Stord Sogelag

Meny

Rettleiing i administrasjon av heimsida Stord soglag.no

RETTLEIING 

Du må ha administrativ tilgang til heimesida til Stord sogelag for å kunna bruka denne rettleinga

Ver merksam på  at hovudsida til  Stord sogelag  også har ei underliggjande «visingside». Hovudsida med logoen til Stord sogelag (treet)  er til stades på begge sidene.

  1. Når du søkjer på Stord , får du opp den «normale» hovudsida
  2.  I ei undeliggjande side  kan du klikka fram linkar på hovudside td. Kjellbjørg Lunde: Kakeoppskrifter. Kakeoppskrifta dukka opp i ei underliggjande fil som  tek plassen på hovudsida. 
  3. Du kan òg på same måten henta inn  tekstar  frå klategori-menyen

3. Skal du ha tilbake dei innlagde  tekstane på hovudsida, må du klikka  på heimsidelogoen (treet)

 

Hugs: I Styringspanelet kan du berre nytta  dei 2 øverste punkta: Innlegg og Media. (Dei andre punkta td.” Sider “må ikkje rørast!! Treng meir innsikt. 

A. LEGGJA INN NY MELDING PÅ HOVUDSIDA

  1. Opna  Stord sogelag: Logg inn   ( namn: ?        passord: ? )
  2. opna nettlesaren, skriv eller lim inn tekst på hovudsida
  3. hugs: oppdater

B. LEGGJA INN NYTT INNLEGG  i EIN KATEGORI

  1. Opna  Innlegg i Styringspanelet og trykk på: Legg til nytt innlegg
  2. Lim eller skriv inn innlegget td “Ein ny rusletur”
  3. Skriv namnet på innlegget 
  4. I høgre spalte ligg  oversyn over Kategoriar. Kryss av den katergorien  innlegget skal liggja under td. Rusleturar
  5. Klikk på  LEGG UT og trykk på “Vis side”  i menylina  til Stord sogelag heilt oppe

C. KNYTA TEKST (overskrifter) PÅ HOVUDSIDA  TIL  INNLAGDE TEKSTAR I KATEGORIAR

  1. Skriv td. inn “Ny rusletur” som overskrift  på hovudsida. Teksten om den nye rusleturen må vera lagd ut  førehand (Punkt B ovanfor)
  2. Marker  (blå farge) “Ny rusletur “ på Hovudsida,  og du får opp ei menylinje med reiskapar
  3. Klikk på linksymbolet, og du får opp ei dialogrute : “lim inn under…” 
  4. Klikk på “tannhjulet” og du får opp ei liste med tekstar under “Kategoriar”. Dei sist innlagde  tekstane ligg øverst.
  5. Trykk på teksten du vil linka til td.“overskrifta td. ny rusletur” på hovudsida ,og linken er oppretta. 
  6. Hugs OPPDATER  og trykk på “Vis side” i menylina oppe.

D. LEGGJA INN BILETE I  EIT INNLEGG

  1. Klikk på Media i Styringspanelet og du får opp val mellom innlagd mediesamling eller leggja inn ny mediefil. Kanskje vil du leggja ut eit bilete av  styret. 
  2. Klikk på “Add new madiafil” og legg inn den aktuelle biletfila i  “last opp-feltet”
  3. Opna  fila Stord sogelag – styret i 2024. Klikk på  “Legg inn medium” i dialogruta over menylinja.
  4. Legg inn ved å klikka på  biletet i mediesamling
  5. Hugs oppdater