Årsmelding 2004
STORD SOGELAG
Styret 2004
Leiar: Jens Litlabø
Nestleiar: Peggy H. Bærøy
Styremedl: Nils Tore Økland
Kasserar: Arne Sortland
Skrivar: Bjørn Bjørlykke
Varamedlem: Paula Skram Larsen
Varamedlem: Per Ivar Tautra
Revisor Odd Stuve Rommetveit
Valnemnd
Olaug Titland leiar
Svein Koppang
Harald Kvarme
Medlemstal Ved årsskiftet 2004-2005 hadde Stord sogelag
106 personlege medlemmer
6 institusjonsmedlemmer
Lagsaktivitet 2004
Styremøte
Det har vore 4 styremøte: 19.2. 04 (Borg), 25.3. (Tveita Nordre), 26.8. (Borg) , 9.12. (Borg). Det siste styremøtet var kombinert med dugnad i samband med utsending av årsskrift.
Tilskipingar og rusleturar 2004
Årsmøte 11.2.04.
Harald Kvarme kåserte med peronleg innsikt og humor om Resser sine
etterkrigsrevyar på Stord. Tore Brandvik og Jacob Eldøy song revysongar med tonefølgje av Kjell Aasheim på trekkspel. Det vart også presentert små bitar av lydoppak frå revyar.
Frammøtet var godt.
Heksekveld i museet 2.mars 04
Hilde Mathea Hildal Hauglid førelas om moderne hekser. Ho presenterte også emnet i bladet Sunnhordland. Eli Kristine Økland Hausken førelas om historiske hekser med vekt på Ingeborg Olsdotter som urettvist vart skulda for å vera heks.
Til stades om lag 50
Rusletur i Sorenskrivargarden og fengselet 29. april 04
Vårtilskiping som vandring i sorenskrivargarden og fengslet med fokus både på bygningshistorie og sorenskrivar-institusjonen. Anstein Lohndal hadde førehandsomtale i bladet Sunnhordland, og på rusleturen orienterte han om utviklinga av sorenskrivarinstitusjonen. Bjørn Arve Lunde fortalde om sorenskrivar-bygningane og rettssalen, og sorenskrivar Knut Gramstad orienterte om hageanlegget. Det var også ei omvising i fengselet under leiing av Bjørn Arve Lunde.
Om lag 40 deltakarar
Rusletur til omnsmuseet og klyngjetunet på Nordhuglo 19. sept. 04
Sundag 19. september ( 10.30 – 15.55) vart det skipa til ein hausttur til omns-museet til John Bruntveit . Han sjølv viste rundt og kona Eline Bruntveit orienterte og fortalde om samlinga og sytte for servering. Sogelaget betalte inngangspengar og servering for medlemmene.
Anstein Lohndal gav ein presentasjon av Grønhaug og klyngjetunet på Nordhuglo og skreiv dessutan ein førehandsomtale i avisa Sunnhordland. Arne Sortland hadde ansvaret for denne tilskipinga.
Om lag 35 deltakarar
Årskriftet 2004
Årskriftet har også i år hatt eige skriftstyre: Bjørn Bjørlykke, Anstein Lohndal og Magne Misje. Dei har skaffa fram nyskrive stoff og har sytt for å få bladet trykt i 200 eksemplar. Det vart sendt medlemene og lagt ut for sal hos bokhandlarane som får 20 % provisjon. Utsalsprisen er også i år kr. 100. Tilskot frå Stord kommune, annonseinntekter og sal gjer at inntektene dekkjer produksjonskostnadene.
Årsskriftet 2004 har desse artiklane:
Anstein Lohndal: Eit soldatbrev frå krigen med Sverike 1808 – 1809
Anstein Lohndal: Frå teigblanding, sameige og fellestun til ”kongerike”
Birger Sætervik: Budalshytta og livet i Stordafjellet i 1920-åra.
Alf Mathisen: Kommuneval i Stord for 100 år sidan
Asbjørn Aasheim: Soga om Nils Ottesen Jensanes og fartybygginga hans.
Harald Kvarme: Revyviser
Steinar Hystad: Då leira på Leiro tok tak i ”Mira”.
- Omnsmuseum og klyngjetun 2004
- Om fotografane på Stord 2005