desse artiklane:
Asbjørn Aasheim: Eit liv i armod og elende
Asbjørn Aasheim: Leirvikjo
Anstein Lohndal: Sakstypar og vedtak i Stord heradsstyre 1830 – 1840
Anstein Lohndal: Litt om jordeige og jordleige på Huglo i eldre tider
Alf Mathisen: «Vederdøbere» på Valvatna
Anstein Lohndal: Me opnar lokalhistoriske kjelder