Årsmelding 2023
ÅRSMELDING 2023
Styret i Stord sogelag i årsmøteperioden.
Leiar, Kjellbjørg Lunde, nestleiar, Liv Ingrid Grov , skrivar. Asbjørn Aasheim, kasserar, Odd Stuve
Rommetveit, Gunnar Strand, møtande vara og ansvarleg for heimeside og annonsering, Bjørn
Bjørlykke og møtande vara, Peggy H. Bærøy
Revisor: Jostein Eldøy Valnemnd Jens Litlabø, leiar, Eli Lillebø og Annbjørg Luggenes
Medlemstalet ved utgangen av årsmøteperioden var 159, herav to heidersmedlemer: Oddbjørn
Kvålsvold og Nils Tore Gram Økland.
Lagsaktivitet 2023.
Det har vore fire ordinære styremøte; 23. januar, 7. mars, 25. september og 30. november.
I tillegg har det vore tre fellesmøte med Skriftstyret i samband med planlegging av innhald og
ferdigstilling av Årskriftet 2023.
Årsmøtet 2023 blei gjennomført 23. mars i Museumshallen. Ca. 40 medlemmer var tilstades.
Før årsmøte var det ope møte med arkeolog Øystein Skår frå Vestland fylkeskommune. Han fortalde
og viste bilete om funn frå nye arkeologiske utgravingar, med tittel: » 8000 års historie langs ny E39
trase «.
Ca. 50 møtte til foredraget. Servering av kaffi/te og kaker før det ordinære årsmøtet blei avvikla.
Rusleturar: Det blei gjennomført fire kulturhistoriske rusleturar i årsmøteperioden.
24. april. Søre Tveita. Turvert Odd Stuve Rommetveit med fleire lokale medhjelparar.
7. juni. Tur til Kulturløa på Drange, Tysnes, der Helge Drange var vert og omvisar.
24. august. Ådland. Turvert, Gunnar Strand med lokale medhjelparar.
7. september. Litlabø/gruveområdet. Turvertar Gunnar Litlabø og Ivar J. Helleland.
Desse tilboda er godt planlagde og gjennomførte av dei ansvarlege, og med god deltaking, frå 30 til
meir enn det dobbelte på nokre arrangement.
Turane har ikkje eigenbetaling, men høve til å betale ei pengegåve til laget for deltaking og servering.
Medlemstal: Stord sogelag har fått nokre nye medlemer . På desse turane og andre arrangement blir
deltakarane oppmoda om å melde seg inn, noko som har auka medlemstalet siste året.
Stord sogelag tek del i nokre av Sunnhordland museum sine arrangement som Jul i museet, der vi
også har eigen stand og sel nye og gamle årsskrift.
Stord sogelag hadde stand i Kulturhuset på Fritidsmessa i Kulturhuset, 9. februar, der lag og
organisasjonar kunne presentera sine aktivitetar og tilbod til publikum.
På «Folk i sentrum»- arrangementet hadde vi stand laurdag 10. juni.
Stord sogelag tok initiativ til det som blei eit større fagseminar om « Floraen i Sunnhordland«, der
Sunnhordland museum var vertskap og hadde ansvar for det praktiske og tekniske, inkludert
kunngjeringa/ påmeldinga til arrangementet.
Utgangspunktet var interesse for å gjere arbeidet til amatørbiologen Olaf Hanssen, som budde på
Stord og arbeidde i Gruvene ei tid, meir kjent .
Leiar i Os sogelag, Øyvind Tøsdal tok på seg å samle inn stoff og medverka med eit innlegg om den
mangfaldige og sjølvlærde mannen.
Initiativet inspirerte fleire til å bli medarrangørar og bidragsytarar. Føremålet var å skape interesse for
floraen i Sunnhordland, både i historisk og dagsaktuelt perspektiv. Utanom Sunnhordland museum
som hadde innlegg om Klosterhagen på Halsnøy , var desse med : Geopark Sunnhordland,
Sunnhordland biologiske forening, Naturvernforbundet Sunnhordland, Bjørn Sørheim – om faren,
Kristen Sørheim, sitt arbeid om tema m.m. Os sogelag med innlegg om Olaf Hanssen, og Stord
sogelag, ved leiaren, var møteleiar.
Viser til programmet for utfyllande informasjon. Det er interesse for å fylgje opp med vidare
samarbeid, bl.a. om vekstar og arven frå klosterhagane, jfr. Halsenøy kloster.
Vellukka arrangement med over 60 deltakarar.
Stord sogelag i samarbeid med Stord bibliotek hadde litteraturkveld 14. september der forfattar,
historikar og journalist, Arnhild Skre fortalde frå biografien om Berge Furre: «Eit liv i rørsle «.
Godt frammøte og interessant foredrag om ein markant politikar og fagmann, og den tida han levde
og verka i.
Hordaland Sogelag; Stord sogelag er medlem i Hordaland sogelag. Deira årsmøtet og lokalhistoriske
dagar i 2023 var i regi av Askøy sogelag, 26. og 27. mars. Oddbjørn Kvålsvold og Kjellbjørg Lunde var
utsendingar.
Arrangementet var på Herdla og i Strusshamn. Årsmøtet blei avvikla på Hotel Biologen på Herdla, og
utsendingane vitja Herdla Museum, Herdla kyrkje og den gamle industri- og kulturstaden Strusshamn.
Vertslaget hadde lagt opp til eit interessant program og skaffa dyktige omvisarar/forteljarar.
Referat frå årsmøtet ligg på Hordaland sogelag si heimeside.
Sogetimen: Styret har planlagt fleire arrangement i samarbeid med Sunnhordland museum under
overskrifta ; Sogetimen. Den første blir i januar 2024 med tema handel og bakeridrift .
Sogespalta i bladet Sunnhordland.
Avisa ynskjer ikkje at Stord sogelag har ei eiga sjølvstendig spalte i ei redaktørstyrt avis, og ordninga
er avvikla.Redaktøren ville gjerne ha historisk stoff, etter initiativ og skrive m.a. av medlemer i Stord
sogelag.
Tore Lande Moe har hatt to omfattande og gode artiklar med biletstoff, på trykk i 2023. Tema;
bygningar og forretningsdrift i Leirvik. Forfattaren blir omtala som medlem i Stord sogelag.
Hatland skule:
Etter forslag frå eit medlem tok Stord sogelag initiativ til at Hatland skule skulle takast vare på som eit
kulturminne gjennom bruk, og fekk sett ned eit interimstyre med folk frå kretsen hausten 2019.
Føremålet var å overta skulen og skuleområdet gjennom avtale med kommunen, slik at bygget og
skuleplassen kunne bli ein samlingsplass i området, og kulturminnet teke vare på.
Av fleire grunnar, m.a. behov for ny reguleringsplan i området, forsinka arbeid med ny
Kulturminneplan og eigedoms- og juridiske avklaringar m.m. har det teke tid å få ein avtale på plass.
Kommunen fremma sak om avhending av bygning og grunn til behandling i kommunestyret våren
2023. Ein privatperson som hadde sagt seg interessert i å overta, blei tilbydd å kjøpe skulen og ein del
av skuleplassen for ein symbolsk sum. Dette kom overraskande på både Stord sogelag og det
etablerte interimstyret, og det blei teke kontakt med kommunen. Då det også viste seg å vere
klausular på den opprinnelege eigedomen som hadde gitt grunn til skulen, og som involverte ny eigar,
blei saka trekt frå sakskartet.
I ettertid har interimstyret teke initiativ til å få formalisert arbeidet gjennom eit venelag med eit valt
styre, og tek sikte på ei leigeavtale med kommunen m.m., for å drifte arbeidet med å ta vare på
bygning og området rundt.
Venelaget ynskjer ein leigeavtale med kommunen i påvente av behandling av reguleringsplan og
juridiske avklaringar. Venelaget har som mål å overta skulen og skuleområdet, ev. med den flyttbare
seksjonsbustaden, eller at denne blir fjerna/flytta.
Vigdis Digernes Dahl er Stord sogelag sitt medlem i styret, med Kjellbjørg Lunde som vara.
Stord sogelag har motteke 25000 kroner frå Sparebankstiftinga med føremål Hatland skule. Dette blir
utbetalt når formalitetane kjem på plass.
Årsskrift 2023.
Skriftstyret har flat struktur og desse medlemene: Bjørn Bjørlykke, Turid Tresselt Melheim, Åsta
Lorentsen, Vigdis Digernes Dahl, Peggy H. Bærøy og Steinar Hystad.
Leiar i Stord sogelag har kalla inn til redaksjonsmøte og delteke i møta, mens skriftstyret har hatt
oppfylgjingsansvar på ulikt vis.
Årsskriftet blei ferdig frå trykkeriet til helga 11.-12. november, slik at det kom for sal til «farsdagen»,
noko som er viktig for det totale salet. Kasserar Odd Stuve Rommetveit ved hjelp av medlemmer av
skriftstyret, tok ansvar for både pakking, fordeling og utdeling til medlemene, samt levering til
salsstadane. Ein stor jobb og pengar til porto spart.
Tradisjonen tru var det «Skrivestove« på Nordre Tveita hos Marta Tveita og Jens Litlabø, for
forfattarane, styret og andre støttespelarar 8. november.
Innhaldet i Årsskriftet blei presentert, Jens Litlabø fortalde om aktuelt frå den gamle garden, og det
var høve til drøs over god servering.
Stord sogelag har eit restopplag av dei fleste tidlegare årsskrift som blir selt til interesserte som
etterspør fleire eller einskilde skrift.
Årskriftet 2023 hadde fylgjande forfattarar og innhald :
Oddbjørn Kvålsvold : Gjenreisinga etter siste verdskrigen.
Liv Ingrid Grov: Siste skuleår på Børtveit skule.
Åsta Lorentsen: Langelandsbutikken på Vikjo- del 2.
Steinar Hystad: Løegolvet- minne etter forliset ved Røssbø.
Magne Bjelland: Amerika-draumen om eit betre liv, del 1.
Kjellbjørg Lunde: Stord i verda – illustrert gjennom livshistoria til K.E.S Van der Ven.
Steinar Hystad: 61- års « Comback « for The Chiclets.
Nis Tore Økland: Skulefana til lærarskulen.
Harald Breivik: Spor som steinhoggaren August Hjalmar Taipale har lete etter seg i Ytre
Sunnhordland, på Bømlo og øyane rundt, del 1.
Styret i Stord sogelag: Årsmelding 2022. Referat frå årsmøtet 2023.
Styret i Stord sogelag takkar forfattarar og skriftstyret for verdifullt arbeid for å dokumentere
lokalhistoria vår. Skriftstyret vil gjerne ha tips om tema og forfattarar som kan medverke til at
lokalhistoria ikkje går i gløymeboka. Sunnhordland fekk overlevert Årsskriftet med oppmoding om å
bruke stoffet for publisering, men fylgde ikkje oppmodinga.
Salet og økonomien i Årsskriftet er om lag som i fjoråret. Produksjonskostnadane er blitt vesentleg
høgare siste åra, men den største auken var frå 2021 til – 22.
Stord sogelag får ein del førespurnader frå ulike aktørar om medverknad i ulike nasjonale historisk
relaterte prosjekt. Styret har vurdert det som for tids- og ressurskrevjande å delta. Styret hjelper til
med å formidle kontakt og opplysingar der det er mogeleg.
Tidlegare heidersmedlen, Anstein Lohndal, gjorde eit stort historiefagleg arbeid ved å skrive og
publisere artiklar om ymse lokalhistoriske emne. Han etterlet seg ei testamentarisk gåve til Stord
sogelag på kr 50000. Styret si innstilling til bruk av desse midlane er at dei blir investerte i noko
konkret og varig som er framtidsretta og kjem mange til gode. Hatland skule kan vere eit aktuelt
prosjekt, men også til å få dokumentert, skrive og publisert meir frå ulike deler av vår felles
lokalhistorie. Dette må styret i Stord sogelag ta stilling til og eventuelt legge fram for årsmøtet.
Styret i Stord Sogelag 2023
Kjellbjørg Lunde leiar
Liv Ingrid Grov
Gunnar Strand
Odd Stuve Rommetveit
Asbjørn Aasheim
- KAKEOPPSKRIFTER Kjellbjørg Lunde
- Stord sogelag – styret i 2024