Stord  sogelag
  • Meny

  • Verna: Styremøtereferat 2016

    STORD SOGELAG

    Referat frå styremøte

    Tid: Torsdag 18. februar 2016, kl. 19.00 – 20.00

    Stad: Stord vgs

    Til stades: Turid T. Melheim, Peggy H. Bærøy, Nils Tore G. Økland

     

    Innkalling og referat frå styremøte 3.12.2015 vart godkjent.

    Meldingar

    • Anstein Lohndal feirar 90-årsdag laurdag 20. februar. Stord sogelag v/ Turid kjøper blomehelsing. Nils Tore overleverer helsinga på tilstelling 20.2. på Stord hotell.
    • Egil Nysæter skriv 2 innlegg i sogelagsspalta i Sunnhordland dette semesteret: april og juni.
    • Hordaland sogelag arrangerer tur til York mm 9. – 14. august. Sjå heimesidene til HS.
    • Stord sogelag avventar utkast til avtale med Sunnhordland museum. Det er blitt lova at den skal sendast.

     

    Sak 1/16 Årsmøte i Stord sogelag 2016

    Årsmøtet vert i biblioteket torsdag 3. mars kl. 19.00. Styret møter kl. 18.30-

    Program:

    Foredrag v/ Trine Kyvik, Sunnhordland museum: Forvaltning av museumssamlingne (ca. 30 min.).

    Årsmøtesakene:

    Konstituering v/ leiar: framlegg til møteleiar: Jakob Gullberg; framlegg til møtereferent: Lars Mæland

    Årsmelding v/ leiar

    Rekneskap v/ kasserar

    Val v/ møteleiar

    Framlegg frå styret: Ny medlem i valnemnda: Nils Tore G. Økland

    Matøkt og samtale om aktuelle arbeidsoppgåver for Stord sogelag.

     

    Styremedlemene tek med kaffi / te. Peggy bestiller snittar og ordnar med bestikk etc.

    Lars sender utkast til årsmelding til styremedlemene for kommentar. Deretter sender han innkalling m/ årsmelding og rekneskap (som han mottek frå Peggy) ut til medlemene pr. epost. Alt dette må gjerast i veke 8.

    Turid set inn lysing om årsmøtet i Sunnhordland tysdag 1. mars.

     

    Sak 2/16 Årsmøte og lokalhistoriske dagar i Hordaland sogelag, Norheimsund 5. – 6. mars

    Påmeldingsfrist: 26. februar

    Stord sogelag kan ha 2 utsendingar. Bjørn Bjørlykke har sagt at han reiser. Både Peggy og Nils Tore skal tenkja på saka. Dei avklarer ev. seg imellom kven som reiser. Laget dekker reise og opphald.

    Lars Mæland deltek også, men då som medlem i valnemnda i Hordaland sogelag.

     

    Eit spørsmål som våre utsendingar kan ta opp, er om ikkje referat frå styremøta i HS kan sendast ut til styreleiarane i lokallaga slik at ein kan vera oppdatert på kva HS arbeider med.

     

    Sak 3/16 Museumsmøtet 2016

    Nils Tore har avtalt med Jane Junger og Trine Kyvik at temaet i år vert: Broderi. Foredragshaldar vert Ylvisåker v/ kunstindustrimuseet i Bergen. Tidspunkt: Mai månad.

     

     

    Neste styremøte: Torsdag 17. mars kl. 19.00. Me tek sikte på å ha møtet på museet.

     

     

    Nils Tore

    referent