Årsmøtet 2007: Digitale databasar
Digitale databasar 2007
Marianne Herfindal Johannessen gav oss ei flott innføring i bruk av digitale databasar knytt til Statsarkivet.
REFERAT
Årsmøte i Stord sogelag 22.02. 2007
Folkebiblioteket, Stord kulturhus/Møtesalen til bladet Sunnhprdland
24 frammøtte
Val av møteleiar: Jakob Gullberg
Val av referent: Bjørn Bjørlykke
Sak 1: Årsmelding
Årsmeldinga vart lagt fram av Bjørn Bjørlykke. Det var ingen merknader, og årsmeldinga vart godkjent samrøystes.
Sak 2: Rekneskap
Revidert rekneskap vart lagt fram av Arne Sortland. Det var ingen merknader, og rekneskapen vart godkjent samrøystes.
Sak 3: Val
Harald Kvarme la på vegner av valnemnda fram følgjande framlegg til ny leiar, nye medlemer i styret og revisor. Vala var samrøystes:
Leiar: Lars Mæland Valt for 1 år
Styremedlem: Peggy Bærøy Har eitt år att
Nils Tore Gram Økland Har eitt år att
Varamedlem: Paula Skram Larsen Valt for 1 år
Jens Litlabø Valt for 1 år
I styret for 2006 sit då elles:
Arne Sortland Attvald for 2 år
Bjørn Bjørlykke Attvald for 2 år
Revisor: Odd Stuve Rommetveit Valt for 1 år
Valnemnd: Lilly Skaar 1 år att i valnemnda
Bjørnar Withbro 2 år att i valnemnda
Jon Kyvik (ny) 3 år att i valnemnda
Sak 4: Framlegg til årsmøtet
Det var ingen nye framlegg frå styret eller innmeldt til styret. Årspengar for medlemer vert som tidlegare:
Medlem 175
Familie 225
Institusjon 275
Framlegg på styremøtet:
Jon Kyvik:
- Styret må arbeida vidare med å sikra at Prestavegen over Golfbanen og i Medalen vert farbar for turgåarar i samsvar med føresetnadene.
- I samband med bygging av fortog langs fylkesvegen frå høgskulen til Førlandskrysset må Paters kvile vernast mot skade. Kvilestaden må også vera lett tilgjengeleg.
Birber Sætrevik
- Medlemssamlinga på Lundarstøl og museumsmøtet om krigen er gode tiltak. Der bør skipast til fleire slike arrangement.
Anstein Lohndal
- Ny skrivetevling med temaet i manns minne mynta på folk fødde i 1930-åra. Slikt minnestoff kan verta verdfullt kjeldemateriale. Bør få plass i utvida årsskrift.
- Etter mønster frå Etne bør det hentast fram stoff frå Statsarkivet om føderådskontraktar og husmannskontraktar. Ber om å bruka sogelaget
sine midlar til å hyra folk på statsarkivet til dette.
Bjørnar Withbro:
- Framlegg om kursrekkje om lokalhistorie i regi av Anstein Lohndal
Odd Stuve Rommetveit:
- Minte om hundreårsjubileet for opninga av vegen mellom Fitjar og Stord 1910-210, altså om tre år.
Karvel Strømme
- I Island får alle nyfødde passord til digitalversjonen av Islendingabok i skipnaden ’erfdgireini’ . Målet er å styrkja slektssrøtene. Noko liknande i Noreg?
Arne Sortland:
- Bør slå eit slag for å auka medlemsstalet. Marianne Herfindal Johaannessen at ein funksjonell nettstad for sogelaget kan vekkja større inteeresse for sogelaget. Enkle og lett tilgjengelege meldingar og opplysningar kan fengja. Ho synte til røynsler frå Åsane.
Lars Mæland gjorde det klart at skrivetevlinga om den nære historia for stordungdom er i sett i gang.
Etter årssmøtet vart det servert kaffi og snittar som Peggy sytte for. Servaren til Stord kommune var ute av drift denne kvelden, så etter måltidet pakka me saman og flytta oss opp i møtelokalet til bladet Sunnhordland der Marianne Herfindal Johannessen gav oss ei flott innføring i bruk av digitale databasar knytt til Statsarkivet.
bb
- Om krigsseglarar 2007
- Jernbane på Stord 2007