Aktivitet våren 2025
Det har vore god aktivitet i sogelaget i vår. Me har hatt fire styremøter og arrangert to rusleturar. Ein til Ås-området og ein til Jensanes. Begge turane hadde god oppslutnad av medlemar og andre interesserte.
Styret har hatt utsendingar til til Landslaget for lokalhistorie, og til årsmøte for Hordaland sogelag.
Det er også gjennomført ei lokal omvisning for to representanter frå Scotland-Norway connection.
Medlemstalet for Stord sogelag er no 190.
Utpå haustparten er det under planlegging eit arrangement i samband med 200 års markeringa for norsk utvandring til Amerika.
Me har to rusleturar som er planlagt å gjennomføra etter sommaren.
Den første rusleturen vil vera på Sæterbø fjellgard, den 26.august-25. Nærare info vil verta sendt ut til medlemane før dette tidspunktet.
Den andre rusleturen i haust vil vera på Børtveit. Dato for denne turen er ikkje fastsett endå.
Me ynskjer alle ein god sommar, og ser fram til gode samlingar etter ferien !