Rusletur på Børtveit
RUSLETUR til BØRTVEIT 16. september 2025
Stord sogelag ynskjer medlemer og andre velkomne til årets siste rusletur. Denne gong til garden Børtveit, på austsida av Stord. Den strekkjer seg samanhengjande frå fjøresteinane i Langenuen til tregrensa nedanfor Mehammarsåta. Soga om Børtveit er heilt spesiell. Me vil få høyra om unike og særeigne hendingar, om strevsamt og veglaust gardsliv, om familietragediar, opplevingar, uår og svolt, og mykje anna.
Sentralt står ikkje minst den store snunaden for litt over hundre år sidan. Frå elende og fattigdom til beste klondykestemning, alt grunna det me ofte får for mykje av; regnet.
Garden vart lyst for sal to gonger tidleg på 1900-talet, utan at kjøparar melde seg. Ti år seinare var både straum og lys på plass. Denne utviklinga kjenner Svein Børtveit, oppvaksen og mangeårig gardseigar. svært godt til. Anders Vindenes har skreve bok om Børtveit, og vil bidra med stoff. Andre bidrag frå frammøtte vil som vanleg supplera hovudinnslaga.
Parkering vert på tunet til Svein Børtveit. (Børtveit 160)
Møt fram innan kl 17.30 tysdag 16. september.