Stord Sogelag

Meny

Ny rusletur 2024

tom (legg inn nye rusleturtar)

 

—–

Tidlegare rusleturar 2024

Rusletur i Melkevik og Stokken  27. august 2024 kl 17.30

Denne gongen inviterer Sogelaget til rusletur i Sagvågsområdet, nærare bestemt i retning flyplassen og gardane Dybvik, Melkevik og Stokken. Dei ligg på rekke og rad langs Stokkavegen.

Oppmøtet vert i løa i Melkevik. Avkjørsle via Flyplassvegen ned mot Melkevik.  (Det står ei bøtte over gjerdepålen der du skal svinge ned til venstre). Parkering i tunet og ved løa blir tilvist.

Etter velkomst og litt orientering ruslar me eit lite stykke langs Flyplassvegen for å vise staden der ein fann restar etter ein steinalder-buplass ved arkeologisk utgraving før bygging av vegen tidleg på 80-talet.

Me går så tilbake til tunet i Melkevikjo. Frå nordre del av tunet er det utsikt til småbruket som familien Jæger hadde i fleire generasjonar. Fordi det var stor politisk usemje mellom Hans Jæger og Karl Melkevik, var det mange friske diskusjonar mellom desse grannane.

Anne Britt Melkevik Dahle vil også fortelje litt om både stader, folka og husa i Melkevik.

Etter dette går turen mot Stokken der det er to bruk. Me gjer eit stopp ytterst der Olaug Stokken bur, med sønene Åge, Job William og Ole Kristian som naboar.  Det andre bruket i Stokken vart kjøpt av Kari og Magnus Jakobsen Tøkje.  Sonen, Kjell Atle, har bruket i dag, med alle sine tre søsken som naboar.

Gjest Bårdsen skal forresten ein gong i tida vore på rømmen frå fengsel i Bergen, og skal ha gøymt ein skatt mot Stokksundet.  Ingen som har funne den enno. Mon det kan vera sant?

Etter stopp i Stokken går me litt tilbake og eit stykke utover beredskapsvegen mot flyplassen. Her ligg minnesmerket som Jørund Fjøsne laga etter den første flyulykka i 1998. Staden er no lite besøkt.  Denne fine skulpturen er det mange som aldri har sett.

Det har vore nokre få husmannsplassar langs Stokkavegen.  «Jernbøen» under Melkevik er den eine av desse. Her stoppar me hos Birgit Hestad. Ho har hus omtrent på «Stove-haugen», der me enno kan sjå løetufta til plasset. Husmannsfolket hadde eit strevsamt liv, og me vil fortelje litt om dette. Sjølve huset vart flytta til ein annen husmannsplass, Kleivo, under Dybvik. Me skal også oppom i tunet til dagens eigar av Kleivo, Birgit Haaland Olsen.

Då har me vore innom Melkevik, Stokken, og så vidt litt av Dybvik, og returnerer til løa. På vegen ned Melkevikbrekka passerer me ein relativt ny nabo i Stokkavegen, Dag Jørund Lønning.  Han har på nokre få år lagt ned stor innsats i opparbeiding av hage. Det blømer som berre det. Han og kona, Anne Mette, brenn også for hagen som sjølvforsynings-arena. Dag Jørund vil fortelje litt om dette, før me returnerer til løa i Melkevik for oppsummering og lett servering.   VELKOMNE !   Frammøte  innan 17.30

 

RUSLETUR  10. september 2024 kl 17.30  KVEDNASTØLEN  /  HAUGLAND

Stord sogelag sin siste rusletur i 2024  går tysdag 10. september.  Starten går frå parkeringsplassen ved Vadvegen, om lag 500 m inn til venstre frå Fjellgardsvegen, om lag 300 nedanfor første ferist, ved overgang til innmarka på Hauglandsgarden.

Ruslinga går først innover på skogsvegen retning Hauglandskverna. Etter om lag 800 m tek me av på sti oppover mot hovudstoppen for denne rusleturen; plasset Kvednastølen.  Det var eitt  av fire plass under garden Haugland. Det ligg godt skjult, både frå skogsvegen og frå tuna på Haugland. Omgjevnadene er naturskjøne, heilt fri for innsyn frå andre tun. Derimot ser ein fritt til Stordafjellet.

Plasset har ein lang, samanhengjande steingard mellom innmarka og skogen. Plasset fekk seinare eige B. og G.nr. Bustadhuset vart seinare utskild frå all dyrka mark kring bruket og brukt som fritidsbustad.   Dei siste 20 åra er det rusta noko opp og blir no eigd og brukt som fritidsbustad av Trine og Øystein Kyvik.   

Kvednastølen har ei svært spanande og dramatisk soge. Ei hending frå 1857 står svært sentralt. Den får me sjølvsagt høyra, framført av ei framifrå skodespelarrøyst.   Det er vidare ein link heilt frå Kvednastølen og like til Kongens bord. Den linken skal me fylgja.  Som vanleggs et me pris på supplerande innslag frå dei frammøtte.

Etter servering av lett mat og drikke går turen attende via skogsveg frå Kvednastølen til Vadvegen.

Det kan vera noko vått, så fottøyet må vera tett. Sameleis kan det vera lurt  å ha med myggmedel.

STORD  SOGELAG  ynskjer alle VELKOMNE !

Rusletur 27. mai 2024 kl 13.00

MINNEMARKERINGHATLAND,STORDMÅNDAG 

Stord sogelag skipar til ei minnemarkering ved minnesteinen på Hatland, heilt i starten på Digernesvegen.Dette skjer ettersom det i desse dagar er 100 år sidan John Hatland vart fødd og 80 år sidan han vart avretta på Trandum ved slutten av siste verdskrig. Det vert fleire innslag i minnemarkeringa. Elevar frå Langeland skule deltar. Det vert kulturelle og musikalske innslag. Minnestunda er open for alle.
Minnesteinen vart avduka i 2002. Ordførar, iniativtakarar, Langeland Skule, Stord sogelag m. fl. var tilstades.

Velkomne!

 

RUSLETURLANGELAND,STORD 28.5.24. 17.30

Sogelaget inviterer til ny rusletur.Tysdag 28. mai kl 17.30møtest interesserte på parkeringsplassen ved Langeland skule.Etter velkomstruslar me bortom tunet til Tor og Ad.   dy Langeland.Derfrå vidare til ruinane etter gamleskulen på Langeland. Steinar og grunnmurar syner tydleg kor den skulen ein gong sto. Strid, då som no, gjorde at den vart flytta. Vigdis D.D vil fortelja. Vidare skal me rusla ned til ein beredskapskjellar. Før mest for poteter og anna reservemat, no kanskje meir ein bustad for tussar og skrømt.

Så tek me snarvegen opp til tunet til Marit ogAndreas Hjartåker.Her vil me på få høyra gards- og driftssoga, om hus i rikt monn, hendingar og kanskje ein anekdote eller to,slik det høver seg på ein rusletur.Garden, vid som har er,hadde rettar også utanom gardsgrensa. Med demning ved utløpet frå Skiphaugsvatnet vart vatnet nytta nedover grannegarden Eldøy, der det var både kvern og sag.Og av alle ting har dei dynamitthus innom gardsgrensene. Og for nokre tiår sidan hadde dei til og med flyplassplanar.

Familiesoga på Langeland har Åsta L. kontroll på. Ho kan fleire slektsledd på rams. ….. slektar ikkje frå Langeland utan grunn……. Det vil garantert bli innslag frå dei deltakande ruslarane.

Som vanleg vert turen avrunda med lett servering og oppsummering på Langelandstunet.

Velkomne !