KAKEOPPSKRIFTER Kjellbjørg Lunde
Kaker som er serverte på rusleturar
Oppskrift på krydderkake .
1 liter kefir
500 gr. s
4 ts. sukker
650 gr. kveitemjøl
4. ts. natron
2 ts. kanel
2 ts. nellik
200 gr smelta smør
Start med å blande alt det tørre, smelt smøret og bland med deler av kefir og rør alt saman i ein stor bolle.
Tøm ut i ei godt smurt langpanne, ev bakepapir i botnen.
Steik på 175 gr. nederst i steikeomnen i ca 40 min. Må vere godt gjennomsteikt, sjekk med pinne, og steik litt vidare om du er i tvil om kaka er rå i botnen. Legg ev. steikepapir på toppen på slutten av steikinga om kaka blir for mørk på toppen.
Ta ho forsiktig ut av forma og legg på rist til ho er kald.
Skjer opp i passe stykke og legg lagvis i boks med matpapir mellom laga.
Eigna til frysing i høvelege porsjonar.
Tynne mjølkekaker.
2,5 dl. Kefir
1 l. søt mjølk
7. dl. kveitemjøl
½ ts. natron
Litt salt og litt sukker.
1 egg.
2, 5 ss smør, smelta
Eg startar med å sikte mjøl i bollen, blandar inn natron og ca. 1/t ts. salt og 1 ss sukker . piskar egget ut i litt av mjølka, tilset smelta smør og vispar alt saman til ei røre utan klumpar.
Røra må stå i minst 20 min. før steikinga.
Fint om ein kan steike på godt oppvarma og smurt takke, ein treng berre ei lita ause til kvar kake. Ein må prøve seg fram, og passe varmen.
Avkjøl kakene på ei rist, og smør dei med ei blanding av samanrørt meirerismør og melis, før ein trillar dei saman til ein rull. Best ferske, men kan også frysast .
- Ny rusletur 2024
- Årsmelding 2023