Rusletur
Gode sogefolk!
No er me snart klar for ny rusletur, og denne gongen vil me besøkje fjellgarden Sæterbø. Dette er den einaste fjellgarden på Fitjar, og det er knytt mange historiar og hendingar til denne garden som går langt tilbake i tid.
Idag er det ikkje gardsdrift her, men det er unge flinke folk som driv og pussar opp det gamle gardshuset, og som har nøsta mykje i historia til garden. Så her vil me få høyre om både triste og fine hendingar.
For å komme til Sæterbø må du følgje vegen mot Fitjar. Når du er kommen til vegen som går mot Koløyholmen, tek du første veg på motsett side . Du svingar altså inn på vegen på høgre sida( når du kjem frå sør) og køyrer opp mot fjellet. Følg vegen oppover, og ikkje ta av på sidevegane. Du kjem til ein parkeringsplass når du er nesten heilt framme. Her vil ein av oss i styret i sogelaget rettleie deg vidare. Dersom du har vanskar med å gå, kan du få køyre heilt opp i tunet på Sæterbø.
Då håpar me at me møtes på Sæterbø!
Tidspunkt: Tirsdag 26.august
Kl.17.30
Vel møtt!
Helsing styret i Stord sogelag