Årsmøtet 2006: Om turen til Fitjarøyane (2003)
Biletføredag om turen til Fitjarøyane 2006
Etter årsmøtet viste Svein Ove Eikenes bilete frå medlemsturen i Fitjarøyane. Einar Matre, skipper på Seladon, kommenterte bileta og fortalde om fyrvaktar Skarpnes og om Skarpnes-samlinga ved Stord folkebibliotek.
REFERAT
Årsmøte i Stord sogelag 23.02. 2006
Folkebiblioteket, Stord kulturhus
29 frammøtte
Val av møteleiar: Jakob Gullberg
Val av referent: Nils Tore Gram Økland
Sak 1: Årsmelding
Årsmeldinga vart lagt fram av Peggy Bærøy. Det var ingen merknader, og årsmeldinga vart godkjent samrøystes.
Sak 2: Rekneskap
Revidert rekneskap vart lagt fram av Arne Sortland. Det var ingen merknader, og rekneskapen vart godkjent samrøystes.
Sak 3: Val
Harald Kvarme la på vegner av valnemnda fram følgjande framlegg til ny leiar, nye medlemer i styret og revisor. Vala var samrøystes:
Leiar: Lars Mæland Valt for 1 år
Styremedlem: Peggy Bærøy Valt for 2 år
Nils Tore Gram Økland Valt for 2 år
Varamedlem: Paula Skram Larsen Valt for 1 år
Jens Litlabø Valt for 1 år
I styret for 2006 sit då elles:
Arne Sortland 1 år att i styret
Bjørn Bjørlykke 1 år att i styret
Revisor: Odd Stuve Rommetveit Valt for 1 år
Valnemnd: Harald Kvarme, leiar 1 år att i valnemnda
Lilly Skaar 2 år att i valnemnda
Bjørnar Withbro (ny) 3 år att i valnemnda
Sak 4: Framlegg til årsmøtet
1 Styret gjorde framlegg om at årspengane for 2007 vert slik:
Medlem 175
Familie 225
Institusjon 275
Framlegget vart vedteke med 16 mot 10 røyster.
2 Jon Kyvik la fram to saker som samrøystes vart oversende til styret:
– Styret må ta initiativ overfor Stord kommune for å få fortgang i arbeidet med å sikra at Prestavegen over Golfbanen og i Meldalen vert farbar for turgåarar i samsvar med føresetnadene.
– I samband med bygging av fortog langs fylkesvegen frå høgskulen til Førlandskrysset må Paters kvile vernast mot skade. Kvilestaden må også vera lett tilgjengeleg.
Sak 5: Vidare arbeid i laget
1 Alf Mathisen la fram eit skriftleg framlegg frå Marianne Herfindal Johannesen, som arbeider ved Statsarkivet i Bergen, til aktivitet for å auka interessa for og medlemstalet i sogelaget:
Lysa ut ei skrivetevling, t.d. med temaet ’Mitt Stord’
Invitera potensielle skrivarar i fleire klassar til å skriva om det dei har på hjarta når det gjeld heimstaden sin, på eine eller andre måten, soger, tradisjonsstoff, minne, songar, prologar m.m.
I Open klasse for folk i alle kategoriar og aldrar
II Klasse for skular:
– Barneskulen
– Ungdomsskulen
– Vidaregåande skule
Premiering av eitt eller fleire manuskript i kvar klasse, gjerne ein pengepremie, eller anna. Ein jury vurderer arbeida og plukkar ut vinnarane.
Presentasjon av dei beste arbeida i eit eige hefte, kosta av laget. Juryen vel ut dei tekstane som skal vera med i heftet.
Resten av det innleverte materialet kan laget, om det er ynskjeleg, t.d. bruka i framtidige årshefte.
2 Biblioteksjef Bjørnar Withbro peika på at sogelaget burde satsa på profesjonell marknadsføring for å få fleire medlemer. Vidare nemnde han at biblioteket har behov for dugnadsinnsats til handsaming av lokalhistorisk stoff. Biblioteket ville koma med innspel til styret om dette.
3 Tore Lande Moe minna om Olvik-jubileet i 2008. Det er då 100 år sidan Olvik etablete Furuly helseheim. Kan sogelaget vera med på markeringa, og t.d. hjelpa til med innsamling av materiale omkring Olvik og Furuly?
4 Jens Litlabø orienterte om programmet for 2006 så langt:
– Rusletur på Digernes
– Rusletur i Hystadmarkjo, 10. mai (oppfølging av museumsmøtet ’Landskapet fortel’)
– Medlemskveld på Lundarstøl
Ymse
Jens Litlabø ynskte Anstein Lohndal til lukke med 80-årsdagen, og takka han for innsatsen for laget.
Etter årsmøtet vart det servert snittar og vafler.
Svein Ove Eikenes viste bilde frå medlemsturen i Fitjarøyane med Seladon, sommaren 2003.
Einar Matre fortalde om livet og virket til Vilde og Lars Skarpnes.
Alf Mathisen fortalde om Skarpnes-samlinga ved Stord folkebibliotek.
Nils T.G. Økland
- Om Hystadmarkjo 2006
- Rusleturen på Digernes 2006